fredag 13. april 2012


Dag 2:
Eg vakner opp like før me kjem til Måløy. Her er ingen tid å miste. Ikkje noko å gå glipp av. Klokka er litt over halv sju på  morgonkvisten. For å sei det slik; slumreknappen er eit ikkje eksisterande tema på slike turar. Opp og hopp. 

Eg trur det er ca 3-400 reisande på denne turen. Eg er allikevel fyrste mann ned til frukost kl 07. Impressive. Alle frukost måltida  ombord er buffè so det er berre og ete til ein sprekk. Eg sit ein time og nyt dagens fyrste måltid medan verda skundar seg sakte forbi  utanfor vindauget mitt.

I dagsprogrammet står det at me skal passere to opne havstykke i løpe av dagen. Eit so heiter Stadt og eit so heiter Hustadvika. Begge  to er berykta for høg sjø og dårleg ver. Dårleg ver? Eg er viss på det er Kong Neptun so styrer. Me er i hans rike. Men hugs på Norges  kyst er lang og det er mange havstykke og "patruljere". Havstykka har nok sine dårlege dagar men ser ein heile året under eitt trur eg  ikkje det vert so gale. Kvar av desse to havstykka tek ca. 2 timar og passera når ein reiser med hurtigruta. Eg har passert her 10  gonger medan eg har segla med kystens livsnerve. Og aldri opplevd noko høg sjø og skriva heim om. Det er vel heller stikk motsett. Eg  har pleid og ta MMS bilete og sende heim til mor og far. Blikkstille over Stadt og ikkje ei rukke på Hustadvika. Kong Neptun må ha  vore lengre nordover dei gongane eg har vore her. Eg er ikkje sjøsterk men potensielt dårleg sjø i 2x2 timar bør eg kunne stå ut med.

Veret i dag er fint. Opphald og litt skyer. Det bles og det er små bylgjer på havet. Men Kong Neptun må ha høyrt "skrytet" mitt for  plutseleg viste han seg i all si prakt. Me fekk ca. 20-25 minutt med bra høge bylgjer. Då gjekk da opp og ned og hit og dit ei stund.  Ganske heftig. Skulle eg endeleg få oppleve litt sjø? Sjølv om eg er ein utprega landkrabbe so finn eg fort ut korleis ein går sjøbein  med stil. Men ikkje alle andre er heilt der enno. Eg dreg på smilebandet av eit par episodar ute på dekk 5. Ein eldre mann går  krokrygga i motvind medan han tviheldt på skalken sin. To små, godt vaksne damer for hit og dit då dei og var ute for å sjå på Kong  Neptuns herjingar.

Inne i skipet er det stille. Ein kan ikkje høyre ulinga frå vinden, men bylgjene kan ein sjølvsagt merke. Ei stuepike driv og  støvsugar i gongen. Då skipet er på veg ned ein bylgjedal får støvsugaren fart på seg. Eg kan ikkje dy meg og seier: - "Ja han fekk  det travelt no ja". Ho smilar til meg. Me slår av ein kort prat før ho fortsett si travle jobb. Ut og inn av lugarane.



Når me kjem til Aalesund har eg meldt meg på mi fyrste utflukt denne turen. Besøk i Atlanterhavsparken og sightseing opp til byfjellet  Aksla. Det gler eg meg til. Det vart ei flott oppleving so kan anbefalast.





Maten ombord på desse skipa er rett og slett fantastisk. Frukost, lunch og middag. No er eg ikkje so matkyndig at eg kan namna på alle  desse rettane ein får servert til middag men godt e da! Reiselederen sa på infomøtet at ein rundreisepassasjer må rekne med å leggje  på seg ca. 4 kg. Eg la på meg 5 slike på mi fyrste rundtur. Dei hadde eg bruk for. 

At rundreisepassasjerar vert godt tekne hand om får eg nok ein gong bevis på. Til middag har dei bordsett meg med ein annan reisande  so reiser åleine. Ei hyggjeleg dame frå Oslo ...... Nei vent, .... det fekk ho ikkje lov og sei. Ho var frå Nordstrand kunne ho  fortelje. Ho fortalte vidare at ho var pensjonert dommerfullmektig. Ho hadde ikkje vore på rundreise før. Ho hadde ikkje vore på  hurtigruta i det heile teke. So eg kunne gje ho nokre velmeinande tips og råd.

Dagens sitat: - "Plukkfisk? Synes det ser mer ut som et stykke brød jeg", sa min borddame ho då forretten kom på bordet. Med eit kort nikk kunne eg fortelje ho at plukkfisken var den lille runde godbiten so låg til høgre på tallerkenen hennar. Sett frå ho si side.

Middagen var eit festmåltid for meg. Kyllingfilet stod på plakaten. Deserten var heller ikkje og forakte. Varm sjokoladekake, ein  iskule  og ein jordbærbit so kunne få sjølv ein hardbarka sjømann til å gå i fistel.

Me segla over Hustadvika medan me inntok dette herremåltidet. Det var litt bylgjer ute. Dei var små, men akkurat nok til at iskula so  låg nær den varme sjokoladekaka rulla villig vekk på tallerkenen.

- "Jeg får ikke tak i isbiten", kommenterte borddama mi litt oppgjeven.

- "Gjer so meg. Ta imot den på nedovervegen".

Me lo av den motvillige iskula. Men den gav seg til slutt og enda opp der stort sett alle iskuler endar. Ikkje i magen hennas men i mager generelt får eg vel tilføya.

Resten av fredags kvelden gjekk med oppe på dekk 7 i baren. Lettere musikk frå dei to omreisande trubadurane var behageleg og greitt  nok og høyre på. Eg sikta meg inn på 2 jenter på mi alder so sat like ved. Eg må innrømme eg hadde studert dei litt. Eg noterte meg  bak øyre dei sat begge med den vetle reisebibelen alle reisande over 3 døgn får. (Det betyr dei skal vere med skipet ein stund).

Eg såg 2 raudvinsglas so dei var sikkert modne for selskap frå ein einsam globetrotter på tur. Eg gjekk bort til dei. Kremta lett og spelte ut mine beste kort. Eg var velkommen til og setje meg ner med dei. Dei fortalte dei var frå Sveits og skulle frå Bergen til  Kirkenes. Kvelden var enno ung so her var det berre å gje gass.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar