No er me i Trondheim. Eg vaknar opp til lett snødrev. Ok det får våga seg. Eg har liksom i bakhovudet: "Er det no det skal byrje?". Det dårlege veret med høge bylgjer og frålandsvind. Med piskande vind so rufsar i håret og krona til Kong Neptun? Er det no? Eg gjev slepp på tanken like fort so eg har tenkt han og gjer meg klar til og starte på ein ny hurtigrutedag.
Frukosten er klokko 07 i dag pga ulike utfluktar. Mike har ikkje gjort leksa si og fylgt med i dagsprogrammet so han kjem 0735. Han er forvirra. Eg gjer han ei skrape. Han tek ikkje nett det so tungt. Frukostvindauget gjev meg kaia på Trondheim. Klokka 8 har snøinga gitt seg. Sola stikk fram bak kvite skyar.
Etter at frukosten er unnagjort er det ut til fotosesjon av MS Lofoten og MS Nordkapp so ligg til kai saman. Sånn ca 200 "råbilete" vert tekne der ute. Eg lagra 80 av dei. På veg attende til moderskipet mitt møter eg kjekke Elisabeth Fredriksen. Me går i kafeen på lofoten. Me har ein hyggjeleg prat over ein - nei to koppar kaffe. Det fortener ho. Har eg flaks so står ho der når eg kjem med sørgåande rute.
Klokka er 12. Elisabeth er reist og me har avgong. Eller departure som Mike so treffande seier. Ein stund etter me har forlatt Trondheim passerar me Kjeungen fyr. Det er eit flott, raudt fyr so står på eit skjer so er like stort so fyret sjølv. Det ser mest ut som eit lite kunstverk spør du meg. Dette fyret er sikkert teke bilete av ein million gonger. Send eit lass med japanare på hurtigruta og du kan doble det talet.
No kl 1530 går eg og ventar på facinerande Stokksundet. Det er eit sund med ein 90% krapp sving. Dette er eit av dei mange, store høgdepunkta på ein rundtur med hurtigruta. Det er uråd og ta beskrivande bilete og video av denne opplevinga. Det berre MÅ opplevast. Det sit 2 stykker ute i ein robåt og fiskar. Dei ventar sikkert på at hurtigruta skal passere og.
Veret er fint no. Vinden er der men den er berre der for å kjøle ned ein oppfyrt og entusiastisk globetrottar frå Voss. Lurte du på kor Mike var? Han søv! Det irriterar meg. Men han har fått sine anmerkningar so han veit kor landet ligg.
Eg sit framme i skipets opphaldsrom. Eg skriv litt i reisebloggen. Me passerar eit trangt sund. Eg ser folk på kaia. Dei vinkar til hurtigruta. Eit hyggjeleg tut attende. Brått set eit par seg ned med nabobordet. Parets betre halvdel er ei nydeleg jente. Eg kastar stjålne blikk. Gu kor fin tenkjer eg. Men so snyt ho seg høgt som ein bryggesjauar og eg mistar fort interessa for ho. Eg finn andre ting og kvile augene på utanfor skipet.
Litt over kl 18 skal me ut på det opne havstykket Folda. Eg går for ein trio av gullopplevingar og har no fått Stadt, Hustadvika og Folda. Alle med so godt so flatt, ope hav, fint ver og lite vind. 3 gull. Det er dette som visstnok skal facinera oss mennesker. Ope flatt hav. Berre ein strek i horisonten mellom hav og himmel. Det facinerar meg.
Kl 19 er det middag. Med nye lekre rettar. Borddama Kate fortel om snakkelydar i takvifta i lugaren sin. "I don't understand what they are saying but it's definitively voices". Ho har vore uheldig med rommet sitt. Det var visst noko gale med ein stikkontakt. EIN stikkontakt seier du? Ja rommet har berre 1 stikkontakt og då er det alvorleg. Rommet eg hadde på juleturen hadde ikkje stikkontakt ein gong. So ho fekk nytt rom. Alt ok der får me håpe.
Kate et fint. Maten ho har funne seg er flott dandert på tallerkenen. I augnekroken ser eg at ho tek litt av kvart frå tallerkenen på gaffelen. Erter, fisk og noko anna. Det er mest som eit lite måltid i kvar gaffel ho tek i munnen. Kjem vetlefingen opp må eg snakke til ho. So fint skal det ikkje vere her på hurtigruta. Her er det uformelt og kjekt.
Litt før 21 kjem me til Rørvik. Her skal me liggje med sørgåande MS Nordnorge. Ho er ikkje komen enno. Det er grått i veret her. Litt duskregn er det. Men det føltes meir forfriskande. Små mjuke dråpar so trefte meg i ansiktet.
Eg let ikkje sjansen gå frå meg og går i land og deretter ombord i den andre hurtigruta når ho har lagt til kai.
Meny:
Forrett: Blåskjellsuppe krydret med safran.
Middag : Svinefilet servert med vårens grønnsaksfrikassè og salvie sjy.
Dessert: Marinerte bær med mascarponekrem.






"Eg kastar stjålne blikk. Gu kor fin tenkjer eg. Men so snyt ho seg høgt som ein bryggesjauar og eg mistar fort interessa for ho. Eg finn andre ting og kvile augene på utanfor skipet."
SvarSlettHa ha ha! er så bra! :D
Takk for det. Hyggelig at du liker det. :)
Slett