skip to main |
skip to sidebar
Dette skal de få svi for VG.....
Dette skal de få svi for VG. Dyrt! Heile 94 kroner sånn cirka. Eg strutta av rein lukka etter Liverpools kamp på sundag. Då knuste dei den vetle kystklubben Brighton 6-1. Eg forventa minst ei halv sides reportasje i måndagens utgåve av VG. Eigentleg ei heil sides reportasje om kor gode laget mitt hadde vore. Eg gjekk på Kiwi og nappa til meg eit dagsfersk utgåve av VG og gjekk på Chinahouse for å nyte ein god kopp kaffi samstundes so eg skulle kose meg med denne forventa reportasjen av Liverpools kamp. Men nei ............. Ein knøttlita notis oppe i toppen so ein måtte ha forstørringsglas for å lesa. Skulle ein klippe ut denne notisen måtte ein ha hatt pinsett. Fy skam!! Men hevnen er søt. Bittersøt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar