Opp til frukost kl 7. Eg har nett fengje meg ny telefon og har ikkje gjort meg heilt kjend med han enno. Men sjølvsagt - eg finn fram til det nyaste innan "hotte" spel; Temple Run og tilgongen til denne faisboka (når det er trådlaust nett i nærleiken). Ny telefon ja. Kontaktlista på denne telefonen, ein flett ny Samsung Galaxy SII GT-19100, er ikkje heilt ven med meg enno, so eg tok med mi gamle telefon (Sony Ericson Xperia 10). Gud kor eg hater den telefonen. Men nok om det. Den hadde eigentleg ikkje fortent og vere med på ein hurtigrute rundtur men skitt la gå so kråko sa.
Poenget mitt var ..... eg har med meg to telefonar. Og eg sett alarmen på begge to. Eg er mest livredd for å forsova meg. For å gå glipp av noko. Begge telefonane er stilt inn til å ringje kl. 0640 kvar dag. Dei formeleg slåss om å ringje fyrst. Kven so faktisk er fyrst veit eg ikkje. Men eg har vakna til same tid kvar dag. Og flott er det.
0700 presis går eg inn restaurantdøra medan eg kan kjenna korleis magen gneg etter noko og bita i. Den hyggjelege restaurantsjefen står i døra som alltid for å ynskje dei svoltne gjestane god morgen og velkomen. Eg går til stambordet mitt. Frukostserveringa har open sitting so eg kan setje meg der eg vil. Men kvifor forandre på noko so fungerar? Ser ein vekk i frå tyskarinvasjonen ved bordet "mitt" i går er dette plassen og ve. Bordet og sitje med. So eg set meg her i vindauget med bord 9.
I dagsprogrammet står det "ved avgang møter vi sydgåande MS Nordkapp". Med avgong tolkar eg so kl 0800. For det er det so står i ruteplanen. Eg må nok finpussa gamle norskkunnskapar og gramatikk. Å møte, møte, har møtt. Eg gjekk ut lugardøra mi 0755 og meinte eg hadde 5-10 minutt på meg. Alt er jo oppgjeve i ca. tider. Eg bomma med 2 minutt. Medan eg var i gongen høyrte eg MS Nordkapp fløyta 3 gonger. Fløyte Harstad god morgon. Eg bannte og svor dei 50 metrane eg skunda meg ut for å sjå på ho. At eg ikkje kan lære. Syndgåande hurtigruteskip kjem til Harstad litt før kl 08.
Til alle hurtigrute entusiastar (og andre reisande). Dagens tips er å ha ti minutt til gode på alle oppgjevne tider. Minst. M.a.o. gå ut ti minutt før og vent. Jaja. Eg fekk no teke mange fine bilete av skipet då ho glei fint forbi oss. Gjorde ein elegant sving og la seg til rett bak oss. Då ho hadde lagt seg til ro kunne me gje oss i veg vidare. Me skal nordover. Ho skulle sørover.Litt over elleve kom me til Finnsnes. Her hadde eg eit skarpt oppdrag. Ut og kjøpe nye joggesko. Av ein eller annan grunn hadde den høgre skoen vorte ein slik knirkesko. Og noko so inni granskauen knirkete og. Eg visste om det før eg reiste frå Voss. Eg tenkte da gjekk seg te for å bruka rette utrykket. Men da gjorde ikkje da. Og sko med knirk i er ikkje noko gøy. Tru meg. Da vart rett pinleg. So her måtte eg ta tak i problemet. Me skulle berre liggje til kai ein halv time so her måtte eg gje på for å finna sko. Eg fann ein skobutikk og gjekk inn med godt mot. Ei søt jente kom meg i møte.
- "Eg må ha nye joggesko", sa eg og såg ho beint inn i kvitauga. "Denne knirkar og vil ikkje gje seg" fortsette eg og peika på den høgre skoen min. Me fann eit passande par og eg drog nøgd visakortet i den vetle skobutikken i kjøpesenteret. Case closed. Aldri har eit skobyte vore so godt. Ombord i skipet att følte eg for å gå ein seiersrunde rundt i cafeen. Sjå på meg godtfolk - ikkje noko meir knirk. På ein merkeleg måte var det mest ein øverdøvande stillheit. Ikkje frå restaurantens gjestar men frå skona mine. So dagens vidsomsord er: Knirking er ikkje noko gøy.
Rett etter avgong frå Finnsnes skulle me passera under Gisundbrua. Det er alltid kjekt å sjå når skipet passerer bruer. So det må eg få med meg.
So fortsette dagleglivet ombord på MS Richard With. Det var meldt sol og fint ver på Nordkapp i morgon so eg bestilte meg ein utflukt dit. Det var meir enn 160 andre gjester so og hadde booka seg på denne turen. Pengane formeleg renn inn i kassa til Hurtigruta ASA. Vel fortent. Det her må jo verte bra. Utflukt var booka, no var det på tide med litt lunch. Eg bestilte meg suppe i cafeen. Deilig blomkålsuppe. Og so VG då. Dagen er ikkje den same utan veit du. Det høyrde med eit ekstra påfyll av den delikate suppa. Noko eg benytta meg av.
Ein tidlegare hurtigrute kaptein på MS Midnatsol vart tilbode snop av ei restaurantjente so var på broa og sa "Du må berr forsyne dæ". "Ja det kain du værr sækker på" svarte han og tok litt snop. Slik følte eg da og. Eg fann meg suppe so da holdt.
Medan eg sat her i cafeen og nytte livet overhøyrte eg praten frå nabobordet. Der sat nokre nordlændingar. Eg trur dei var Tromsøværingar utan at det gjorde noko. Dei snakka om Mullah Krekar. Dei hadde ikkje so mykje godt og sei om han dei heller. Han eine meinte dei skulle ha sendt han ut av landet med ein gong.
- "Ja send dæi han ut a landæ so sænd dæi væl hæile mannsjiiten ættæ oss. Og det vil vi ikkæ".
Eg rekna med det var Krekars landsmenn dei refererte til her. So dei konkluderte vel med at han skulle få bli her i dette flotte landet vårt. Mot protestar.
So klokka halv tre kom me til Tromsø. Nordens paris. Nordkalottens hovudstad. Rundt 63.000 skal det bu her. Men eg er ikkje imponert. Eg hadde ein ting eg måtte handle her. Ladekabel til kameraet mitt. Eg gløymde sjølvsagt att min på Voss. Eg hadde ein annan ladar men av uante årsakar vil han ikkje lade kameraet meir. Men her i Tromsø var det korkje Expert eller El-kjøp butikk i sentrum. I ein so stor by. Det var ein butikk her, J. M. Hansen, so selde elektriske artiklar og andre duppedittar. Dei hadde ikkje noko slikt eg var ute etter. Det måtte spesialbestillast. Eg skal gje dei spesialbestilling eg. Dei lurte på om dei skulle bestilla ein til meg.
- "Ja, sender de kabelen etter Richard With då?, parerte eg.
- "Nei, nei, det kan me ikkæ", svarte den kjekke ungguten kort.
- "Ja, nei då får eg prøve lukka ein annan plass".
Nei Tromsø er ikkje min by. Sorry. Skuffa og vonbråten gjekk eg attende mot skipet. Like med kaia ligg den kjende Rorbua puben. Eg gjekk inn og tinga meg ein øl.
- "Hva, skal du ha eit par øl?" svarte den brystfagre jenta bak disken. Ho såg overraska ut der ho stod med dei blonde, krøllete lokkene sine.
- "Nei, nei, det heldt lenge med ein", svarte eg og lurte på kva slags jente dette var. So spør om slikt.
Vel ombord på skipet att hadde eg eit par timar til fri disposisjon. Då sette eg meg til med laptop, reisedagboka og to koppar kaffi. Men eg hadde ikkje sitte lenge før eg vart meir oppteken av og høyre på ei lita forsamling frå Australia so satt i andre enden av lokalet. Dei skrytte endelaust av alt dei hadde opplevd på rundturen sin so langt. Eg høyrde ho ringde heimlandet sitt, The land down under, for å fortelje kor flott det var her. Eg håpar ho gjer so meg. Eg har ein spesiell ting og gjere i morgo. Ein spesiell telefonsamtale og ta. Men det kan du lesa om neste dag i dagboka til onkel reisande Mac. Dagens sitat må vere frå dei eine av dei to damene:
- "The cars seems to be very noisy in Norway".
- "yes it's because they have their wintertires on", kunne den andre dama opplysa ho om.
Det gjekk mot middagstider. Ein ting har eg lært. Ikkje meir 2. bordsetting på desse turane. Er det mykje folk ombord har dei 2 bordsetjingar. Den andre er frå 2015-2130. Og det er stort sett då me møter andre motgåande hurtigruteskip. So neste gong ber eg om sitting 1. I kveld skulle me passera Lyngsalpane og møte sydgåande MS Nordnorge ca. kl 21. Ikkje tid til og dilla med maten i dag. Eg rakk det. Ut på dekk og sjå. Etter middag trakk eg opp i baren.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar