tirsdag 9. april 2013

Dag 6.

Ein ny dag i emning. Før eg fer ut kikker eg i koøyet på lugaren. Kult! Ein kan sjå under brygga i Hammerfest. Eg ville ta bilde. Eg fekk lysrefleks. Ta av lyset Mike. Eg tok bilde igjen. "No it did'nt help". So for eg ut.

Frukosten vert innteken i sedvanleg hurtigrute stil. Skive med gul og brunost. Kald appelsinjucie og melk. 2 hardkokte egg, ulike varme rettar og sjølvsagt 2 koppar kaffe. Eg et meg mett. Og litt til. Eg har god tid i dag. Sørgåande hurtigruteskip kjem ikkje før i 9 tida. No sit eg og nippar til kaffen. Ok - eg smugkikkar litt på restaurantjentene og drøymer meg vekk.

Draumane tek meg til ein nedsliten bar i den store drabantbyen Oslo. "Den tilårskomne bryggesjauaren sat på stamkro si. Han såg på det tomme ølglaset på bordet. Han pitla borti det ekle, overfylte askebegeret med den skitne pekefingeren sin. Han hadde fått sparken i dag. Kva skulle framtida bringe? Han la i ein ny pris snus og skar ein grimase då han kom på kor den same fingeren hadde vore. Han bante og svor so jenta i baren måtte tilkalle sedelighetspolitiet. Det var berre ein utveg på denne ubehagelige situasjonen ....... Ei flue surra like over hovudet på han. Eit kjapt klask med den knapt vekesgamle utgåva av VG gjorde det av med flua. Ja kva skulle livet bringe no?....."

Eg er tilbake i kvardagen med eit rykk. Eg må gjere meg klar til møtet med MS Trollfjord. Eg hentar kamera og går ut. Det er grauttjukk skodde ute. Og tett snødrev. Ufyseleg. Eg tenkte no då! No må vel det dårlege veret byrje. Pessimistisk tanke kanskje. Og sjølvsagt IKKJE noko eg håpar at skal skje. Men hey ka skal ein sei? Skipa møttes i skodda. Bilete vart bra. Eit tilslørt hurtigruteskip. Eg tenkte framover. Magerøysundet next. Eit galaktisk høgdepunkt for meg. Og glatt opp på topp 3 lista mi over hurtigruteseverdigheitar.

Men fyrst Havøysund. Havøysund var eit flott anløp halv ti. Eg stod ute på rekka og studerte heile greia. Ein får liksom stilt nyskjerrigheiten på ein måte. Eit stopp på eit av dei små hurtigruteanløpa er mest som å kikke inn i ei lita verden so lever sitt eige liv. Veret var dårleg før me kom til Havøysund. Men plutseleg skein det opp. Mest som lyn frå klår himmel. Like fort so det hadde vore "dårleg" ver, vart det bra. Oi oi oi oi. Dette kjem til å gjere vondt. Vondt for det stakkars hovudet mitt. Med nye magiske sanselause augneblikk. Og det vart det.

Eit av dei mange flotte kunstverka som er ombord i MS Lofoten. Dette maleriet er av det tidlegare hurtigrute skipet MS Sigurd Jarl.







Eg, Mike og Arthur står på babord brovinge og ser på det som er framføre nasen vår. Langt der framme ser me munninga til Magerøysundet. Eg overhøyrer denne dialogen mellom dei to engelskmennene:

Arthur: I've taken some 200 pictures today.
Mike: Any porno?
Arthur: No, no. I have to much respect for women to do that.
Mike: Im not thinking about women.

Eg ler. Eg såg ikkje den der komme sa eg til Mike. Eg veit ikkje heilt om Arthur er på same bylgjelengde (for å bruka rette utrykket) som meg og Mike når det gjeld humor.


Brått er me på veg inn i Magerøysundet. Gud hadde ein særs god dag då han lagde til dette sundet. Det er uråd og ta bilete og video for å vise kva dette sundet har og by på. Eg høyrer kun den hjertevarme lyden frå motoren til MS Lofoten i det me glir gjennom dette flotte, vinterdekte landskapet. Står ein bak med flaggdekket er det mest so stille her inne i midten av sundet at ein kan høyre lusa hoste. Sola gjer den kvite snøen endå kvitare. Det norske flagget blafrar svakt bak på skipet. Sjelen får pusterom her inne. No byrjar denne rundturen med MS Lofoten og true fyrsteplassen til MS Richard With.

I dag er lunchen omgjort til brunch. Kva er forskjellen? På Norsk og Engelsk heiter det det same. Lunch eller brunch, Men på tysk heiter begge deler mittagessen. Kvifor det da? Det er vel eit fett for dei. Kvifor det på tysk heiter abendessen til middag vil eg ikkje spekulere i ein gong. Det var hvertfall eit fett for meg. Eg skulle ha mat. So får dei kalle det kva dei vil.

Det er open sitting, men eg glir ned på stambordet mitt. Det er enklast slik. 2 menn på nabobordet snyt seg. To til prisen av ein. Ekkelt. Dei snyt seg som om dei har noko og bevisa. Fysj. Lun.... brunchen var deilig og god. Den såg akkurat ut slik so lunchen gjer so for meg var det lunch. Eg sit ein halvtime, før eg gjer meg klar til anløp i Honningsvåg.

Me legg til kai i Honningsvåg som kan by på praktfullt ver. Sola var framme. Det var kaldt vinterver her. Det knitrar under skoene når ein går på snøen. Eg og Mike tek oss ein runde i sentrum. Her er det sparkar som er det mest praktiske framkomstmiddelet (bortsett frå bil då). Me ser sparkar her og der. Ei dame i grå kåpe sparkar seg forbi oss. Det var lenge sidan eg hadde sett nokon på spark so eg snur meg og ser etter ho. Det såg unekteleg kjekt ut. Eg spurte Mike om me skulle låna oss ein spark og ta oss ein runde. Men det var han ikkje lysten på.

Me går til snuppen av byen og eg får utsyn til MS Lofoten. Må jo ta litt bilete frå denne kanten og. So går me tilbake att. På tilbakevegen kjøper eg meg eit par hanskar. Følelsen av velvære breier seg over kropp og sjel. Eg har ein lystbetont, passiar med den hyggjelege dama bak disken, før eg fer ut.

No skulle me på cafe. Ein særs lokal cafe. Opp ein trapp og inn ein dør so dei seier. Corner cafe heiter plassen. Då me går inn utgongsdøra vert eg møtt av ein garderobedisk. Ingen folk der so me går vidare opp. Eg høyrer snakkelydar der oppe. Me går inn i lokalet. Det var eit stort lokale. Eg ser 4 bord med folk på.

Kort sagt. Eit russarbord, eit mannabord og to damebord. Me set oss midt i mellom. Hammerfestkaffe kjem på bordet. Russarbordet bak oss er det uråd og tjuvlytte til. Det er to damer og ein mann so sit der. På mannabordet foran oss sit det 3 karar. Skikkelige nordlændingar skal seie. Med bart og bf-lue på hovudet seier han eine at det "æ no ikkæ så væst og væ pænsjonist". Og dei heldt praten rundet det temaet. Eg dett ut av samtalen og tjuvlyttar på damene lengre bak i lokalet. Eg kan ikkje oppfatte noko ord eller setningar. Det er meir som ein lav summing med damelydar. Kurrande latter avbryt summinga no og då. Ja dei har sikkert mykje og snakke om sidan sit.

So er det action i kassa. Ei dame frå nevnte damebord skulle bestille noko. - "Hallo?". (bank - bank - bank). Hallo?? Ingen kjem. Eg veit servitrisa er på do. Det hjelper ikkje å banke sa eg til Mike på norsk. - "What?", sa Mike og gav meg full oppmerksamheit. - "Det der. Banke i bordet. Ho er ikkje der. Ho er på do", svarte eg på engelsk. Og so kom ho. - "You see!", repliserte eg hovent, "I know things. I see whats going on in sosiety". Me sit der ei lita stund til før me går attende til skipet.

So er det avgong og no skal me ut på Porsangerfjorden. So godt som stille hav her. Sol og fint ver. Litt over klokka fire passerar me det kjende fuglefjellet Sværholtklubben. Det er eit av Norges største fuglefjell. Eg går ut på dekk for å sjå. Eg må ha pinsett for å sjå fuglane. So eg mister interessen etter sånn ca 20 sekund. Eg går inn att.

Eg set meg ned med ei avis. Dagbladet. Eg må ha pause frå alle dei voldsomme intrykka ein får av utsikta utanfor skipet. Avisa var ein såkalla "freebie". Gratisavis. Nokon hadde kjøpt avisa, lest den og lagt den att. Eg sender ei venleg tanke til vedkommande. Avisa var dagsfersk og. Slikt kan eg like.

Eg får skreve litt i bloggen min. Eg set meg ner so fort eg for tida til det. Det er ikkje so ofte. Men det har vore mange nok gongar so det kjem til stadigheit tyskere bort og lurar på om eg jobbar ombord. Dei ser eg skriv ofte og lurer på alt frå om eg er journalist eller om eg berre skriv for hurtigruta. hehe. Tek de hintet nokon i "ruto?"

Eg sjekkar kameraet mitt. Eg har til no teke ca 1200 bilete! Og det er berre på turen nordover. Ikkje eit bilete for lite spør du meg. Ok, eg skal finsjekka litt og slette eit par til. Eg ser ut kafeteriavindauget og drøymer meg vekk..........

Kvardagsdraumane tek meg attende til Oslo. No på Grefsen. Gamle Johan sit og vippa fram og tilbake på den nedslitne krakken. Det pleide å vere stille på denne tida av døgeret, men so stille? Det kunne mest virke som om tida erta han, so seint som det gjekk i butikken i dag. Ei flue landa elegant på lampen og kvilte seg nokre sekund. Til og med ho hadde meir å gjere enn Gamle Johan. Den gamle kjøpmannen sukka og reiste seg for å setje på meir kaffi då plutselig ..........

Eg vaknar frå dagdraumane og er tilstades i lokalet ombord på MS Lofoten att. Eg finn meg meir kaffe. Og går ut på dekk.

Seinare klokka 17 kjem me fram til Finnkjerka. Ein av Norges mest elegante havklippe. Og her skal me få besøk av ein lokal fiskar so kjem ombord. Han skal vise oss korleis ein sløyer fisk m.m. Eg er tilstades ute på dekk, men eg kan ikkje nett seie eg legg sjela mi i å lære meg den kunsten. Men det er kjekt og sjå på. Det skal dei ha. Ein flott kreativ gest av Hurtigruten og lage til denne "aktiviteten".Og når det er fisk på gong kjem måkene fort. Dei dukkar opp som troll i eske. Desse "gribbane" ville og ha frå matfatet.

Fiskaren er særs hyggjeleg og omgjengeleg og fortel villig vekk til dei so måtte ha noko å spørre om. Han vert med oss inn til anløpet i Kjøllefjord. Der har me anløp 1730. So kjem Mike opp. Han lurar på om det er ferdig no? Medan me andre reisande har sett på Finnkjerka og fiskaren har Michael sove og dusja. Han får ei irettesetjing av meg. Noko han neppe tek særleg alvorleg. 


Eg overhøyrer ei norsk eldre dame og ein annan reisande då me forlet Kjøllefjord: "We're leaving?. I never heard it".

Middagen er klokka 19 i kveld. Me har hatt dei utrulegaste middagskonversasjonar med dette bordet. Me har sveipa innom alt frå ulike fiskesortar, anløpshamnar og middagsmenyar til fuglar som flyg, kva so finst i Berlin av severdigheitar og bilkøyring frå topp til tå i England.

Under middagen vil me segle forbi Nordkyn som er det nordlegaste punktet på det europeiske fastlandet. Dei spesielt intresserte kan stikke ut på dekk og få med seg dette. Eg let det vere. Me har og anløp i Mehamn under middagen. Eg prioriterar middagen denne gongen.

Siste event denne dagen er anløp i Berlevåg og med møte av MS Kong Harald. Dei har låge foran oss heile tida. Og uråd og sjå att før dei snur. No skal me møta dei her utanfor Berlevåg. Det er mørkare enn mørkast når skipa glir forbi kvarandre. Eg nøyde meg med kun og ta video av denne begivenheita. Om det vart bra veit eg ikkje enno.

Etter dette fann eg det rimeleg og leggje hovudet på puta og studere innsida av augnelokka.



Forrett: Potet og vårløkssuppe
Middag : Salatbakt laks servert med agurksalat, Beurre Blanc og mandelpotet
Dessert: Tiramisu




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar