søndag 12. november 2017

Dag 10.

På denne dagen skal me segle langs Helgelandskysten. Dette er ein strekning ein kan oppleve på dagtid både på sør og nordgåande Hurtigrute. I dag skal me krysse Polarsirkelen og det er fyrste teikn på at eg nærmar meg heimlege trakter att.

But first things first ........Frukost. Ein ting er at dei tilbyr vanleg brødmat og pålegg. Men dei har og varme rettar so langt auge kan sjå.  Eg er redd eg må handle inn nye bukser når eg kjem heim. Dei vert for små. Hmm. Lurer på om Hurtigruta sponser noko der? Det er jo dei so har skylda. :)

I dag seier frukost vindauget mitt Ørnes. Eit vakkert anløp inn til Ørnes no i morgontimane var det og. Det var som ein svanedans der skipet gjorde ein sving og glei inn til kai. Proffesjonelt gjort og fornøyeleg og sjå på. Det var kjekt og sitje med vindauget og sjå på kailivet. Det var 8 paller so skulle av her og eit par passasjerer skulle på. To tyske par sitt på nokre bord ved sidan av meg. Dei summer fornøgd.

For dei som lurer so ligg Ørnes midt mellom Mo I Rana og Bodø. Langs heile kysten kan ein finne gamle handelsstader som utviklingen har løpt i frå. Priviligerte handelsstader vart oppretta etter ein nasjonal plan, og det finst ca. 1.700 slike langs heile kysten. Fisk frå Nord-Norge var ein viktig handelsvare med Bergen som eksporthamn. Parallelt med dette gav myndigheitene gjestgiveribevilgningar til stader med naturlege forutsetningar, og som gjerne låg ein dagsreise frå kvarandre.

Men kvart på åtte måtte eg gjere meg klar til skipsmøte. Eg helte i meg siste kaffeskvetten og for og henta mobil- og videokameraet. For i dag skulle me møte sjølvaste kystens dronning MS Lofoten. DÅ skal eg hvertfall ut og sjå. Og ho kom med nydeleg morgonver og fjellet som flott bakgrunn.

I nattens mørke har me hatt anløp i Bodø.

Klokka 0930 var det Polarsirkelmarkering. Me hadde ein markering på veg nordover og. Då er det endå litt meir spesielt. Då vert ein døypt av Kong Neptun. No vert det markert med at alle (som vil) kan kome ut på dekk og få ei skjei med tran av reiseleiar/kapteinen. Ein bonus i bonusen er at me får ei Hurtigruteskjei til odel og eige. (for det er ein bonus og få tran).


Då det var min tur til å få tran av kapteinen sa han berre gap opp". Nett so hjå tannlegen. Og so helte han ein god dose tran i meg. - mmmmmm. Sunt og deilig.





Livet ombord på sørgåande MS Polarlys går si gang. Eg sit i cafeteriaen. Eg føler meg heilt forvirra no etterkvart. Det er ganske krevjande og leve i nuet og skrive blogg frå dagen før. I tillegg so skjer det noko HEILE tida og. Det er fleire gonger eg har måtte tenkje meg om for og finna ut kor me var hen i leia. Det er mest so eg må ha ein miniferie når eg kjem heim. For å komme i gjenge att.

Klokka 11 og eit heilt kvarter fram hadde me anløp i Nesna. Dette er ein idyllisk og fredeleg gammal handelsstad. Dikterpresten Petter Dass budde mesteparten av sitt liv her, og det var og her han skreiv mesteparten av sine største verk.

kl 1230-1300 segler me inn til Sandnessjøen. Hjartet av Helgelandskysten spør du meg. Sandnessjøens næringsliv består av mellom anna handel, tenester, maritim, verfts og oljevirksamheit. Sandnessjøens nabobyer er Mosjøen i sørøst og Brønnøysund i Sør.



Sandnessjøen er kanskje mest kjent for at det er her ein finn dei sju systre på sørsida. Der ligg dei 7 fjelltoppane på rekkje og rad. Frå nord til sør heiter dei Botnkrona (1072 m), Gryfoten (1066 m), Skjeringen (1037 m), Tvillingene (980 m), Kvasstinden (1010 m) og Stortiden (910 m).

Kl 1330 og lunchtid. Det begynner og ta på for onkel reisande Mac og leve slik i sus og dus der eg går frå festmåltid til festmåltid.

kl 1545 og ein god time framover er det Brønnøysund me skal avleggje eit besøk. Kven har vel ikkje høyrt om Brønnøysundregisteret? Om du vil besøkje Torghatten og sjå det berømte holet i fjellet, køyrer du over den 550 m lange bru frå Brønnøysundet til ein 8  km lang veg til foten av Torghatten. Derfrå er det berre 30 minutts gåtur opp til det berømte holet. Dette holdet er 160 m langt, 25-30 m høgtog 12-15 m bredt (i opninga 25 m). Eg har vore der ein gong. Men det er ei anna historie.

No er me og midt i Norge. Vitskapen har rekna ut at den geografiske midtlinja går gjennom Tosentunellen på veg mellom Brønnøysund og E6.

I dag og spesielt i kveld var det ein stor, stor happening for meg. Sidan det var min private jubileumstur (nr 10), var eg invitert til og sitje med kapteinens bord av kapteinen sjølv. Ein FANTASTISK ÆRE for meg. Eg får frysninger berre og tenkje på det. Det var nok ein fjær i min sosiale hatt.

Dagens nest siste event var anløp i Rørvik. Her skulle me og ha ein "deit" med nordgåande MS Spitsbergen. Hurtigrutas nyaste tilskot i stallen av skip. Eg fann ut eg hadde kjentfolk ombord der. Roy Gjerde. So då for eg over for og helse på når begge skipa låg til kai. Og han tok seg tida til og vise meg rundt på skipet. Det freista med ein tur der (og).

Dagens siste event er overfarten over det opne havstykket Folda. Kanskje var Kong Neptun her. MS Spitsbergen hadde "slete litt" med motvind her. Deilig duvande småbylgjer var alt eg opplevde. Då er siste håpet Stadt i morgon natt.



Eg la meg ved midnatt. Lukkeleg uvitande om kva morgondagen ville bringe.






Kapteinens middag:

Forrett: Urtebakt tørrfisk frå Halvors med halvtørkede tomater, pepperrotkrem og kål.

Middag: Kalvestek frå Trøndelag (nam), med sopp, tørrsaltet bacon fra Mydland og brekkbønner.

Dessert: Suksessterte, med ristede mandler og krem laget av egg fra kysten ved Rørvik.









1 kommentar:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.

    SvarSlett