Tid for ettertanke.
Hurtigruten vart som mange veit kjøpt opp av utenlandske interessentar.
Dei veit vel ikkje betre enn at dei må innhente svenske designare for og
modernisere Norges kulturskatt nr 1. Hurtigruten. Det må jo gå galt.
Ikkje sidan designerane er svenske, men sidan dei er utenlandske.
Har me ikkje designare i Norge?
90 talls skipa MS Polarlys, MS Nordnorge, MS Nordkapp og Kong Harald
skal moderniserast og oppjustarast med nytt innvendig design. Noko som
har vore mykje kritisert i ulike medier. Moderniseringa vert kalla ting
som IKEA look-a-like og hurtigruten har vore kalt Hytteruten. Eg har
enno ikkje sett desse skipa med eigne auge so eg vil ikkje uttale meg om
det før eg er ombord i dei nemde skipa.
Det er kanskje eit teikn i tida at ting skjer i Hurtigruten som selskap og
ikkje minst ombord i hurtigruteskipa. Med negativt forteikn. Det er slutt
på kaffiavtalen ombord. Før kunne ein få ein flott hurtigrutekopp og drikke
so mykje kaffi/te ein ville for ca 300 kr. Og "produsere" ein kopp kaffi
koster rundt skarve 40 øre inkl straum m.m. vil eg tru. No må ein kjøpe
kvar ein kopp kaffi som koster kr 32.- ombord. Skammeleg!
Før når ein tok ein heil/halv rundtur fekk ein rundreise handboka som
velkomstgåve ombord. Det er det slutt på.No må ein kjøpe denne
praktiske handboka ombord. I suvenirbutikken var den sist eg såg prisa
til kr 90.-. Gnitent og ikkje gje denne handboka til gjester som betaler
alt frå kr 9 - 25.000 for reisa si. Fy!
Prikken over i'en var at når ein før kunne gå i baren og få kaffi eller te
etter maten må ein no kjøpe det. Til den nevnte prisen av kr 32,-.
Som sagt - Ein kopp kaffe koster omlag 40 øre og produsere. Middag
ombord i hurtigruten er svindyrt. Nærmere 500 kr for ein middag i
restauranten. Og so kan dei ikkje spandere ein kopp kaffi på gjestane?
Tarveleg spør du meg.

