mandag 6. november 2017

Dag 4.

Ny dag med nye mogelegheiter. Når ein er komen inn i dag fire på rundturen er ein liksom "heimevant" på skipet. Slik såg det ut til og virke på andre gjestane og. Dei surrer fornøgde rundt medan dei småpludrer med kvarandre.

Frukosten er til heilt klart sedvanleg tid. Kl 07. Frukostbordet består av varme og kalde  retter, fleire sorter syltetøy og oster. Til og med ein liten morgondessert servert i søte små glas. Ulike sorter frukt og grønsaker kutta opp i sunne små godbiter.  Av drikke finst det te, kaffi, mjølk og juice.

Når etinga er unnagjort nyt eg eit par kopper kaffi, medan eg tenker på dei anløpa me har passert i løpet av natta. Det var Brønnøysund (0045-0100), Sandnessjøen (0345-0415) og Nesna (0525-0530).

Eg drøymer meg vekk og tenker på min oppdikta svirekompis "Gamle Johan". Han og pastoren sat i parken og kikka på måkene. Ubemerka av all verdas elendigheit vralta måkene masete rundt dei to karane. Men dei to på benken ensa ikkje dei kvite papirflya. Johan oppdaga han var tom for snus. Det irriterte han. Den siste snusklypa låg som eit markant merke like bortante høgrefoten. Tenk kunne snus resirkulerast filosoferte han med eit skeivt smil. Med eitt tenkte han på gårsdagens kjøtkaker og kom no te at dei vart no resirkulerte dei og. På ein måte. Pastoren funderte på det lakoniske svaret, og svarte kort at kjøtkaker skal ein ikkje kimsa av. Han klødde seg i den gråbrune barten mens han heiv etter pusten. Øl, kjøtkaker og kvinnfolk er fine saker. Men han gløymde ein ting ..........

Og det gjorde nesten eg og. Skipsmøtet. Eg fauk opp og forta meg ut på dekk 5. Me skulle møte sørgåande MS Kong Harald no om ikkje so lenge. Og dei kom etter eit par minutt. Det var eit flott skue.


MS Kong Harald er eit av -90 tals skipa. Skipet er bygd i Volkswerft GmbH i Tyskland i 1993. Det er vel ikkje noko overrasking kven skipet er oppkalt etter. MS Kong Harald er søsterskipet til MS Nordlys og MS Richard With. Disse tre skipa var dei fyrste av den nye generasjon hurtigruteskip. Ellers verdt og nemne er at skipet har plass til 691 passasjerer (490 køyeplasser) og 45 biler.

Like over kl 09 kom me til Ørnes. Det er eit lite strandsted med rundt 1500 innbyggjere.  Ørnes har vore eit privligert handelssted heilt tilbake til 1794. Eg har lest meg opp til at sjølv om det har vore ein stor brann her tidlegare so står det framleis att tidstypiske hus frå 1800 talet.

Spør du meg so er dette eit anløp verdt og få med seg. Skipa ligg kun 15 minutt til kai her, men det er mykje fint og sjå på den vetle plassen. Eg har merka meg at det alltid ligg flotte fiskeskjøyter fortøyd her når me kjem. Eg trur aldri eg har sett dei same skutene når eg er på tur.

Eg berre elsker desse små plassane. Når me kjem på slike plassar, står det som regel eit par skikkelser på kaien som vil ombord. Då er det litt uskyldig kvardagsdramatikk når store skip legg til kai for å hente dei.





So slår klokka 10. Det berømte ti talet på dag 4 av rundreisa. Me har passert polarsirkelen i dag tidleg. Tidspunktet er det alltid ein gjettekonkurranse om på turane. Mitt tips var kl 07.15.23. Eg bomma stygt i dag. Tida var litt over kl 07.30.

Med passering av polarsirkelen høyrer og med skipsdåp. Noko eg må få med meg. Då samlast dei reisande ute på dekk 7 og venter på ein svært so celeber gjest. Kong Neptun sjølv. Me ropte eit par gonger på han før han kom stabbandes.




Sjølve seremonien består i av at Neptun og kapteinen døyper kvar reisande med og gje dei ei ause sjøvatn med nyklekte isbitar nedover nakken. Det er sjølvsagt frivillig og verte døypt. Frivillig tvang kaller eg det. Eg vil døypast! Då eg kjem fram klapper reiseleder Marco meg venleg på skulderen og seier til dei to "kongane": - "han er e norsk so han tek to auser".

Kjekke karer. Slik kan eg like.


Innimellom alle klokkeslett på reisebloggen er det mykje fin tid ombord. Eg fekk eit tips av min villeidande reiseleder, Ketil Wigen, for nokre år sidan om mobil apper som heldt kontroll på kva skip som er i området. Og ellers i verda. Eg bruker eit som heiter "Findship" no. Det er særs kjekt og bruke for oss som liker skip. Den appen er ofte i bruk kan du sei. Det er kjekt og ut å sjå og ta bilete av andre skip me møter.

Når begge visarane på klokka står rett opp nærmer me oss innseglinga til Bodø. Bodø er Nordlands største by med alle rettigheiter. Her skal me liggje til kai frå kl 1230-1500. Her er det fint og gå i land og ta seg ein spasertur opp til sentrum. Tek ca 10 minutt. Eg tek meg ein rusletur og er attende til skipet og til lunch kl 14.



I Bodø fann eg eit flott skip so heitte gamle Salten. Det har visst gått i hurtigruteskip før meiner eg. Då som avløyserskip. 



Då me forlet Bodø skal me måle krefter med Kong Neptun på turens fjerde opne havstykke. Men det var like stille og roleg her so på dei andre. Eg hadde eit løynleg håp om at det skulle vere noko her sidan Kong Neptun hadde vore ombord tidlegare på dagen. Men no var han ikkje å sjå lengre. Men han hadde vel reist nordover.

Klokka 19 har me anløp Stamsund. Her skal me liggje ein god halv time. Stamsund er eit menneskebygd fiskevær der det bur omlag 1.300 mennesker. Det er og eit av Lofotens største fiskevær. Stamsund har gode kaianlegg og ein finn Lofotens største fiskeproduksjonsanlegg, raffineri for torskelever og eit eige rederi med 7 trålere her.

Klokketallet 20 betyr middagstid. Nytt deilig måltid på gong. Ein liten jobb i seg sjølv og skrape tallerkenen. Eg takker alle englers mor for at de har normal servering for då rekk eg kommande skipsmøte.


Som sagt - Endå ein gong rakk eg ut og ta bilete av sørgåande hurtigruteskip. Dei pleier og komme mellom kl 20-22 på kveldstid. Og i kveld var det kystens dronning, MS Lofoten, so kom oss i møte. Eg må innrømme eg kjente det stakk litt i meg. Savnet etter og ve ombord i det skipet ligg latent i meg.

Og kystens dronning møtte me like før me kom til Lofotens hovudstad, Svolvær. Her skulle Polarlys liggje ein time og kvile seg før ferda for vidare mot Trollfjorden. I Svolvær er det og ein fin anledning til og gå i land og strekkje på beina. Noko eg gjorde. Eg gjekk ein runde i sentrum og so innom Narvesen og handla litt "nødvendig" snacks til lugaren.

Når nordgåande hurtigrute var ute i leia att skulle me ta ein liten avstikker og bort og kikke på den sagnomsuste Trollfjorden. Det var fyrst samling oppå toppdekket, der ein kunne kjøpe seg trollfjorddrikk. Eg måtte kjøpe det. So eg fekk endå eit krus til samlinga mi.

Me kunne desverre ikkje segle inn pga fare for ras. Det er den offisielle versjonen. Men som trollfantast frå vestlandet, veit eg at det ikkje er naturskapt ras, men små rampete trollunger som kan liggje på kanten av fjellet Trolltindan og kaster stein på skipa.

Skipet ville gå heilt fram til munninga, slik at passasjerane kunne sjå inn den omlag 2 km lange fjorden. Då stod me nede på dekk 5.

Når skipet låg der i munninga sette nokon av mannskapet lyskastarane på fjellsida for og sjå etter troll. Utruleg facinerande og sjå kor sterke lyskastere det er på dei ulike skipa.



Medan me låg der og duppa og såg itte troll overhøyrte eg ein dialog mellom to engelsktalande passasjerer.

- "Where is frank?"
- "I don't know. I lost him in the crush". Eg måtte le. Det var smekkfullt med folk framme ved baugen.
- "Can you take pictures?"
- "I don't know what setting to use honey. I can't see it in the dark"

Det den gamle mannen ikkje visste var at han hadde ein engel (m skit på vingan) rett bak seg. "Eg såg kva han gjorde med kameraet, og hadde rettleia han om han ikkje fann den korrekte innstillinga. Men det gjorde han.

So fekk me opplyst om at det var antydning til nordlys over hovudet på oss. Jippi. Eg rasa opp på toppdekket og fekk foreviga det vetle so var av nordlys.

Då eg ikkje gadd stå ute lengre gjekk eg inn att og trefte på dei to hyggjelege amerikanarane. Me fann ut me skulle gå i baren og få noko godt i glaset. Og det gjorde me. Gamle røvarhistorier og sannsoger kom fram att frå gløymselen. Eg tenkjer framleis på dei to idiotane på den seglskuta. Det var ein kjekk avslutning på ein flott dag.




På middagsmenyen:
Forrett: Carlo-sild frå Kyvik, med rugbrød, poteter, løk og rømme.

Middag: Bresert oksestek frå Trøndelag, med polarsalt frå Kvarøy saltsyderi og potet og jordskokkmos.

Dessert: Frossen sjokoladekrem med rabarbrakompott.







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar