onsdag 10. april 2013

Dag 7.

Eg er tidleg ute på dekk denne morgonen. Klokka er kvart på sju. Det fine veret (for)fylgjer oss. Eg har sikkert brukt same superlativet ved overfarten over Aust- og Barentshavet. Fantastisk. Men det er jo det det er. Det er flatt hav her. Like flatt so eggerøre. Sola er på veg opp no. Korleis kan eg beskrive noko slikt? Soloppgong og med ope hav. The world is not enough hadde James Bond sagt. Ei fiskeskøyte glir forbi langt der ute. Ho har haleheng av eit kobbel svoltne, grådige måkar. Arthur har og funne vegen ut. Mike er oppe men sit inne og les. - "You've got your priorities wrong there mate".

Halv åtte er det frukost. Og det er jo ein god start på dagen. Hvertfall i eit hurtigruteskip. Medan eg et frukost ligg me og til kai i Vadsø. Frukost og anløp her pleier og smelte saman i eit vakkert samkome. Me er no i Norges nordlegaste fylke.




Innseglinga til Kirkenes er og fin. Hadde du venta noko anna? Eg står ute på dekk siste time før me anløper denne staden som berre ligg 10 km frå Pasvikelva so er grensa mot Russland. Då me nærmar oss Kirkenes kan ein sjå at det ligg eit tunt islag inne med hamna. Stilig og sjå den klare skillelinja mellom is og vatn. Skipet bryt isen som flatbrød. Facinerande og sjå på. Ein kan få same følelsen der som ein får av å stirre inn i bålflammar. Eg får teke nokre bilete medan eg står der og stirrar, mest fjetra, i 6-7 minutt.

Då trossa vert heve i land får eg auge på Tore Ljøkjel på kaia. Han skal kome ombord og spele saksofon. Eit flott konsept. Han skal spele saksofon frå toppdekket med kvart anløp og med møte av andre hurtigruteskip. Eg gler meg alt til det. Tore kjem frå Molde og er ein særs hyggjeleg kar so spelar nydeleg musikk. Ein av CD'ane hans er laga spesielt til hurtigruten. "Artic awakening". Eg har kjøpt alle hans 5 CD'ar so det burde vel sei det meste.

Eg helsar på Tore og me har ein kort prat før han går ombord og eg går i land. Eigentleg litt feil og gå i land når han går ombord..... Eg skulle vente på Mike her so me kan gå saman opp i sentrum. Men Mike var ikkje og sjå. Han hadde eit av sine forsvinningsnummre att. Jaja. Eg for åleine. Ut i den store verden. Eg går innom ein matbutikk. Rema eller Rimi. Eller var det Coop? Samma det. Mat hadde dei. Og mat skulle eg ha. Hamstra litt.

Etterpå tar eg ein kort promenade langs restane av E6. Ja for det er her E6 ender opp i ingenting. Rett og slett. Den går ned ein bakke. Transformerar seg til ein grusveg og so ut i eit buskas. Kult? Medan eg går langs vegen her møter eg eit par mennesker. Eg høyrar meir russisk enn norsk. Alle skilt i Kirkenes står både på norsk og russisk. Og eg veit frå forrige rundtur at alle butikkar har minst ein russisktalande ansett. So det må vere mange russare her. Er det enklare å innvadra her? For russare meinar eg. Eg ser for meg eit smutthol her oppe i nord.

Medan eg går her og sniffar inn den gode, kalde vårlufta ser eg på gamle russiske trålare og fiskebåtar. Rusten er påtrengande synleg på dei. Eg ser lys i ein trålar, men ser ikkje noko liv ombord. Teinar, wire og kablar går omkvarandre på skipsdekka. Eg ser etter liv. Kan ikkje sjå noko. Grunnen til at det ligg so mange rustholkar i Kirkenes er at det er vanskeleg og skaffe delar til å reparere slike skip i Russland so dei kjem til Norge og Kirkenes i det ærendet. Men her er det for dyrt og reparere, so dei ligg fortøyd her til dei har råd og fikse. Ein vond spiral. Kor tener dei penger hen om båtane ligg fortøyd her?

Eg står på toppen av ein liten haug. Det går ein landgong ned til kaia. Då har ein tilgong til alle dei 6 holkane so ligg der. Ein draum og stå der og ta bilete. Men eg tør ikkje gå ner. Kanskje det kjem ein russar ut frå gud veit kor. 2 måkar flyg over båtane. Dei set seg på ein mast. Dei er tause vitne. Eg ser på alt det rare, framande greiene so ligg i båtane og so for eg tilbake att mot MS Lofoten. Ho ligg bedageleg på kaia og kviler maskin og mannskap før det er retur mot Bergen att.




Litt før eitt er det avgong Kirkenes for denne gongen og kl 13 er det lunch. Når MS Lofoten forlet Kirkenes hamn spelar saksofonist Tore Ljøkjel musikk frå øverste dekk. Den mannen er ein hurtigrutegud for meg. Eg står bak i skipet og nyt dei flotte tonane so kjem frå Tores saksofon. Returen frå Kirkenes vert meir sett på som ein opptur enn ein nedtur. Ja for når me passerar Honningsvåg går det berre nedover. Ihvertfall i fylgje kartet.

Eg finn meg lekre, varme rettar og magen er atter ein gong i himmelen. Eg er fort klar for runde to. Kva har dei for suppe skal tru? Eg løfter optimistisk og forventningsfullt på lokket til den store svarte kjelen. Det er blomkålsuppe i ho. Å herregud. Den suppa var
god du. Eg er av den formeining at smak kan ikkje beskrivast. Den må opplevast. Og det gjorde eg. I full mundur. Eg hadde to porsjonar. Mike hadde innvendingar til alt dette.

- "What? You have food before soup?". Han meinte det burde vere omvendt.
- "What difference does that make? Everything is going down the same drain anyway. I rest my case!", svarte eg nøgd og fann meg meir suppe.

Klokka 16 er det anløp Vardø. Norges østlegaste by. Her skal me liggje ein time. Etter eit par minutts landliggje kjem det ei lokal kaffegjeng ombord. Eg går bak ein mann inn i kafeteriaen. Han er merkeleg kledt. Som ein landsens mann. Han luktar rart. Som majones.

- "Ja der kjæm han Asbjørn og", høyrer eg lengre framføre meg.

Praten er godt i gong no. Eg sit med eit anna bord i ein krok. Og kan ikkje unngå og høyre dei 4 karane snakke. Mykje slarving om kva som har skjed sidan sist.

- "En sæt jo ikkjæ potetan i august" seier ein. So mista eg interessen for dei og fokuserte meg om mitt. Ein ny konkurranse ombord er i gong. Det var Arthur so meinte me skulle ha ein konkurranse når Mike tek fram kamerat fyrste gong om dagen for å ta bilete. Eg trur Mike tok hintet no. Kameraet kom fram fleire gonger på turen etter dette.

Ny dag, ny kveld og ny middag. Eg kunne verte vant med dette veit du. Det var kylling til hovudrett. Mmmmm. Eg lurar på om kyllingen visste kor god han er? Eller var. Kyllingen fordufta fort. Me diskuterte ivrig denne retten. Kate meinte det ikkje var kylling. Kva kunne det då vere? Andre fuglearter kom opp.

- "Måke?", spurte eg,
- "Nao, nao, nao", sa Arthur. Mike pekte ut vindu. Det var fugler der og. Dei flaut på dei små bylgjene.

- "They are flapping their wings", sa Mike opplysande til oss.
- "Oh you mean flying?" sa eg.

Desserten til slutt var deilig rabarbrasuppe servert med vaniljekrem. Og den var god og. Det ser unekteleg ut som det er ein liten krabat so dukkar opp i midten. Høyrte eg ein flue i suppa?

Det kom ei servitrise til bordet vårt. Ho lurte på om me ville ha vatn. Mike senka skuldrane sine mot kanten av bordet. Strakk fram nakken. Og såg på den vetle identifikasjonsbrikka som hang på sida av hofta til den søte servitrisa. Han ville sjå navnet. Ho såg det og smilte attende.


- "You know of course you can do it a little less obvious", sa eg lattermildt til Mike.
- "What do you mean?", svarte han.

Kate spurte servitrisa om dette verkeleg var kylling. Den var veldig stor til det. Mike spekulerte i om den kanskje hadde fått steroider. Dette var eigentleg eit uutømmeleg tema men det vart fort uintressant for oss. Kate sa ho ikkje kunne høyre noko saksofonmusikk ute på dekk. - "Ikkje so rart, for musikaren sitt der", sa eg og peikte på nabobordet. Me lo lett. Kate klukka. 

Før anløp og kveldsvisitt i Båtsfjord er meg og Mike på lugaren og har oss ein skarp ein. Trur ikkje Mike hadde godt av den eg.







Båtsfjord er eit av dei stadane i Norge som har størst ilandføring av fiskefangstar. Båtsfjord ligg midt i mellom Austhavet og Barentshavet. Kvifor heiter det Austhavet når det ligg meir vest enn Barentshavet. Kvifor er det ikkje omvendt? Austhavet er lengre aust enn Barentshavet. Eller er det nord? Eller vest? Eg er sanneleg ikkje sikker på geografien her oppe i nord. Jaja. Det var stille som i graven her i Båtsfjord i kveld. 


Neste anløp er Berlevåg. Det var for mykje vind der inne i kveld, so verken me eller Midtnatsol kunne gå inn der. Det var møte i rom sjø. Vener og kjente so kun får flotte bilete med sol, klart, flatt hav og fine motiv lurte på om eg hadde storm og høge bylgjer no. Dei fyl med på nett og vermelding.

- "No då", spurte dei optimistisk. "No må da vel vere bylgjer te deg". Det kom "gotte-meldingar" frå enkelte. 

Men det var det ikkje. Eg og Arthur skjønte ikkje heilt at me ikkje kunne gå inn til Berlevåg. Det var ikkje so gale her. Det var kanskje mykje vind, men den må ha kome feil veg for Berlevåg og rett veg for oss. For bylgjene var so små at me lett kunne gå utan rekkverkstøtte ute på dekk. Me stod ute og venta på skipsmøte med MS Midnatsol.

Når skipa møttes skulle saksofonist Tore Ljøkjel spele frå øverste dekk. Han spelte so vakkert og fint at MS Midnatsol glei forbi oss utan og tute. I rein respekt. Det må ha vore flott for dei so stod ute på dekk på begge skipa og høyre den vakre musikken. MS Midnatsol var mest oppslukt av mørket. Kun opplyst av små dunkle lys frå skipet. Vinden ulte, men dei flotte saksofontonane varma sjelen. Eg koste meg eg. 

Eg elsker hurtigruten og eg elsker flatt ope hav. MS Lofoten burde vore på blå resept!

Medan me segla over Austhavet kom turens fyrste nordlys. Eg og Tore stod ute og kikka. Det var ikkje det heilt store. Men det glimta til inni mellom. Og då var det bra. Det er mest so ein gjettekonkurranse og stå ute på dekk og venta. Ein veit liksom ingenting. Ikkje veit ein når det dukkar opp og ikkje når det skjer. Fallhøgda kan vere stor om ein ikkje gidd stå der lengre og går og legg seg og det so dukkar opp.

Eg er ute på dekk til litt over midnatt før eg gjer meg. Eg legg meg nøgd. Nøgd som ein mett baby.




Meny:
Forrett: ørretrulader.
Middag : konfitert kyllinglår med syrlig savoykål, dampet vårløk, appelsin og balsamico saus. Servert med mandel potetpure.
Dessert: Rabarbrasuppe servert med vaniljekrem.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar