fredag 3. november 2017

Hurtigrute rundtur med MS Polarlys 03. November 2017

Dag 1.

So var dagen komen. Eg skal hurtigrutetur. Eg e vel litt som kamelonen. Skifter ham etter kor og kva eg gjer. Du kan sjå meg i orange Vikingkle langs med stamvegen, kvit skjorte på ein av restaurantane i sentrum, svart/grøn arbeidsuniform på Hanguren eller uformelt kledt som onkel reisande Mac på tur.

No var det onkel reisande Mac so skulle ut og reise. På rundtur med hurtigruteskipet MS Polarlys. Min vetle fylgjesven, Oscar, skulle ve hos Johanne og mor medan eg var på reis.

Turen byrja med transportetappen Voss-Bergen med tog. Skipet skulle ikkje gå før kl 22.30 i kveld, men eg vil fortast mogeleg ombord. So eg reiste kl 14.38 frå Voss. Eg forlot ein heimbygd i grått og tungt haustver og kom til vestlandets hovudstad i godt regnver. Slik regnver so berre Bergen kan by på. Eg seier det er godt regnver når kleda vert våte og klistrar seg til kroppen.




På mine fyrste rundreiser då eg var nybyrjar i gamet, venta eg ærbødigt på buss utanfor togstasjonen. So fekk eg tilbod om kompiskøyring. M.a.o. vart henta på stasjonen og levert på hurtigrute terminalen. So fann eg ut det gjekk an og gå strekninga. Då følte eg meg skikkeleg som onkel reisande Mac på tur.

Eg vurderte å gå til kaien medan eg sat på toget, men droppa det sidan det regna so mykje då eg kom til Bergen. Eg tenkte eg sku flotta meg og ta taxi denne gongen. Eg gjekk ut til taxiane. Ein mann av Afrikansk opprinnelse sa "hello taxi?" og "wait, hes comming". Han ropte ut noko eg ikkje forstod. Og like etterpå kom ein av han landsmenn halsande ut frå samme retning der eg kom. Han var skikkeleg andpusten då han peikte på passasjerdøra og sa "please". Bagasjen lempa me inn baki so sette eg meg inn.

Når eg tek taxi liker eg og sitje i baksetet om eg har mogelegheiten til det. Då slepp eg og sjå på taxometeret. For det er tortur. Trur det skifta kvart 4-5 sekund. Sidan eg var einaste passasjer hadde det blitt litt teit om eg sette meg i baksetet so eg sette meg framme.

Me førte ein heilt kurrant og vanleg taxi-konversasjon medan eg fulgte med på "taximeteret" so rulla og gjekk. Eg sa til han at om det var HAN so stod på kaia den 14. november då eg kom attende so skulle eg køyre med han. Ellers tek eg vanlegvis buss. Sidan dei allikevel står oppstilt. So me hadde vel ein slags avtale so eigentleg ikkje var ordet verdt.


Ved ankomst terminalen gjorde eg opp for meg og forsvant inn i bygget. Innskjekk gjekk fort for seg nede. Då eg kom opp ein etasje var det og få med seg sikkerheitsvideoen. Den har eg sett 12 gonger no. Men ein må gjønom det. Av sikkerheitsmessige årsaker. Då eg skulle gå over gangbrua må ein "stemple inn" so eg kaller det. Slik at dei veit til einkvar tid kven so er ombord. Personen der ville absolutt ha det til at eg var crew. At eg jobba ombord. Eg gjekk nøytralt kledt so litt rart han trudde det. Eller ikkje? Han spurte meg 2 gonger "E du crew?". Eg sa nei begge gongene. So for eg ombord.

Eine systere mi kom ombord på kaffibesøk. Me hadde ein lang, kjekk syskjen prat. Ho fekk ein liten omvisning på skipet før ho reiste heim att.

På rundturar og turer over kortare distansar kan ein velje om ein vil ha med mat i prisen. Ein betaler sjølvsagt ekstra for det. Spør du meg so er det verdt det. Og det er litt sytalaust so me seier på vestlandet. Når ein har fullkost (3 måltid) inkl i prisen, går ein til duk og dekka bord heile tida. Kvar dag. Og når det nærmer seg middagstid ombord er det berre og løysa på buksesmekken so ein får plass til alt.

Fyrste kvelden medan skipet låg til kai i Bergen var det open sitting og buffee slik det alltid pleier vere. Då snakker ein om seriøs kickstart på turen. Eg har på tidlegare rundturar beskreve kor god mat det er ombord, og det ser ut som lista ligg like høgt no og.  Mange reiseledere pleier og å fortelje på info møtet om at ein må pårekne og leggje på seg rundt 5 kg på ein rundtur. Det kan eg bekrefte.

Avgongen var som sagt kl 2230 og no var tida der. Eg har som tradisjon og ta ein sigar ute på dekk ved avgong. Den tradisjonen heldt eg tru i dag og. Ein hardt medfaren sigar vart tent ute på dekk 5 då me forlot kaia.  Snodigt, for den var heil då eg putta den i plast futteral heime. Då eg opna den såg det ut som den hadde vore gjennom både vind, regn og det so verre var. Halvknekt var han og. Med ein halvdau lighter og litt vindigt ute på dekk måtte det vante fingre til for og få fyr på stubben. Men det gjekk.

Under bli-kjent-turen før på kvelden hadde eg funne meg ein "stamplass" inne i cafeteriaen  oppe på toppdekket. Her kjem nok onkel reisande Mac til og sitte med sin giftige penn og skrive på sine memoarer og reisebrev frå turen.

Som ein etter kvart dreven hurtigrute reisande hadde eg konkludert med at det er endå litt meir avslappande og reise på seinhaust/vinterturer. Då vert det fort mørkt og eg slepp og ve på vakt for ting og sjå på heile tida.

Eg var so oppesen og gira då eg la meg at eg ikkje fekk sove. Eg trur eg sovna rundt i 04 tida.

Måltid:
Middagsbufe







1 kommentar: