Ny dag på mi mi hurtigrute ferd. Eg skundar meg sakte. Opp og hopp kvart på sju. Dagen byrjar i Trondheim til fantastisk ver. Og vakne opp og få eit slikt syn på kaia er magisk! MS Richard With ligg til kai med systerskipet MS Kong Harald. I mi verden ligg dei til kai og småpludrar om sine siste tokter langs leia medan dei speglar sine flotte fargar i vatnet.
Eg rekk og nyta ein god og lang frukost medan skipet ligg her i Trondheim. Klokka åtte er det ut besøkje MS Kong Harald og sjå korleis livet kan utarte seg der. Eg formeleg sug inn atmosfæren dei ti minutta eg er ombord. Det er berre små detaljar so gjer ein kan sjå forskjell på dei to hurtigruteskipa.
So må eg ut og ta bilete av skipa. Masse, masse bilete. Knallsol, vindstille, dei to skipa so ligg til kai og nyt sitt eige spegelbilete er eit syn eg ikkje kjem til å gløyme so lett. Eg står liksom berre der og nyt synet eit par minutt. Eg gjekk eit par gonger, men måtte berre stoppe opp og ta nokre fleire bilete.
Klokka ti forlet MS Kong Harald oss på veg sydover mot Bergen, og klokka tolv glir MS Richard With aktverdig ut trondheimsfjorden på si ferd vidare nordover. No har eg liksom tida fram til halv fire til fri disposisjon. Ingen ting eg MÅ sjå. Trur eg. Men du veit aldri. Kvar gong eg sett meg ned for å nyte tida kjem det eitt eller anna so eg må springe ut og ta bilete av. Sjå nærare på. Halv fire lurer du sikkert på. Kva skjer då? Då nærmar me oss Stokksundet. Eit av dei mange store høgdepunkta på denne turen. Her passerar me eit knøttlite samfunn på Stokkøya. So fer me under ei låg bru. Tek me oppi denne gongen? Nei da gjekk bra denne gongen og. Nokre unger og vaksne står på brua og vinkar. MS Richard With helsar og fløytar høgt. Rett framføre oss kjem ein 90 graders hårnålssving. Skipa bruker og fløyte ein gong for å varsle eventuelt motgåande skip. På det trongaste er det berre 42 meters breidde her. Men me kjem igjennom. Eg veit skipa (ex. Lofoten og Nordstjernen) har motor både framme og bak på skipa so her er ein flott sjanse for dei på brua til prøva ein sladd. Litt seinare seglar me gjennom eit trangt sund. Det er då ein skjønar kva folkekjære hurtigruta står for. Det står 2-3 stykker med ei hytte og vinkar til skipet. Då tutar skipet hyggjeleg attende. Skipet går so nære land ein kan nesten telje knappane i skjorta te den eine pjokken (nesten i hvertfall). 2 eldre damer so sit ved sidan av meg i salongen vinkar til gutane. Dei pludrar nøgd på penpynteleg engelsk. Atmosfæren her er god. Det sørger folkekjære hurtigruta for.
Resten av tida fram til middagen går med til å nyta naturen, skrive litt i dagboka mi og fylgje kystens livsnerve på si ferd langs leia. Eg sat i cafeen og hadde meg ei fortent vaffle og dagens VG. Må jo fylgje med litt i den store verden og. Medan eg sat slik overhøyrte eg nokre svenske turistar so sat like ved meg i den koselege restauranten. Ei av damene skulle bort og ha påfyll i kaffekoppen. Det kosta skarve 12 kroner.
- "Hva!! 12 kroner for påfyll av kaffi. Det er jo uhørt. I Sverige koster det 4 kroner". Det vert vel dagens sitat og.
Men ho betalte og gjekk tilbake til reisefylgje sitt. Der vart det ein lang diskusjon om kor dyrt det er å bu i Norge. Eg overhøyrte heile diskusjonen dei hadde. Samtalen irriterte meg. "Kvifor kjem de til Norge?", tenkte eg stille for meg sjølv. "Skal de berre kome her og skumma fløten får de heller halde deko heime". Skamme seg skulle dei.
Me seglar over Folda medan middagen vert servert. Både eg og mi borddame sitt ein stund og nyt utsikta. Blikkstille hav og flott solnedgong. Det opne havstykket Folda er roleg i dag. Mest ikkje ei rukke på havet so han sa. Middagen er atter ein gong eit lite festmåltid. Blomkålsuppa til forrett stod til 10 i stil. Hovedretten var andebryst. Mi borddame kunne fortelje meg at dette var mat dei kun serverte med store anledningar i Kina. Middagen var ufortreffeleg god. Det smakte og det kunne middagsselskapet mitt og bekrefta. Dessert er alltid godt og kjem godt med.
Men tida var knapp no. Me låg til kai med gamle MS Lofoten her i Rørvik. Eg rekk ikkje ombord i ho denne gongen men eg må ut på dekk og ta ho i nærare augnesyn. Nett for å ha gjort da. Eg skundar meg ut. Og der ligg ho. Trufast og presist som alltid. Nordgåande hurtigrute forlet alltid Rørvik fyrst so etter at MS Richard With har gjeve eit kort støyt i fløyta glir me nærmast lydlaust ut frå kai. Me kan sjå den gamle dama MS Lofoten framleis liggja der ved kaia og pustar ut. Dette skipet skal eg ha mi neste rundtur med bestemmer eg meg for der og då.
Godt nøgd med dagen sette eg meg til i baren med ein kald øl. Der sat eg og mimra over alt eg hadde opplevd i dag.



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar