torsdag 19. april 2012

Dag 7.

Eg inntok frukosten min medan MS Richard With låg til kai i Vadsø. Det var bedageleg og sitje slik og nippe til den gode kaffekoppen medan eg såg skipet la til kai og so såg to arbeidere i sine gule kjeledressar virra rundt og jobba på kaia. Dei hadde kvar si gaffeltruck slik at dei kunne skunde seg fram for å ta imot fortøyninga til skipet.

Framme i Kirkenes verka det so "alle" skulle av samtidig. Nokre var ferdige med sin tur her medan andre skulle på utflukt. Det er 4 ulike utfluktar ein kan få med seg her. Før me la til kai her kor alle hurtigruteskip snur såg eg eit flott syn. Ein fisketrailer stod på kaia.




Eg prioriterte heller ein rusletur inn til sentrum. Det var mykje so skjedde rundt omkring i Kirkenes i dag. Det vegarbeid mange plassar.

Det låg 5-6 fiskebåtar ved ein kai. Eg filosoferte på om dette var ein flåte eller om dei var ein del av ei større flåte. Lengre borte i gato låg det ein skikkeleg rustholk av ein fisketrålar. Den såg russisk ut. Det måtte den vere. Det er visst hit dei russiske trålarane kjem når dei må reparera noko. Då kan dei liggje her i lang tid og vente på delar. Det er billegare i Russland men der får dei ikkje tak det dei treng, so då må dei til Norge og til Kirkenes.


Eg går forbi nokre einsformige hus. Alle bygd på same måten. Det har sikkert si misjon. Utanfor eit av husa står ein varebil med open bakdør. Bak i varerommet er det to små hundehus og utanfor dei (men inni varebilen) ligg det to hundar. To huskyar. Den eine søv. Den andre løftar dovent på hovudet i det eg går forbi. Litt lengre borte i gata sitt det to karar utanfor eit hus. Dei snakkar russisk.

I sentrum fer eg inn på kjøpesenteret. Med eit mål for auge. Finne ein ladekabel til kameraet mitt. Der fann eg ein el-butikk. Og jadn meg hadde dei dataladekabel til kameraet der. No står det på skamlading via datamaskina i lugaren.

Alle har me rett på ein telefonsamtale. Eg og. Og mi rett brukar eg til å ringje min ven David i Australia. Det gjer eg når eg er på tur med hurtigruta. Og er i traktane rundt Honningsvåg. Fordi då kan eg sei til han "dette er det lengste eg kan komme vekk frå deg". Og so ler me godt. Dette har eg gjort på alle mine 6 rundturar no. Om du ser på eit verdskart kan du sjølv sjå det er eit stykkje mydlo Norge og Australia. Det er nokre medreisande frå Australia på skipet so eg bør vel fortelje det til dei og. Kanskje eg starter ei ny trend?

Medan eg nytte ein kopp kaffi ute på dekk tok eg ei lita oppsummering av rundturen nordover frå Bergen til Kirkenes. Det hadde vore ein heilt upåklageleg tur opp hit til Kirkenes med MS Richard With. Eg har kun hatt fint ver. Eg fekk sjå at det snødde i både Bodø og Tromsø, men berre i ca. 20 minutt kvar plass før det var over. Bakken vart ikkje kvit ein gong. Over Stadt var det rundt rekna 25 minutt med noko so likna høg sjø. Eg føler meg litt ovanpå no her eg står og ser ut over Varangerfjorden.

So eg kjem med ei stille utfordring til Kong Neptun. Kor e du kong Neptun? Du so kallar deg havets konge. Eg gjev deg ei utfordring. Kom og vis meg noko av det du er god for. Sjølv om eg veit han hadde fillerista meg om da vart ein kamp. Litt som David mot Goliat. Og me veit jo korleis det enda?

So var det klart for avgang med MS Richard With. No med nasen sørover. På veg over Varangerfjorden mot Vardø sitt eg i salongen og skriv litt. Det var tida for det no. Ein mann ligg og søv i ein stol bortanfor meg. "Det skulle kapteinen ha sett!", tenkjer eg. Kanskje hadde han det og. For i 5 tida var det klart for ein populær vitenskapeleg presentasjon av "livet i havet" ute på dekk 7. Det var eit kjekt innslag ombord. Ei særs entusiastisk jente hoppe opp og ned i rein glede av og få visa oss kva so foregjekk under oss. Under skipet. I nokre små glasboller var det tang og tare. I andre var det krabbar og andre skapningar me skjeldan kan sjå sånn ellers. Presentasjonen i seg sjølv stod til 10 i karakter. Slik alt anna so inkluderar hurtigruta gjer.

So var dagen gått og det var tid for middag. OG for ein middag det skulle verte. Hadde eg hatt kamera med meg ner i restauranten hadde eg pike deg teke bilete av middagen. Forretten bestod av Barentssalat med havets skattar og kryddermajones. Hovudretten bestod av Hjortemedaljongar servert med sauternete grønnsakar, potetpurre og viltsaus med blåbær. Desserten var bringebær under rømmen. Ikkje berre at maten smakte nydeleg men det var so for-seg-gjort det var mest ei skam og ete det opp. Men det måtte eg jo. Eg var jo svolten. No skal sant seiast at eg et ikkje "fisketing" so eg har fått fiskekort her ombord. Eit kort eg legg ved tallerkenen so serveringspersonale ser det og gjer meg ein spesial.

- "Får du spesial du da?", kommenterte borddama mi da ho overhøyrte ei av jentene sei: "han skal ha spesial".

- "Ja her må ein ve om seg", repliserte eg kjapt.

Medan me åt middag låg me til kai i Båtsfjord. Det er mest litt råflott og ha ny utsikt i vindauget både ved frukost og middagen kvar dag. Ein dag ligg me til kai ein plass. Den neste dagen er me til sjøs.

Ein lita time seinare var turen komen til Berlevåg. Det var aktivitet på kaia i kveld. MS Richard With er travelt oppteken med å få alt ombord. Ein fisketrålar gjer klar til nattas tokt. Snart skal me ut og helse på MS Finnmarken. Eg elskar og fylgje livet langs leia. Båtsfjord er so eit lite mekka for oss hurtigruteentusiastar (og alle andre sjølvsagt). Her møtes nord ogsørgåande hurtigruteskip med kaia eller like utanfor. Då pleier dei som regel og finna på eit eller anna for å gle oss reisande. Eg kunne sjå heimvendte MS Finnmarken liggje og vente på oss utanfor moloen. Då me kom ut og segla opp med sidan av kvarandre fløyta begge skipa fyrst so spelte Finnmarken musikk for oss. So ei lita helsing på veg sørover.

Det opne barentshavet var flott og sjå om natta. kun lyset frå horisonten og dei små varme lysa frå fiskebåtane so låg der ute lyste opp i den kolsvarte natta.



















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar