torsdag 12. april 2012

Hurtigrute rundtur med MS Richard With 12. April 2012

Dag 1:
Det er snart klart for avgong frå Bergen. Eg skal endeleg på ny hurtigrute rundtur. Dette vert mi 6 rundtur. Denne gongen har eg valgt  meg ut MS Richard With. Eg går ombord so fort skipet er ope for publikum. Det er kl 16. Skipet legg ikkje frå kai før 2230 men eg skal  ha med meg alt dei har å by på.


Eg får besøk av Jane May Haver medan skipet enno ligg til kai. Ho er og ein lidenskapeleg entusiast slik so meg. Det vart ein kjekk  prat over ein kopp kaffe.



Seinare må eg berre ut på dekk. Der vert det servert maleriske avskjedsscener av høgaste merke. Ein fantastisk kveldssol omkransa av  flotte skyar. Jungellov nr 1. på ein hurtigrute rundtur er "ta med kamera". Eg har mitt i høgre jakkelomme til einkvar tid. Eg knipsar  villig vekk. Eg nyt utsikta. Me har enno ikkje kasta loss i Bergen og so får eg servert dette. Forventningane mine til turen vidare er  skyhøge no.

 

Lat det byrja tenkte den entusiastiske landkrabben då han var klar til å fylgje MS Richard With på den 12 dagars lange rundturen so  vert kalla verdas vakraste sjøreise.

Fyrste kvelden ombord er det middagsbuffe i restauranten. Finst det eit himmelrike for ein so er glad i mat må det vere restauranten  på hurtigruta. Her skal da etast tenkte ferdamannen og løyste på buksesmekken.

Dagens sitat kjem frå restauranten: - "Kan nån ta døra! Det rejn jo inn med folk her. Æ har itj opplevd makan på mine 16 år her". -  Restaurantsjefen ved middagsserveringa.

2220 går eg opp på øverste dekk og formeleg sug inn atmosfæren dei siste ti minutta før MS Richard With legg frå kai.

-----

Litt personleg hurtigrute statistikk: Eg har tidlegare reist på rundtur med MS Trollfjord (2 gonger), MS Nordstjernen, MS Midnatssol,  MS Finnmarken og no er eg med MS Richard With. Eg har og 8-10 dager på ulike deletapper frå Kirkenes til Aalesund i 2006. Eg er medlem  i 1893 Ambassadørklubben, Hurtigrutens reiseklubb, Hurtigrutens venner på facebook og "et" alt eg kjem øve av hurtigrutestoff.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar