fredag 12. april 2013

Dag 9:

Opp og hopp igjen. Det er utruleg lett og stå opp når ein er på tur med hurtigruta. Alt er liksom berre kjekt og sjå fram til. Dei digitale tala på telefon klokka har enno ikkje passert 07. Eg er allereide ute på dekk. Me nærmar oss Harstad no. Det vert litt travelt for meg no på morgonkvisten. Eg går for gull og satser på å ete frukost fyrst og so ut og få med meg innseglinga til Harstad og få bilete av MS Nordnorge so ligg der og ventar på oss.

Eg trur eg kjente ei bylgje eller to i løpet av nattens mulm og mørke. Men eg har vel drøymt det. Eller var det kong Neptun so var borti skipet då han var på veg sørover. Kanskje skal han leggje seg på lur ved Stadt? Eller i Hustadvika? Han likar meir og lage bylgjer der det er ope hav. Det vert meir morro for han då. Men eg føler eg er på godfot med han so eg er ikkje redd. Eg har aldri hatt noko uteståande med han og han har aldri plaga meg. So eg bekymra meg ikkje noko særleg. Eg har fått nokre "gotte-meldingar" frå ein kamerat som seier det er meldt storm ved Stadt. Bring it on seier eg.

0720 har eg sneke meg inn til frukostbordet. Det opnar eigentleg 0730 men eg reknar med eg har lovleg grunn til og vere her so tidleg. Det sit ein annan person her inne alt. Han har sjølvsagt ikkje lovleg grunn til og vere her. Han er berre svolten.

Eg er godt i gong med frukosten då Mike kjem og set seg ner. Mike hadde hatt ein av sine små kule episodar no på morgonkvisten. Slike som han garanterar for når han er på tur. Slike episodar so godt kunne ha skjedd meg og. No skjedde det han.........  

Han skulle dusje og sidan me ikkje har slike bekvemmelegheitar i lugaren må han ut på gangen. Han går på toalettet fyrst. Toalettet framme på B-dekket er ekstremt lite. Der må ein verkeleg tenkje seg om før ein går inn. Når ein går inn må ein snu seg (og trekke til seg magen om ein har slik mage) for å få att døra. I tillegg når ein gjer denne manøveren so må ein presse beina borti doskåla for å få att døra. Eigentleg ein stor - skam - å ha det slik. Uhygienisk? Jaja. Mike var inne i det vetle rommet og la handkledet på vasken. Etter nokre minutt høyrde han ei sildrande lyd men skjønte ikkje kor den kom frå. Lak toalettet? Nei. Då han var ferdig og skulle ut fann han ut handkledet var vått. Kliss vått. Det viste seg at vasken hadde slik sensor so gjer at vatnet kjem på når noko kjem innan for sensoren. So handkledet han skulle bruke i dusjen var kliss vått. Eg ser for meg eit fargerikt språk der den ellers so blide engelskmannen skal klemme seg ut at frå det trange toalettet.

Eg får unnagjort frukosten i ein fei og er ute på dekk att til me glir inn mot Harstad. Eg ser MS Nordnorge ligg der inne. Eg har full kontroll! Skipa ligg so kort tid til kai saman at eg rekk ikkje gå ombord i nordgåande skip for ein liten titt. Det får våga seg so den gamle kallen sa. Men eg var ute på kaien og strakk litt på beina mine. Godt for ein landkrabbe. Fast grunn under føttene. Eg fekk teke nokre "viktige" profilbilete av MS Lofoten. Her og.

 Etter avgong Harstad skal me gjennom Toppsundet før me nærmar oss spektakulære Risøyrenna. Eg har "arbeidsplass" ute på dekk no. Det er fotomotiv overalt. Den nasjonalromantiske følelsen ligg tjukt utanpå. Ein mann søv på øvre dekk. Solbrillene heng skeivt på. Han er langt vekke ska sei! Ei tysk dame røykjer i "røykjesalongen" ute på øvre dekk. Eg går til flaggstongbaugen. På den andre sida står den vakre dama eg har sjeska etter. Ho tyske veit du. Eg har sola i ryggen. Livet smilar til meg no. Panoramalandskapet er enormt. Det er mest litt overveldande. Eg står slik i mest 40 minutt.......... Mannen so søv vaknar brått og sprett opp. Dei tyske damene pludrar. Ein tysk mannsperson kjem ut den brune døra. Han smilar. Kven hadde vel ikkje gjort det på ein slik fin dag?

Eg er oppe på venstre bruvinge. Eg står der med ein likandes trønder. Han er like fascinert so eg er. Han har fleire rundturar enn eg har. Han seier han likar denne tida på året best. Å sjå på fjella og få den skarpe kontrasten til den blå himmelen bak er flott seier han. Han tek ikkje bilete i det heile teke. Alt er oppe her seier han og peikar mot hovudet sitt. Eg er ikkje heilt der enno. Men eg vert vel slik eg og til slutt tenkjer eg for meg sjølv. Eg har sikkert teke 3-4000 bilete til no.

Før me kjem til Risøyrenna får me Andøya langt ute i havgapet. Det er flott og sjå på. Mest litt magnetisk. Det ser ut på eit høgt fjell so stupar ned i havet på alle kantar. Flott og sjå på. Ein kunne nyta den utsikten i 10-15 minutt. Berre sjå, sjå, sjå og sjå på det flotte fjellet so framleis var dekt av det kvite gullet eg likar so godt. Trur eg.



Eg står på høgre bruvinge no. Eg ser framover mot den kommande attraksjonen, Risøyrenna. Denne oppmudra kanalen er ca. 6 meter djup og 4.5 km lang og var ferdig i 1922. Eg knipsar i veg med det nye kameraet mitt. Det står ei vakker jente ved sida av meg på høgre side. Ho må eg berre snakke med når eg er ferdig. Leggje inn sleiken og gje gass. Minuttane går. Me tek begge bilete. Eg kastar nokre små augekast bort på ho då eg tilfeldigvis tek bilete den vegen. Forboden frukt kallar eg slik. Men first things first. Minuttet seinare var eg nøgd med bileta eg hadde teke. Eg snur meg og har so godt so opna munnen for å sei noko til denne jenta. Mi utkårede. Men den vakre jenta hadde transformert seg til .......... Arthur. Ikkje noko gale med han, men det var ikkje nett han eg ville leggje ut aksjer til. Det er slike små kvardagstrivialitetar so gjer livet vert og leva. 

MS Lofoten i Risøyrenna
2 fugler svømmer bedageleg i det blå, blikkstille havet i Risøyrenna. Dei lagar flotte bylgjer. Det er den fremste fuglen so gjer alt arbeidet. Den andre har lagt seg bak i kjølvatnet og ser betrakteleg meir avslappa ut. Det er jo fremstemann som jobbar. Eg ser på dei. Eg lurar på ...... kommuniserar dei med kvarandre på ein slik svømmetur? Går det i skravling eller er det meir militær stil? Kven bestemmer når dei skal skifte på å liggje fremst? Tankane flyg ut i lufta att ..........


Gamle Kaspersen sat på den nedsletne benken utanfor Kiwi butikken. Han pirka i grusen med den nye stokken sin. Varmen var uutholdeleg. Ei innmari flue surra rundt han. Han la i ein pris snus og slo etter flua att. Ein gul måke flaug over hovudet hans og ein kvit klatt landa på den eine skuldra hans. Han svor og kristna fedrelandet. Stygge ord kom ut av den tannlause kjeften. No hadde ekspeditrisa i butikken fått nok. Døra gjekk opp men då ..............

Tilskodare på kaia
Eg kjem attende til kvardagen min att. Me ligg til kai i Risøyhamn. Anløpet her er fort unnagjort. Eg står oppe på dekk og ser på det so foregår på kaia. Kjekt. Etter me hadde forlatt Risøyhamn måtte eg berre heilt opp på toppdekket. Nyte utsikta endå litt meir. Om det var mogeleg. Ein ny fantastisk naturutstilling vert vist fram av Moder Norge. Sola ligg og lurar bakom fjella i aust. Det er mest skyfritt. Eg kan stå lenge slik og berre nyte utsikta. Nyte tida. Med den raude hurtigrutekoppen i handa.

Mike og Kate på kaia i Risøyhamn
Eg tok meg ein runde på dekk og møtte Mike bak på skipet. Han var våt på hovudet sa han. Han trudde fyrst det regna. Men då han såg opp var det ingenting. Ein ny regnskur. Såg opp att. - "where is it?" Han sa han trudde fyrst det var nokon på dekket over han so hadde flytta nokre stolar so var våte på setet. So gjekk han opp på det dekket og såg det var ein ansatt so spylte golvet med slange.



1230 er det anløp i Sortland. Vinden blåser søte ord står det på eine bygningen på kaia. Eg og Arthur står oppe med brua og ser på det so føregår på land. Det er sol og klart ver. Plutseleg kjenner eg dråpar av regn. - "Ka faen?" tenkjer eg og ser opp. Regn? Eg skjønner ikkje noko. Ikkje Arthur heller. Nye regndråpar. Me ser begge opp. Framleis sol og skyfri himmel. So bankar ein mannsperson på ruta inne frå brua. Han gjev teikn. Aha!! Nokon spyler brovindauget. - "Well it's better that I get wet than he not see anything", sa Arthur og me humra.

Klokka 13-1430 er det lunchtid. Nytt etegilde for onkel reisande Mac. Då har Gordon Ramsey laga nye lekre, gode rettar på kjøkkenet. Ja for maten ombord er so godt det må vere han so er der inne. Eller? Eg seier magen går til bordet med open munn når det er lunchtid. 4 kløveret samlast att. Me fortel og diskuterar kva me har opplevd sidan middagen i går.

Mike kom med nyttig informasjon om at han hadde skifta linse i dag tidleg. Eg kunne bekrefta det. Men spurte i det opne forum kvifor han måtte ha munnen open når han la inn linsa. Mike parerte kjapt at det var fordi det balanserar "handlinga". So lærte eg det.

Mike hadde og eit spørsmål om det var vanleg for jenter med brunt hår og ha blå auge? Det var de tingen som hadde eit fornuftig svar på. Eg sa om me heldt på og stille slike spørsmål kjem vel kapteinen og ber oss forlate skipet. Men ikkje i same hamn.


Tida går frå oss. Me legg til kai i Stokmarknes. Hurtigrutens fødestad. Her skal eg i land. Me skulle alle i land her. Inn og sjå på hurtigrutemuseet. Trivelege Sten Magne Engen er her som alltid. Det er kjekt og slå av ein prat med han.

Favorittskipet mitt; MS Nordstjernen
Det er dårlege greier at skipa kun ligg til kai ein time her. Det er ikkje nok! Det er ikkje nok tid til og få nyta sjølvet museet og få gå over i gamle MS Finnmarken so ligg her. Det er mange eldre turistar so reisar. Nokre av dei er dårleg til beins. Nokre av turistane i dag og vil opp og sjå. Men då er det snart avgong for MS Lofoten. So dei må droppe det. Dei og. Det er ein skam!

So har den vetle timen i Stokmarknes gått og MS Lofoten seglar vidare sørover. Høgdepunkta kjem tett på i dag. På dag 9 av rundturen. No skal me snart inn i Raftsundet. Dette sundet er uråd og ta bilete av. Det MÅ berre opplevast. Halvvegs inn i Raftsundet skal det vere start på ein utflukt. Havørnsafari. Det vil eg vere med på. Eg har vore på denne utflukten før men vil ta den ein gong til. Arthur skulle og vere med. Denne utflukten kan anbefalast alle.

Ei havørn skal ta fisk
Og me fekk full valuta. - Faaantastisk. Me hadde heile fire ørnar so flaug over skuta mest heile tida. Dei ville liksom ikkje gje seg. Dei fylgde med oss mest heilt til Svolvær. Det er ikkje lett og ta gode bilete av flygande fuglar. So eg stilte inn det flett nye kameraet på "seriefoto". Eg tok 1400 bilete(!). Og eg fekk nokre fantastiske bilete. Takk til Bjørn Senderud so anbefalte dette kameraet til meg. Me kom til Svolvær rett før MS Lofoten. Eg sprang i land og rakk og knipse nokre bilete av den gamle dama i det ho glei inn til kai. Flott.


Ei havørn har fått fangst











Fantastisk bilete av ei måke





Bonusen med denne utflukten er at ein får teke bilete av hurtigruteskipet og. Masse bilete. 2 for the price of 1. Før eg og Artur for på denne utflukta meinte Mike at "the seaeagle would shit itself when seeing the people onboard". Om dei gjorde det skal vere usagt.

Me skulle liggje til kai i Svolvær halvannan time, so her var god tid til og gå i land. Eg og Mike hadde oss ein runde inn i sentrum. Der var det skremmande stille. Svolvær er som natt og dag på sommar og vinter.

Klokka 20 var det middag. Middag med innlagt stressmoment. Me skulle møte MS Polarlys om ein halvtime. Klokka 2030. Då måtte eg forlate middagen ein augneblink. Eg hadde ikkje dårleg samvittigheit for det. For det var god tid mellom forrett og middag. Under måltidet kjem det nye samtaleemne opp. Mike og Kate rotar med datoar og anløp me har vore på og kjem til. Dei slit med og halde Trondheim og Tromsø frå kvarandre. Det vert ein stor fiskediskusjon under dette måltidet. Om det verkeleg var torsk so låg på fatet. Kate spurte kelnerinno. Kate og Arthur diskuterte so felt med ho at ho måtte hente turledar Svein. Han fekk det avgjerande ord og kunne bekrefta at det verkeleg var torsk.

So vart det ein liten avstikkar for meg. Ut og ta imot MS Polarlys. Ho kom. Eg tok bilete og video. Og minuttar seinare var den hendinga overstått og eg for inn att. Det er godt med alt som er gjort.





Anløpet i Stamsund var av ubetydeleg art so det fekk gå si gong. Rett etterpå var det Vestfjorden so stod for tur. Her var flatt hav. Eg sat i salongen og fekk skreve litt i bloggen. Som eg sa tidlegare - det er godt med alt so er gjort. Eg svei beint av 4 timar her. Og sat her då me kom til Bodø kl 02. Men då var tida der for meg. Då var det natt.



Meny:
Forrett: Skipets skalldyrsuppe
Middag : Rosmarinstekt torsk med gulrotpure, smørdampet purreløk og amandinepotet. Servert med rødvinsjy.
Dessert: Sitron posset. Servert med friske bær.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar