lørdag 28. april 2012


Dag 12.

Opp og hopp. Siste dag på hurtigruta for denne gong. Men eg kjem att. Banna bein og ti fingre opp i nasen. Minst. Eg ville gjere mest ut av denne dagen. So frukost fyrst. Klokka var 0640. Opp og hopp. Ner til eit ferdigdekka frukostbord. Her skulle det etast, tenkte den nøgde sjøfararen og sette seg ner med bordet. 

Etter frukost var det ut og nyta den same panoramiske utsikta. Og veret var framleis like flott. Eg hadde planar om å ta litt aggresiv skriving på reisebloggen slik at eg vart ajourført og kunne avslutta samstundes so me nærma oss Bergen men det var heilt uråd. Det er på grensa til idioti og sitje inne i skipet når det er slik fint ver ute. OG utstikt. Sjølv om ein sit med eit vindauge. So eg let blogg vere blogg og oppheldt meg ute heile vegen til Bergen. Difor kjem dei 3 siste dagane av bloggen på nett etter eg er vel komen heim.

Då klokka nærma seg 08 kom me til Florø. Me var i rute att etter forseinkinga i Molde i går. Veret var praktfullt og det var mest med andakt skipet glei inn til Florø. Knallblått og stille hav fulgte oss heile vegen.





På kaia i Florø stod det ein trailer. Ein norske ein og. Ikkje dårleg. Kva ærend den hadde veit eg ikkje. Gamle minnar dukka opp att. Tempoet på kaia var roleg og litt bedageleg. Men arbeidet gjekk unna. Og snart var me klare til avgong att. Bergen next.

Klokka 10 kom ein lite aktverdig stund. Ein måtte ut av lugaren. Dårleg gjort. No hadde eg hatt da so kjekt i 12 dagar og so måtte eg ut! Eg vil ikkje. Eg pakka alt pikk-pakket mitt. Tannbørsta, alle kleda, for ikkje og snakke om alle hurtigrute effektane eg hadde anskaffa meg. Jepp no har eg alt. Då eg var klar til å forlate min 12 dagar lange heim tok eg eit siste overblikk.

- Pike deg. I dusjen stod ei flaske dusjsåpe. Den må jo stå i dusjen sidan det er dusjsåpe skal vete. Den måtte eg ha med. Eg berre måtte det. Den var flett ny og greier. Kjøpte han i forgårs i Sandnessjøen til kr. 19.90. So godt innpakka i 2 kiwiposer kom den med i  sekken den og. Gamle (dårlege) erfaringar tilseier at det kan vere lurt og pakke inn shampo om du tek han med i sekken. So eg gjorde det. NO! No kunne eg forlate lugaren. Det einaste so låg att av små lausøyre var eit blått eksemplar av Nye Testamentet. Men det ville eg ikkje ha med meg. Ikkje var det mitt heller. Det er noko prisverdig hurtigruta legg inn på alle lugarar. Til lesning for dei arme, (syndige?) sjelar so måtte finne behov for det.

I løpet av dagen gjekk eg rundt og tok bilete både inne og ute. Eg ville ha litt bilete av alt det fine interiøret inne i i skipet. Medan eg gjekk slik og virra og var turist måtte eg ut. Fort. Me skulle passera den flotte "fjellstubben" Alden. Den tek seg endå betre ut når sola skin på ho slik so i dag.




So vart det opplyst over høgtalaranlegget at me skulle koma til det vakre Steinsundet. Og det var vakkert og det. Naturen kjem so tett innpå deg når ein seglar med hurtigruta at ein kan mest kjenna det prikkar deg på huda. Eg stod mest litt perpleks ute på dekk og berre nytte den stunda me segla gjennom Steinsundet.

Klokko 12 var det tid for mitt siste måltid ombord på MS Richard With. Lunch. Eg trur eg har sagt det meste om maten ombord på desse hurtigruteskipa. Før eg fullførte denne reisebloggen (etter eg var komen heim) måtte eg berre inn og sjekke vekta mi. Og det stemmer so dei sa på informasjonsmøtet på dag 1. Ein må pårekne å leggje på seg rundt 4 kilo. Og eg har lagt på meg. Kor mange kilo det vart kan vere ein lita hemmelegheit. Men det var meir enn 2.

Det høyrer med til historia at under lunchen var namnet mitt ropt opp over høgtalaranlegget i skipet. "Birger Rokne bes komme til  resepsjonen på dekk 3". Som om eg ikje visste kor resepsjonen var. Det slo meg at dette var fyrste gongen namnet mitt var blitt ropt opp på ein hurtigruterundtur. Ikkje dårleg. Nyskjerrigheita jog i meg. Kva no? Hadde eg gjort noko feil? Kom det ei siste helsing frå skipet? Var det den hyggjelege jenta i resepsjonen so berre ville slå av ein prat? Eller var det kva var det eigentleg no då? Eg kunne  sjølvsagt ikkje gå med ein gong. Tenk om alle i restauranten snudde seg og såg på meg. Då ville dei byrje og lure og. No vart da berre  eit namn so var det ropt opp. Eg venta litt til. Og etter 5 minutt gjekk ner på dekk 3. Eg måtte få stilt nyskjerrigheita mi. Eg kom ner og  ---  eg fekk att kikkerten min. Eg hadde gløymt den på lugaren. Den må ha falt under senga eller noko. Jaujau. Det var det. Eg takka og gjekk opp att til lunchen min.

Mellom 12 og 13 passerte me mellom anna Norges største oljeraffineri, Mongstad, og ein av våre viktigaste utskipingshamnar for råolje, Stureterminalen.

So var tida der. Me glei rundt siste sving og eg kunne sjå Hurtigruteterminalen i Bergen. Bergen so er landets nest største by med ca. 257.000 innbyggjarar. Det er venlegvis litt godt og kome heim etter ein ferie men ikkje når ein har vore på hurtigruta. Då er ein i draumeland og vil likso berre at det skal fortsetja.

No vert cruisecard bytta ut med visacard og denne landkrabben går i land for siste gong. Eg håpar du har likt mine beretningar og bilete frå den flotte rundturen eg hadde med MS Richard With. Det vart vel ikkje hurtigruta minutt for minutt men eg håpar de har hatt litt underhaldning av og lesa mine skriblerier om livet på hurtigruta og det fantastiske livet langs leia.

----------

Av ting eg har god minne om var at eg var med på 3 ulike utfluktar (so kan anbefalast) under turen. Atlanterhavsparken med byfjellet Aksla, Nordkapp og Havørnsafari. Me fekk møta kongeskipet MS Norge. Me (eg) lærte og pille og reinska reker ute på dekk. Eg vart døypt to (!) gonger då me passerte polarsirkelen på nord og eg tok 3 skjeier med tran då me passerte same sirkelen på sør. Det var redningsøving med helikopterbesøk. Me hadde besøk av ein lokal fiskar ombord so viste oss korleis ein skjer torsketungar. Eg møtte mange nye kjekke hurtigrutevener i Trondheim. Me fekk ein populærvitenskapeleg presentasjon om "Livet i havet". Eg var innom hurtigrutemuseet i Stokmarknes og hadde mellom anna ein kjekk prat med tidlegare hurtigrutekaptein Sten Magne Engen. For ikkje å snakka om at musikaren og saksofonisten Tore Ljøkjel spelte frå  toppdekket ved ankomst og avgong til ulike hamnar og når me møtte andre hurtigruteskip. Det var moteshow ombord. Heldt av dei ansette. Takk til dei ansette ombord so er so flinke til og finna på ting for å underhalde oss reisande. Og ikkje minst takk for all den gode maten. Takk for turen.





onsdag 25. april 2012


Dag 11.

So var da landliggje i Trondheim. Landets tredje største og nest eldste by. MS Nordnorge skulle liggje til kai saman med oss frå klokko 08 og til me sjølv skulle segla vidare sørover mot Bergen by. Etter å ha inntekje ein betre frukost og hatt Trondheim kai so utsikt i nær 30 minutt skulle eg ut og sjå på skip. Det ville og kome nokre likesinna hurtigruteentusiastar på besøk her i Trondheim. Det ville verte kjekt og møte dei. Me skulle gå ombord i MS Nordnorge og "mine" besøkjande ville ha frukost der. Men first things  first. Eg ville løpe rundt kaia og ta bilete av MS Nordnorge. Men dei ville køyre meg. Det var likso ikkje måte på service eg skulle få på denne rundturen.

Då eg kom attende so var da ei lita "foto-shoot" framfor skipa. Deretter gjekk me inn på MS Nordnorge. Eg kunne sjå skipa var bygd på same "modellen", men med variasjonar so passa inn slik dei hadde tenkt. Godt sagt. Etter ein særs hyggjeleg frukost der måtte eg tilbake til mitt eige skip. Me sa farvel og eg gjekk i land og ombord att.

MS Richard With fløyta farvel og so la me frå land. Me passerte like etterpå Munkholmen. Ei øy so mellom anna har vore rettarstad,  kloster og fengsel. Ingen av dei tinga er noko eg kunne tenkt meg og vore med på. Eg vil verken døy, sitja i fengsel eller vere uten kvinner so eg heldt meg langt vekke derifrå. Eg stod på toppdekket og tok bilete og snakka med mine nye fransk/svenske vener eg hadde  vorte kjend med under vegs.


Ikkje lenge etterpå passerte me Fosen Mekaniske Verkstad. Dei er mellom anna kjend for å ha bygd det store passasjerskipet "The World"  og hurtigruteskipa MS Trollfjord og MS Midnatsol.


Ut på formiddagen nærare sagt halv to passerte med Hitra so er Sør-Norges største øy. Dei er kjend for eksport av laks og ørret og her finst og Europas største hjortestamme.



Klokka 1420 passerte me metanolfabrikken Tjelbergodden. Her produserar dei nærare 900.000 tonn metanol i året. Noko so skulle utgjere ca. 13% av Europas totale forbruk. Impressive.

Jo lengre vest me kom jo meir sakna eg det høge nord. Hvertfall for no. Eg kom i hug ei historie eg hadde høyrt frå nord-norge. Ein austlending var på tur midtvinters. Om det var dårlege køyrekunnskapar veit eg ikkje, men da gjekk so da måtte gå. Han enda opp nede i ei djup grøft med bilen sin. Der stod han. So kom det ein nordlending forbi. Han stogga og gjekk ut. Austlendingen såg opp på han og sa med sinne i stemma:

- "Hvem faen er det som brøyter her?"

- "Ja, nei der nede vet ikke jæi, men her oppæ æ det statens veivesen", svarte han på flott nordnorsk dialekt.

Nok om Nord-Norge for denne gong. Utpå seinettermiddagen skulle ha ha anløp i Kristiansund. Det er eit av høgdepunkta mine på ein rundtur. Og eit av dei finaste anløpa å få med seg. Og stå ute på dekk og sjå når me seglar inn midt i byen er utruleg flott. Anbefalast til alle. Både og vere ombord og stå i land og sjå på. Eit godt lite tips til alle so les dette. Ikkje noko sjakktrekk og nyse mens ein tar video. So videoen av innseglinga til Kristiansund vart ikkje noko å skryta av. Eit anna tips: Skal du filma og står rett under "fløyto" på skipet ver beredt. Ellers kvekk du. Gammelt jungelord frå mine tidlegare rundturar med hurtigruta. Kan verte pinleg. Nok om det.

Her vart det og litt personleg action. Eg hadde vore so strålande nøgd med servicen ombord at eg ville gjere noko ut av det. Det måtte eg berre. Ellers kunne eg mest ikkje ha levd med meg sjølv. So kva gjer ein? "Blomar", tenkte eg høgt. "Ja den går eg for". 

Men det var sjølvsagt sundag i dag og eg hadde ikkje vore om meg og fiksa dette før. Eg må prøve nokre Narvesen butikkar. Det skal godt gjerast at dei ikkje har. Eg gjekk ut i hastige skritt. Skipet låg kun te kai i 30 min so var ikkje mykje tid. Eg la i veg med i  hard, aggresiv gonge. Innom 2 Narvesen butikkar men ingen hadde. Den siste butikken sa det var ein sjanse sjukehuset hadde.

- "Ja, det var god ide", sa eg takknemleg til dama. "Er det lang vekke?"

- "Nei 5 minutt om du spring opp bakken her", sa ho optimistisk.

- "Eg prøver", svarte eg og takka for hjelpa.

Eg la på sprang opp bakken. Og opp ein bakke til. Pusten var byrja og verte tung. Var mjølkesyro komen? Eg hadde kontroll med klokko. Eg såg sikkert på ho kvart 4 minutt. Der var eit stort hus. Det var ei rar form på eit sjukehus, men det var ikkje mitt problem. Tenkte eg. Eg fram og inn døra der.

Det satt fire gamle damer i nokre stolar der inne. Det vart brått heilt stilt. Dei såg på meg. Atmosfæren, borda, stolane og ikkje  minst dei fire eldre damene der gjorde at eg i løpet av 5 sekund skjøna dette var ein gamleheim og ikkje eit sjukehus. Eg hadde ikkje tid til noko passsiar og godsnakking med dei fire damene so eg snudde på ein femøring og ut døra att. Lurar enno på kva dei fire damene tenkte om hendinga. Det var vel litt action for dei.

Eg runda den store bygninga og sprang nedover. Eg turte ikkje springe lengre oppover no (m.a.o. lengre vekk frå skipet.) Og der, bakom aldersheimen såg eg toppen på sjukehuset. Eg fekk uante kreftar. Ner bakken, bort og inn hovudinngongen. Eg stogga opp og tok inn att litt pust. So gjekk eg bort til kiosken og beretta om mitt ærend.

Men diverre. Dei var utseldt. Og dama bak disken såg oppriktig lei seg ut sidan ho skjøna kor langt eg hadde løpt frå skipet og opp hit. Me skilte lag og eg la på sprang ner bakkane att. Ner over krysset med bankane. Ner siste bakken. So kom eg ner på "flatvangen" so han sa og då var det lett jogg siste 500 metrane til skipet. Men NO kjende eg mjølkjesyra. Eg hadde pådrege meg "halv" og. Slik so me godtfolk so ikkje har kondisjon får. I det heile teke. Klokka var 1656 og no var eg var viss på at brua måtte sjå meg, so då kunne eg gå ner att i roleg tempo. Det stod mange folk langs skipssida. Eg lurte på om dei hadde sett meg løpe heile vegen. Eg gjekk ombord, utkøyrt, skuffa, vonbråten, men med godt mot. Dette fortenar eg ei øl for.

1702 la me ut frå kai og no skulle me ut på Hustadvika. Eit av dei 6 opne havstykka mellom Bergen og Kirkenes. Det var same scenarioet  her so på alle dei andre havstykka eg passerte både opp og ner. Flatt hav. Nydeleg flatt hav. Ope hav har tiltrukke seg menneske sidan  tidenes morgon. Me menneske er skapt for å vere på land. Men når da vert so fint so dette her ja då trekkjer landkrabbene til sjøs. Å stå langs skipssida på eit hurtigruteskip og spegle sjela si mot ope hav i flott ver er utruleg godt. Kan anbefalast til alle. 

Kvart over åtte var det middag. No var det avskjedsmiddagen vår. Meg og mi borddame. Medan me ventar på forretten ser me ei måke so heng like utanfor vindauget vårt. Den berre heng i lufta. Om den trur det kjem fisk herfrå kan ikkje den ve skarpaste kniven i skuffo. Like etterpå får den auge på ei fiskeskøyte lengre inne mot land. Den vrir på dei bereiste vengjene sine og glir over i v-stil og med retning mot fiskeskøyta. Den høyrde sikkert lyden av andre måkar så skrålar rundt det vetle fartøyet. Og sekundar etterpå var hele  måka gløymd.

So kom forretten.

- "Ja, eg får vel dra fram fiskekortet mitt i dag og", sa eg og såg på borddama mi.


- "Ja du får vel det", meinte ho.

Det var slike festmåltid til forrett, middag og dessert kvar dag på heile rundturen at det gjekk heilt i surr for ein gammal landkrabbe so er vant til enklare kår. Slik so spagetti-ala-capri på boks eller Trøndersodd. Godt det og, men ein går glipp av mange av råsakanes gode smak. Slik so dei serverar det på hurtigruta. La no smakløkane få nyta den ferske smaken av gulerøter. Eller noko av det anna gode dei serverar. Slik so den dagen dei kom med appelsinfromasj til dessert. Gubbevare meg. Det var ein fest for smakssansane. 

Tidlegare på kvelden hadde eg spurt reiseleder om det var slik at me skulle møte neste hurtigrute skip i 5 tida neste morgon. "Ja, det stemte". So eg "logga" det inn i dagsprogrammet mitt. Då middagen var ferdig måtte eg ut og ta ein runde rundt skipet på dekk 5. Prøva og få sirkulasjonen i gong att etter det gode måltidet. Og då eg gjekk ut døra hadde eg heile MS Polarlys i oppsynet på skipssida. Forvirringa mi var total. "ka faen?", tenkte eg. Høgrehanda reagerte lynkjapt. Morgan Kane hadde vore stolt av meg. Reaksjonsevne de-luxe. Ikkje noko og sei på det. Eg såg rett i livbåtane til MS Polarlys so det var uråd og få teke nokre gode bilete i ei slik situasjon. Eg bante og svor medan eg forta meg fram i skipet. "Dette skulle nokon få svi for". Lura meg slik.

Når det er sagt ..... Eg burde jo ha visst det sjølv so. Då me var klar til avgong var me ikkje klare allikavel. MS Richard With hadde  fått eit tau eller trosse i stompen sin. I den venstre propellen bak. So dykkar måtte tilkallast. Det var interessant og sjå på. Sikkert ikkje like moro for dei so jobba ombord. Me var 45 minutt forseinka ut frå Molde.

Vel på veg sørover att kom tankane i sving. Eg hadde høyrt at nordgåande skip so skulle starta 20.00 frå Bergen var 3 timar forseinka. Me var 45 minutt. Korleis kan en då finna ut kor tid me møtes? Eg lot den avanserte utrekninga vere då reiseleiaren sa norgåande MS Nordlys ville gå ut på havet og kutta anløp for å ta inn att tapt tid.

Resten av kvelden gjekk eg vel eigentleg berre rundt og svirra. Ein slags rar fornemming av å desperat ville suga inn den gode  atmosfæren slik ein kunne ta den med seg heim og kunne suga på den slik ein gjorde med fløytekaramellane då ein var små. Og slik gjekk da til at landkrabben ikkje kom i seng før klokka nærma seg 02.



tirsdag 24. april 2012

Dag 10.

Frukost i Ørnes i dag. Eg er so regel fyrste mann ned til frukost. Dei andre reisane so er ombord er stort sett på ferie og vil sikkert liggje frampå litt. Men det har ikkje eg tid til. Mens eg sit her og harmoniserar sjela mi i same tempo som landskapet forandrar seg utanfor tenkjer eg på gamle syndar. Den gode tida då eg var lastebil og trailersjåfør.

Kor ein ikkje alltid var velkomen der ein kom. Utrykk so "din helvetes trailersjåfør" har eg fått slengt itte meg. Ein sjåfør frå tidlegare dagar, Geir Sundet, tok utdanning so sosionom og enda opp so trailersjåfør. Han fortalte meg ei historie om då han kom inn på eit lager langs sørlandskysten og fekk liknande ukvemsord kasta itte seg. Utdrag frå ein av historiane hans:

- "Hva i helvete gjør du her på denne tida, åsså med frysevarer?". Den gamle lagerarbeideren er så sinna at han skjelver. - "Åsså ein heil semi. Veit du ikkje at vi slutter halv fire? Hvor mange ganger skal vi fortelle dere at dere får komme tidligere? Jeg skal hjem å ete middag nå for faen. Og jeg skal dusje og skifte før halv fire. Du kan komme igjen i morra du din helvetes trailersjåfør".

Det er da det gjelder å huske at denne gamle, sure, kødden faktisk er en folkets mann, så her gjelder det å skille mellom rett og galt. Jeg gir ham inn så øra flagrer, og det samler seg fire tilskuere. Etter fem minutter tusler han sur og taus til sitt hjørne og jeg får glatte flir fra gjengen som hiver seg over bilen og losser på tre minutter. Et minutt på halv fire svinger jeg ut.

Her ombord i Richard With er ein so i ein anna verd. Ein vert mest flau over kor hyggjelege og imøtekomande betjeninga er. At ein ikkje kan gjera noko attende for dei. Eg følar for ein kopp kaffe til. Det er framleis ein lita halv time til eg skal ut og ta imot nordgåande MS Vesterålen. Det er det nest eldste skipet i flåten no, og heilt klart verdt og få med seg. MS Vesterålen er eit ombygd lasteskip.

Inne i restauranten må eg må stå i ei lita kø ved kaffemaskina. Ei dame står foran meg. Alderen vil eg ikkje gjetta på, men ho er i den klassiske turistkategorien av den eldre garde. Ho står der, med kvitt, ruskat hår og somler med koppen sin. Eg skrik lydlaust. Kan ho ikkje sjå eg har det travelt? Eg skal ut og så på skip. Den gamle kråka gjer ikkje nett so mykje for å skunda seg heller. Men eg er i godt lune. Ho skal få ta den tida ho treng. Og sekundar seinare har da løyst seg opp.

Ikkje lenge etterpå står eg ute ved rekkja og glor. Begge skipa fløytar nøgd i det dei møtar kvarandre. Nøgd over å møta ein artsfrende til sjøs. Etter Ørnes vert omgjevnadane ute meir frodigare. Da vert meir og meir grønt på bakkane. No kjem våren oss i møte. Fint og sjå på.

Litt over 9 fekk me beskjed over høgtalaranlegget at det skulle vere ei lita seremoni når me passerar Polarsirken på sør. På nord vart me døypt med isvatn og noko varmt og drikka. På sør fekk me tran. Dei kjekke ansette frå skipet stilte vellviljug opp for å gje oss denne sunne drikka. Ikkje nett det optimale eg ville drikke nett no, men eg tok da med  meg. 3 skjeier tran tok eg. Og for den dåden fekk me ei skjei med fin hurtigrutelogo på. Det var i teorien ei skjei for ei skjei tran. Da fekk ikkje eg med meg so eg har dårleg utjamning der. 3 skjeier tran mot ei hurtigruteskjei. Men kanskje nokon på Richard With ser seg flid i og sende meg 2 stk skjeier? 

Kl 1015 superpresist var det brubesøk. Det er eg berre nødt og få med meg. Då har eg vore både på brua og i maskinrommet denne turen. Flotte greier. Eg har likso sett da fø meg at dei skal ha "svits'n" te skipet ei plass. Noko må dei trykkje på for å få maskineriet i  gong. Eg gløymer alltid og spyrje om det. Men neste gong. Då!.....

Kl 11 var det ein stogg i den gamle handelsstaden Nesna med ca 1000 innbyggjarar. Noko av det eg likar med hurtigruta er når dei legg te kai på desse små plassane. Og ofte står det ein eller to stykk og ventar. Det er sjarm nok for meg. Dette var eit anløp eg kunne stå over denne gongen, men sidan det står ein artist på toppen av skipet og spelar saksofon er det flott og stå der oppe og høyre og sjå. Etter at me hadde anløpt og reist att ville saksofonspelaren Tore Ljøkjel fortelje litt til dei reisande kvifor han hadde starta opp med å spele frå toppen av hurtigruteskipa. Veldig gjevandes og høyre. Det var ein tankevekkjar for meg. Og sikkert for mange andre. På denne rundturen møtte eg mange kjekke medreisande. Her er bilete av eit par eg kom i snakk med. Ho var frå Frankrike og han var frå nabolandet vårt; Sverige.

Halv eitt var det anløp i Sandnessjøen. Før me kom hit møtte eg på saksofonisten i skranken til reiselederen.

- "Skal du spele her?", spurte eg han.

- "Nei det blir som å spille i en støvsuger", svarte den trivelege musikaren, "Vi må ut på dekk. Verdens fineste katedral og spille i.  Hurtigrutekatedralen".

Det var godt sagt. So eg fylte opp hurtigrutekaffekoppen min, og skunda meg opp på dekk 7 att for å nyta den  flotte musikken hans.

Etter Sandnessjøen kom dei sju systrene på rekke og rad. Og i dag var eg kanskje ekstra heldig. Dei låg der klokkeklare og venta. Med snødekte toppar so fine kjolar viste dei seg fram frå si finaste side. Det var travelt og få med seg alt. Den gedigne panoramiske utsikta so omgav skipet til einkvar tid. Nede i cafeen var det mykje folk.

- "Ja, det e travelt" sa den hyggjelege dame bak disken.

- "Ja, det e travelt her og", sa eg, "So travelt eg må byrja og ta heisen opp på dekk snart".

Klokka halv fem var det anløp Brønnøysund. Og etterpå det var det forbi det kjende landemerke Trollhatten. Du veit fjellet med hol i midten. Skipet tok ei lita avstikkar ut der so alle kune få sjå det og tok deretter ein fin håndbrekksladd og fortsette sørover att.

Klokko 20 var det middag. Eller 2015 for å vere presis. Avskjedsmiddag for dei rundreisande. Det var ein del rundreisande so skulle av i Trondheim, so då var det gjort stor ære frå restauranten i skipet med flott middag. Borddama mi sa ho måtte ete tidlegare i går og sat saman med ein anna mann. Ein engelsk turist. Det var ikke det samme, sa ho. Han var ikkje snakkesaleg. Berre kom, sette seg ned,  lagde mange spiselyder og for att.

Ho fortalte og at då ho kom til Tromsø møtte ho ein eldgammal mann i resepsjonen på skipet. Dei kom i snakk. -

"Han var minst 90 med stokk og greier. Skulle til øyenlegen her i Tromsø". Han kom frå Hammerfest.

- "Langt og reise men fin tur", hadde den gamle knarken sagt.

Oi! Kva var det som kom her da. Ny restaurantjente i kveld. Det må eg sei. Det er når ein ser slike fagre jenter ein vil vakne opp og takka gud for at ein er mann. Men like fort so eg hadde sett den fagre jenta vart eg sett på plass og kom ner att på jorda. Brutalt!  Ein mann kjem forbi bordet vårt. Buksa var over hoftehøgd. Med belte rundt magen. Om du nokon gong ser meg slik so ring politiet.

"Same procedure as last year". Og i kveld møtte me eit anna hurtigruteskip under middagen. Det var MS Nordkapp. So eg måtte ta ein personleg avstikkar frå middagen ein kort stund. Ut og ta bilete og so inn att.

- "Du får ha meg unnskuldt", sa eg ærbødigast til borddama mi og skunda meg sakte ut og opp på dekk 5.

Det gjekk ikkje lang tid før ho kom. Knipse - knipse og so ner att i restauranten. "Sånn", sa eg. No skulle eg vie alt eg hadde av opplærde manerar og fløytesnakk til mi borddame. Me pludra og snakka om alt det dei fine menneska snakkar om når dei er på gallamiddag m.m. Veldig hyggjeleg.

Før me forlet Rørvik kom kongeskipet MS Norge opp framføre oss rett utanfor kaia. Kjempestas!! Frå klokko 22 til midnatt var det over det opne havstykkje Folda. Og so det var på alle dei andre opne havstykkja so var det heller ikkje her ei bylgje og sjå. Ingen ting. Men heilt i frå me forlot Rørvik har det vore ei gedigen utsikt til flott skue i horisonten. Det er mest so eg vil hoppe overbord og symje ut mot det. Ufatteleg vakkert å sjå. Og alt i panoramautsikt. Bilete av slik utsikt kan ikkje rettferdigjera det arbeidet han der oppe har sett i stand for å visa oss.

Litt over ti skulle det vere moteshow ombord. Det var dei ansette so skulle visa kva dei hadde og bjuda på i souvenirbutiken av klede m.m. Det var kjekt. Eg må innrømma eg i ein svak augneblink vurderte om eg måtte fram med VISA kortet neste dag for å handle kle, men eg sto da av.

Etter moteshowet gjekk resten av kvelden (og natta) med til å nyta utsikta utanfor skipet. Då fyrste timen av den nye dagen var omme gjekk eg og la meg. Godt nøgd med denne dagen og.





søndag 22. april 2012


Dag 9.

Opp og hopp. Ein ny dag i emning. Sola varmar både kahyttvindauge og gardina innanfor i lugaren min no på morgonkvisten. Me nærmar oss Harstad. Ei lita time te so er me der. Her skal me liggje til kai eit par minutt med gode gamle MS Lofoten. Her skal garantert alt skyts eg har av kamera og mobilkamera med ut på dekk, og - i land - forhåpentlegvis. Om eg rekk da. Men fyrst frukost.

Nede i restauranten heldt eg på å få endå eit "tyskarbord" rundt meg att. Eg hadde sikta meg inn på eit bord med vindauget, men so høyrte eg ein mann oppi åra sa til si betre halvdel: "Kommen und setzen Sie sich hier" medan han hadde retning mot "mitt" bord. Då skygga eg banen og glei glatt ned i stolen med nabobordet. Der fekk eg nyta frukosten min i fred. Takk. Medan eg sitt slik og nyt frukosten på morgonkvisten kjem ei lita ferje tøffande forbi.

Då eg var bort og skulle finna meg endå eit påfyll frå det gedigne frukostfatet overhøyrde eg kapteinen prata med to engelske damar. Av det vetle eg fekk med meg so spurte dei om han var kapteinen. Det kunne han svara bekreftande på. Då lurte dei på kven so styrte skipet medan han var her og åt frukost. Det siste eg fekk med meg var at dei ville føla seg betre om han gjekk opp att på brua. Men eg trur da var litt humoristisk sagt av dei to koselege damene. 

Etter frukosten var innteken var det ut på dekk og ta bilete. Vanlegvis skulle me skilt lag med nordgåande hurtigruteskip før me la til kai, men nokon var forsinka i dag, eg veit ikkje kven av oss. Men det var flott for ein gongs skuld! Eg tok ei kjapp vurdering og fann ut dette skulle gå bra. Aggressiv gange ned trappa og ut landgongen og bort mot MS Lofoten. Eg hadde vore inne i dette skipet mange gonger før so eg trengte ikkje inn no.Og eg hadde i bakhovudet at mi neste hurtigrute rundtur ville verte med akkurat MS Lofoten. So eg for og svinsa utanfor dette klassiske hurtigruteskipet i svart og kvitt fargar og rasa laus på avtrekkjaren.Sjølv om ho var eit blikkfang av ei dame måtte eg riva meg laus og kome meg tilbake til der eg høyrar heime. Hverfall i 3-4 dagar til. I det me var vel komen ut av Harstad by so kom den gamle middelalderkyrkja Trondenes opp på babord venstre side av skipet. Eg måtte nett få med meg ho og. Knipse knipse.


Men frå no og framover er det berre og opne opp alt ein har av sansar og la dei vere opne. No vert da Risøyrenna, Risøyhamn, Stokmarknes, Raftsundet, havørnsafari og Trollfjorden i rask rekkefylgje. + all den namnlause panoramiske naturopplevinga so konstant kjem innover skipet. Ho-ho-ho. Lat småborna kome til meg. Ein ansatt sitt på dekk og nyt dei varme solstrålane so reflekterar seg sjølv mot skutedekket. Då me var komen vel forbi den oppmudra passasjen Risøyrenna so berre er 100 meter brei og 7 meter djup la me til i Risøyhamn.


Frå no og til Stamsund skulle saksofonisten Tore Ljøkjel spele i kvar hamn og når me møtar andre skip. Og det var flott og høyre på. Du kan sjå nokre videosnuttar av dette på Youtube. Den godeste Ljøkjel hadde si historie og fortelje og var særs hyggjeleg og prata med. Musikken han spelte på saksofon var laga særs for å passe til hurtigruta. Og det gjorde den til gangs. Takk til han for at han tok den gode stemninga og atmosfæren ombord endå litt lengre. Sortland vart likso berre ein uskuldig transportetappe før me segla sydover mot Stokmarknes.

So var tida komen til hurtigrutas fødestad Stokmarknes. Her finn ein mellom anna hurtigrutemuseet og gamle MS Finnmarken, so er ein  del av dette museet. Stokmarknes er og ein passande pit-stop plass for handling av snop, frukt og andre nødvendigheitar sidan det ligg eit Rema 1000 like i nærleiken. Eg går alltid ein tur innom hurtigrutemuseet og kikkar når eg her her med hurtigruta. Då er det rett inn i souvenirbutikken og handla litt og sjå på alt det flotte dei har av hurtigrute effektar. So går eg opp i 3 etasje og kikkar på det gamle super-erverdige MS Finnmarken. Nede i hallen att kjem eg i snakk med Sten Magne Engen. Ein gammal hurtigrute kaptein so no er gått over i pensjonistanes rekkjer. Me hadde ein kjekk prat der før eg måtte gå tilbake til skipet eg kom frå.

Når me forlet Stokmarknes er det med vissheit om at no skal me inn i det so kanskje er rundturens høgdepunkt. Raftsundet og Trollfjorden. Raftsundet er ca. 26 km langt og superlativane kjem lett fram her. Me var heldige med veret og, so her stod alle sansane i spenn. Diverre kunne ikkje Richard With gå inn i sjølve Trollfjorden i dag sidan det går rykte om at det er nokre troll oppe på  toppen so ligg og ventar på store skip. Store skip so hurtigruta for då kan trollungane kaste snø på skipa. Litt moro må dei ha og. Men kapteinen vil segla fram til munninga av den spektakulære fjordarmen. Ganske bra det og. Trollfjorden er 2 km lang og berre 100 meter brei ved munninga. Fjelltindane her står litt over 1000 meter rett til vers. Spektakulært.

Eg hadde meldt meg på havørnsafari inne i hjartet av Raftsundet. So me skulle over i ein liten båt når me var ca. halvvegs. Og lukka stod den heldige bi. Me såg havørn fleire gongar på denne utflukta. Eg håpar eg fekk nokre gode bilete av dei. Det er registrert 25 havørn frå Trollfjorden og til Svolvær kunne guiden vår fortelja. At ho hadde gjort dette før såg eg fort. Heile tida kasta ho ut i brødskorpar og anna snacks frå skipssida for å lokka te seg måkane. Men dei kjem for eit godt ord so akkurat det var ikkje so imponerande. Flaksande, skrålande og grådige tok dei godsakene ut av handa på guiden so lokka på dei. Og med alt dette skrålet so kom dei store fuglane og. Majestetisk og høgt, høgt oppe i lufta over alt strauk dei sine store vengjer over ein blå himmel. Dette var berre kult og sjå på. Alle såg opp på dei to ørnane so flaug der oppe. Det var tydeleg at dei såg an situasjonen. Dei sirkla over båten vår eit par gonger. Guiden vinka og lokka med ein fisk før ho kasta den uti bølgjene. Måkene turte ikkje sjå etter fisken ein gong.


So kom ørna. I angrepsposisjon. Klørne ute. Vips var fisken vekk. Med flotte flaks var fuglen snart inne over land og oppe med reiret sitt att. Ja for guiden hadde fortalt at dei hadde laga reir no. Ikkje guidane men ørnane. Då eg bestilte denne utflukten var det ei lita godbit eller bonus med i bilete. Når me var gått over i mindre båt so ville me få mange mogelegheitar til å ta bilete av Richard With frå utsida. Eg prikka den kvinnelege guiden på skuldra.

- "Køyrer me nære Richard With?", spurte eg med håp i stemma.

- "Kæm e du?", repliserte ho kjapt. Det må eg sei var eit uventa spørsmål. Ja, kem e eg eigentleg? Eg kom ikkje på noko betre svar enn at "eg e ein turist nett so alle dei andre ombord". Ikkje veit eg kva ho hadde sett for seg. Men men...... Ho aksepterte svaret mitt og sa:

- "Det må du spørr kaptæin om", svarte ho og peika mot styrhuset. "Det e berr å gå inn tæ hain. Hain bit ikkæ". Eg kunne sjå det sat ein triveleg mannsperson der inne. Med briller, skjegg og ein god røyk i kjeften. Kapteinslue hadde han på seg og. Ein likandes kar. 

- "Kult", tenkte eg. Det er alltid moro, kjekt, spanande, interessant og - kult og snakka med befal og anna godtfolk so har myndigheit m.m. Eg gjekk bort og knakka på den kvite og brune skutedøra. Eg kom i hug den reklamefilmen frå TV der det sitt to kjekkasar i ein bil. På slik "steikout" og han eine seier "hain bæssfar sa alltid: Du må beise sjarken gutt ellers så søkk a". Om denne sjarken er beisa vil eg ikkje spekulera i. Eg lukka opp og fekk formidla både hensikt og melding til skuteføraren. Det gjekk fint.   

Grunna ulike utfluktar i dag vart middagen servert til ulike tider. I kveld var det kl 20 for meg. Med innlagt stressmoment (for meg  vel og merka). Det stod i dagsprogrammet at me skulle møta nordgåande hurtigruteskip MS Midnatssol ca halv 9. Eg må hugse på og "aldri" få bordsetjing nr to på desse turane. Det er unødig stressmoment. Men eg visste råd. Eg sa til eine serveringsjenta, sølvsagt den finaste, at eg måtte ut når Midnatsola kom. Men eg kjem attende. "Det går fint", sa ho og smilte so vent og vakkert at ferdamannen knapt hadde sett makan.

Men eg rakk og få i meg forretten fyrst. Ein liten godbit eg ikkje veit namnet på. Eg sit med eit seksmanns bord so er oppdelt i 2  (4x2 setar). I dei 2 naboseta kom det to kjekke unge menn. Dei kom på i Harstad. Ekte "Harstadværinga". Dei sette seg og kom fort i  prat. Eg overhøyrde at dei snakka om kvinnelege attributtar. Eg forstod dei sikta til ei av jentene i betjeninga. Eg hadde nok sett ho. Hallo? Kven kunne ikkje leggje merke til ein slik skjønnheit. Eg må innrømma eg har kasta mange stjålne blikk hit og dit etter ho. Men let da bli med da. "Da e kje noko og hente der allikavel", tenkte eg for meg sjølv medan eg tok ein ny god sup av kaffikoppen.

Men her er gut so har sine prioriteringar rett. Med mine opplærde 10 min og gå på før motgåande skip kom mått eg ut no. Eg lot kvinnelege fordelar vere og skunda meg ut på dekk 5. Og der kjem ho. MS Midnatsol. Då ho kom opp på sida og skipa fløyta sine tre gongar kvar stod eg der og filma og knipsa. Ja, for no har eg gongen i det. No kan eg da. No har eg vorte proffesjonell. I den stødige høgrehanda tok eg video av skipet, og i venstre handa heldt eg mobilkameraet. Eg knipsa med peikefingaren. Av dei fine bileta eg tok  kan du sjå at det gjekk bra. Video av hendinga kan du sjå på youtube. For øvrig nemnar eg at saksofonisten Tore Ljøkjel stod på toppdekket og spelte. So eg slepp og leggje til musikk på denne videoen. Supert.

Etter det flotte møte med MS Midnatsol skunda eg meg ner att i restauranten. Meir mat på gong. Medan eg sit her og nyt livet kjem tankane i sving (att). Eg bemerkar for meg sjølv at er ein på ein rundtur med hurtigruta so er ein faktisk fri for mageromling. Ganske genialt eigentleg. Tenk itte sjølv. Eg har vertfall aldri opplevd da på mine 6 rundturar og nærare 75 døger ombord totalt.

Då middagen var unnagjort følte eg at - no - no måtte eg ha ein frikveld om du skjønar. Me er komen til dag 10 av denne utrulege rundturen med MS Richard With og alle dagane har vore travle. Opp og hopp litt over halv 7. I seng stort sett rundt midnattstider kvar dag. No var klokko litt over halv 9. Og kvelden var enno ung so han sa. Me var på veg over Vestfjorden mot Bodø. Havet var so flatt at hadde du sendt i veg ei curlingkule frå Stamsund so hadde ho gått heile vegen til Bodø.



fredag 20. april 2012

Dag 8.

Ein ny dag ventar. Når eg skal til frukost har eg gjort det til ei lita vane og ta ein runde på skipet for å sjå på kva Norge serverar av panoramautsikt kvar morgon. Aldri har vel "morgonstund har gull i munn" gjort seg meir til rette enn ombord på hurtigruta. Medan eg går langs skipssida på dekk 5 seglar ei lita fiskerskøyte forbi. Eg vinkar til den vetle skøyta so dupper i det rolege vatnet. Ei fiskarneve helsar tilbake. Etter ei lang og god frukost skundar eg meg ut får å sjå når me kjem til Havøysund.


Ein trailer står på kaia og lastar fisk. Fisk so sikkert skal til utlandet. Eg prøvde meg eit par år med slik køyring. Fantastisk gjevande og moro. Laste fisk i små pittoreske plassar slik so dette for so å køyre det til plassar so Paris, Valencia eller ein lita avkrok nord i Frankrike. Eg lurar på kor denne fisken skal hen. 



Når klokka nærmar seg 09 skal me møta MS Trollfjord til sjøs. Dette skipet har eg reist to rundturar med. Jomfruturen min med hurtigruta hadde eg med dette skipet i 2005. Då var eg ikkje mykje tørr bak øyrene du -  då eg steig ombord landgongen for fyrste gong. Men eg følte meg fort heime der. Det var starten på eit kjærleiksforhold. Håpar det er gjensidig.

Når me segla over Rolvsøysundet fekk eg lov og komme med ner i maskinrommet for ein kikk. Takk igjen for super service til dei ansette ombord. Eg vert mest flau. Ein landkrabbe får lov ner i det aller helligaste på hurtigruta.

- "Gå'r àn det 'a?", so Ludvig i Flåklypa sa.

Eg stod i resepsjonen og venta og lurte på "korleis skal dette gå?" Ein kjekk mann i noko so må vere befalsuniform kom opp og henta meg i resepsjonen. Eg fekk ikkje med meg kor mange striper han hadde men det var sikkert eit par. Det blir vel litt slik so då me var små ungar. Då var det stas og snakka med politi eller brannvesenet. No er det litt stas og snakke med eit høgare befal på hurtigruta. Sånn eigentleg. 

Me gjekk ner. Og ner. Eg kjende det pirra i kroppen då me gjekk ner siste trappa mot dekk 1. No var eg på veg inn i magen på dette svære skipet. Då me kom inn fyrste rommet sat det ein luring der. Me helsa. Kva posisjon han hadde her veit eg ikkje. Om han var mekaniker eller kva. Herfra styrar dei det meste.

Det vert litt so når Espen Askeladd kjem til himmelen. Det er so stort han ikkje får med seg so mykje. Eg fekk fatta meg og spurte om da meste eg kom på. Spørsmål so "Kva er det?", "Overstyrar du alt med den?" og "kva skjer om den der blinkjar då?". Me fortsette vidare inn i maskinrommet. Opp og ner trappar. Eg vart overraska over kor reint og ryddig det var her nede. "Det må då vere litt skitt her". Det er jo eit maskinrom der det må finnast olje og møkkete skrujern. Men nei. Det var gullande reint her nede. Han opna eit lokk so viste pulserande stemplar. Eg høyrde den samme flotte, behagelege dunkinga so ein so vidt kan høyre når ein står ute på dekk. Det er her den lyden kjem frå! Eg viste han tommelen opp tegnet. Me gjekk rundt hit og dit i ca ti minutt og såg på ting. So fulgte han meg opp i resepsjonen att. Eg takka djupt for at han sette av tid til å visa meg alt dette. 

No kunne eg trengt eit par timar til å ta inn over meg alt eg hadde sett og opplevd i hjarte av MS Richard With, men på hurtigruta er det travelt. Ei hyggjeleg reingjeringsdame eg kom i snakk med fortalte at det skulle vera redningsøving kl 10 i dag.

Og det skulle komme helikopter og delta. Det var vanleg at dei hadde redningsøvingar på kvar rundtur. Det vart vanlegvis gjort i Honningsvåg. Dette var ikkje på programmet. Her var inga tid og miste. Fram med kamera og mobil. Dette vert gøy. Og klokka 10 såg ein helikopteret koma i horisonten. Det var ei kjempeoppleving å sjå det liggje og "hengje" i lufta over skipet medan dei øvde. Det låg der oppe i sikkert 20 minutt. Då det var ferdig vinka dei frå den store metallfuglen og so for dei tilbake til gud veit kor dei kom frå. Det hadde vore ein kjempestart på dagen.

Ikkje lenge etter nærmar me oss Hammerfest. Byen so kallar seg verdas nordlegaste by. Eg går i land her. Ein lita rusletur i sentrum må til før eg går innom isbjørnklubben so ligg på kaia. Isbjørnklubben er og ein souvenirbutikk. Her finn du utstoppa dyr og fuglar so har levd her oppe i nord tidlegare. Eg finn nokre souvenirar eg "må" ha. Eg er jo turist i eige land. So plutseleg ser eg ei setlebok, eller lommepung, liggje på golvet. Garantert ein turistlommepung. Eg tek den opp og går til kassa med ho. Eit blikkfang av ei vakker jente står bak disken.

- "Dæ e nokk ei frå hurtigruta so har mæsta ho", seier ho med fløyelsmjuk stemme.

Det hadde vore kjekt om ho ville vore med meg ombord der og leita etter den so sakna setleboka si. Men det var ei anna ei so skulle gjere det. Og då fekk da heller ve, tenkte eg for meg sjølv, betalte for artiklane eg hadde funne og gjekk ut derifrå.

Etter me har forlatt Hammerfest skal me segle gjennom Sørøysundet. Sørøya på høgre side er Norges 4. største øy. Her finn ein restar etter busetnad heilt attende til steinalderen. Det er og restar etter ein Nederlandsk hvalfangststasjon. Det var flott å segle gjennom Sørøysundet. Mektige naturopplevingar stod i kø. I panoramautsikt.


Innseglinga til Øksfjord stod ikkje attende for noko. Blikkstille hav, sol frå skyfri himmel og dei snødekte fjelltoppane her gjorde at det vart ei nydeleg oppleving.

Ei anna stor hending (for meg; fluenes herre frå Voss Resort) var at eg såg ei flue ombord på hurtigruta! Og t.o.m. utandørs på dekk medan skipet var i fart. Det seier vel det meste om kor stille desse vakre skipa går. Den vesle flua stod på ein benk med redningsvestar oppi. Den tusla fram og tilbake. I saktmodige skritt. Den har sikkert vore med frå Hammerfest. Kva er pristaksten for ei flue? Forslag og andre synspunkt kan sendast på mail til meg.


Eg e litt sånn eg. Eg berre måtta ta nokre bilete av denne vetle flua. Nett for å dokumentera at eg har rett. Eg stod over flua og knipsa i veg. Då kom det ein tyskar bort til meg.

"Was is das?", spurte han nyskjerrig og såg over skuldere mi. "Ah! Een vlieg. Ja?". Eg smilte høfleg til han. Lurar på kva han tenkte om meg. Eg burde vel ha sagt til han: "Da var eg so såg han fyrst". Men da gjorde eg ikkje. So forsvant han til ein annan kant av skipet.

Øksfjord er ei lita plass so lever stort sett av fiskeindustrien sin. Her bur ca. 500 innbyggjarar på denne plassen so reknast som sentrum i Loppa kommune. Tre fiskeskøyter ligg med kai medan ei skokk med måker ligg og duppar i sjøen med sida av trekløveret. Det vitnar om at her har vore aktivitet. Måkene fråtsar grådig i fiskesloe og anna svineri so vert kasta på havet. Fysj. Ikkje noko for meg. Eit lite kvarter låg me her før me måtte "skunde" oss sakte vidare sydover langs leia.


No skulle me ut på Lopphavet. Det er ei av dei seks opne havstrekningane so hurtigruta passerar. Denne havstrekninga har og fått sitt pass påskreve so eit hardført havstykke. Og det er sikkert rett at det kan vere store bylgjer og ruskever her. Men i dag var havet so eit blått papirark. Det var speilblankt hav. Det var so flatt at loppane so heldt til her kunne stå på vatnski. Eg såg ingen, men eg veit dei er her.

Dagen i dag har gått unna. So alle dei andre dagane. No var det allereie middagstid. Medan eg går mot restauranten lurar eg på om maten er like god i dag og. Om det i det heile teke er mogeleg.

Då klokko nærma seg 21 var det ut på dekk og ta i mot MS Kong Harald. Det var eit spennande og flott møte. Skipet gjekk ekstra nære då me passerte kvarandre. Tøft.

Kvart på ti skulle kokkane ombord lære oss dødelege og reinska rekar. Eller pille rekar so eg seier. Det kom ei fiskeskøyte opp på sida av skipet medan me var i fart og overleverte litt av dagens ferske fangst til oss. No er eg som sagt ikkje noko "fiskemenneske" so eg har ikkje den store interessa
korleis dei vel og gjere dette, men eg bestemde meg for å ta turen opp på dekk for å sjå.

For å vere litt kultivert. Plutseleg stakk da i meg. La meg prøva og pille nokre reker. Det vil nok imponera mi kjære mor. Eg gjekk fram og tilbydde mine tenestar og fekk ein kopp med 6-7 reker i. Til og ve fyrste gong gjekk da tåleleg bra. Det var lov og smaka på godsakena men der meldte eg pass. Eg sette koppen frå meg og glei ubemerka vekk so ånden i lampa. Resten av kvelden gjekk med til kontorarbeid. Laste ned bilete og leggje dei inn på laptopen. Eg tippar eg har teke 8-900 bilete og videoar frå turen so langt.





torsdag 19. april 2012

Dag 7.

Eg inntok frukosten min medan MS Richard With låg til kai i Vadsø. Det var bedageleg og sitje slik og nippe til den gode kaffekoppen medan eg såg skipet la til kai og so såg to arbeidere i sine gule kjeledressar virra rundt og jobba på kaia. Dei hadde kvar si gaffeltruck slik at dei kunne skunde seg fram for å ta imot fortøyninga til skipet.

Framme i Kirkenes verka det so "alle" skulle av samtidig. Nokre var ferdige med sin tur her medan andre skulle på utflukt. Det er 4 ulike utfluktar ein kan få med seg her. Før me la til kai her kor alle hurtigruteskip snur såg eg eit flott syn. Ein fisketrailer stod på kaia.




Eg prioriterte heller ein rusletur inn til sentrum. Det var mykje so skjedde rundt omkring i Kirkenes i dag. Det vegarbeid mange plassar.

Det låg 5-6 fiskebåtar ved ein kai. Eg filosoferte på om dette var ein flåte eller om dei var ein del av ei større flåte. Lengre borte i gato låg det ein skikkeleg rustholk av ein fisketrålar. Den såg russisk ut. Det måtte den vere. Det er visst hit dei russiske trålarane kjem når dei må reparera noko. Då kan dei liggje her i lang tid og vente på delar. Det er billegare i Russland men der får dei ikkje tak det dei treng, so då må dei til Norge og til Kirkenes.


Eg går forbi nokre einsformige hus. Alle bygd på same måten. Det har sikkert si misjon. Utanfor eit av husa står ein varebil med open bakdør. Bak i varerommet er det to små hundehus og utanfor dei (men inni varebilen) ligg det to hundar. To huskyar. Den eine søv. Den andre løftar dovent på hovudet i det eg går forbi. Litt lengre borte i gata sitt det to karar utanfor eit hus. Dei snakkar russisk.

I sentrum fer eg inn på kjøpesenteret. Med eit mål for auge. Finne ein ladekabel til kameraet mitt. Der fann eg ein el-butikk. Og jadn meg hadde dei dataladekabel til kameraet der. No står det på skamlading via datamaskina i lugaren.

Alle har me rett på ein telefonsamtale. Eg og. Og mi rett brukar eg til å ringje min ven David i Australia. Det gjer eg når eg er på tur med hurtigruta. Og er i traktane rundt Honningsvåg. Fordi då kan eg sei til han "dette er det lengste eg kan komme vekk frå deg". Og so ler me godt. Dette har eg gjort på alle mine 6 rundturar no. Om du ser på eit verdskart kan du sjølv sjå det er eit stykkje mydlo Norge og Australia. Det er nokre medreisande frå Australia på skipet so eg bør vel fortelje det til dei og. Kanskje eg starter ei ny trend?

Medan eg nytte ein kopp kaffi ute på dekk tok eg ei lita oppsummering av rundturen nordover frå Bergen til Kirkenes. Det hadde vore ein heilt upåklageleg tur opp hit til Kirkenes med MS Richard With. Eg har kun hatt fint ver. Eg fekk sjå at det snødde i både Bodø og Tromsø, men berre i ca. 20 minutt kvar plass før det var over. Bakken vart ikkje kvit ein gong. Over Stadt var det rundt rekna 25 minutt med noko so likna høg sjø. Eg føler meg litt ovanpå no her eg står og ser ut over Varangerfjorden.

So eg kjem med ei stille utfordring til Kong Neptun. Kor e du kong Neptun? Du so kallar deg havets konge. Eg gjev deg ei utfordring. Kom og vis meg noko av det du er god for. Sjølv om eg veit han hadde fillerista meg om da vart ein kamp. Litt som David mot Goliat. Og me veit jo korleis det enda?

So var det klart for avgang med MS Richard With. No med nasen sørover. På veg over Varangerfjorden mot Vardø sitt eg i salongen og skriv litt. Det var tida for det no. Ein mann ligg og søv i ein stol bortanfor meg. "Det skulle kapteinen ha sett!", tenkjer eg. Kanskje hadde han det og. For i 5 tida var det klart for ein populær vitenskapeleg presentasjon av "livet i havet" ute på dekk 7. Det var eit kjekt innslag ombord. Ei særs entusiastisk jente hoppe opp og ned i rein glede av og få visa oss kva so foregjekk under oss. Under skipet. I nokre små glasboller var det tang og tare. I andre var det krabbar og andre skapningar me skjeldan kan sjå sånn ellers. Presentasjonen i seg sjølv stod til 10 i karakter. Slik alt anna so inkluderar hurtigruta gjer.

So var dagen gått og det var tid for middag. OG for ein middag det skulle verte. Hadde eg hatt kamera med meg ner i restauranten hadde eg pike deg teke bilete av middagen. Forretten bestod av Barentssalat med havets skattar og kryddermajones. Hovudretten bestod av Hjortemedaljongar servert med sauternete grønnsakar, potetpurre og viltsaus med blåbær. Desserten var bringebær under rømmen. Ikkje berre at maten smakte nydeleg men det var so for-seg-gjort det var mest ei skam og ete det opp. Men det måtte eg jo. Eg var jo svolten. No skal sant seiast at eg et ikkje "fisketing" so eg har fått fiskekort her ombord. Eit kort eg legg ved tallerkenen so serveringspersonale ser det og gjer meg ein spesial.

- "Får du spesial du da?", kommenterte borddama mi da ho overhøyrte ei av jentene sei: "han skal ha spesial".

- "Ja her må ein ve om seg", repliserte eg kjapt.

Medan me åt middag låg me til kai i Båtsfjord. Det er mest litt råflott og ha ny utsikt i vindauget både ved frukost og middagen kvar dag. Ein dag ligg me til kai ein plass. Den neste dagen er me til sjøs.

Ein lita time seinare var turen komen til Berlevåg. Det var aktivitet på kaia i kveld. MS Richard With er travelt oppteken med å få alt ombord. Ein fisketrålar gjer klar til nattas tokt. Snart skal me ut og helse på MS Finnmarken. Eg elskar og fylgje livet langs leia. Båtsfjord er so eit lite mekka for oss hurtigruteentusiastar (og alle andre sjølvsagt). Her møtes nord ogsørgåande hurtigruteskip med kaia eller like utanfor. Då pleier dei som regel og finna på eit eller anna for å gle oss reisande. Eg kunne sjå heimvendte MS Finnmarken liggje og vente på oss utanfor moloen. Då me kom ut og segla opp med sidan av kvarandre fløyta begge skipa fyrst so spelte Finnmarken musikk for oss. So ei lita helsing på veg sørover.

Det opne barentshavet var flott og sjå om natta. kun lyset frå horisonten og dei små varme lysa frå fiskebåtane so låg der ute lyste opp i den kolsvarte natta.



















Dag 6.

Opp til frukost. No er eg komen godt inn i tralten. No er eg mest vorte bortskjemd av det gode livet ombord. Frukostbuffeen er like god som alle dei andre dagane eg har vore her. Medan eg sitt her kjem restaurantsjefen bort til vindauget. Han kikker ut på det  blikkstille havet utanfor.

- "Ser du noko?", spør eg han.

- "Ja ser etter fesk, men e ser ikke nokka. Æ må heim og ta opp garnet ska det bli nokka".

- "Ja du må vel det", avsluttar eg. Han ser litt til so går han tilbake til arbeidet sitt.

I det klokka runder 09 er det ut på dekk og ta imot MS Polarlys. Veret er heilt upåklageleg. Knallsol, stille hav, og snøkvite fjell over alt. Nordavinden sveiver over skipet i lette drag. Det er vel mest for at eg ikkje skal ta heilt av her. Når MS Polarlys kjem i  syne langt der framme mellom to fjell vert eg mest from i sjela. Eit nydeleg skue og sjå det flotte skipet komme nærare og nærare. Fekk mange flotte bilete då me passerte.





Måten MS Richard With formeleg dansa seg gjennom Magerøysundet, sola, stemninga, veret og det norske flagget so vaier friskt i vinden bak på skipet gjer at eg mest fekk ein nasjonalromantisk følelse. For ein Norgespatriot og  hurtigruteentusiast er dette den optimale opplevinga. Eg vert litt stolt her eg står og nesten litt rørt. Er det ein klump i halsen eg  kjenner?

Folk koser seg på dekk. Sola skin. Den rolege tøffinga frå skipet er harmonisk og høyre på og gjer at ein mest går i transe her på toppdekket. Jesus sa "lat småborna kome til meg". Her ombord i Richard With kjem verda til meg. Eg ser smilefjes i kjølvatnet bak skipet. Me passerar eit tankskip so har ankra opp og ligg inne i ei bukt og venter. Skipet har 4 kuleforma tankar på toppdekket. To  små fiskesjarker ligg og dupper i vatnet like i nærleiken av det store skipet. Dei ser ut so små korker so ligg og dupper når ein samanliknar.

Eg må prøve og få teke nokre bilete av meg og. Eg kikker rundt meg etter ein medhjelpar. Ein japaner står bak ved kjølen og knipsar bilete slik so berre japanarar kan. Denne karen er proff! Han har ein koffert med to kamera og telelinsar på størrelse med små  kanonar.

- "Pike deg", tenkjer eg. Dette er ikkje hans fyrste tur so turist.

Eg spør han om hjelp og han dilter meir enn villig etter. Han tek to bilete av meg so eg er godt nøgd med. Eg har teke so mange bilete  i dag at telefonkameraet mitt er gått varmt. Det må inn og kvile. Inn og lade seg. So ein seksløpar er kameraet parat i høgre jakkelomma mi. Etter og ha sett da på lading må eg ut att og nyte livet ombord med kystens mor, Hurtigruta.

Men den fantastiske naturopplevinga det er og segle gjennom Magerøysundet gjer at eg må inn og hente kameraet tre (3) gonger. Må nett ha bilete av det og. Og av det. Og av det. Det var slik ei sanselaus oppleving ingen bilete kan rettferdiggjere. Eg er i ekstase og følar alle superlativer er oppbrukt. Endå ein gong. Eg får heller inn og finne kaffikruset mitt, fylla det opp med endå ein kopp kaffe og setje meg i sola på toppdekket. Prøve i hvertfall. Då eg kjem til døra so går inn på dekk 5 ser eg berre eit surt damefjes i det  vetle vindauget der. Må vere ein turist. For eit surt oppsyn. Ser mest ut so ei burugle. Fy! Kom deg ut i sola tenkjer eg då eg går  inn.

Men det er ikkje lett og liggje slik og prøve og slappe av når alle sansane er opne og på vakt. Eg sette meg til litt i ly bak på skipet. Det var frisk vind no. Men framleis ikkje ei rukka på havet. Ein svak eim pirrar meg i nasen frå fiskehodene so heng på trestativet ved siden av meg. Det er ein stram lukt. Ikkje det ultimate plassen å sitje (for meg vel og merke). Men alt anna vart oppteke. Eg klarte berre å liggje slik i fem minutt før eg måtte opp att. Tenk om da skjedde noko. Me er framleis i Magerøysundet. Nokre små hus dukker opp

Då me kom til Honningsvåg var det tid for utflukt til Nordkapp. Eg gler meg skikkeleg sidan veret er so fint. Fyrst over i buss. No følte eg meg mest litt heime. Eg kunne glatt ha glidd ner i sjåførsetet, men eg er på ferie so eg fann meg eit sete lengre bak. Eg  fekk ein skokk med godt satte engelske damer i seta rundt meg. Dei kakla i eitt kjøyr om kor spennande dette skulle verte.

Det var 7 bussar med gjestar so skulle opp til Nordkapp platået frå Hurtigruta i dag. Det var mange so hadde meldt seg på i siste liten sidan vere var so flott. Det skulle verte ca 200 gjester det. Og so meg då. Globetrottaren frå vetle Voss. Guiden fortalte at  det skjeldan var so fint ver so det var her i dag. Ho fortalte og at det er ein (uoffisiell) konkurranse mellom Hammerfest og Honningsvåg om å vere verdas nordlegaste by. Kven det er veit ikkje eg. Men guiden meinte det var Honningsvåg. So etter kvart so me køyrte peikte ho og sa: "der er verdas nordlegaste rundkøyring", "der er verdas nordlegaste shellstasjon" og "der er verdas  nordlegaste supermarked". Ho var flink og kom med ei lang remse med intressante "guide-info" so var kjekt og vete. Der og då. No har  eg gløymt mesteparten av kva ho sa.

- "Oh dear. Look at that!". Min mannlege sidepassasjer peiker på ein snøscooter so står øde og forlatt langt ute i snøen.

Like etterpå flyg eit gult lite mikrofly forbi alle bussane. Det er ein mann so flyg. Kult. Det same mikroflyet såg me i Honningsvåg  før me for på utflukta vår.

Etter 40 minutters busskøyring kom me til Nordkapp. Det er andre gongen eg er her. Fyrste gongen var i 2006. Det var året det var so  bratt og eg ikkje kom meg på rundtur med hurtigruta. So eg ville ta fram gamle køyrekunnskapar og køyre bil frå Voss og so heile E6  frå Oslo til Kirkenes. Heilt til han ikkje gjekk meir. Og det gjorde han heller ikkje. Han enda opp i ein grusveg. Eg fekk ikkje noko rundtur det året men eg fekk eit par turar med ulike hurtigruteskip mellom Kirkenes og til Aalesund. Og so køyrde eg bil på dei flotte  strekningane. Men Nordkapp no. Fantastisk ver som sagt. Overalt. Her var det full vinter. Sjølve utsikten ut i havet var spektakulær. Slik so den kan vere på Nordkapplatået. Ein kunne sjå heile horisonten frå Knivskjellodden og mot Helnes fyr i Aust. Fantastisk.

Då eg var på ein av mine andre rundturar, den gongen med MS Finnmarken kom eg i snakk med kapteinen undervegs. Då som no hadde eg  berre knallver. På den turen hadde det vore supersol og blikkstille hav i eit par dagar oppe i Nord Norge. Då sa kapteinen at han  likte eigentleg ikkje det. Dei kan kjede seg dei og veit du. Når det var fint i mange dagar låg folk berre og solte seg og sov på dekk. Då gløymde dei og sjå på den vakre naturen so var rundt dei meinte han. Det var betre med litt bylgjer for då var dei meir på  vakt. Eg lo av den tankemåten. Men det er jo heilt rett.

No nærma me oss den spesielle fjellformasjonen Finnkirka. Det er ein fjellformasjon so ser ut so ei kyrkje. Veret var bra so utsikten  me ville få for å sjå denne "kyrkja" var perfekt. Plutseleg kom det melding over høgtalaranlegget. Når me kom utanfor Finnkirka ville  me verte møtt av ein passbåt. Det ville komme ein fiskar ombord so skulle lære oss å sløye fisketunge. Eller noko slikt. Eit  overraskande og kjekt innslag. Eg mistenkjer at det var noko kapteinen eller andre av mannskapet har fått i stand fordi det har vore for mange dagar med fint ver. Folk har vore ute på dekk og solt seg. So då måtte dei finne på noko. Kjempekjekt. Fiskesløyinga var  kjekk og få med seg. Sjølv om eg glatt styrar unna alt so har med fisk å gjere. Det so bur i havet bør få vera i fred i havet. Meiner  no eg. Då me kom til Kjøllefjord for fiskaren av skipet att.

Havet her oppe på Finnmarkskysten er so stille no ein kan leggje ein linjal oppå det utan at den vert blaut. Nydeleg å sjå på. Ein får liksom ro i sjela av å sjå den reine kantlinja mellom havet og himmelen.

Klokka åtte var det middag. Det er siste dagen før me kjem til Kirkenes og siste reis før mange skal av. Dei so "berre" har bestilt halv rundreise. Dagen før hurtigruta kjem til Kirkenes pleier dei ha middagsbuffe i restauranten. Ikkje nett ildt for ein sulten kropp.

Restaurantsjefen verka so ein triveleg kar so gjekk rundt og småprata med gjestane av og til. No gjekk han bort til kapteinsbordet.  Han spurte nokon so sat der:

- "Smakte det?"

- "Ja ser det slik ut?", var svaret og so lo dei. For meg såg det ut so den tallerkenen var sleika rein.

Min trivelege borddame sa etter middagen at "jeg tror jeg skal ta meg en halv kopp kaffe jeg". "Ja, det må eg sei" svarte eg, og  tenkte på meg sjølv so drakk sikkert både 6 og 7 koppar kaffi kvar dag mens eg var ombord.
Litt over halv elleve kjem me til Berlevåg. Her pleier det og vere vinkekonkurranse når det vert ljosare tider. Denne gongen hadde dei  funne på noko nytt på det andre hurtigrute skipet. Me skulle møta MS Nordlys og dei hadde med seg ein saksofonist, Tore Ljøkøy. So i staden for å fløyta tre gonger ville han spele saksofon på dekk i det me passerte kvarandre. Sjølvsagt med hjelp av høgtalarar. MS  Richard With fløyta 3 gonger og so kom det nydeleg musikk frå MS Nordlys i det dei to skipa glei forbi kvarandre..

Etterpå dette sveipa eg innom baren på dekk 7. Eg sette meg ned med nabobordet til mine to kvinnelege medreisande frå Sveits. Dei skulle av i Kirkenes. Dei verka hyggjelege det vetle eg hadde greidd og kome i kontakt med dei under dei sju dagane dei hadde vore med på turen. Eg såg jentene skjeldan ombord anna enn oppe i baren om kvelden. Kanskje dei høyrde til i den andre leiren? Kanskje dei var kjærestar? Dei verka ikkje vidare intressert i kontakt med ein kjekk ung mann frå Voss. So eg let dei ve i fred. Fyrst då me la til kai i Kirkenes fann eg ut at dei budde - i nabolugaren. Det seier vel det meste. Ikkje om meg men om dei.

Etter og ha konsumert ein øl i baren var det 3 etasjer ner og so ta fram skrivesakene.