Reisedagbok frå rundtur med hurtigruta og MS Trollfjord. 21 okt. 2010.
Dag 1. 21 oktober. Torsdag:
---------------------------------
Den fyrste snøen kom på Voss (og i Bergen) i dag. Thats good and bad. Det er gull for jobben min i Voss Resort. Men som sjåfør kan eg greia meg heilt utan det kvite pudderet. Snøen kom same dag so eg skulle på rundtur med hurtigruten. Det var kaos på vegane. Mariusz køyrte meg til Bergen og der vart eg henta av Knut på togstasjonen. Me (Eg og Knut) hadde ein kort kaffipause på ein namnlaus cafe like i nærleiken av der det skulle vere eit reiselivsseminar. For Knut hadde invitert meg med der. Det var kjekt.
Eg var ikkje påmeldt til dette men Knut´n (Knut Aarbakke frå Norway Active) fekk meg innanfor dørane der. Det var som eit lite himmelrike. Fantastiske lokale og fasilitetar. Ein ting var sikkert. Det var mange kjekke jenter som jobbar innanfor reiselivs bransjen. Eit paradis i himmelrike. Men eg fekk ikkje suge på den karamellen lenge. Brått fekk eg 4 bongar levert i handa av Knut. Me hadde fått 2 drikkebongar kvar. Knut køyrte og kunne ikkje nytte seg av sine, so dei fekk eg. - "No byrjar det går rette vegen", tenkte den gamle landkrabben då han tok sikte på baren. Eg reiv sjølvsikkert til meg ein ledig barkrakk og bretta fram drikkebongane mine. Eg briska meg der eg sat og vinka til meg ein sterkdrykk frå dama bak disken. Men plutseleg hende det noko ..........
Knut ville ha meg med vidare inn i lokalet. Seminaret var ferdig kl 20. Då vart eg køyrt ned til hurtigruteterminalen. Og der låg den erverdige dama og venta på meg. MS Trollfjord.
Dette skulle verte min 5. rundtur med desse fantastiske skipa. Eg har tidlegare reist på rundturar med MS Trollfjord, MS Nordstjernen, MS Midnatsol, MS Finnmarken og no stod MS Trollfjord for tur att. Det er eit mål for meg å få ein rundtur med alle dei ulike skipa i hurtigruten si flåte. Årsaka til at eg reiser med MS Trollfjord no er at det skal vere årsmøte for Hurtigrutens Venner på veg sørover frå Tromsø til Trondheim. Det ville eg vere med på. Dette møtet var noko eg hadde sett fram til lenge. Og få møte likesinna entusiastar.
Eg står oppe på øverste dekk. Eg kikkar på klokka. Den er 22.26. Det var mest som å kome heim. Nedteljinga til avgang mot det høge nord var byrja. Det kribla i meg. MS Trollfjord var snart klar til avgang.
Kl 22.31. Skipet glir ærverdig og flott ut frå kaia. Her var det ikkje noko sviing av gummi, draing i startsveiv, bråkete lydar frå motorar eller liknande. Nei, hadde eg lukka augene hadde eg ikkje merka me la frå land. Det var ei mest sanselaus oppleving for ein hurtigrute entusiast frå ekstremsportbygda Voss. Å kjenna på kjensla av at eg skulle vera ombord på dette skipet i nær 12 dagar var som ein karamell ein ville sutta på i lang, lang tid.
Kl 22.46. Eg har funne meg godt til rette i baren. Eg kjøpte meg ein Long Island Icetea. Diverre ikkje ei stor bøtte slik so ein får servert på Fleichers hotell på Voss. Men denne fekk duga. Og det gjorde den og. Det var vel ein slags markering for at rundturen min var i gong. Let the game begin! Når eg set meg til i baren på hurtigruta plasserar eg meg alltid slik at eg kan påverke nokon. Det fungerar best slik.
Eg tok ein ny god sup av drinken min. Eg kikkar rundt meg. Borte i ein krok sat ein herremann og drakk djevelens te. Han var kledd i finstasen sin. Men han såg ikkje vidare nøgd ut. Eg ser for meg ein pensjonert skipsreiar som har vorte kasta ut av kona etter ein krangel. Han hosta tørt og såg ut i det halvtomme lokalet. Han såg på det tomme ølglaset sitt. Ved eit anna bord kom det udefinerbare pratelydar frå eit lite reisefylgje. Det knitra i papir med eit 3. bord. Ein ung gut sit der med slike nymotens greier. Ein bærbar PC. Han hadde brune, mørke auge. Som sterk colombiansk kaffi. Det var nokre fleire passasjerar lengre inne i lokale men dei tok eg ikkje so mykje notis av.
Eg koste meg verkeleg der eg sat i baren med eit glas øl. Ja for den andre drinken var tom. Eg gleda meg til neste dag.
--------------
Resten av dette reisebrevet kan du finne på sjåfør heimesida mi: http://www.roknestruckstop.com under linken "andre historier".
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar