Ein ny liten tankevekker. Det er vanleg at me mennesker får den sokalla "dåtten" i øyre når me tek t.d ein gondol opp på fjellet. Her finst mange ubesvarte spørsmål og teoriar. Kvifor får me det ikkje når me tek t.d. stolheis på fjellet? Eg har no aldri fått det. So kvifor gondol men ikkje stolheis?
Men tilbake til gondol. Me mennesker får "dått" i øyre når me tek gondol opp til Hanguren. Bikkja mi pleier å ynke og "bære" seg når me tek gondol på slutten av turen. Anten det er på veg opp eller ned. Får dyr "dått" i øyre? Eg trur det. Men det store, store spørsmålet er ........ Om mennesker og bikkjer får "dått" i øyre ......... får fluer det?
Fluer og "dått" i øyre kjem vel for alltid til og vere eit ubesvart spørsmål. Ikkje det at eg ligg søvnlaus om natta av det, men det hadde vore kjekt og visst eller kva?
I mi einsemd på fjellet har eg og eksperimentert på høyrselen til fluene. Har dei øyrer i det heile teke? Når Gud har gitt dei so mange auge so burde Han pike deg ha sett av minst 1 par øyre og. Men mi erfaring er at dei skvett ikkje av lyd. Dei skvett av røyrsler og ting som flytter på seg. Men ikkje av lyd. Kvifor? Innspel og teoriar mottas med takksemd.
mandag 27. februar 2012
torsdag 23. februar 2012
Fluer i ver og vind.
Eg har erfart mykje frå fluenes daglegliv. Mest i Voss Resort fjellheiser. Det finst faktisk vitenskapsfolk so har fundert på livet til fluene og. Det er kome ut i bokform. Boka har eg sjølvsagt fått i hus.
Nokon intressante ting forskarane har funne ut er at fluer (og andre flyskapningar) ikkje vil drukna når dei flyg ute i regnet. Hehe. Det er naturleg og tru at ein flue vil drukne om han får ein regndråpe i hovudet sitt. Men det er feil! I fylgje forskarane. Dei henvisar til at lufttrykket frå regndråpane vil "skyva" flua unna og dermed unngå og få denne dråpa i hovudet sitt. Naturen på sitt beste. Men ........
Eg har fundert mykje på dette. Når det regner so kjem det jo millionar av regndråpar ner. I vilkårleg rekkefylgje. Det vil verte ein vinglete reise for denne flua so beveg seg utandørs i slikt drittver. Og eg er hellig overbevist om at med millionar av regndråpar som kjem ner so må nødvendigvis ein eller annan dråpe treffe denne flua i hovudet sitt. Kva då?? Jo ............... Som du sikkert veit so har fluene fleire bein å stå på. 6-8 bein. Skulle ein dråpe treffe hovudet på denne flua so vil flua kunne bruka ein av desse føtene til å gni seg i hovudet sitt og sei "det gjorde ildt" og allikevel være kababel til å fly. So bra!!
Men ein tankevekkjar. Eg har ALDRI sett ein flue fly ute når det regnar eller bles kraftig. Har du? Neppe. Kvifor?
Eg trur når det regnar vil den ikkje verte våt. Og flua veit jo ikkje at lufttrykket vil skyva den unna fra å verte truffe. Eller kanskje den har vorte truffe i hovudet ein gong og tenkjer "aldri meir"? Det finst mange teorier her.
Ang. vinden so er det same tingen der. Eg har ikkje høyrt forskarar uttale seg so dette er min teori. Eg tippar fluene har erfart dette sidan me so skjeldan (eller aldri) ser dei ute og flyg når det er mykje vind. For kva skjer då? ..... Om ein flue sit på eit tre og det bles full storm ute. Vil flua verte blest vekk frå treet? Eller held ho seg fast? Kva skjer om flua sit i eit tre og so tenkjer "eg vil bort til naboen i det andre treet". Om den då lettar og vinden bles stiv kuling? Kva då? Eg tvilar på den kan stå imot og kome seg dit den vil. Tipper den må fylgje med vinden der vinden tek ho. Eller?
Eg sat og ein dag og funderte på denne tenkte situasjonen. Kva om 3-4 fluer sit på eit tre. Det er skikkeleg vind ute. Fluene held seg fast med alle sine utallege bein. Plutselig glepp eine flua taket. Han forsvinn i vinden. Kva tenkjer dei andre fluene då? Eg ser for meg syrlege kommentarar som "der for Johnny" eller "godt me ble kvitt Olav".Eller vert dei lei seg og gret ein skvett?

mandag 20. februar 2012
Dette skal de få svi for VG.....
Dette skal de få svi for VG. Dyrt! Heile 94 kroner sånn cirka. Eg strutta av rein lukka etter Liverpools kamp på sundag. Då knuste dei den vetle kystklubben Brighton 6-1. Eg forventa minst ei halv sides reportasje i måndagens utgåve av VG. Eigentleg ei heil sides reportasje om kor gode laget mitt hadde vore. Eg gjekk på Kiwi og nappa til meg eit dagsfersk utgåve av VG og gjekk på Chinahouse for å nyte ein god kopp kaffi samstundes so eg skulle kose meg med denne forventa reportasjen av Liverpools kamp. Men nei ............. Ein knøttlita notis oppe i toppen so ein måtte ha forstørringsglas for å lesa. Skulle ein klippe ut denne notisen måtte ein ha hatt pinsett. Fy skam!! Men hevnen er søt. Bittersøt.
Abonner på:
Innlegg (Atom)