I Ålesund låg me som sagt til kai frå kl 0015-0100. I tettstaden Torvik låg kystens dronning til kai eit drøyt kvarter. Kor nøyaktig anløpet var kan eg ikkje bekrefte for då sov eg.
MS Lofoten skulle og forsere rundturens siste opne havstykke denne dagen. Det heiter Stadthavet. Det er svært so berykta men eg har aldri opplevd noko sjøgang og skryte av her. For min del kunne det heitt Flatthavet.
På Voss seier ein at ein står opp før fuglane fis om ein er oppe i 04-05 tida. I Måløy låg skipet til kai frå kl 0515-0545. Dei har vel funne ut det er best og gjere anløp etter fuglane har gjort sitt. Sikkert lurt.
Eg står opp grytidleg i dag. Akkurat i det me forlet byen som er rekna som ei av dei viktigaste fiskerihavnane i landet. Det er lysare i veret no so det kan bli flotte bilete om ein tek turen ut på dekk for og ta bilete av møte med motgåande hurtigrute. Og det gjorde eg. Denne gongen var det var MS Polarlys som kom oss i møte.
Dei hadde vore forseinka frå Bergen grunna flystreiken. Det var sikkert ein del av passasjerane som hadde vore ramma av det. Men skipet som er oppkalla etter fellesnemninga for nordlys og sørlys hadde segla med full spiker etter avgong Bergen so dei hadde teke inn mykje av den tapte tida. Me møtte dei ute ved Hornøya/Hennøya.
Fyrst prøvde Polarlys seg med berre lysblink, men dei må no setje litt ære på onkel reisande mac som stod aleine ute på dekk og veiva med norgesflagget sitt. Og so kom det fløyting. Frå begge skipa. Gode greier. Eg var særs fornøgd.
Eg gjekk til frukost som planlagt kl 07. Sjølv om det var siste dagen var ikkje det einsbetydande med at nedturen var byrja med tanke på færre opplevingar. Tvert imot. Dagen i dag stod ikkje tilbake for noko i det henseande.
Etter frukosten var det ut og kikke på anløpet i Florø. Det er sikkert kjekt og bu her sidan kommuna fleire gonger er kåra til den trivelegaste bykommunen i landet. Me skulle liggje her ein liten halvtime.
Florø er eit fint anløp med mykje og sjå på. På vermeldingsfronten kan eg melde om ein lett blanding av overskya med opphald i veret her no på morgonen. Det ligg eit stort skip til kai her og. Det var mykje spennande ombord der eg måtte inspisera.
Ein av dei ansette står bak i skipet og ser tilbake på oss.
So vart Florø og Florølandet akterutseilt og me var ikkje kome langt ut i leia før eit nytt lite "point of interest" kom. Stabbenes fyr. Klokka var halv ni då me fekk dette fascinerande vetle fyret på styrbord høgre side.
Stabben fyr er eit ledfyr som ligg på ei holme med innseglinga til Florø. Fyret vart sett i drift i 1867. I 1975 vart fyret automatisert og avbemanna.
Stabben fyrstasjon er ein av dei mest særprega fyrstasjonane i landet og bygningane dekkjer mest heile holmen. På grunn av dette er fyrstasjonen freda etter lov om kulturminnar. Eg fekk nokre flotte bilete av fyret og følte meg nøgd med utkome av dagen so langt.
Klokka var enno berre ni på morgonen. På mine mange rundturar kjem eg i snakk med mange hyggjelege mennesker. Nokre av desse seier dei er på ferie og liker og liggje frampå litt då. På ein sydentur der det heilt innafor, men på ein tur med hurtigruta er det feil. Heilt feil.
Om du har lyst til og få med deg litt av det som foregår i hvertfall. Naturen og omgjevnadane rundt skipet forandrar seg kvart tjuande minutt. Og søv du frampå til klokka 09 har du mest sannsynleg gått glipp av eit anløp, eit (hurtigrute)skipsmøte og masse flott natur.
Veret var framleis fint med sola framme på himmelen. Yr.no seier det skal regne i Bergen i morgon. Men det gjer det jo alltid. For min sin del er det eigentleg bra. Då kan eg lande med eit brak. Komme ned på landjorda att. Bokstaveleg talt. Det er betre det enn at eg går ut med alle sansar fraleis opne. Men det er i morgon. No er det i dag og eg vil nyta stundens alvor for alt det er verdt.
Klokka 10 må ein forlata lugaren. Det føles mest som og forlata eit synkande skip. Det har jo vore min vetle heim i 12 samfulle dagar. Som ein kamerat so treffande sa det (om seg sjølv) - "Eg er født utan fart". Det er eg og, so eg skunder meg ikkje akkurat ut av lugaren. Men eg respekterar tidane som er oppgjevne. Reinhaldspersonalet treng tida til og klargjere lugarane til neste ladning med reisande kjem på i Bergen i morgon. Reviret til meg og inger var ledig etter frukost so der sette me alt pikkpakket vårt som ikkje var i hovudbagasjen.
Livet ombord i hurtigruta er so sjarmerande og flott at det beste ein kan gjere når rundturen nærmar seg slutt, er og tenke på når ein kan ta neste rundtur. Betre det enn og vere lei seg for at turen snart er omme. Eg skyt langt og sikter meg inn på ein oktobertur. Eller kanskje ein jolatur?
Noko av det eg liker ombord i hurtigruteskipa og kanskje mest ombord i MS Lofoten er at ein aldri ser noko bos som flyt. Kopper som står att på borda m.m. Sjølvsagt er dei ansette flinke til og rydda, men eg ser alltid at gjestane og besøkjande ombord tek med seg koppen og/eller tallerken sin med bort til ryddetralla. Ser folk noko bos tek dei det med og hiv i ein søppeldunk. Utruleg fint og sjå på.
![]() |
| Askvoll |
![]() |
| Bilete teke etter Skjerjehamn. |
![]() |
| Statua av Kong Olav i Skjerjehamn. |
Eg trur Eivind Lande tok ei særs flott avstikker inn mot Gulen slik at me alle (og kanskje spesielt Inger) kunne få sjå den godt gøymde stauta av Kong Olav som står i Skjerjehamn. Ein flott gest og ein flott avstikker. Takk til kaptein Lande.
Då me hadde passert Fedjefjorden skulle me inn på oppløpssida og fylgje Hjeltefjorden til bergen.
Turens siste måltid var lunch. Sjølv om det aldri har vore noko og utsetje på maten ombord på turane er det ikkje til og komme vekk at ein vert litt matlei på slutten. Men magen min fekk valuta for pengane i dag og. Han knurra lett då eg avslutta måltidet med stil og sette til livs ein Kvæfjordkake. Nam. Nam! høyrer du!
Og so la MS Lofoten til kai ved Hurtigruteterminalen i Bergen. Med onkel fornøgde Mac ombord.
Takk for turen frå
Onkel Reisande Mac



















































