fredag 20. april 2012

Dag 8.

Ein ny dag ventar. Når eg skal til frukost har eg gjort det til ei lita vane og ta ein runde på skipet for å sjå på kva Norge serverar av panoramautsikt kvar morgon. Aldri har vel "morgonstund har gull i munn" gjort seg meir til rette enn ombord på hurtigruta. Medan eg går langs skipssida på dekk 5 seglar ei lita fiskerskøyte forbi. Eg vinkar til den vetle skøyta so dupper i det rolege vatnet. Ei fiskarneve helsar tilbake. Etter ei lang og god frukost skundar eg meg ut får å sjå når me kjem til Havøysund.


Ein trailer står på kaia og lastar fisk. Fisk so sikkert skal til utlandet. Eg prøvde meg eit par år med slik køyring. Fantastisk gjevande og moro. Laste fisk i små pittoreske plassar slik so dette for so å køyre det til plassar so Paris, Valencia eller ein lita avkrok nord i Frankrike. Eg lurar på kor denne fisken skal hen. 



Når klokka nærmar seg 09 skal me møta MS Trollfjord til sjøs. Dette skipet har eg reist to rundturar med. Jomfruturen min med hurtigruta hadde eg med dette skipet i 2005. Då var eg ikkje mykje tørr bak øyrene du -  då eg steig ombord landgongen for fyrste gong. Men eg følte meg fort heime der. Det var starten på eit kjærleiksforhold. Håpar det er gjensidig.

Når me segla over Rolvsøysundet fekk eg lov og komme med ner i maskinrommet for ein kikk. Takk igjen for super service til dei ansette ombord. Eg vert mest flau. Ein landkrabbe får lov ner i det aller helligaste på hurtigruta.

- "Gå'r àn det 'a?", so Ludvig i Flåklypa sa.

Eg stod i resepsjonen og venta og lurte på "korleis skal dette gå?" Ein kjekk mann i noko so må vere befalsuniform kom opp og henta meg i resepsjonen. Eg fekk ikkje med meg kor mange striper han hadde men det var sikkert eit par. Det blir vel litt slik so då me var små ungar. Då var det stas og snakka med politi eller brannvesenet. No er det litt stas og snakke med eit høgare befal på hurtigruta. Sånn eigentleg. 

Me gjekk ner. Og ner. Eg kjende det pirra i kroppen då me gjekk ner siste trappa mot dekk 1. No var eg på veg inn i magen på dette svære skipet. Då me kom inn fyrste rommet sat det ein luring der. Me helsa. Kva posisjon han hadde her veit eg ikkje. Om han var mekaniker eller kva. Herfra styrar dei det meste.

Det vert litt so når Espen Askeladd kjem til himmelen. Det er so stort han ikkje får med seg so mykje. Eg fekk fatta meg og spurte om da meste eg kom på. Spørsmål so "Kva er det?", "Overstyrar du alt med den?" og "kva skjer om den der blinkjar då?". Me fortsette vidare inn i maskinrommet. Opp og ner trappar. Eg vart overraska over kor reint og ryddig det var her nede. "Det må då vere litt skitt her". Det er jo eit maskinrom der det må finnast olje og møkkete skrujern. Men nei. Det var gullande reint her nede. Han opna eit lokk so viste pulserande stemplar. Eg høyrde den samme flotte, behagelege dunkinga so ein so vidt kan høyre når ein står ute på dekk. Det er her den lyden kjem frå! Eg viste han tommelen opp tegnet. Me gjekk rundt hit og dit i ca ti minutt og såg på ting. So fulgte han meg opp i resepsjonen att. Eg takka djupt for at han sette av tid til å visa meg alt dette. 

No kunne eg trengt eit par timar til å ta inn over meg alt eg hadde sett og opplevd i hjarte av MS Richard With, men på hurtigruta er det travelt. Ei hyggjeleg reingjeringsdame eg kom i snakk med fortalte at det skulle vera redningsøving kl 10 i dag.

Og det skulle komme helikopter og delta. Det var vanleg at dei hadde redningsøvingar på kvar rundtur. Det vart vanlegvis gjort i Honningsvåg. Dette var ikkje på programmet. Her var inga tid og miste. Fram med kamera og mobil. Dette vert gøy. Og klokka 10 såg ein helikopteret koma i horisonten. Det var ei kjempeoppleving å sjå det liggje og "hengje" i lufta over skipet medan dei øvde. Det låg der oppe i sikkert 20 minutt. Då det var ferdig vinka dei frå den store metallfuglen og so for dei tilbake til gud veit kor dei kom frå. Det hadde vore ein kjempestart på dagen.

Ikkje lenge etter nærmar me oss Hammerfest. Byen so kallar seg verdas nordlegaste by. Eg går i land her. Ein lita rusletur i sentrum må til før eg går innom isbjørnklubben so ligg på kaia. Isbjørnklubben er og ein souvenirbutikk. Her finn du utstoppa dyr og fuglar so har levd her oppe i nord tidlegare. Eg finn nokre souvenirar eg "må" ha. Eg er jo turist i eige land. So plutseleg ser eg ei setlebok, eller lommepung, liggje på golvet. Garantert ein turistlommepung. Eg tek den opp og går til kassa med ho. Eit blikkfang av ei vakker jente står bak disken.

- "Dæ e nokk ei frå hurtigruta so har mæsta ho", seier ho med fløyelsmjuk stemme.

Det hadde vore kjekt om ho ville vore med meg ombord der og leita etter den so sakna setleboka si. Men det var ei anna ei so skulle gjere det. Og då fekk da heller ve, tenkte eg for meg sjølv, betalte for artiklane eg hadde funne og gjekk ut derifrå.

Etter me har forlatt Hammerfest skal me segle gjennom Sørøysundet. Sørøya på høgre side er Norges 4. største øy. Her finn ein restar etter busetnad heilt attende til steinalderen. Det er og restar etter ein Nederlandsk hvalfangststasjon. Det var flott å segle gjennom Sørøysundet. Mektige naturopplevingar stod i kø. I panoramautsikt.


Innseglinga til Øksfjord stod ikkje attende for noko. Blikkstille hav, sol frå skyfri himmel og dei snødekte fjelltoppane her gjorde at det vart ei nydeleg oppleving.

Ei anna stor hending (for meg; fluenes herre frå Voss Resort) var at eg såg ei flue ombord på hurtigruta! Og t.o.m. utandørs på dekk medan skipet var i fart. Det seier vel det meste om kor stille desse vakre skipa går. Den vesle flua stod på ein benk med redningsvestar oppi. Den tusla fram og tilbake. I saktmodige skritt. Den har sikkert vore med frå Hammerfest. Kva er pristaksten for ei flue? Forslag og andre synspunkt kan sendast på mail til meg.


Eg e litt sånn eg. Eg berre måtta ta nokre bilete av denne vetle flua. Nett for å dokumentera at eg har rett. Eg stod over flua og knipsa i veg. Då kom det ein tyskar bort til meg.

"Was is das?", spurte han nyskjerrig og såg over skuldere mi. "Ah! Een vlieg. Ja?". Eg smilte høfleg til han. Lurar på kva han tenkte om meg. Eg burde vel ha sagt til han: "Da var eg so såg han fyrst". Men da gjorde eg ikkje. So forsvant han til ein annan kant av skipet.

Øksfjord er ei lita plass so lever stort sett av fiskeindustrien sin. Her bur ca. 500 innbyggjarar på denne plassen so reknast som sentrum i Loppa kommune. Tre fiskeskøyter ligg med kai medan ei skokk med måker ligg og duppar i sjøen med sida av trekløveret. Det vitnar om at her har vore aktivitet. Måkene fråtsar grådig i fiskesloe og anna svineri so vert kasta på havet. Fysj. Ikkje noko for meg. Eit lite kvarter låg me her før me måtte "skunde" oss sakte vidare sydover langs leia.


No skulle me ut på Lopphavet. Det er ei av dei seks opne havstrekningane so hurtigruta passerar. Denne havstrekninga har og fått sitt pass påskreve so eit hardført havstykke. Og det er sikkert rett at det kan vere store bylgjer og ruskever her. Men i dag var havet so eit blått papirark. Det var speilblankt hav. Det var so flatt at loppane so heldt til her kunne stå på vatnski. Eg såg ingen, men eg veit dei er her.

Dagen i dag har gått unna. So alle dei andre dagane. No var det allereie middagstid. Medan eg går mot restauranten lurar eg på om maten er like god i dag og. Om det i det heile teke er mogeleg.

Då klokko nærma seg 21 var det ut på dekk og ta i mot MS Kong Harald. Det var eit spennande og flott møte. Skipet gjekk ekstra nære då me passerte kvarandre. Tøft.

Kvart på ti skulle kokkane ombord lære oss dødelege og reinska rekar. Eller pille rekar so eg seier. Det kom ei fiskeskøyte opp på sida av skipet medan me var i fart og overleverte litt av dagens ferske fangst til oss. No er eg som sagt ikkje noko "fiskemenneske" so eg har ikkje den store interessa
korleis dei vel og gjere dette, men eg bestemde meg for å ta turen opp på dekk for å sjå.

For å vere litt kultivert. Plutseleg stakk da i meg. La meg prøva og pille nokre reker. Det vil nok imponera mi kjære mor. Eg gjekk fram og tilbydde mine tenestar og fekk ein kopp med 6-7 reker i. Til og ve fyrste gong gjekk da tåleleg bra. Det var lov og smaka på godsakena men der meldte eg pass. Eg sette koppen frå meg og glei ubemerka vekk so ånden i lampa. Resten av kvelden gjekk med til kontorarbeid. Laste ned bilete og leggje dei inn på laptopen. Eg tippar eg har teke 8-900 bilete og videoar frå turen so langt.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar