Opp og hopp. Ein ny dag i emning. Sola varmar både kahyttvindauge og gardina innanfor i lugaren min no på morgonkvisten. Me nærmar oss Harstad. Ei lita time te so er me der. Her skal me liggje til kai eit par minutt med gode gamle MS Lofoten. Her skal garantert alt skyts eg har av kamera og mobilkamera med ut på dekk, og - i land - forhåpentlegvis. Om eg rekk da. Men fyrst frukost.
Nede i restauranten heldt eg på å få endå eit "tyskarbord" rundt meg att. Eg hadde sikta meg inn på eit bord med vindauget, men so høyrte eg ein mann oppi åra sa til si betre halvdel: "Kommen und setzen Sie sich hier" medan han hadde retning mot "mitt" bord. Då skygga eg banen og glei glatt ned i stolen med nabobordet. Der fekk eg nyta frukosten min i fred. Takk. Medan eg sitt slik og nyt frukosten på morgonkvisten kjem ei lita ferje tøffande forbi.
Då eg var bort og skulle finna meg endå eit påfyll frå det gedigne frukostfatet overhøyrde eg kapteinen prata med to engelske damar. Av det vetle eg fekk med meg so spurte dei om han var kapteinen. Det kunne han svara bekreftande på. Då lurte dei på kven so styrte skipet medan han var her og åt frukost. Det siste eg fekk med meg var at dei ville føla seg betre om han gjekk opp att på brua. Men eg trur da var litt humoristisk sagt av dei to koselege damene.
Etter frukosten var innteken var det ut på dekk og ta bilete. Vanlegvis skulle me skilt lag med nordgåande hurtigruteskip før me la til kai, men nokon var forsinka i dag, eg veit ikkje kven av oss. Men det var flott for ein gongs skuld! Eg tok ei kjapp vurdering og fann ut dette skulle gå bra. Aggressiv gange ned trappa og ut landgongen og bort mot MS Lofoten. Eg hadde vore inne i dette skipet mange gonger før so eg trengte ikkje inn no.Og eg hadde i bakhovudet at mi neste hurtigrute rundtur ville verte med akkurat MS Lofoten. So eg for og svinsa utanfor dette klassiske hurtigruteskipet i svart og kvitt fargar og rasa laus på avtrekkjaren.Sjølv om ho var eit blikkfang av ei dame måtte eg riva meg laus og kome meg tilbake til der eg høyrar heime. Hverfall i 3-4 dagar til. I det me var vel komen ut av Harstad by so kom den gamle middelalderkyrkja Trondenes opp på babord venstre side av skipet. Eg måtte nett få med meg ho og. Knipse knipse.
So var tida komen til hurtigrutas fødestad Stokmarknes. Her finn ein mellom anna hurtigrutemuseet og gamle MS Finnmarken, so er ein del av dette museet. Stokmarknes er og ein passande pit-stop plass for handling av snop, frukt og andre nødvendigheitar sidan det ligg eit Rema 1000 like i nærleiken. Eg går alltid ein tur innom hurtigrutemuseet og kikkar når eg her her med hurtigruta. Då er det rett inn i souvenirbutikken og handla litt og sjå på alt det flotte dei har av hurtigrute effektar. So går eg opp i 3 etasje og kikkar på det gamle super-erverdige MS Finnmarken. Nede i hallen att kjem eg i snakk med Sten Magne Engen. Ein gammal hurtigrute kaptein so no er gått over i pensjonistanes rekkjer. Me hadde ein kjekk prat der før eg måtte gå tilbake til skipet eg kom frå.
- "Køyrer me nære Richard With?", spurte eg med håp i stemma.
- "Kæm e du?", repliserte ho kjapt. Det må eg sei var eit uventa spørsmål. Ja, kem e eg eigentleg? Eg kom ikkje på noko betre svar enn at "eg e ein turist nett so alle dei andre ombord". Ikkje veit eg kva ho hadde sett for seg. Men men...... Ho aksepterte svaret mitt og sa:
- "Det må du spørr kaptæin om", svarte ho og peika mot styrhuset. "Det e berr å gå inn tæ hain. Hain bit ikkæ". Eg kunne sjå det sat ein triveleg mannsperson der inne. Med briller, skjegg og ein god røyk i kjeften. Kapteinslue hadde han på seg og. Ein likandes kar.
- "Kult", tenkte eg. Det er alltid moro, kjekt, spanande, interessant og - kult og snakka med befal og anna godtfolk so har myndigheit m.m. Eg gjekk bort og knakka på den kvite og brune skutedøra. Eg kom i hug den reklamefilmen frå TV der det sitt to kjekkasar i ein bil. På slik "steikout" og han eine seier "hain bæssfar sa alltid: Du må beise sjarken gutt ellers så søkk a". Om denne sjarken er beisa vil eg ikkje spekulera i. Eg lukka opp og fekk formidla både hensikt og melding til skuteføraren. Det gjekk fint.
Grunna ulike utfluktar i dag vart middagen servert til ulike tider. I kveld var det kl 20 for meg. Med innlagt stressmoment (for meg vel og merka). Det stod i dagsprogrammet at me skulle møta nordgåande hurtigruteskip MS Midnatssol ca halv 9. Eg må hugse på og "aldri" få bordsetjing nr to på desse turane. Det er unødig stressmoment. Men eg visste råd. Eg sa til eine serveringsjenta, sølvsagt den finaste, at eg måtte ut når Midnatsola kom. Men eg kjem attende. "Det går fint", sa ho og smilte so vent og vakkert at ferdamannen knapt hadde sett makan.
Men eg rakk og få i meg forretten fyrst. Ein liten godbit eg ikkje veit namnet på. Eg sit med eit seksmanns bord so er oppdelt i 2 (4x2 setar). I dei 2 naboseta kom det to kjekke unge menn. Dei kom på i Harstad. Ekte "Harstadværinga". Dei sette seg og kom fort i prat. Eg overhøyrde at dei snakka om kvinnelege attributtar. Eg forstod dei sikta til ei av jentene i betjeninga. Eg hadde nok sett ho. Hallo? Kven kunne ikkje leggje merke til ein slik skjønnheit. Eg må innrømma eg har kasta mange stjålne blikk hit og dit etter ho. Men let da bli med da. "Da e kje noko og hente der allikavel", tenkte eg for meg sjølv medan eg tok ein ny god sup av kaffikoppen.
Men her er gut so har sine prioriteringar rett. Med mine opplærde 10 min og gå på før motgåande skip kom mått eg ut no. Eg lot kvinnelege fordelar vere og skunda meg ut på dekk 5. Og der kjem ho. MS Midnatsol. Då ho kom opp på sida og skipa fløyta sine tre gongar kvar stod eg der og filma og knipsa. Ja, for no har eg gongen i det. No kan eg da. No har eg vorte proffesjonell. I den stødige høgrehanda tok eg video av skipet, og i venstre handa heldt eg mobilkameraet. Eg knipsa med peikefingaren. Av dei fine bileta eg tok kan du sjå at det gjekk bra. Video av hendinga kan du sjå på youtube. For øvrig nemnar eg at saksofonisten Tore Ljøkjel stod på toppdekket og spelte. So eg slepp og leggje til musikk på denne videoen. Supert.Etter det flotte møte med MS Midnatsol skunda eg meg ner att i restauranten. Meir mat på gong. Medan eg sit her og nyt livet kjem tankane i sving (att). Eg bemerkar for meg sjølv at er ein på ein rundtur med hurtigruta so er ein faktisk fri for mageromling. Ganske genialt eigentleg. Tenk itte sjølv. Eg har vertfall aldri opplevd da på mine 6 rundturar og nærare 75 døger ombord totalt.
Då middagen var unnagjort følte eg at - no - no måtte eg ha ein frikveld om du skjønar. Me er komen til dag 10 av denne utrulege rundturen med MS Richard With og alle dagane har vore travle. Opp og hopp litt over halv 7. I seng stort sett rundt midnattstider kvar dag. No var klokko litt over halv 9. Og kvelden var enno ung so han sa. Me var på veg over Vestfjorden mot Bodø. Havet var so flatt at hadde du sendt i veg ei curlingkule frå Stamsund so hadde ho gått heile vegen til Bodø.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar