onsdag 25. april 2012


Dag 11.

So var da landliggje i Trondheim. Landets tredje største og nest eldste by. MS Nordnorge skulle liggje til kai saman med oss frå klokko 08 og til me sjølv skulle segla vidare sørover mot Bergen by. Etter å ha inntekje ein betre frukost og hatt Trondheim kai so utsikt i nær 30 minutt skulle eg ut og sjå på skip. Det ville og kome nokre likesinna hurtigruteentusiastar på besøk her i Trondheim. Det ville verte kjekt og møte dei. Me skulle gå ombord i MS Nordnorge og "mine" besøkjande ville ha frukost der. Men first things  first. Eg ville løpe rundt kaia og ta bilete av MS Nordnorge. Men dei ville køyre meg. Det var likso ikkje måte på service eg skulle få på denne rundturen.

Då eg kom attende so var da ei lita "foto-shoot" framfor skipa. Deretter gjekk me inn på MS Nordnorge. Eg kunne sjå skipa var bygd på same "modellen", men med variasjonar so passa inn slik dei hadde tenkt. Godt sagt. Etter ein særs hyggjeleg frukost der måtte eg tilbake til mitt eige skip. Me sa farvel og eg gjekk i land og ombord att.

MS Richard With fløyta farvel og so la me frå land. Me passerte like etterpå Munkholmen. Ei øy so mellom anna har vore rettarstad,  kloster og fengsel. Ingen av dei tinga er noko eg kunne tenkt meg og vore med på. Eg vil verken døy, sitja i fengsel eller vere uten kvinner so eg heldt meg langt vekke derifrå. Eg stod på toppdekket og tok bilete og snakka med mine nye fransk/svenske vener eg hadde  vorte kjend med under vegs.


Ikkje lenge etterpå passerte me Fosen Mekaniske Verkstad. Dei er mellom anna kjend for å ha bygd det store passasjerskipet "The World"  og hurtigruteskipa MS Trollfjord og MS Midnatsol.


Ut på formiddagen nærare sagt halv to passerte med Hitra so er Sør-Norges største øy. Dei er kjend for eksport av laks og ørret og her finst og Europas største hjortestamme.



Klokka 1420 passerte me metanolfabrikken Tjelbergodden. Her produserar dei nærare 900.000 tonn metanol i året. Noko so skulle utgjere ca. 13% av Europas totale forbruk. Impressive.

Jo lengre vest me kom jo meir sakna eg det høge nord. Hvertfall for no. Eg kom i hug ei historie eg hadde høyrt frå nord-norge. Ein austlending var på tur midtvinters. Om det var dårlege køyrekunnskapar veit eg ikkje, men da gjekk so da måtte gå. Han enda opp nede i ei djup grøft med bilen sin. Der stod han. So kom det ein nordlending forbi. Han stogga og gjekk ut. Austlendingen såg opp på han og sa med sinne i stemma:

- "Hvem faen er det som brøyter her?"

- "Ja, nei der nede vet ikke jæi, men her oppæ æ det statens veivesen", svarte han på flott nordnorsk dialekt.

Nok om Nord-Norge for denne gong. Utpå seinettermiddagen skulle ha ha anløp i Kristiansund. Det er eit av høgdepunkta mine på ein rundtur. Og eit av dei finaste anløpa å få med seg. Og stå ute på dekk og sjå når me seglar inn midt i byen er utruleg flott. Anbefalast til alle. Både og vere ombord og stå i land og sjå på. Eit godt lite tips til alle so les dette. Ikkje noko sjakktrekk og nyse mens ein tar video. So videoen av innseglinga til Kristiansund vart ikkje noko å skryta av. Eit anna tips: Skal du filma og står rett under "fløyto" på skipet ver beredt. Ellers kvekk du. Gammelt jungelord frå mine tidlegare rundturar med hurtigruta. Kan verte pinleg. Nok om det.

Her vart det og litt personleg action. Eg hadde vore so strålande nøgd med servicen ombord at eg ville gjere noko ut av det. Det måtte eg berre. Ellers kunne eg mest ikkje ha levd med meg sjølv. So kva gjer ein? "Blomar", tenkte eg høgt. "Ja den går eg for". 

Men det var sjølvsagt sundag i dag og eg hadde ikkje vore om meg og fiksa dette før. Eg må prøve nokre Narvesen butikkar. Det skal godt gjerast at dei ikkje har. Eg gjekk ut i hastige skritt. Skipet låg kun te kai i 30 min so var ikkje mykje tid. Eg la i veg med i  hard, aggresiv gonge. Innom 2 Narvesen butikkar men ingen hadde. Den siste butikken sa det var ein sjanse sjukehuset hadde.

- "Ja, det var god ide", sa eg takknemleg til dama. "Er det lang vekke?"

- "Nei 5 minutt om du spring opp bakken her", sa ho optimistisk.

- "Eg prøver", svarte eg og takka for hjelpa.

Eg la på sprang opp bakken. Og opp ein bakke til. Pusten var byrja og verte tung. Var mjølkesyro komen? Eg hadde kontroll med klokko. Eg såg sikkert på ho kvart 4 minutt. Der var eit stort hus. Det var ei rar form på eit sjukehus, men det var ikkje mitt problem. Tenkte eg. Eg fram og inn døra der.

Det satt fire gamle damer i nokre stolar der inne. Det vart brått heilt stilt. Dei såg på meg. Atmosfæren, borda, stolane og ikkje  minst dei fire eldre damene der gjorde at eg i løpet av 5 sekund skjøna dette var ein gamleheim og ikkje eit sjukehus. Eg hadde ikkje tid til noko passsiar og godsnakking med dei fire damene so eg snudde på ein femøring og ut døra att. Lurar enno på kva dei fire damene tenkte om hendinga. Det var vel litt action for dei.

Eg runda den store bygninga og sprang nedover. Eg turte ikkje springe lengre oppover no (m.a.o. lengre vekk frå skipet.) Og der, bakom aldersheimen såg eg toppen på sjukehuset. Eg fekk uante kreftar. Ner bakken, bort og inn hovudinngongen. Eg stogga opp og tok inn att litt pust. So gjekk eg bort til kiosken og beretta om mitt ærend.

Men diverre. Dei var utseldt. Og dama bak disken såg oppriktig lei seg ut sidan ho skjøna kor langt eg hadde løpt frå skipet og opp hit. Me skilte lag og eg la på sprang ner bakkane att. Ner over krysset med bankane. Ner siste bakken. So kom eg ner på "flatvangen" so han sa og då var det lett jogg siste 500 metrane til skipet. Men NO kjende eg mjølkjesyra. Eg hadde pådrege meg "halv" og. Slik so me godtfolk so ikkje har kondisjon får. I det heile teke. Klokka var 1656 og no var eg var viss på at brua måtte sjå meg, so då kunne eg gå ner att i roleg tempo. Det stod mange folk langs skipssida. Eg lurte på om dei hadde sett meg løpe heile vegen. Eg gjekk ombord, utkøyrt, skuffa, vonbråten, men med godt mot. Dette fortenar eg ei øl for.

1702 la me ut frå kai og no skulle me ut på Hustadvika. Eit av dei 6 opne havstykka mellom Bergen og Kirkenes. Det var same scenarioet  her so på alle dei andre havstykka eg passerte både opp og ner. Flatt hav. Nydeleg flatt hav. Ope hav har tiltrukke seg menneske sidan  tidenes morgon. Me menneske er skapt for å vere på land. Men når da vert so fint so dette her ja då trekkjer landkrabbene til sjøs. Å stå langs skipssida på eit hurtigruteskip og spegle sjela si mot ope hav i flott ver er utruleg godt. Kan anbefalast til alle. 

Kvart over åtte var det middag. No var det avskjedsmiddagen vår. Meg og mi borddame. Medan me ventar på forretten ser me ei måke so heng like utanfor vindauget vårt. Den berre heng i lufta. Om den trur det kjem fisk herfrå kan ikkje den ve skarpaste kniven i skuffo. Like etterpå får den auge på ei fiskeskøyte lengre inne mot land. Den vrir på dei bereiste vengjene sine og glir over i v-stil og med retning mot fiskeskøyta. Den høyrde sikkert lyden av andre måkar så skrålar rundt det vetle fartøyet. Og sekundar etterpå var hele  måka gløymd.

So kom forretten.

- "Ja, eg får vel dra fram fiskekortet mitt i dag og", sa eg og såg på borddama mi.


- "Ja du får vel det", meinte ho.

Det var slike festmåltid til forrett, middag og dessert kvar dag på heile rundturen at det gjekk heilt i surr for ein gammal landkrabbe so er vant til enklare kår. Slik so spagetti-ala-capri på boks eller Trøndersodd. Godt det og, men ein går glipp av mange av råsakanes gode smak. Slik so dei serverar det på hurtigruta. La no smakløkane få nyta den ferske smaken av gulerøter. Eller noko av det anna gode dei serverar. Slik so den dagen dei kom med appelsinfromasj til dessert. Gubbevare meg. Det var ein fest for smakssansane. 

Tidlegare på kvelden hadde eg spurt reiseleder om det var slik at me skulle møte neste hurtigrute skip i 5 tida neste morgon. "Ja, det stemte". So eg "logga" det inn i dagsprogrammet mitt. Då middagen var ferdig måtte eg ut og ta ein runde rundt skipet på dekk 5. Prøva og få sirkulasjonen i gong att etter det gode måltidet. Og då eg gjekk ut døra hadde eg heile MS Polarlys i oppsynet på skipssida. Forvirringa mi var total. "ka faen?", tenkte eg. Høgrehanda reagerte lynkjapt. Morgan Kane hadde vore stolt av meg. Reaksjonsevne de-luxe. Ikkje noko og sei på det. Eg såg rett i livbåtane til MS Polarlys so det var uråd og få teke nokre gode bilete i ei slik situasjon. Eg bante og svor medan eg forta meg fram i skipet. "Dette skulle nokon få svi for". Lura meg slik.

Når det er sagt ..... Eg burde jo ha visst det sjølv so. Då me var klar til avgong var me ikkje klare allikavel. MS Richard With hadde  fått eit tau eller trosse i stompen sin. I den venstre propellen bak. So dykkar måtte tilkallast. Det var interessant og sjå på. Sikkert ikkje like moro for dei so jobba ombord. Me var 45 minutt forseinka ut frå Molde.

Vel på veg sørover att kom tankane i sving. Eg hadde høyrt at nordgåande skip so skulle starta 20.00 frå Bergen var 3 timar forseinka. Me var 45 minutt. Korleis kan en då finna ut kor tid me møtes? Eg lot den avanserte utrekninga vere då reiseleiaren sa norgåande MS Nordlys ville gå ut på havet og kutta anløp for å ta inn att tapt tid.

Resten av kvelden gjekk eg vel eigentleg berre rundt og svirra. Ein slags rar fornemming av å desperat ville suga inn den gode  atmosfæren slik ein kunne ta den med seg heim og kunne suga på den slik ein gjorde med fløytekaramellane då ein var små. Og slik gjekk da til at landkrabben ikkje kom i seng før klokka nærma seg 02.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar