tirsdag 14. november 2017

Dag 12.

La grande finale. Siste dag på denne rundturen. Eg var opp til frukost klokka var sju. Eg visste det ville vere eit skipsmøte med MS Finnmarken sør for Måløy ca 0645. Eg droppa det sidan det var for mørkt ute. Hadde eg ikkje reist på rundtur med MS Polarlys hadde eg nok vore ombord på motgåande skip MS Finnmarken. Det var nemleg ein stor delegasjon av Hurtigutens vener ombord der.

Sjølv om eg var matlei tok eg godt for meg av det bugnande frukostbordet. Medan eg sat og åt, hadde eg Bremangerlandet ute i vest som frukostvindauget mitt. Det låg an til og verte nok ein flott dag med sol ute. Nattens anløp hadde vore Ålesund (0015-0100), Torvik (0215-0230) og Måløy (0515-0545).


I løpet av natta hadde me og passert turens siste opne havstykket Stadt. Og det var roleg det og. Slik dei har vore på alle mine rundturar. Eg hadde ingen forventningar til at det skulle vere store bylgjer her, sidan eg hadde fått insideinformasjon frå kapteinen om at det ikkje var noko ute på Stadt i natt.
Den informasjonen fekk eg i går kveld. Han hadde nemnleg vore i kontakt med nordgåande MS Nordkapp so akkurat hadde segla over Stadt. Kjekt med kjennskap og venskap.

Etter frukost ville eg få med meg innseglinga til Florø. Her skulle me liggje frå klokka 0745 og ein god halvtime fram. Mine bordkollegaer kom frå Florø so dei var og ute på dekk samstundes med meg. Det var mykje kjekt og sjå på her. Ein supplybåt utpå hamna. Staden hadde begynt og vakne til liv og eg fekk innside informasjon om at det ville komme 3 skyssbåtar frå ulike hald om ikkje so lenge. Og dei kom. På rekke og rad. Kjekt og sjå på. Lengre inne låg ein svær oljeplattform.

Rundt klokka 10 var det avskjedsamankomst på dekk 4. Ein hyggjeleg gest og arrangere. Eg droppa det (litt motvillig), sidan eg heller ville prioritere og snakke med folk oppe i salongen. På ein rundtur med hurtigruta får ein nye vener og ein kjem i kontakt med mange kjekke mennesker.

Eg har prata litt med eit nydeleg engelsk ektepar. Han var 91 år og ho var 95. Herlige mennesker. Dei hadde reist på rundtur 3 gonger no. Fyrste gongen var for 30 år sidan. Dei hugsa det hadde kyr ombord på den turen. Dei sat ofte oppe på dekk 7 og kikke på naturen so fløyt forbi. Av og til leste mannen dagens nyheiter for kona. Herlige mennesker.

Litt over 11 kom kaptein Hermod opp for og ta ein kaffekopp med meg og sei takk for turen. Hermod er ein utruleg likandes person og tek godt vare på sine gjester. No fekk han sitje med same bordet til to vossingar. Og noko og ta med seg på livet vidare i Hurtigruteleia for den blide kapteinen.

Eit anna lite høgdepunkt på ein rundtur er seglinga gjennom det vakre Steinsundet. Rett og slett fantastisk og sjå korleis skipet manøvrer seg gjennom sundet og forbi alle holmer og skjer. Godt sjømannskap. Denne øygruppen Sollund/Sula ligg utanfor innløpet til Sognefjorden og er vel verdt og få med seg. Synes det er rart at dette ikkje er eit must på dagsprogrammet til dei ulike skipa so segler langs kysten, for dette er Norges natur på sitt beste.

Turens siste måltid og lunch var åpen sitting frå klokka 1130 - 1330. Det var so vidt eg fekk i meg noko mat. Om eg ikkje hadde hatt skammavet hadde eg bedt om tilgodelapp slik at eg kunne komme ombord seinare ein gong og ete mat.



Innanfor Øygarden møtte me to av marinens fartøy. Flotte og sjå på.

Litt over klokka to såg me Hurtigruteterminalen i Bergen. Eg tok meg ein liten runde på skipet og takka nokre av betjeninga for den minnerike turen. Det er synd ein ikkje kan vise si takksemd til dei som jobber under "overflata". Som dekksgutane, dei i maskina og reingjeringspersonalet. Dei fortener ein stor takk for at skipet alltid er i orden.
I dagsprogrammet står det me skal ankomme Bergen hurtigrute terminal klokka 14.30, og me la til kai so presist so det går an. Landgangen kom inn til skipet nokre sekund over klokka 14.30. Me var overvettandes imponert der me stod på toppdekket og såg på. Eg og Geir Ove. Hurtigruta er proffesjonelt frå topp til tå. Enkelt og greit.

Då landgangen var opna var det dette litt småpatetiske racet om og komme fyrst av blandt dei andre gjestane. Eg gidd ikkje kave meg opp det det lengre. Ein kjem alltid av. Men der var det ei so skubba. Nærkontakt med ei fager, flott jente. Når folk skubber meg i kø prøver eg alltid og gjere motstand slik at eg ikkje taper plassen (og ansikt). Motstand gjorde ho og. So felt ho kunne vore med i motstandsbevegelsen under krigen. Me kom oss i land. Alle, kvar og ein. Koffertar og vesker kom på rullebandet i det eg for ned rulletrappa. Fantastisk kjapp service av mannskap.

Utanfor venta ein kompis so ville køyre meg og Geir Ove til toget. Me rakk det so gjekk kvart over tre. Det går alltid eit tog. Men det er ikkje alltid presise (slik som Hurtigruta). Og dette toget var heller ikkje presis til Voss. Me kom til Voss klokka 1639. Eit par minutt forsein. Men det gjer sjølvsagt ikkje noko i den store samanhengen. Eg var på Voss att etter ein ny SUPER rundtur med Hurtigruten.



---------


Eg oppsummerer for meg sjølv alle dei gode minna frå turen. Litt spesialbehandling frå Hermod Nilsen med kaffebesøk på brua, bordsete ved kapteinens bord som eit høgdepunkt. Besøk i maskinen, særbehandling i cafeteriaen, nye vener blandt dei ansette, nordlysshow , fantastisk mat og super service. Eg meiner ein hurtigrute rundtur burde vore på blå resept og kan anbefale alle og ta ein tur.


Eg kjem GARANTERT att på ein ny rundtur.






mandag 13. november 2017

Dag 11.
Eg er oppe litt før sju som vanleg. Me er no komen til Trondheim. Her skal me liggje eit par timar til kai. Eg skal få kaffebesøk av trivelige Elisabeth Fredriksen. Eg syns det er utruleg kjekt at ho tek seg tida til og komme på kaia og helse på. Me skal og liggje til kai med nordgåande MS Nordlys.

Men frukosten fyrst. Eg er begynt og kjenne på følelsen av og verte matlei. Når ein kan meske seg i dei deilegaste rettar og heile tida få måltid der det eine overgår det andre so føler ein seg priviligert samstundes so ein kjenner på følelsen av og verte matlei. Det er vel eit luksusproblem vil eg tru.

Eg har sett meg med eit vindauge på venstre side i restauranten. Eg vil kikke litt på kailivet her medan eg et. Og rett nedanfor vindauget mitt står det 3 boskontainere frå skipet. Oppå dei er det eit par kråker so fer på jakt etter godbiter. Eg lurer på om kråker (og fugler generelt har matlukt). Har dei det? Lukter dei seg fram til maten eller tek dei berre stikkprøver når dei hakkar laus på bossekkane i jakten på godbiter). Dette på eg google ein dag.

Trondheim er eit stort anløp so her er sikkert mykje gods so skal av og på. Eg ser to trucker so fer hit og dit og inn og ut av skipets mage. Kråkene flakser opp kvar gong ein truck passerar.






So kom Elisabeth. Klokka var åtte. Me hadde ein lang kaffiprat før ho visste eg hadde mine "gjeremål". Helse på nordgåande hurtigrute og så få fotoshooten på andre sida. Det var fyrste gong eg var ombord i MS Nordlys etter dei var fullt restaurert etter den dramatiske brannen for nokre år sidan. Me tok oss ikkje so lang kikketur, før me for av skipet att. Elisabeth køyrde meg over til andre sida der eg fekk nokre super flotte bilete av dei to skipa. Vidare måtte Elisabeth haste vidare til sine gjeremål og eg for ombord att til "heimen min".

So var det avgong Trondheim for denne gongen. Munkholmen som me får på høgre side av skipet når me segler utover fjorden har eg nemnt før at eg gidd ikkje ta fleire bilete av. Rett og slett. Men dei andre turistane var ute på dekk og kikka på dette nedlagde klosteret frå middelalderen.

Eg ville fyrst ut på dekk litt seinare då me segla forbi det nedlagde Agdenes Fyr. Det ligg ytterst på vestsida av fjorden. Her var det fyr frå 1804-1984. Det vart og bygd eit kystfort her og eit anna rett over fjorden i åra 1895-1900. Det var den gong Norge forbredte seg på militært forsvar, sidan unionen med Sverige knaka i sine samanføyningar. Men det vart ikkje bruk for kanonane før natta mellom 8. og 9. april 1940.

Klokka 11 hadde eg fått spesialinvitasjon til og komme og få ta ein kikk i maskinrommet. Hjertet til MS Polarlys. Eg vart henta av maskinsjefen. Eg fekk kikke både høgt og lågt. Og sidan det er mykje motorlyd (naturlegvis) under omvisninga brukte me begge høyreklokker under turen. Etterpå kunne eg stille spørsmål. Eg har vore på besøk i nokre hurtigrute maskinrom tidlegare, og eg er svært fascinert av kor reint og ryddigt det er. Alt av verktøy låg på sin plass. Slik er det ikkje i "landbaserte" maskinrom etc. Etterpå takka eg høfleg for titten og gjekk nøgd opp att til overflaten.

Sånn omtrent midt på dagen dukka det plutseleg opp kjentfolk ombord. En staut vossing. Geir Ove Riple kom og helst på. Eg vart litt sett ut. Av alt. At eg møte kjentfolk og bloggskrivinga. Som eg har nemnt so er det særs forvirrande og leve i "nuet" ombord og skrive turblogg frå dagen før. Og verre vart det når eg går for gull og skal prøve og avslutte bloggen før eg går i land. So då eg i dag skriv turblogg frå samme dagen eg er inne i vert det nesten som ein "liveblogg". Då vart eg om mogeleg endå meir forvirra. Jaja, men knakande kjekt og helse på Geir Ove.

Klokka 1330 var det lunch. Eg er som sagt begynt og verte matlei, men eg må jo inn og ete litt meir. Det er vel slik som med enkelte hundar. Dei ser mat og må ete sjølv om dei er mette. Nye kjekke spørsmål og konversasjonar med nabobordet.

Klokka 15 var det foredrag norges olje- og gasseventyr. Dette høyrdes særs interessant ut, men eg droppa det. Eg foretrakk og surre rundt på skipet og prate med gjestane. Det er kjekt det og.

Ikkje lenge etter har me anløp i byen so flyt på havet. Kristiansund. Dette er eit av mine favorittanløp. Eg vert berre ikkje lei av og stå ute på dekk 5 og sjå når me segler inn, under brua og legg til kai midt i sentrum. Med hus på alle kantar. Byen ligg på 3 øyer og er avhengig av bruer på alle kantar.

Etter avgong Kristiansund var det ut på rundturens nest siste opne havstykke. Dette havstykket heitte Hustadvika. Og det er et drygt 10 natusk mil langt ope havstykke utanfor Fræna i Romsdal. Dette havstykket er rekna som eit av dei farlegaste langs norskekysten og fleire skip har forlist her. Farvatnet er ureint i ein strekning på mellom 1.5 og 2 nautiske mil frå land. 


Eg hadde flaks med skipsmøte i dag. Me skulle møte MS Nordkapp ca 1930. Rett ut i havet ligg Ormen Lange anlegget og inne på fastlandet finn ein ein plass som heiter Bud.

Kl 2000 var det rundturens siste middag. 3 rettars middag og 3 tomme fat. Ein ting som er sikkert. Det vert mosjonering av den reisevante kroppen når eg kjem heim. Då kjem nok Oscar til og føle seg som ein lykkens pamfilius.




Klokka 21 hadde me anløp i rosenes by. Molde. Ein by eg eigentleg ikkje har noko forhold til. Veit berre den vert kalla for rosenes by og at Moldejazzen foregår her. Då me la til kai var eg på plass ved gangvegen. Ville ut og fotografere skipet endå ein gong. So langt kom eg ikkje.

Kaptein Hermod Nilsen kom meg i forkjøpet og lurte på om eg ville ta ein kveldstur med han i byen. Sjølvsagt ville eg det. Både gå tur med han og få trimma kroppen litt. Ein måtte føta seg skikkelig ute i kveld. skøyteglatt enkelte stader. Det var ikkje so mykje liv ute her på denne tida av døgnet.

Eg heldt meg vaken til me kom til Ålesund. Eg kaller det dagens siste anløp men klokka var 0015 då me la til kai so det er eigentleg morgondagens anløp dette.

Og so kom meir kvardagsdramatikk. Eg var so godt som ferdig med dag 11 av turbloggen då maskina hosta, låste seg og eg måtte restarte. Med det resultat at dag 11 var borte vekk. Eg surmula ikkje av den grunn. For heller ut på dekk og tok meg ein sigar. Eg konkluderte berre enkelt med at eg måtte begynne opp att men ikkje ville gjere dette før eg kom heim. Siste dagen ville eg utelukka bruke til sosial kontakt ombord.





Middagseventyret:
forrett: Røykt ishavsrøye frå Sigerfjord med stua dillpotet, og erteflatbrød frå Holmen Crisp.
Middag: Ribbe av norsk hampshiresvin frå Trøndelag med karamelliserte epler, kål, rødvinssaus og poteter frå Frosta.
Dessert:  Ostekake av Nyr frå Grøndalen gard med heimelaga jordbærsyltetøy.




søndag 12. november 2017

Dag 10.

På denne dagen skal me segle langs Helgelandskysten. Dette er ein strekning ein kan oppleve på dagtid både på sør og nordgåande Hurtigrute. I dag skal me krysse Polarsirkelen og det er fyrste teikn på at eg nærmar meg heimlege trakter att.

But first things first ........Frukost. Ein ting er at dei tilbyr vanleg brødmat og pålegg. Men dei har og varme rettar so langt auge kan sjå.  Eg er redd eg må handle inn nye bukser når eg kjem heim. Dei vert for små. Hmm. Lurer på om Hurtigruta sponser noko der? Det er jo dei so har skylda. :)

I dag seier frukost vindauget mitt Ørnes. Eit vakkert anløp inn til Ørnes no i morgontimane var det og. Det var som ein svanedans der skipet gjorde ein sving og glei inn til kai. Proffesjonelt gjort og fornøyeleg og sjå på. Det var kjekt og sitje med vindauget og sjå på kailivet. Det var 8 paller so skulle av her og eit par passasjerer skulle på. To tyske par sitt på nokre bord ved sidan av meg. Dei summer fornøgd.

For dei som lurer so ligg Ørnes midt mellom Mo I Rana og Bodø. Langs heile kysten kan ein finne gamle handelsstader som utviklingen har løpt i frå. Priviligerte handelsstader vart oppretta etter ein nasjonal plan, og det finst ca. 1.700 slike langs heile kysten. Fisk frå Nord-Norge var ein viktig handelsvare med Bergen som eksporthamn. Parallelt med dette gav myndigheitene gjestgiveribevilgningar til stader med naturlege forutsetningar, og som gjerne låg ein dagsreise frå kvarandre.

Men kvart på åtte måtte eg gjere meg klar til skipsmøte. Eg helte i meg siste kaffeskvetten og for og henta mobil- og videokameraet. For i dag skulle me møte sjølvaste kystens dronning MS Lofoten. DÅ skal eg hvertfall ut og sjå. Og ho kom med nydeleg morgonver og fjellet som flott bakgrunn.

I nattens mørke har me hatt anløp i Bodø.

Klokka 0930 var det Polarsirkelmarkering. Me hadde ein markering på veg nordover og. Då er det endå litt meir spesielt. Då vert ein døypt av Kong Neptun. No vert det markert med at alle (som vil) kan kome ut på dekk og få ei skjei med tran av reiseleiar/kapteinen. Ein bonus i bonusen er at me får ei Hurtigruteskjei til odel og eige. (for det er ein bonus og få tran).


Då det var min tur til å få tran av kapteinen sa han berre gap opp". Nett so hjå tannlegen. Og so helte han ein god dose tran i meg. - mmmmmm. Sunt og deilig.





Livet ombord på sørgåande MS Polarlys går si gang. Eg sit i cafeteriaen. Eg føler meg heilt forvirra no etterkvart. Det er ganske krevjande og leve i nuet og skrive blogg frå dagen før. I tillegg so skjer det noko HEILE tida og. Det er fleire gonger eg har måtte tenkje meg om for og finna ut kor me var hen i leia. Det er mest so eg må ha ein miniferie når eg kjem heim. For å komme i gjenge att.

Klokka 11 og eit heilt kvarter fram hadde me anløp i Nesna. Dette er ein idyllisk og fredeleg gammal handelsstad. Dikterpresten Petter Dass budde mesteparten av sitt liv her, og det var og her han skreiv mesteparten av sine største verk.

kl 1230-1300 segler me inn til Sandnessjøen. Hjartet av Helgelandskysten spør du meg. Sandnessjøens næringsliv består av mellom anna handel, tenester, maritim, verfts og oljevirksamheit. Sandnessjøens nabobyer er Mosjøen i sørøst og Brønnøysund i Sør.



Sandnessjøen er kanskje mest kjent for at det er her ein finn dei sju systre på sørsida. Der ligg dei 7 fjelltoppane på rekkje og rad. Frå nord til sør heiter dei Botnkrona (1072 m), Gryfoten (1066 m), Skjeringen (1037 m), Tvillingene (980 m), Kvasstinden (1010 m) og Stortiden (910 m).

Kl 1330 og lunchtid. Det begynner og ta på for onkel reisande Mac og leve slik i sus og dus der eg går frå festmåltid til festmåltid.

kl 1545 og ein god time framover er det Brønnøysund me skal avleggje eit besøk. Kven har vel ikkje høyrt om Brønnøysundregisteret? Om du vil besøkje Torghatten og sjå det berømte holet i fjellet, køyrer du over den 550 m lange bru frå Brønnøysundet til ein 8  km lang veg til foten av Torghatten. Derfrå er det berre 30 minutts gåtur opp til det berømte holet. Dette holdet er 160 m langt, 25-30 m høgtog 12-15 m bredt (i opninga 25 m). Eg har vore der ein gong. Men det er ei anna historie.

No er me og midt i Norge. Vitskapen har rekna ut at den geografiske midtlinja går gjennom Tosentunellen på veg mellom Brønnøysund og E6.

I dag og spesielt i kveld var det ein stor, stor happening for meg. Sidan det var min private jubileumstur (nr 10), var eg invitert til og sitje med kapteinens bord av kapteinen sjølv. Ein FANTASTISK ÆRE for meg. Eg får frysninger berre og tenkje på det. Det var nok ein fjær i min sosiale hatt.

Dagens nest siste event var anløp i Rørvik. Her skulle me og ha ein "deit" med nordgåande MS Spitsbergen. Hurtigrutas nyaste tilskot i stallen av skip. Eg fann ut eg hadde kjentfolk ombord der. Roy Gjerde. So då for eg over for og helse på når begge skipa låg til kai. Og han tok seg tida til og vise meg rundt på skipet. Det freista med ein tur der (og).

Dagens siste event er overfarten over det opne havstykket Folda. Kanskje var Kong Neptun her. MS Spitsbergen hadde "slete litt" med motvind her. Deilig duvande småbylgjer var alt eg opplevde. Då er siste håpet Stadt i morgon natt.



Eg la meg ved midnatt. Lukkeleg uvitande om kva morgondagen ville bringe.






Kapteinens middag:

Forrett: Urtebakt tørrfisk frå Halvors med halvtørkede tomater, pepperrotkrem og kål.

Middag: Kalvestek frå Trøndelag (nam), med sopp, tørrsaltet bacon fra Mydland og brekkbønner.

Dessert: Suksessterte, med ristede mandler og krem laget av egg fra kysten ved Rørvik.









lørdag 11. november 2017

Dag 9.

Under dag 9 ville me opphalda oss i Lofoten og Vesterålens rike. Og me begynner i Harstad. Der me skal liggje frå ca 0745 til 0830. I natt hadde me vore innom Finnsnes ein kjapp tur i 04 tida.

Men fyrst var det frukost. Og i dag skulle eg hvertfall ikkje forsove meg. Frukosten min må vere ferdig før ankomst Harstad. For her får me sjå nordgåande hurtigrute ein augneblink.

Me var litt bak skjema no. Grunn til avvik frå tidsplanen er som oftast at det er mykje gods so skal av og på i hamnane. Mange av dei sjarmerande små fiskeværa er veldig avhengig av hurtigruta. Og det er alltid fascinerande og stå ve rekka på dekk 5 og fylgje med på livet på kaia. Sidan me var kvarteret bak skjema hadde nordgåande hurtigrute alt forlatt hamna og me møtte dei litt utpå fjorden.

I dag var det MS Trollfjord. Og det vart ikkje annonsert over høgtaleren. Det er sikkert sidan klokka ikkje var åtte enno. Då enda det opp med at det KUN var meg som stod ute på dekk og tok bilete av skipet. Det blir slik når det ikkje er "høgtalerannonsert" og heller ikkje står i dagsprogrammet. Då er det kun erfarne landkrabber so meg so får slikt med seg då.


Inne i Harstad skal me liggje ein liten halvtime no i morgontimane. Veret såg ut til og bli sol heile dagen for oss. Eg fekk med meg heile anløpet i Harstad ute på Dekk 5.

Etter denne hendinga sitt eg i cafeteriaen og rett og slett nyt livet. Kosetid kaller eg det. Eg får meg ein ny kopp med svart kaffe og skriv litt på bloggen. Dagen begynner optimistisk slik sett (mht. tida eg har til og skrive). Men so tek det av att. Ting skjer. Naturen byr seg fram frå si beste side. Eg må ut og sjå.

Han trivelige Dan so jobber i baren på dekk 7 har vore ein stor motivasjonsfaktor for meg i å få alt so skjer ned på "papiret". Det har vore utruleg kjekt når eg veit det er nokon av mannskapet ombord so fylgjer livet til onkel reisande Mac ombord.

Ved eine nabobordet sitt det ei eldre norsk dame og løyser sudoku frå ein slik tjukk sudokubok med eit utal ulike sudokuoppgåver. Sudoku er kjekke greier, men for min del er det last line of defence mot boredom. Og kjede meg gjer eg - ALDRI - ombord i hurtigruta. Og har aldri høyrt andre klage om dette.

Plutseleg set ho i ein langdryg gjesp. Det var som lyden av ein dinosaur som nekta og døy. Ho skal få for den. På styrbord høgre siden borte med han Kurt-Ove sit det ein einsleg mannsgjest. Han ber om kost og brett.

- "Har du grisa", spør kurt. Eg må le.  Kvardagskomikk på sitt beste.

Når me har segla gjennom Toppsundet kjem me ut i Andfjorden. Dette er eit havområde so skiller Andøya i Nordland og Senja i Troms. No er det berre og gjere seg klar til Risøyrenna før me kjem til Risøyhamn.

Risøyrenna vart offisielt opna i 1922. Mudringa som vart gjort var eit krav for å få Hurtigruta til og segle gjennom Vesterålen. Risøyrenna vart utbetra i 1997 og på ny offisielt opna att i 2001.




Renna er ein smal, kunstig passasje gjennom sandbankane nord om Risøyhamn. Den er 4.8 km lang og berre 7 meter djup og har ein botnbreidde på 100 meter. Skip må gjere to kursendringar gjennom denne "slangerenna". Før utbetringa var dybda 6 meter og bunnbreidda 50 meter. Det seier litt om dyktigheiten til dei so manøvrerar skipet gjennom her når Polarlys har en djuptgåande på ca. 5 meter.

Ute av renna gjer skipet ein andaktig sving inn mot kai. Eg vart fyrst litt i stuss på om me berre skulle segle forbi anløpet her. Men eg som er forhenverande lastebilsjåfør burde visst betre. Store køyretøy/fartøy må ofte litt lengre fram før dei kan svinge og komme i posisjon.


I denne vetle priviligerte handelsstaden var oppsett landliggje 15 minutt. Det var ikkje noko gods so skulle av her. Kun 1 bil av og to passasjerar på. Me hadde kaikontakt i maks 5 minutt.

Seinare sitt eg i cafeteriaen. Naturen flyt forbi meg. Folk er fornøgde. Eit gamalt ektepar kjem inn og set seg med eit vindauge. Eg kjem i prat med dei. Dei er nær 90 år begge to. Gamle og kranke er dei blitt. Dei kjem frå England. Dei er nok ute på sitt livs reise. Det må vere heilt fantastisk for dei og få oppleve dette. Dei kunne fortelje dette  var tredje rundreisa deirans. Fyrste rundreisa var for nesten 30 år sidan meinte dei. 

På eit bord litt lengre borte sitt det nokre andre engelskmenn og diskuterer norske vinter- og vegforhold. Dei hadde vore på rundtur i fjor vinter. Og hadde fått oppleve den barske, norske vinteren på Nordkapp. Med turistbusser i grøfta, brøytebiler og bergingsbiler som resultat. 



So tok eg meg beint ein 15 minutts powernap. Det var lenge att av dagen, so eg måtte ve opplagt og på tå hev heile tida.

Då me nærma oss Sortland fekk me beskjed over høgtalaren at me skulle ha vinkegest med flagg ute foran på dekk 5. Dei tre bussane so hadde vore på utflukt ville køyre over brua akkurat då me skulle til og segle under.  Og for den uinvidde - bussane venta ikkje på sjølve brua, men på Hinnøya sida og ville køyre over brua like før skipet køyrer under. Skipet tuta og me vinka i den flotte kulerunde sola. Bussane tuta att.

Etterpå gjekk eg opp att til Kurt-Ove og kjøpte meg ein vafle med multe og rømme. Nam igjen. Det var travelt hjå Kurt. Ein gjeng mannfolk kom ombord i Sortland. Dei skal sikkert til Stokmarknes tippa eg. Dei kjøpte øl av Kurt. Det viste seg dei skulle til Svolvær på fest.

- "Gå ut og sætt dåkker" seier ein av karane med bestemt stemme. Han høyrdes ut so ein festgjeng leiar. Det var han som kjøpte øl'ane. Ein annan plass i lokalet sitt ei dame og strikker.

So var det lunchtid.



Og kvart over to skulle me besøkje Stokmarknes. Det er Hurtigrutas fødestad. Her ville me liggje til kai ein time. So då er det tid og besøkje Hurtigrutemuseet. Det ligg i gangavstand frå kaien. Men ein time er ikkje mykje tid i eit museum. Og hvertfall ikkje i Hurtigrutemuseet. Der er det MYKJE og sjå. Dette er eit lite stikk til Hurtigruten ASA. Få lengre liggjetid her slik at fleire tek seg tid til og gå dit. Hugs det er mange eldre folk, dårlege til beins som reiser med Hurtigruta. Eg snakka med eit eldre engelsk ektepar, og dei sa dei droppa det for dei visste det ville bli lite tid.

- "If we go to museum we want to enjoy it", sa den mannlege parten av paret.

Men eg ville i land. Og til museet. Eg håpa og treffe trivelige Sten Magne Engen der. Og eg fann han. Han er ein pensjonert hurtigrutekaptein so no er museumsvert i Hurtigrutemuseet. Sjølv om Sten Magne er travelt oppteken med jobben som vert har han alltid tid til ein prat.

Og han inviterte inn til ein kaffeprat på kontoret. Me prata om hurtigruter og mangt og mykje før tida mi var oppbrukt og eg måtte tilbake til skipet. MS Polarlys hadde snart avgang videre sørover.
So var det segling over Hadselfjorden før kapteinen skulle lure skipet inn i trange Raftsundet der Trollfjorden venta på andre sida. Raftsundet er eit 20 km langt sund og er på det grunnaste berre 10 meter djupt.

Vel ute av Raftsundet og klokka nærma seg 17. Me tok ein liten avstikker mot spektakulære Trollfjorden. Der skulle kapteinen la oss få ta ein titt inn i Trollfjorden frå munninga. Som eg fortalte på nordturen so kan ikkje Hurtigruter og andre store skip gå heilt inn i Trollfjorden om seinhaust/vinter. Då er det (uoffisielt) fare for troll på toppen som kaster stein.
I kveld hadde me eit gedigent lysshow. Nokon frå mannskapet stod på "taket" over brua og brukte lyskaster for og lysa inn i fjorden. Dei lyskastarane må vere superpraktiske til sitt bruk for hurtigruteskipa. Og for anledningar som i kveld. Underhalde turistane og onkel reisande Mac.


Fornøgde turistar gjekk inn att i skipets lune hi og venta på at me skulle komme til Svolvær. Dette er Lofotens ubestridte hovudstad med sine ca 4.200 innbyggjarar. I kommunen bur det 9.200. Verdens største torskefiske danner grunnlaget for dette ladestedet. Antall fiskare er i underkant av 3000, og dei dreg inn mellom 25-50 millioner kilo torsk. Imponerande.

Eg går ikkje i land denne gongen. Eg blir ombord og surrer rundt oppe og nede, ute som inne og ser på livet ombord. Eg tek meg beint ein sigar ute i røykesalongen. Eg føler meg kunnskapsrik og godt nøgd med turen so langt.

Dagen går mot kveld. Og kvelden blir til kl 20. Då er det middag i restauranten. Eg får endeleg ein bordkavaler. Det er ein mann frå Rørvik. Det vert litt kvardagskomikk. Han kjem inn fyrst og set seg ned der eg har såtte 3-4 gonger etter me vart "bordflytta". So kjem dama frå Florø inn med meg rett bakom. Ho ser ikkje meg. Ho ser på mannen som om han var eit framandelement:

- "Who are you", spurte ho?

Før han hadde svart hadde eg sett meg ned vis-a-vis han. Ho sa til meg ho skulle til og jage han vekk før ho såg meg. Då me fann ut han var norsk skifta språket fort frå engelsk til norsk. Min bordkollega var pensjonert skipper. Nett så ektefella til Flørødama.

- "Eg berre tyt eg. Du må sei noko du og" sa ho til mannen sin.  Han berre kikka på ho og smilte.

- "Me må ve sosiale no når me har sjansen. Når me kjem heim vert da berre oss to", sa ho vidare. So lo me alle litt.

Mens me meska oss med den gode maten var skipsmøtet med Kong Harald i emning. Det rakk eg ikkje denne gongen. Hadde det vore lyst ute hadde eg sprunge ut dei 3-4 minutta og teke bilete men no droppa eg det. Eg visste det ville verte knapt om tida sidan skipet som er oppkalla etter kongen vår av annonsert til og passere oss rundt kl 20.40.

Me var noko lunde i rute da me ankom Stamsund. Dette var siste haldeplass før me skulle ta fatt på Vestfjorden. Denne opne havstrekningen strekker seg frå Skomvær fyr og Røst i sør og heilt inn til Narvik i nord. Det var vel antydning til bylgjer her i kveld. På Lofotsida. Det var ikkje noko og skryte av (som eg heller ikkje gjer). Eit par damer klukka og lo då dei gjekk litt i sikk sakk bortover golvet ved cafeteriaen.

- "I can't walk straight", sa eine dama.

- "There is no waves here. You're drunk", svarte den andre.

- "You think so?", var replikken. So lo dei og var ute av mitt synsfelt minuttet etterpå. Eg koste meg vidare der eg satt på stamplassen min (om den var ledig). Eg kjøpte meg både ein og to øl av Dan i baren. Eg fekk prøvd ein ekte Lofotpils og. Kvar dag ein lærer noko nytt eller får prøvd noko nytt er ein bra dag.

To timar inn i den nye dagen var eg i seng på lugar nr. 521.



På middagsmenyen:
Forrett: Urtebakt tørrfisk fra Halvors med halvtørkede tomater, pepperrotkål og krem.

Middag:  Kalvestek frå Trøndelag, med sopp, tørrsaltet bacon fra Mydland og brekkbønner.

Dessert: Suksessterte med ristede mandler, og krem laget av egg fra kysten ved Rørvik.












fredag 10. november 2017

Dag 8.

Eg panikkvakner. Stuepika banker på døra. Eg har forsove meg. Eller ...... kan eg sei det når eg eg på ferie, og eigentleg ikkje skal noko? Kan eg det?

Og no i etterpåklokskapens lys kan eg sei at lynet kan slå ned to gonger. Og gjer det. "Forsovelse" to gonger på ein rundtur. Slå den! Det var "berre" ein time begge gongene, men sidan det er mørkt ute so kan ein ikkje sei eg har gått glipp av noko.

I nattens mulm og mørke har me vore innom Mehavn (0045-0100), Kjøllefjord (0245-0300) og Honningsvåg (0530-0545). Og so Havøysund kl 0745-0800. DER - var ein ting eg gjekk glipp av. So folkens - ein KAN synde mens ein sover.

Men det er aldri so gale at det ikkje er godt for noko. Eg rakk ut og få med meg skipsmøte med MS Richard With utanfor Havøygavlen. Det er der oppe alle dei karakteristiske vindmøllene er. Den vetle plassen Havøysund er eit lite sentrum i eit stort øysamfunn. Det bur rundt 1.000 tobeinte skapningar i dette tradisjonsrike fiskeværet midt ute i skipsleia. Og langt ute i havet finst det store gassførekomstar. Og nokon trur det med tida vil dukke opp oljeforekomster her ute og. Ein eventuell ilandføring av dette vil truleg komme til Hammerfest.

Då klokka slo 10 hadde reiseleiar informasjon om Melkøya utanfor Hammerfest. Då hadde eg andre ting i gjære. Sidan eg hadde min vetle jubileumsreise inviterte kaptein Hermod Nilsen meg opp på brua til ein kopp kaffe og slå av ein prat.

Eg set utruleg pris på at han og dei andre på skipet tek slik vare på entusiastar som meg. Ein god times kjekk kaffeprat, og heilt fantastisk at eg fekk stå på brua og sjå heile innseglinga til Hammerfest og korleis praten og prosedyrane var heilt til landgangen gjekk ned. Slike gester er KUN for særs inviterte forstod eg. Men tusen takk for ein hyggjeleg overraskelse til onkel reisande Mac. Tusen takk.

Då skipet låg trygt til kai i det som vert omtalt som Norges nordlegaste by (70´ 39´48´) gjekk eg ein runde opp i byen for og kikke litt og få nye syns og sanseinntrykk. Det var kome nokre fleire vindauge med gråpapir på. Vindauge med gråpapir på er som ein smittsam sjukdom i mange byer og tettstader. Når kommunane vel og innføre parkeringsavgift, døyr mange plassar ut. Ny tilvekst kjem på naturleg måte, men desse bedriftane vel og etablere seg utanfor sentrum. Og utanfor parkeringsvaktanes lange armer. Det er trist. Det skjer på Voss og det skjer i Hammerfest.

Etter spaserturen var det retur mot skipet att. Eg tok dei nødvendige bileta av Polarlys før eg gjekk opp landgangen. Og opp til Kurt-Ove i cafeteriaen. Det var beskjedent med lokal besøkjande her i dag. Ein einsleg kar sat borti hjørnet med ein kaffekopp og ei avis. Det minna meg om ein av mine historier der ..........

"det sat ein pent antrukke herremann og drakk djevelens te borte i ein krok på puben. Den pensjonerte skipsrederen hadde krangla med kona og var kasta ut. Vemodig såg han på det no tomme ølglaset sitt. Den sterke kroppslukta hans gjorde at fluene surra nøgd rundt han. Han vifta irritert for å få dei vekk. Plutseleg gjekk pubdøra opp. Han heva dei store grå augnebryna sine. Herregud tenkte han, og ............"

Lunchtid! Det er kjekt og la tankane flyge av og til, men ein må tilbake til verkelegheiten. Til MS Polarlys og til dagens lunch. Den vil eg hvertfall ikkje gå glipp av. Eg har andre bordsitting både til lunch og til middag.



Og i dag hadde dei krema blomkålsuppe blandt utvalet. Nam! Nam høyrer du!

Eg måtte beint ha 2 porsjonar. Det var ingen blomkål att i suppa. Får håpe det ikkje var "first come first served" for det betydde at eg var for seint ute. Eg sette det på konto for at dei hadde gløymt og fylle på.

Då me la frå land i Hammerfest og kom ut i leia og Sørøysundet fekk me Sørøya ute i vest. Sørøya er Norges 4. største øy. Her har det budd folk sidan heilt frå steinalderen. Øya er tettast befolka på sørsida, der ein finn fiskeværa Hasvik, Breivikbotn og Sørvær.

Då me la til kai i Øksfjord heilt etter planen, hadde eg alle sanser ute. Her har eg minneverdige, og ikkje minst gode minner frå i fjor. Det var då eg fekk spørsmål av ein kompis om eg ville hente ein lastebil på Sørøya og køyre den til Voss. Det var ikkje nei i min munn då eg fekk betalt tur med hurtigruta for og hente den.


Og eg tok den turen. Hurtigruteskipet eg valgte var sjølvsagt, kystens dronning, MS Lofoten. Eg tok den erverdige gamle dama frå Bergen til Kirkenes og ner att til Øksfjord. Eg ville vere lengst mogeleg ombord so eg gjorde det slik. Då eg gjekk av i Øksfjord vinka passasjerane faktisk farvel til meg. På det minste hurtigruteskipet i flåten er det tett og intim atmosfære. So mange av passasjerane hadde fått med seg at det gjekk faktisk nokon av her.

Det hadde og kaptein Amundsen fått med seg, so han spurte meg "tør e spørre ka du ska her?". Sjølve hurtigruteturen var superflott, der eg traff gamle kjente. So forlot MS Lofoten kaia, og eg begav meg ut på eit oppdrag so er inne på topp 3 lista mi over alt eg har opplevd.

Lang historie kort: Lastebilen eg henta var ein gammal brøytebil so hadde gått ute på Sørøya. Eg tok ferje ut for og hente den. Lastebilen var gjennomrusta, hadde stor kjøleveskelekkasje so bileiger ikkje fann, ein kunne berre slokke køyretøyet ved og ta av + polen på batteriet. Tut og køyr. Turen var på ca 1.900 km. eg stoppa kvar halvtime i 3 dager for og fylle vatn på radiator før eg 3. dagen klarte og reparere lekkasjen, eg hadde ein punktering og på siste ferja før eg var heime so starta ikkje lastebilen.

Epilogen var at kameraten min kunne ikkje bruke køyredoningen so han seldte den videre til Afrika! (Heile historien kan du snart lese her på bloggen min).

Men no skal eg ut på dekk og sjå på livet nede på kaia i Øksfjord. Må berre hente noko og synde med fyrst. Ein god sigar.

Eg fekk ikkje stå i fred der lenge før det vart annonsert nordlys. Og det openbarra seg eit fantastisk nordlys so varte nesten heilt til me kom til Tromsø. Eg var overlukkeleg. Dette var det beste nordlyset eg hadde sett på mine no 10 rundturar.




So vart det meir kvardagsdramatikk med eit tysk ektepar i hovudrollane. Han kjekke Dan i frå baren spurte meg om eg kunne hjelpe dei med kameraet. Det tyske ekteparet var pensjonistar, og dei var reint so fortvila. Dei fekk ikkje bilete av nordlyset. Dama ho grein. Konversasjonen vår gjekk mellom norsk, dansk og tysk.

Men det var mission impossible. Ho hadde eit pocket kamera so ikkje kunne ta nordlys bilete. Eg beroliga dei og viste ho mine bilete og fortalte eg kunne maile dei om eg fekk ein epostadr. Ho vart overlukkeleg. So fekk eg nesten heile livshistorien deira. Dei var begge sjuke, og hadde selt alt dei hadde av gull og sylv for og ha råd til denne rundturen.

Og nordlys showet fortsette mens me tuska oss over Lopphavet. Det spektakulære nordlys showet gjorde at eg ikkje fekk med meg overfarten. Me var heilt i rute.

Det oppsette foredraget om Norges olje og gasseventyr utgjekk til ein annan dag på turen pga det flotte nordlyset.


Anløpet i Skjervøy leid samme skjebne som overfarten over Loppa. Eg merka ikkje noko til det.
Då klokka vart åtte var det middagstid som alltid for meg på denne rundturen. Og i kveld skulle middagen vere inspirert av midnattsolen. Eg gleda meg.

Då middagen vart innteke var det ut på dekk og sjå på meir nordlys. Lyset kom og gjekk. Nokon gonger sterkt, nokon gonger svakt. Då me møtte norgåande MS Nordnorge fekk me sterkt nordlys att.
Klokka 2145 var det ladies night. Urettferdig. Eg og vil vere med på det. Om eg hadde visst om det på førehand hadde det vore ein bra gimmick og kledt seg ut i dameklær. Sjå om dei hadde merka det.
Medan damene koste seg sat mannfolka for seg sjølv rundt omkring på skipet.

Og like før midnatt kom me til Nordens Paris att. Her skulle me liggje til kai i nær to timar. Det var sidan Hurtigruten hadde ein utflukt på sørgåande her. Midnattkonsert i Ishanskatedralen. Den har eg vore på ein gong før. Og kan anbefale den til alle reisande med Hurtigruten. Eg fekk bekrefta at konserten framleis heldt mål då eg overhøyrte fornøgde passasjerar dagen etterpå.


Eg droppa konserten og eg droppa kveldsturen i land. Eg føretrakk og sitte i cafeteriaen/baren og nyte ein god ferieøl og skrible litt på bloggen. Eg tenke på hammerfestingen Per so eg møtte i går. Han skrytte av Hurtigruten til Kurt-Ove i cafeteriaen og sa. "Hurtigruten e einaste café der ein kan gå på i Kirkenes og av i Mehamn". Den lo me godt av.


Og den begivenheitsrike dagen slutta likså godt med den supre replikken. Eg gjekk og la meg like etterpå og forbante meg på og IKKJE "forsove" meg neste dag.




Middagseventyret:
Forrett: Spinatsuppe med lyngenkrem og melkeskum.
Middag: Seifilet med syltet løk, sprø spekeskinke og saus laget av rømme fra Rørosmeieriet.
Dessert: Duga byggkrem med bringebær fra Frigård gård i Lærdal.