Nybegynnar feil kan vere so mangt. Den eg gjorde førre dagen burde eg haldt meg for god til å gjere.
Eg stod ute på Hangurstrekket og kroka. Det kom fram to skigjester (kjønn heldt me hemmeleg av frykt for represaliar). Då dei "sette seg" på pinnen sette den eine seg på hansken min. Hansken var våt og mine matematiske utrekningar for slike hendingar er << våt hanske + kroppstyngde tilsvarer effekten av lim >>. Både hand og hanske sat fast.
Trekket hadde gått ein meter då eg hadde innsett at fadesen var eit faktum. Ein særs personleg tragedie for ein heisførar.
Eit hasteutbrudd av "lett på deg" førte ikkje fram. Av tidlegare erfaringar (eigne og observerte; ikkje sant Olav Rogne) innsåg eg at den hansken var tapt. Ein jaktstart halsande opp lia var uintressant. Det er bratt start på Hangurstrekket, det er tungt og løpe i snø, kondisjonen er ikkje som han ein gong var. Og sjølvsagt - eg gjer fadesen komplett. Ja, nei hansken innsåg eg som tapt.
Eg var ca 6-7 meter oppe i bakken då eg stoppa opp. - "drit i det", tenkte eg. Eg såg for meg ein einsleg, forlatt hanske på toppen av Hangurstrekket ved dagens slutt.
Men ........ Redninga kom frå uventa hald. Ein gjest so kom rett bak desse to i køen kom meg til unnsetnad. Fyrst lo han. Då han såg mine krumspring etter hansken ikkje førte fram ropte han:
- "lett på rævva!!".
- "hva?", svarte den intetande gjesten.
- "LETT PÅ RÆVVA!!", ropte han endå tydelegare.
Då løyste den dumme episoden seg. Vedkommande letta på stumpen og den flatklemde, og ikkje minst bereiste hansken datt ned på bakken.
Der låg den urørleg til eigaren skamfull måtte henta den. Eigaren var meg.
Epilogen etter denne hendinga må vere at "kroke-refleksane" var om mogeleg endå kjappare då eg kom på jobb neste gong.
tirsdag 20. mars 2012
onsdag 7. mars 2012
Litt om Trollkrabben
Trollkrabben (lithodes maja) er ikkje noko troll og heller ikkje ein krabbe. So kvifor heiter det trollkrabbe?
Trollkrabben er ein nær slektning av eremittkrepsen og er vanleg langs heile Norskekysten og den nordlege delen av Atlanterhavet.
Størrelsen på trollkrabben er ca 15 cm, og det er hannane so vert størst. Fargen er rødleg med nyansar av oransge, gult, kvitt og brunt. Den har tre par bein og to klør korav den høgre (ei knuseklo) er markant størst.
So kan me jo spekulere på kva pyntekrabben og kongekrabben er for noko rart.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
