Ny dag. I dag er det Helgelandskysten so er på programmet. Då eg vaknar frå teknomusikk til den vetle svarte medhjelparen min so ligg under hovudputa ligg me til kai i Ørnes. Klokka er ti på sju. Jepp. Det er berre å gje gass. Mange ting og sjå på i dag og. Inga tid og miste. Eg kikker ut for å sjå på "ko-auge" utsikta. Den var ikkje nemneverdig spesiell. Eg såg rett i eit bildekk.![]() |
| Veret klokka 0715 |
-- skriik --.
Nokon har tatt bordplassen vår. Det er open sitting men allikavel. I det indre sinn kastar eg stygge blikk på dei so har teke bordet vårt. Men ikkje her. Uvitskap skal ikkje straffast med bortvising. Eller noko i den dur. Det er eit eldre par so har gått inn for landing med bordet vårt. Krake søker make. Dei er som støpt til kvarandre. Dei er sikkert gifte. Og då veit du kven so er sjefen. Kos dykk med maten ....... Eg finn fort ny plass og sette meg ner. Ikkje lenge etterpå får eg selskap av Arthur. Sjølvsagt vart det eit diskusjonstema om dei to so tok bordet vårt no på morgonen. Arthur ville begynne med bordvakt. Komme tidleg m.a.o.
![]() | |
| Eit blinkskot |
Kvart på ni skulle det kome eit nytt overraskande høgdepunkt på denne turen. Over høgtalaranlegget kom det beskjed om at me skulle ta ein avstikkar og segle forbi den gamle handelsstaden Selsøyvik. Jaaaaa! No kribla det i skrotten til ein hurtigruteentusiast. Dette var og eit anløp og stoppestad for hurtigruta i gamla dagar. Eg sprang på lugaren og henta kameraer og telefonen. Dette skulle dokumenterast! Pike deg! Eg følte meg mest litt relgiøs der me glei forbi denne vetle plassen. Det var fleire av dei andre gjestane so var ute på dekk og. Eg trur ikkje heilt dei veit kva dei såg etter.
Ca. klokka 0915 skulle me ut av dei polare områder. Passering av Polarsirkelen. Men no feil veg på ein måte. Det er jo meir stas og passere den på nordturen. Kulo kom og kulo for. Veret var upåklageleg flott. Eg og Mike hadde ein fotosesjon med nokre gamle fiskehovud so var tredd ner på ei treramme. Eit minutt etter me hadde gjort oss ferdig datt plutseleg eit av fiskehovuda på dekk. Ikkje so rart. Det var sikkert det hovudet Mike leikte seg med.

Kvart over 10 skulle det markerast at me hadde passert Polarsirkelen. Det måtte jo det. Som seg se og bør. Reiseleder, hotellsjef og kapteinen stillte villig opp for å gje oss tran for å markere begivenheiten. Sundt og godt. Me fekk ein skjei sidan me hadde vore so flinke og sitje i ro medan me tok medisinen vår. I all ståheien la eg frå meg skjeia på eit bord. Den var vekke etter eit par sekund. Ein gribb hadde vore på ferde. Men eg fekk ein ny ein av kjekke Svein reiseleder. Ei stjedna til deg for det. Takk. ![]() | ||
| Eg måtte jo avbildast med kjekke Roy Gjerde. |
Arthur nyt livet på dekk. Anløpet i Nesna gjekk fint of roleg føre seg. Ikkje noko og skrive heim om. ![]() |
| MS Lofoten kviler seg i Sandnessjøen |
Mens eg og Mike går i den eine gata so måtte vere handlegato funderar eg på kvifor fine jenter må gå so fort. For dei gjer hovudsakeleg det. Er dei redd me mannfolk skal ta etter dei? Korleis veit dei at det nettopp er dei som er fine? Spørsmåla er mange. Og dei heng ubesvart i lufta.
Eg går forbi ein dyrebutikk. Ein hund sit i døropninga. Den er gammal av dage. Han sitt der liksom so sørgmodig og venatr på nye kundar. Eg tar bilete av han. So kjem ein kunde. Hunden går inn i lokalet og kjem ut att i døropninga like etterpå. Der sit han og skuer på bylivet her i den travle handlegato. Eg går vidare. Tankane mine flyg .................Men eg vaknar til live frå tanketenkeriet mitt då Mike ber om oppmerksamheiten min. Han måtte fortelje om ein episode ombord i skipet. Det var ei gammal dame so kom ombord i Tromsø. Ho gjekk med krykke. Litt seinare hadde ho krykko i andre hånda. Mike lurte veldig på det. Om han skulle gjere ho oppmerksam på at krykka var i feil hand. Men svaret gav seg sjølv då han seinare oppdaga at det var ei anna dame. Case closed repliserte eg kjapt.
Etter avgong Sandnessjøen får eg eit gjensyn med dei sju systrene. Og so var det midt på dagen og lunchtid. Dei fantastiske fire samlast ved lunchbordet og nye viktige tema kom fram.
Litt over klokka fire var det ny flott innsegling eg måtte få med meg. Innseglinga til Brønnøysund. Dette - er - ei fin innsegling. Og den var ekstra fin i dag. Det er sol frå skyfri himmel ute no. Sola varmar meg i ansiktet. Det er blikkstille, blått hav rundt MS Lofoten. Ikkje ei rukke på vatnet. Ein kunne lagt papir på vatnet og det hadde ikkje bølga seg. Eg høyrer måkeskrik i det fjerne. Nokre skuelystne mennesker har møtt fram på kaia for å ta imot oss.
Eg fylgjer lossinga frå skip te kai. På ein kasse står det "må ikkje utsetjast for sollys". Vel då er ho øydelagt spør du meg. For det er då vitterleg sollys her. Ho var under dekk. Men no står ho på kaia og er eksponert, overeksponert for sollys. Jaja. Det er ikkje mitt problem. Tre fiskepallar skal ut og. Dei kjem i tur og orden opp frå lasterommet foran på MS Lofoten. Kjekt og stå her på bruvingen og kontrollera at alt går rett for seg.
På kaia går ein mann og et is. Han må ha fått for mykje is. Magen er i overkant av rund. Eine handa er verdsvant stukke ned i lomma. Han går sjølvsikkert fram og tilbake. Det dukkar etterkvart opp fleire med is i handa no i vårvarmen. Ein av mannskapet har fått besøk av kone eller kjæreste. Dei går hand i hand saman med to unger bortover kaikanten. Nede med landgangen står tre menn og betraktar lossinga. Spennande. Dette har dei garantert gjort før. Ei brystfager jente forter seg forbi alle på kaia. Det var jo det eg sa jo! Fleire frå mannskapet er inne i kiosken og snopar. Det har eg gjort og. ![]() |
| Fantastisk ver før Torghatten |
Litt etter halv seks er det hatteholet so kjem. Torghatten veit du. Dette holet er 160 meter langt, 35 meter høgt og 15 meter breidt. So det er ikkje lite. Jepp. Holet var der enno. Eg må ta bilete atter ein gong. Mike tek bilete. Og so tar han bilete ein annan veg. Eg seier: "Your looking at the wrong hole Mike." Ei dame bak oss ler høgt.
Eg overhøyrer Mike og Arthur i ein liten diskusjon:Mike: Did you see the hole?
Arthur: Yes, and so did you. You took pics of it.
Mike kvervulerar litt og ein småoppheita diskusjon oppstår. Konklusjonen vert at Arthur seier:
- "A hole is something with something around it"
1830 er det middag. Kapteinens middag. Eg synes det er ein flott gest. At mannskap samlast i restauranten for å gjere ære på dei reisande. Og i dag og me får servert boblevatn når me kjem inn. Mike trur det er kvitvin. - "You cannot drink that to the fish" seier han bastant. - "Im not gonna eat it im gonna drink it", svarar eg kjølig tilbake. Kate ler.

Under middagen kom nye tema og historiar fram frå bordet med dei fantastiske 4.
Arthur hadde ein flott vits om den norske høna og den engelske grisen. Dei to vart einige om å gjere ei god tjeneste for barna i Afrika.
- "Eg gir nokre egg og du kan gje svinekam", sa høna.
- "Thats not fair" sa grisen, "You give an offer. I give a sacrifice".
Det einaste minuset på denne supre rundturen er at middagen vert dregen ut i det ulidelege. I kveld kom forretten etter 38 minutt! Det tok meg eitt minutt og mest innhalere den so svolten var eg. Middagen kom etter nye 36 minutt. Eg såg mest fanden på veggen so svolten var eg. Det tar vel nye 30 minutt før desserten kjem sa eg høgt til mine bordkollegaer. Vel nesten. Det tok 22 minutt. Dette er unødig! Eg veit restauranten har sikkert fått ordre om å drøye ting so folk skal kjøpe meir drikke. Men slik tenkjer ikkje eg. Eg har og snakkerett! Eg vil ikkje belønne dei for å somle. Langt i frå. Kva andre gjer får vere opp til dei.
Jaja. Me kom oss gjennom nok ein flott middag. Klokka var snart halv ni. Det nærma seg nytt hurtigrute anløp. No skulle me leggje til kai i Rørvik. Her skulle og MS Richard With liggje til kai med oss. Jippi! Eg går opp til topps for å få ta bilete og video av hendinga. Eg står på venstre bruvinge. Eg ventar på at Richard With skal anløpe.
Eg har rigga opp med kamera på blekksprutstativet og det andre kameraet heldt eg i handa. Eg er superklar. Eg skimter RW langt ute der. Det er sikkert 6-7 min før ho når vegbrua. Eg stod her i mi einsemd og nytte stillheiten. Men kor lenge var Adam i paradis? Det kjem to tyske mannfolk opp der eg står. Dei skal og ta bilte. Dei pratar. Eg tenker - "å neiii." Eg ser for meg dubba tysk pornofilm. Kan ikkje dei heller gå på andre bruvingen og stå der heller? Det er freistande og hysja på dei. Eg prøver og ignorera dei men bit i meg ord som "schiff", "großartig" og "Richard With". Medan eg står og ventar funderar eg på skipsnamn. Eit skip vert omtala i hokjønn. Eg ser den. Men korleis skal ein då tolke det når nokre skip har mannsnamn? Som MS Richard With. Om det er to kjønn er det vel tvekjønna? Eller er det då det er inkjekjønn? So er tankane mine på tankeflukt att............
Ja nei dette vart heller ikkje Gamle Johan klok på. Han tok ein ny god sup av det kalde ølet. Han hosta tørt og såg ut i det halvtomme cafelokalet. Med eine bordet kom det spiselyder. Det knitra i papir med eit anna bord. Ein ung gut sit der med slike nymotens greier. Ein bærbar PC. Det såg ut so han jobba - pfff!, tenkte han Johan. Han blåste då han såg dagens ungdom i arbeid. Skulle dette setje framtidas fundament? Han rista oppgitt på hovudet og lyfta kaffekoppen til barten med den røffe, arrete handa si. Brått fekk den trauste gubben auge på noko nytt..........
Like brått er eg tilbake i kvardagen att. Richard With er her. Eg fyk ned og i land. Rutinane kjem på løpande band. Eit besøk i RW må til. Eg såg desverre ingen eg kjende att der frå forrige tur. Då me legg frå kai presis 2130 skal me ut på Folda. Det er som sagt tidlegare eit ope havstykke. Det var roleg her denne gongen og. Eg sender ein "skrytemelding" til ein kompis om ope-havstrekning-flatt-hav melding. Eg får tilbake melding om storm-på-stadt.
Meny:
Forrett: Stekte kamskjell på risotto tilsmakt med basilikum
Middag : Entrecote av kalv med asparges og soppfrikassè, pepperglace og småpoteter
Dessert: Jorbærterte toppet med vaniljekrem








Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar