onsdag 31. oktober 2018

Dag 2.

"Drrrrrr", sa det då telefonklokka ringte kl 0640. Opp og hopp. Opp og stå. Eg har ein stor forkjærligheit til og bruke slumreknappen når eg har fri. Og det har eg jo "eigentleg" no. Men for meg er det galskap og fandens oldemor på ei rundreise med hurtigruta og sove lenge på verdens vakreste sjøreise. Eg har begynt og kalle det for ei avslappandes opplevingsreise.

Klokka ringte då den skulle. Eg vakna som ein skremt småfugl so sit langs vegkanten. Ein kjapp dusj og so ein runde ute på dekk 5. So var eg klar for frukost då klokka banka inn sju talet no på morgonkvisten.

Litt innside informasjon til dei so les bloggen min..... På frukost og lunchmåltida er det fri sitting, so det er lurt og vere tidleg ute og få vindaugsbord til dei to måltida. Eg finn alltid eit tomanns vindaugsbord. Og det er befriande flott og sitte slik og nyte frukosten og sjå på den stadig skiftande utsikten. Eg sat slik nesten ein time. Det vart både to og tre koppar kaffi til denne seansen.

Medan eg åt frukost hadde me anløp i Torvik. Dette er ein liten tettstad på Leinøya i Herøy kommune i Møre og Romsdal fylke. Her finst ein stor fiskefabrikk og fleire oppdrettsanlegg. Heile øya husar rundt 1400 personar. Har du ikkje reist med Hurtigruta før er det vel verdt og stå langs rekka og sjå på livet på kaia her. Det var lite varer so skulle av her i dag, so skipet hadde so vidt kaikontakt før me la til sjøs vidare nordover.

Me hadde passert det fyrste opne havstykket (på ein rundtur) i nattens mulm og myrkre. Det var Stadthavet. Eg kan skrive nok ein gong at det var ingen bylgjer her denne gongen heller. Det må ha vore flatt utan ei rukka på havet. So de so er so redde for bylgjer......

Kvifor vere redd for noko som ikkje er?

Av anløp i natt passerte me Florø og Måløy. MS Finnmarken møtte me utanfor Måløy i halv sju tida på morgonkvisten. På denne årstida er det for myrkt til at ein kan sjå noko, so eg tok ikkje turen ut på dekk for og sjå etter skipet.

Seinare i dag skulle me anløpe Ålesund to gonger. Før og etter avstikket inn til Hjørundfjorden.

På kaien i Ålesund stod 1000 turers mannen Jan Arild Hagen og venta. Då han kom ombord kunne han fortelje meg at han skulle være med inn til Hjørundfjorden og attende i dag. Nett ein siste gong. So det ville verte hans tur nr 1038 med Hurtigruta. Imponerande.




Det er mogelegheit for utflukter i Ålesund og seinare i Hjørundfjorden (Urke) for dei som vil det. Eg har tidlegare teke utflukt med besøk til Atlanterhavsparken, som er eit av Nord-Europas største saltvannsakvarier. Noko eg kan anbefale for reisande.


Som storforbrukar av den svarte drikken og kalla kaffi, sakner eg den fine kaffe/te avtalen ein hadde på Hurtigruta før i tida. Det er det slutt på no. Før kunne ein få ein flott kopp og drikke so mykje kaffe/te ein ville for ca 300 kr. Og "produsere" ein kopp med kaffi koster rundt 40 øre inkl straum m.m. No må ein kjøpe kvar ein kopp som koster 35 kr ombord. Men kaffi må eg ha. Berre må det. Men synes det er skammeleg og litt småleg. Men men.....

Litt før klokka 10 var det presentasjon av dei ulike utfluktane på ein rundtur for dei som ville høyre meir om det.

Sidan me no tok ein avstikker frå (hurtigrute)leia og var på veg inn i den vakre Hjørundfjorden, og ville vere der frå 12 til 15 so var lunchen framskoten til kl 1030. Og no heitte det Brunch. Kva er eigentleg forskjellen på lunch og brunch? Det var same maten som vart sett fram. Einaste forskjellen er vel at maten er tilgjengeleg halvannan time tidlegare.


Då begge visarane stod rett til værs var det anløp i den vetle bygda Urke midt i Sunnmørsalpane i Ørsta Kommune. Her kjem ein i land med tenderbåt. Urke er ein sjarmerande liten plass som ligg på Rånahalvøya ved Nordangsfjorden. Eit besøk her er heilt klart eit av høgdepunkta på ein rundtur om hausten.



På kaien her finn ein Urke Kaihus cafe & pub. Her kan ein mellom anna kjøpe seg nysteikte vafler. Forrige gong var dei utsolgt alt då eg kom i land med 3 eller 4 tenderbåt. So denne gongen var eg føre var.




Eg sendte melding til ein kjenning (Kåre Myklebust) der inne, med spørsmål om han kunne reservere to vaffelplater til ein vaffelhungrig onkel reisande Mac. Det skulle han få til.






Då eg kom i land frå tenderbåten stod Kåre der og tok meg vel imot. Og etter ein kort vaffle og kaffiprat stilte han opp med privatbil og tok meg med på privat guiding innover Nordangsdalen. Me køyrde heilt til Hellesylt og attende. På heile turen fekk eg upåklageleg med guiding og fekk spørre om slike ting som berre turistar kan spørre om.

Tusen mange takk for turen Kåre. Eg sette stor pris på slik venlegheit.

Attende på kaien var det innom kaihuset ein siste gong. Til ein ny kopp kaffiprat. No møtte me på to kjekke damer. Den eine av den meir brennheite sorten. Praten kom fort i gong der. Dei to reiste ikkje saman, men hadde kome i snakk ombord på skipet. Den eine var frå Sør Amerika og den andre var frå Australia. Sør for Sydney kunne ho fortelje. Om det finst ein gud i himmelen, so har han bordsett meg med desse to. (Vertfall ho eine).

På veg utatt til MS Nordkapp spurte eg båtføraren om han kunne ta ein runde rund skipet. Ja det kunne han. Det er aldri feil og spørre.

Vel ombord att i MS Nordkapp var det ikkje lenge etterpå ein presentasjon på dekk 4 om korleis det norske fjordlandskapet vart forma. Eg hadde sikkert hatt god lærdom av og vore med på det, men eg prioriterte og skrive litt på bloggen min. Eg vil ikkje havne alt for mykje i bakleksa mht. skrivinga.

Då me kom til Ålesund i fem tida skulle eg få storfint besøk ombord av min villedende reiseleder Ketil Wigen og far hans. Det var kjekt. Her snakka me om det viktige i livet som Elvis Presley, Liverpool og Hurtigruten.

Då det nærma seg middagstider måtte eg forlate det gode selskap. Når ein reiser åleine med hurtigruta er det alltid spennande fyrste kvelden med middag og sjå kven ein vert bordsett med. Frukost og lunch er som sagt open sitting. No hadde eg hadde fått sete med eit tomannsbord. Og vart bordsett med ein ung dame frå Stavangerkanten. Norsk med andre ord. Ikkje dårleg. Ho skulle til Kirkenes. Det sat ein mann med nabobordet. Dei to prata saman på ein måte slik at eg fekk følelsen av at dei reiste i lag. Men då hadde vel dei to hatt eit tomannsbord saman. Merkmystisk. Han skulle vere med på full rundtur. Fylg med vidare i det spennande livet til onkel reisande Mac ombord. Kven er den framande karen og kva vil han?

Litt kritikk til dei rette vedkommande ombord må vere lov og kome med. Informasjonsplakater og dagsprogrammet er ikkje alltid oppdatert og mangelfullt her og der. I dagsprogrammet stod det at me skulle møte MS Polarlys kl 1930. Dei møtte me då me kom til jazzbyen Molde ca 2130. Skal eg spekulere so tipper eg den ansvarlege ikkje har vore so nøye på det og trykt opp dagsprogrammet som (eigentleg) skal gjelde frå 1. nov. Då er det slutt på utflukten inn i Hjørundfjorden. Mao ein sparer inn noko tid der. Eg stressa ikkje for den grunn (at sørgåande skip ikkje kom som annonsert i dagsprogrammet), for eg garderer meg med nettsida marinetraffic.com. Genial side for oss båtentusiastar.

Eg hadde stålkontroll på kor skipsmøtet ville finne stad, men ikkje sikkert mine medreisande turistar visste dette. Litt synd er det og at ikkje det vert opplyst over hogtaleren når me møter motgåande hurtigruteskip. For det er spennande, kjekt, litt koseleg og sjå på desse skipsmøta.

Eg var ute på dekk og fekk finfine bilder av MS Polarlys då dei la frå kai og passerte oss på styrbord høgre side. Hadde ikkje dette skipet vert fullbooka hadde det vert dette skipet eg ville vore på rundtur med no.




Etter dette lille møtet gjekk eg opp i baren og sette meg tilrette der for litt kveldskos.

Det siste som skjedde denne kvelden (for min sin del) var overfarten over det opne havstykket Hustadvika. Dette er og eit havstykke som er like berykta som Stadt. Dette veit eg ingenting om. Kanskje det var 2-3 bylgjer her i natt. Men dei må ha vore pikkandes små so han sa.


På menyen:
Forrett: Carpaccio av Klippfisk fra Dybvik med tomat, vårløk, ruccola og flatbrød.

Middag: Lammelår frå Hellesylt med pastinakk, aspargesbønner og saus laget med arktisk sennep frå Breiaren.

Dessert: Karamelliserte epler og skjenning iskrem frå Gangstad Gårdsysteri.






tirsdag 30. oktober 2018

Hurtigrute rundtur med MS Nordkapp 30. Oktober 2018

Dag 1.........

Endeleg er dagen her. Ny hurtigrute rundtur på onkel reisande Mac. Denne gongen falt valet på MS Nordkapp. Det er eit skip eg ikkje har reist med før. På rundtur vel og merke. For eg tel berre heile rundturar. Dei andre turane eg har vore på vert berre som ein bonus og telje. Og innbefatta i sistnevnte går den spesielle turen eg hadde med kystens dronning, MS Lofoten, i forfjor. Då eg skulle til Hasvik i Nord Norge og hente ein lastebil. Då hadde eg billett Bergen-Kirkenes-Øksfjord.

Eit av dei mange kjekke minna frå den turen er då kapteinen kom eins ærend ned til gangbrua og lurte på kva eg skulle i Øksfjord og gjere. "dæ æ jo ingen som går av hær".


Hurtigrute skipa kjem vanlegvis til Bergen halv tre kvar dag. Men i dag var MS Nordkapp forseinka. Dei skulle komme rett frå vedlikehald i Ølen. So forventa ankomst Bergen var kl 1730.





Eg visste om forseinkinga, men hadde allikevel bestilt tog frå Voss so eg ville vere i Bergen til kl 15. Just in case.

Eg flotta meg og betalte ein hundrelapp ekstra og fekk comfortvogn på toget. Det inkluderte gratis avis, kaffe/te/sjokolade og wifi. Men wifi'en rekna eg med gjaldt for heile toget og ikkje berre kupeen min. Comfortvogna er vogn nr 1 bak lokomotivet. So noko av det ein betaler for er og komme nærast terminalbygget. So betaler du den hundrelappen neste gong du skal til Bergen so sparer du deg ca. 100 skritt i forhald til dei andre passasjerane. Jippi.

For ein times togtur til Bergen er det kanskje og flotta seg vel mykje og betale den 100 lappen ekstra, men skitt la gå so kråka sa. VG, Dagbladet og Aftenposten vart alle lest. To kopper kaffe og ein kakao vart det og. So var eg sikra at eg fekk valuta for pengane.



Då eg nærma meg Bergen var det valgets kval. Skulle eg leike farande fant og gå til Hurtigruteterminalen eller skulle eg fortsetje og flotte meg og ta taxi. Det vart for freistande og velje sistnemde.

Eg gjekk ut til taxihaldeplassen. Ein hyggjeleg mann av Afrikansk utsjånad kom raskt mot meg.

- "Vil du ha Taxi?"

- "Ja takk" svarte eg.

So bar det inn i Taxien. Eg fekk utrykt ynskje om at eg ville til Hurtigruteterminalen og det resulterte i at han tok laus. Om det var mitt venlege utsjånad so gjorde utslaget skal eg ikkje spekulere i, men sjåføren gløymte og setje i gong taxameteret. Lukka står den heldige bi, seier no eg.

Me hadde ein fornøyeleg prat den korte køyreturen til kaia. Vel framme spurte han om det var greit eg betalte 100 kr for turen. Me lo litt av at han hadde vore so distre. Eg godtok (sjølvsagt) det forslaget og sa at om han var på kaien om 12 dager når eg kom att so skulle eg ta taxien hans tilbake til jernbanen.

Inne på terminalen gjekk eg til innsjekkinga. Dei opplyste om at skipet var forsinka. - "Eg veit", svarte eg, "eg held auge med kor dei er på Marinetraffic.  - "Ja det gjør vi åsså", svarte dei kontant.

Ombordstiginga vart vel gjennomført. Den (pliktmessige) kjentmannsrunden var fort unnagjort. Sikkerheitsfilmen på snaut 10-15 minutt må alle gjennom. Den har eg sikkert sett 12-13-14 gonger no. Eg kunne kanskje grene meg til og fått fritak frå den, men synes det er kjekt og sjå kjapt over kven dei andre medreisande er under filmen. Og - ta ein kikk på befalet når dei er samla til presentasjon.

I Bergen pleier det alltid vere buffe for dei reisande ombord. Eg har ingenting og utsetje på det. Buffeen var tilgjengeleg frå kl 18-21. Eg fann meg eit passande bord midt i lokalet. Eg sirkla to gonger rundt "Torget" som matområdet i restauranten heitte, før eg gjekk laus på herlegheiten.

Eg kom snart i snakk med eit eldre ektepar på nabobordet. Trivelige mennesker. Eg trur dei var frå Rørvik. Det var no det dei hadde som reisedestinasjon. Mannen hadde visst hatt eit snublefall i gangen litt tidlegare so han ville ikkje ha vin til maten.

- "Æ vett so snurrig tå det", sa han til kelneren, påfulgt av lett latter.

Presis kl 20 var MS Nordkapp i gong med nok ein rundtur langs Norskekysten. Dette vart som se og bør markert av meg med ein god sigar ute på dekk 7.

Ein stund etter dette sette eg meg til i baren med ein duggfrisk øl. Eg sat lett tilgjengeleg om det skulle komme nokon som ville snakke. Eg kom fort i snakk med barservitøren. Eg har alltid meint det er ein fornøyelse og sjå hyggelege ansatte på jobb.

Rundt midnatt gjekk eg til sengs. Godt nøgd med dag ein av denne turen.




På Menyen:
I Buffet Bergen kunne ein mellom anna finne Bergensk fiskesuppe, ovnsbakt Sterling kveite, hønsefrikasse med rotgrønsaker og Smalahove rett frå Løne på Voss.