mandag 15. april 2013

Dag 12:

Klokka ringte. 0645. Eg vakna. Kva var skjedd? Levde me enno? Var eg grøn i ansiktet etter stormen? Eg stod opp. Mike sov søtt. Eg leita i det indre sinn etter svar. Ei forklaring. Eg orienterte meg og fann ut eg må ha sovna frå heile greia. Då kan det ikkje ha vore rare stormen. Eller? Hadde eg godt sovehjerte? Hadde kampen vore ein annan? Hadde Ole Lukkeøye danka ut Kong Neptun?

Fin kunst ombord
Dei ubesvarte spørsmåla var mange. Eg kom meg i kleda og gjekk ut på dekk. Måtte sjå kor me var. Eg møtte eit av mannskapet med befalssgrad. Eg spurte ut om stormen. Det hadde ikkje vore noko storm. Kong Neptun hadde trekt seg. Fa.... So close yet so far. Ein bør jo vere jublande glad ein slepp storm over Stadt men...... skuffelsen var enorm.

Birger 1 - Kong Neptun 0.

Eg gjekk opp til frukost etter at me hadde forlatt Florø. Florø var siste anløp før Bergen. Eg måtte jo få det med meg. Det låg an til og verte ein grå dag. Greit nok. Eg hadde hatt so mange fine opplevingar på turen at mest godt og komme ner litt på "landjorda" før eg kom til Bergen. Eg fekk eit godt tips av ein annan entusiast at beste måten og ikkje gå i land i "deppemodus" var og tenke framover. Tenke framover på neste rundtur med hurtigruta. Og det gjer eg.

Men eg følte frukosten mest var som ein døande manns siste måltid. Men det var jo ikkje det. Eg svelgte skuffelsen med den fyrste brødskiva. Neste gong tenker eg. Då! Sjølve frukostmåltidet var det ingenting og utsetje på. Varmrettane stod i 10 i stil. Mat for Mons. Og meg. Humøret var på topp att.


Mike tek ein powernap
Eg var ute på dekk att etter at magen var nøgd. Eg ville suge til meg alt eg kunne av naturopplevingar i dag. Eg møtte på den hyggjelege trønderen att. Min rundtur-medreisande trønder. Han kommenterte Mikes søvnbehov. Me spøkte med at vekker ein han so går han og legg seg ein annan plass. For ordensskuld - Mike har ikkje noko sovesjuke e.l. Han gjer berre det han føler for so han sa.



Kate og den hyggjelege trønderen
Klokka 1000 må lugarane forlatast. Ubønnhørleg. Det verker brutalt. Det var ikkje nett slik at dei står og bankar på døra men..... Eg fiksa den biffen kjapt. Sette kofferten ut på gangen. Den forsvinn kjapt. En kjekk ung gut tek den med seg. Han får ei velsigning med på bæreturen. Kofferten ville neste gong sjå att på rullebandet i Bergen. Mike hadde ikkje lest dagsprogrammet og stressa med å rydde ut av lugaren i 11 tida. Eg gav han litt velfortent pepper for det.


Steinsundet
Halvvegs denne dagen (hvertfall om ein ser på kartet) skal me segle gjennom vakre Steinsundet. Dette er eit høgdepunkt på turen. Om ein står ute på dekk og ser bakover ser ein kor skipet svinger og svanger seg gjennom dei mange holmar og skjer. Vakkert og litt magisk og sjå slalomsporet frå kjølvatnet etter MS Lofoten.



Steinsundet
Både før og etter denne hendinga har eg "innlosjert" meg med mitt stambord i kafeteriaen. Med dette bordet har eg nærkontakt med to stikkontaktar. Genialt. Laptopen er oppe og går. Eg lar den stå på her heile tida. So eg skriv på bloggen innimellom turane eg har ut på dekk.




Mike er ute på nekk og nyt utsikta
Det kjem ein lyd frå høgtalaren rett over hovudet mitt. Ein må ha flaggermusøyre for å høyre kva so vert sagt. Lyden er so låg at det er uråd og høyre kva so vert sagt. Eg gav beskjed til ei jente i kafeteriakassa. Eg forventa litt action. Fixi-fixi-washy-washy, men ingenting skjedde. Anna enn at meldinga over høgtalaren vart repetert. I samme låge lyd. Eg gav verdifull feedback til den same jenta at det framleis ikkje fungerte - det dei måtte ha gjort. Då eg hadde forretta det eg hadde på hjartet ansåg eg dette problemet som ute av denne verden. Og hvertfall ikkje ombord i MS Lofoten.


Lunchen er servert
Før lunch er Arthur bekymra over plassen vår i restauranten. - "I will go in there to secure our table. If not the swedish cople will take it. Han gjorde rett. Eg såg dei sikla på bordet vårt. - "That should teach them", sa han. Me knitra og lo stille. Eg gjekk laus på maten. Eg forsynte meg 5 gonger. Manjana pregå. Mat skulle den utslitne landkrabben ha. Vegen heim til Voss var lang og ville gå via Bømlo. For og hente Oscar.


So er tida der. Me nærmar oss Bergen by. Eg har mest ikkje lyst og gå ut på dekk og sjå men gjer det likevel. På trass. På denne rundturens siste dag er ikkje veret so mykje og skryte av. Grått og trist. Mest litt passande til sinnstemninga mi. Eg gjekk rundt på dekk med den raude hurtigrute koppen. Den var stort sett alltid fylt opp med god kaffe.



Me legg til kai og eg befinn meg snart i ein dum kø. Køen for å gå i land. Den kjekke hotellskjefen Roy Gjerde og nokre av befalet står her for å takke oss for turen. Det er og ein fin gest.



Eg står på kaia og tek ein siste kikk på MS Lofoten for denne gong. Min nye kjærlighet.

rulle - rulle - rulle. Eg ventar på kofferten min med rullebandet inne på terminalen. Eg føler meg litt som eg er på ein flyplass. Ja for der har dei og slike rulleband. Og eg ser dei same tinga her. Mine medreisande står 6 cm frå rullebandet. Dei er i få-koffert-fyrst modus. Kva er vitsen? Rullebandet kjem til å gå rundt 2-3 gonger. Garantert. Eg tek farvel med Kate og Arthur. Avskjeden med Mike er litt meir andaktig.

Eg kjem -- g a r a n t e r t -- attende til MS Lofoten. Garantert!

Eg kan berre sitere hotellsjef Roy Gjerde. Eller var det hurtigrutepassasjer Inger Brattås so sa det: MS Lofoten skulle vert på blå resept.


 ----------------

Eg håper de har likt mine "uformelle" reiseskildringar frå livet ombord i Hurtigruta. Og kalla verdas vakraste sjøreise.

søndag 14. april 2013

Dag 11: 

Eg vaknar opp til nest siste dag på denne rundturen. Ikkje nokon god følelse det. Men får fortrengje slike ugne tanker og følelser og heller nyte turen so godt eg kan.

Eg hadde høyrt frå ein av mine medreisande at det skulle vere flott soloppgong i dag. Eg vurderte det av unemnelege årsakar. Sove litt lengre kanskje? Og slik vart det. Men soloppgongen hadde vore super.



Sidan mange avsluttar rundturen sin i Trondheim var frukosten ekstra tidleg i dag. Det gjorde ikkje meg noko. Då fekk eg endå litt meir ut av dagen min. Me skulle anløpe Trondheim 0630. Same tid so frukosten starta.

Det såg ut til og verte ein super dag. Eg stod ute på dekk og fekk med meg innfarten og sjølve anløpet til denne byen so vikingekongen Olav Trygvasson anla i det herrens år 997.


Eg var i restauranten 0640. Mat skulle han faen meg ha. Det var ingen andre her då eg kom. Topp! Men dei var ikkje so langt unna. Det seig inn med svoltne medreisande etter som minuttane gjekk. I dag skulle det etast! Banna bein. Ete so eg aldri hadde gjort før. Vere sikker på at eg fekk verdi for pengane mine.

Etter 20 minutt kom Mike. Like etterpå sit eg og nyt morgonkaffen og kikkar på dei andre reisande. So kjem han eine av amerikanarane. Eller var han tysk han og? Han kjem inn. Går bort til buffetbordet. Tek ein runde. Og finn seg so ei nøtt. Ei nøtt! Han et ho og går ut att. Eg hevar augnebryna. - "Did you see that Mike"? Sjølvsagt såg han ikkje det. Han sat jo med ryggen til. Eg refererte frå den merkelege hendinga.

Halv åtte skulle eit mannskor komme og synge i restauranten. Greit nok for meg. Det var mandige røyster so ljunga ut i det halvtomme lokalet. Med bass og tenor. Gje gass. Men kvifor måtte dei gjere det i restauranten? Var dei redd for at ingen ville høyre på dei om dei var andre plassar på skipet? Og kvifor so ukristeleg tidleg. Hmm. Jaja. Det vert vel eit av livets uubesvarte spørsmål. Sjølv om nokon veit kvifor. Det er alltid nokon so veit kvifor. Trur eg.

MS Finnmarken og MS Lofoten ved kai i Trondheim


Petter: Kven der! Navn og nummer takk

Kva ser du på Mike?


MS Lofoten fekk so vidt plass
Etter frukosten var innteken var det tid for fotosesjon på andre sia av kaia. Prioritet-de-luxe. Trondheim er viktig både på nord og sør turen. Som du sikkert veit so ligg det alltid to hurtigruteskip til kai samtidig her i Trondheim. I dag ligg me her med MS Finnmarken. Eg var på andre sida og tok bilete. Inni Finnmakrne og utanfor her på kaia. Kor mange bilete eg tok berre ved denne anledninga snakkar me ikkje høgt om. Men eg vart nøgd.


Klokka nærma seg 10. Det er snart klart for avgong Trondheim for denne gongen. No kan eg sitje ned og skrive reisebrev og slette bilete. Ja, ikkje sjå og nyte bilete - men slette! Eg har teke mykje bilete med slik kontinuerleg bildetrykking. Pr. no har eg 4900 filer i "2013 rundtur med MS Lofoten" mappa. Bilete og video.



Rett etter avgong passerte me Munkholmen. I farne tider var det eit kloster her. Men det er vekke no. I det 17 århundre var det ein festning her. Den hadde kanonar. Men dei var for små til å utgjere nokon trussel for erobrarane so kom. Eg ser for meg skyta spurv med kanonar. Kvifor ha kanonar når dei ikkje hadde noko effekt? I dag vert Munkholmen brukt til utfluktsmål med bading og andre hyggjelege ting.

Utsikt under lunchen
Før lunch sit eg og Mike i kafeen og prater mannskjit. På andre sida med vindusutsikt sitt eit svensk eldre ektepar. Plutseleg ....... den nusselege eldre dama set i eit langt og høgt gjesp. Gjespet er på nippet til å gå over i klagande stønning. Det varte 3-4 sekund. Som ein sjøløve som sender ut parringsrop til artsfrender. Det var ei utruleg oppleving. Mike skratta.

Mike seier: "give it some minutes and the call will attract more people". Ho gjekk under kallenavnet walrosslady etter den episoden.

Ei tysk dame snyt seg i restauranten. Det klangande trompet lyden er der og. Kva er det ho trur? At dei har meir rett te og snyte seg enn oss andre dødelege? Ho heldt det gåande ei lang stund. Er det noko med den eldre garde so gjer at dei trur dei kan snyte seg høgt sånn utan vidare? Det irriterte meg. Men ikkje meir enn at eg sekundar seinare hadde fortrengt og gløymt heile dama. Eg tok ein ny sup frå den raude hurtigrute koppen. Kaffesup nr 229 på denne rundturen. HER snakkar me vel verdt anvendte pengar. Ein slik hurtigrute kopp kostar 298,-. Inflasjonen har teke fatt i den koppen. Meiner den kosta 220,- på den andre rundturen eg var på.

- "Nei, dette vert eg ikkje klok på", tenkte han gamle Johan. Han kom heim so ein avskilta bråkmakar. Han sat i godstolen i tunet og minnast gamle dagar. "Det var tider", tenkte han, som tidlegare skarpskyttar frå krigens dagar. Han tulla seg godt inn i teppet sitt. Det blas godt rundt dei store øyrene hans. Ei kråke sat i det store tuntreet. Den sat godt inntil trestammo i ly for vinden. Den gjorde ikkje ein dritt. Berre satt der.

Klokka 15 var det info møte. Eg visste kva det gjekk i men fekk det med meg i dag og. Mike sov frå heile møtet. Og etter møtet kom han, ikkje overraskande, og spurte kva møtet var om? Han trengte informasjon kva so ville skje med ankomst Bergen i morgon.

Klokka 16 er det stram giv akt. Me nærmar oss anløp Kristiansund. Eit av rundturens desidert finaste anløp. Og inne på topp 3 lista over høgdepunkt og få med seg på ein rundtur. Hurtigruten legg til kai midt inne i sentrum. Og då meiner eg midt i sentrum. Det er hus og øyer overalt her me ligg. Eg ville ha med meg alt! Eg er på dekk for å ta bilete og video. Gull!































 









Etter at me har forlatt Kristiansund skal me ut på Hustadvika. Ei ny ope havstrekning. Her var roleg denne gongen og. Eg tek ikkje noko bilete denne gongen. Det er liksom vanskeleg og fange fin natur på kamera. Det er noko ein best kan fange i hovudet sitt. Leggje det på minne. Og det gjorde eg. Balsam for sjela.



Klokka 19 var det middag. Siste middag ombord for oss so reiser komplett rundtur Bergen Kirkenes Bergen. Dei so forlet oss i Trondheim får godkjent full rundtur. Ikkje sikker på om eg skal godkjenne det men..... Skitt la gå so kråko sa. Det er siste middag for dei fantastiske fire. Eg, Mike, Kate og Arthur.

Middag-de-luxe ala stressmoment. Ikkje hurtigruten sin feil. Me skal møte MS Trollfjord. Eg berre "må" ha det med meg. Eg veit eg må ingenting, men eg må allikevel so brura sa. Og eg synest no eg gjorde rett. Forlate eit herremåltid ein stakket stund og ut på dekk. Det var eit flott møte. Eg var vekke ein 6-7 minutt. Det var vel verdt det. 

MS Trollfjord i eit hol








Litt før 21 skal me leggje til kai i Molde. Rosenes by. Det er stille og roleg her i kveld. Me skal liggje til kai her i 45 minutt so eg og Mike fer i land. Me satser på å finne ein brun pub so me kan ta ein avskjedsøl.




Eg finn fort ein butikk av stor interesse.








Me går ein runde i byen og so inn på ein bar for å ta oss ein siste øl saman. Det vart ikkje ein brun pub men ein pizzeria. Gullfisk-hukommelsen min tredte i kraft. So eg hugsar ikkje kva staden heiter. Me fann kun ein Peppes, Dolly eller noko anna pizzanamn plass so fekk duge til og innta ein pils. Det var dog ein kjempeflott plass. Kan anbefalast på det sterkaste om du er i Molde ein gong. Staden ligg berre 2-300 meter frå kaia.

Kjekke ansatte i Hurtigruten

Godt gjort å få plass til den flate ferja i bilete

Kva er dette?




























Det er snart midnatt og me anløper Aalesund. Eg følte mest Aalesund var siste stopp før helvete skulle bryta laus. Eg sitrar i spenning. Eg føler meg som ein kanon med antent krutt. Etter Aalesund skulle me ut på Stadt. Det var meldt storm på Stadt. Eg fekk ein del "skremmemeldingar" frå ein god kompis. Eg gledde meg verkeleg. Eg har pr. no passert 100 døgn på hurtigruta. 8 rundturar + nokre dagar til. Eg har aldri opplevd hard, høg sjø på nokre av dei opne havstykka. Eg er ikkje sjøsterk, men eg har lyst og måla krefter med Kong Neptun. Eg vil ut langs rekka i 10 meter bylgjer og kasta sko etter han. Eg gledde meg. Såg liksom for meg David mot Goliat. Landkrabbe mot havets konge.

Eg la meg i 01 tida. Spent som ein unge. Eg hugser eg vakna i 03 tida. 05 tida og litt over 6. Det var so stille ombord at eg trudde me hadde lagt oss i ly ein plass. Ma.o. at me (les: kapteinen) ikkje hadde våga måle kreftar med Kong Neptun. Kva hadde skjedd?

Det får du vete på dag 12 av rundturen. Siste dag ombord for denne gongen.



Meny:
Forrett: Spinatsuppe med fløteskum
Middag : Hvitvinsdampet kveite med asparges og sandefjordssmør
Dessert: Pasjonsfrukt mousse delice med bær coulis



lørdag 13. april 2013

Dag 10:

Ny dag. I dag er det Helgelandskysten so er på programmet. Då eg vaknar frå teknomusikk til den vetle svarte medhjelparen min so ligg under hovudputa ligg me til kai i Ørnes. Klokka er ti på sju. Jepp. Det er berre å gje gass. Mange ting og sjå på i dag og. Inga tid og miste. Eg kikker ut for å sjå på "ko-auge" utsikta. Den var ikkje nemneverdig spesiell. Eg såg rett i eit bildekk.


Veret klokka 0715
Veret ser ut til og verte bra i dag og. I dag er eg presis til frukost. Og då veit du klokka er 0730.

-- skriik --.

Nokon har tatt bordplassen vår. Det er open sitting men allikavel. I det indre sinn kastar eg stygge blikk på dei so har teke bordet vårt. Men ikkje her. Uvitskap skal ikkje straffast med bortvising. Eller noko i den dur. Det er eit eldre par so har gått inn for landing med bordet vårt. Krake søker make. Dei er som støpt til kvarandre. Dei er sikkert gifte. Og då veit du kven so er sjefen. Kos dykk med maten ....... Eg finn fort ny plass og sette meg ner. Ikkje lenge etterpå får eg selskap av Arthur. Sjølvsagt vart det eit diskusjonstema om dei to so tok bordet vårt no på morgonen. Arthur ville begynne med bordvakt. Komme tidleg m.a.o.

Eit blinkskot
Frukosten vart unnagjort. Eg gjer meg klar til og ut og ta imot MS Nordlys. Eg har funne ny plass for å ta bilete av ulike motiv. Nede på C-dekket. Då er eg ajour med havoverflaten so han sa. Der er det nokre små opne "koauger" eller kva eg skal kalle dei. Det var Arthur so gav meg tips om det. So eg fekk MS Nordlys inni det holet. Veret ser ut til og verte bra i dag og. 


Kvart på ni skulle det kome eit nytt overraskande høgdepunkt på denne turen. Over høgtalaranlegget kom det beskjed om at me skulle ta ein avstikkar og segle forbi den gamle handelsstaden Selsøyvik. Jaaaaa! No kribla det i skrotten til ein hurtigruteentusiast. Dette var og eit anløp og stoppestad for hurtigruta i gamla dagar. Eg sprang på lugaren og henta kameraer og telefonen. Dette skulle dokumenterast! Pike deg! Eg følte meg mest litt relgiøs der me glei forbi denne vetle plassen. Det var fleire av dei andre gjestane so var ute på dekk og. Eg trur ikkje heilt dei veit kva dei såg etter.

Ca. klokka 0915 skulle me ut av dei polare områder. Passering av Polarsirkelen. Men no feil veg på ein måte. Det er jo meir stas og passere den på nordturen. Kulo kom og kulo for. Veret var upåklageleg flott. Eg og Mike hadde ein fotosesjon med nokre gamle fiskehovud so var tredd ner på ei treramme. Eit minutt etter me hadde gjort oss ferdig datt plutseleg eit av fiskehovuda på dekk. Ikkje so rart. Det var sikkert det hovudet Mike leikte seg med.





Kvart over 10 skulle det markerast at me hadde passert Polarsirkelen. Det måtte jo det. Som seg se og bør. Reiseleder, hotellsjef og kapteinen stillte villig opp for å gje oss tran for å markere begivenheiten. Sundt og godt. Me fekk ein skjei sidan me hadde vore so flinke og sitje i ro medan me tok medisinen vår. I all ståheien la eg frå meg skjeia på eit bord. Den var vekke etter eit par sekund. Ein gribb hadde vore på ferde. Men eg fekk ein ny ein av kjekke Svein reiseleder. Ei stjedna til deg for det. Takk.

Eg måtte jo avbildast med kjekke Roy Gjerde.

Arthur nyt livet på dekk. Anløpet i Nesna gjekk fint of roleg føre seg. Ikkje noko og skrive heim om.






MS Lofoten kviler seg i Sandnessjøen
1230 kom me til Sandnessjøen. Her skulle me liggje til kai ein time. Då er det fin anledning til å gå i land og ta seg ein liten tur. Eg og Mike gjekk inn til sentrum. Me ligg til kai midt i byen so det er enkelt og kjapt og gå dit. 10-15 meter frå baugtrossa til MS Lofoten er det ein kiosk og eit vinmonopol. Du snakker deg om å lokke svake sjelar som ein skarve vossing. Her kunne ein få tak i djevelens te om det var nødvendig. Eg måtte inn og kjøpa pittelitt hostesaft. Eg måtte jo det.


Mens eg og Mike går i den eine gata so måtte vere handlegato funderar eg på kvifor fine jenter må gå so fort. For dei gjer hovudsakeleg det. Er dei redd me mannfolk skal ta etter dei? Korleis veit dei at det nettopp er dei som er fine? Spørsmåla er mange. Og dei heng ubesvart i lufta.

Eg går forbi ein dyrebutikk. Ein hund sit i døropninga. Den er gammal av dage. Han sitt der liksom so sørgmodig og venatr på nye kundar. Eg tar bilete av han. So kjem ein kunde. Hunden går inn i lokalet og kjem ut att i døropninga like etterpå. Der sit han og skuer på bylivet her i den travle handlegato. Eg går vidare. Tankane mine flyg .................



Men eg vaknar til live frå tanketenkeriet mitt då Mike ber om oppmerksamheiten min. Han måtte fortelje om ein episode ombord i skipet. Det var ei gammal dame so kom ombord i Tromsø. Ho gjekk med krykke. Litt seinare hadde ho krykko i andre hånda. Mike lurte veldig på det. Om han skulle gjere ho oppmerksam på at krykka var i feil hand. Men svaret gav seg sjølv då han seinare oppdaga at det var ei anna dame. Case closed repliserte eg kjapt.

Etter avgong Sandnessjøen får eg eit gjensyn med dei sju systrene. Og so var det midt på dagen og lunchtid. Dei fantastiske fire samlast ved lunchbordet og nye viktige tema kom fram.





Litt over klokka fire var det ny flott innsegling eg måtte få med meg. Innseglinga til Brønnøysund. Dette - er - ei fin innsegling. Og den var ekstra fin i dag. Det er sol frå skyfri himmel ute no. Sola varmar meg i ansiktet. Det er blikkstille, blått hav rundt MS Lofoten. Ikkje ei rukke på vatnet. Ein kunne lagt papir på vatnet og det hadde ikkje bølga seg. Eg høyrer måkeskrik i det fjerne. Nokre skuelystne mennesker har møtt fram på kaia for å ta imot oss.

Eg fylgjer lossinga frå skip te kai. På ein kasse står det "må ikkje utsetjast for sollys". Vel då er ho øydelagt spør du meg. For det er då vitterleg sollys her. Ho var under dekk. Men no står ho på kaia og er eksponert, overeksponert for sollys. Jaja. Det er ikkje mitt problem. Tre fiskepallar skal ut og. Dei kjem i tur og orden opp frå lasterommet foran på MS Lofoten. Kjekt og stå her på bruvingen og kontrollera at alt går rett for seg.

På kaia går ein mann og et is. Han må ha fått for mykje is. Magen er i overkant av rund. Eine handa er verdsvant stukke ned i lomma. Han går sjølvsikkert fram og tilbake. Det dukkar etterkvart opp fleire med is i handa no i vårvarmen. Ein av mannskapet har fått besøk av kone eller kjæreste. Dei går hand i hand saman med to unger bortover kaikanten. Nede med landgangen står tre menn og betraktar lossinga. Spennande. Dette har dei garantert gjort før. Ei brystfager jente forter seg forbi alle på kaia. Det var jo det eg sa jo! Fleire frå mannskapet er inne i kiosken og snopar. Det har eg gjort og.

Fantastisk ver før Torghatten
Etter avgong Brønnøysund kom eg i snakk med ein eldre kar so var ute på tur. Han kom brått rundt eit hjørnet og heldt på å kollidera med meg. - "Ja, det går likar no", sa han på godt trøndersk der han kom sånn litt på skakke. Han prøvde å balansere sine gamle bein bortover det teppebelagte golvet. Han skulle til Rørvik sa han.



Litt etter halv seks er det hatteholet so kjem. Torghatten veit du. Dette holet er 160 meter langt, 35 meter høgt og 15 meter breidt. So det er ikkje lite. Jepp. Holet var der enno. Eg må ta bilete atter ein gong. Mike tek bilete. Og so tar han bilete ein annan veg. Eg seier: "Your looking at the wrong hole Mike." Ei dame bak oss ler høgt.



Eg overhøyrer Mike og Arthur i ein liten diskusjon:
Mike: Did you see the hole?
Arthur: Yes, and so did you. You took pics of it.
Mike kvervulerar litt og ein småoppheita diskusjon oppstår. Konklusjonen vert at Arthur seier:
- "A hole is something with something around it"


1830 er det middag. Kapteinens middag. Eg synes det er ein flott gest. At mannskap samlast i restauranten for å gjere ære på dei reisande. Og i dag og me får servert boblevatn når me kjem inn. Mike trur det er kvitvin. - "You cannot drink that to the fish" seier han bastant. - "Im not gonna eat it im gonna drink it", svarar eg kjølig tilbake. Kate ler.


Under middagen kom nye tema og historiar fram frå bordet med dei fantastiske 4.

Arthur hadde ein flott vits om den norske høna og den engelske grisen. Dei to vart einige om å gjere ei god tjeneste for barna i Afrika.
- "Eg gir nokre egg og du kan gje svinekam", sa høna.
- "Thats not fair" sa grisen, "You give an offer. I give a sacrifice".


Det einaste minuset på denne supre rundturen er at middagen vert dregen ut i det ulidelege. I kveld kom forretten etter 38 minutt! Det tok meg eitt minutt og mest innhalere den so svolten var eg. Middagen kom etter nye 36 minutt. Eg såg mest fanden på veggen so svolten var eg. Det tar vel nye 30 minutt før desserten kjem sa eg høgt til mine bordkollegaer. Vel nesten. Det tok 22 minutt. Dette er unødig! Eg veit restauranten har sikkert fått ordre om å drøye ting so folk skal kjøpe meir drikke. Men slik tenkjer ikkje eg. Eg har og snakkerett! Eg vil ikkje belønne dei for å somle. Langt i frå. Kva andre gjer får vere opp til dei.

Jaja. Me kom oss gjennom nok ein flott middag. Klokka var snart halv ni. Det nærma seg nytt hurtigrute anløp. No skulle me leggje til kai i Rørvik. Her skulle og MS Richard With liggje til kai med oss. Jippi! Eg går opp til topps for å få ta bilete og video av hendinga. Eg står på venstre bruvinge. Eg ventar på at Richard With skal anløpe.



Eg har rigga opp med kamera på blekksprutstativet og det andre kameraet heldt eg i handa. Eg er superklar. Eg skimter RW langt ute der. Det er sikkert 6-7 min før ho når vegbrua. Eg stod her i mi einsemd og nytte stillheiten. Men kor lenge var Adam i paradis? Det kjem to tyske mannfolk opp der eg står. Dei skal og ta bilte. Dei pratar. Eg tenker - "å neiii." Eg ser for meg dubba tysk pornofilm. Kan ikkje dei heller gå på andre bruvingen og stå der heller? Det er freistande og hysja på dei. Eg prøver og ignorera dei men bit i meg ord som "schiff", "großartig" og "Richard With".

Medan eg står og ventar funderar eg på skipsnamn. Eit skip vert omtala i hokjønn. Eg ser den. Men korleis skal ein då tolke det når nokre skip har mannsnamn? Som MS Richard With. Om det er to kjønn er det vel tvekjønna? Eller er det då det er inkjekjønn? So er tankane mine på tankeflukt att............

Ja nei dette vart heller ikkje Gamle Johan klok på. Han tok ein ny god sup av det kalde ølet. Han hosta tørt og såg ut i det halvtomme cafelokalet. Med eine bordet kom det spiselyder. Det knitra i papir med eit anna bord. Ein ung gut sit der med slike nymotens greier. Ein bærbar PC. Det såg ut so han jobba - pfff!, tenkte han Johan. Han blåste då han såg dagens ungdom i arbeid. Skulle dette setje framtidas fundament? Han rista oppgitt på hovudet og lyfta kaffekoppen til barten med den røffe, arrete handa si. Brått fekk den trauste gubben auge på noko nytt..........

Like brått er eg tilbake i kvardagen att. Richard With er her. Eg fyk ned og i land. Rutinane kjem på løpande band. Eit besøk i RW må til. Eg såg desverre ingen eg kjende att der frå forrige tur.





Då me legg frå kai presis 2130 skal me ut på Folda. Det er som sagt tidlegare eit ope havstykke. Det var roleg her denne gongen og. Eg sender ein "skrytemelding" til ein kompis om ope-havstrekning-flatt-hav melding. Eg får tilbake melding om storm-på-stadt.


Meny:
Forrett: Stekte kamskjell på risotto tilsmakt med basilikum
Middag : Entrecote av kalv med asparges og soppfrikassè, pepperglace og småpoteter
Dessert: Jorbærterte toppet med vaniljekrem