mandag 22. april 2019

Dag 7.

I dag var det snudag for kystens dronning på denne rundturen. For meg var det frukosttid. Klokka var nokre små minutt over 07. Eg sette meg heilt vilkårleg ned med eit bord under frukosten i dag. Eit bord eg ikkje har sitte med før på denne turen. Berre for di eg kunne det. Samstundes so eg et frukost har me anløp i Vadsø. Kva som hende på kaien her i dag hadde eg ikkje kontroll på sidan eg sat med eit ugunstig bord midt i restauranten. Det fekk heller stå sin prøve.

Me ligg til kai i Vadsø medan eg et frukost. Ein god frukost ombord i hurtigruta skal ein ikkje kimsa av. Eg har bordsete med Bjørn og  Harald. Me har slik stillheit so berre menn kan ha når dei et frukost saman. Me var vel morgontrøytte alle tre.


Etter frukost måtte eg ut og spankulere litt rundt på dekk. Sjekke at skipet framleis var på rett veg. Sjekke slike viktige ting ein må ta seg tid til medan ein er ombord. Me nærmar oss Kirkenes sakte men sikkert.


Frå Vadsø på Varangerøya og til Kirkenes må MS Lofoten forsere heile 3 fjordar. Varangerfjorden, Bøkfjorden og touche sovidt Korsfjorden.

Me ankjem ganske so presist til denne byen so ligg so godt beskytta innerst i Bøkfjorden kl. 09. Byen der nordgåande hurtigrute vert sørgåande er og endepunkt for E6.

Eg oppfylde i 2006 ein draum eg hadde hatt lenge om og køyre heile E6 nordover til den ikkje gjekk lengre. På den tida enda E6 opp i nokre buskar. Eg trur vegen er forlenga ein km eller noko etter det.


Hovudnæringa i Kirkenes var i mange år gruvedrift. På det meste hadde gruvedrifta omlag 1500 ansette. Denne drifta opphøyrde i 1996. Men i 2009 byrja arbeidet med å forbereda gruvane for ny drift att. I den seinare tid er det turisme som har vore hovudgesskjeften her.

Når skipet legg til kai her må eg sjølvsagt sjå kven so forlater skipet. Eg står oppe med rekka og ser. Eg spurte ein ansett om antalet. Og fekk til svar at det var omtrent likt. 23 stk av og 20 stk på.

Eg tenkte nokon må sikkert heim til jobb. Nokon vil berre ha halv tur sidan det er ein mogelegheit. Og bestille berre halv tur. Og nokon har ikkje råd til meir. Angela måtte på jobb, so ho gjekk av her i Kirkenes. Då får me kanskje en ny bordkollega til middag i kveld, tenkte eg med meg sjølv. Det vert eit spennande moment i denne rundturens sjarmfulle kvardag.



For nokre rundturar sidan måtte eg til tannlege i Kirkenes. Eg mista ei fylling undervegs på rundturen og ville få det sjekka hjå næraste tannlegekontor. Mogeleg tannverk på ferie med hurtigruta var ein skrekkens tanke og tenke.

- "Eg var so redd eg kunne ha vispa krem med hendene" so ein kamerat so treffande ordla seg. Eg såg for meg heile rundturen skulle verte øydelagt pga. ei tann. Ikkje noko god tanke det.


Flinke matrosar passer på at
MS Lofoten tek seg bra ut.
So eg gjekk til tannlege i Kirkenes. Her fantes fleire tannlegar, men Daldorff tannlegekontor var einaste som hadde ledig plass for "hastetime". Tannlegen eg såg her var heilt super. Slike tannlegar gjer sitt til at tannlegeskrekk snart er utrydda som skrekk. For og avslutta eit dramatisk kapittel so var den manglande fyllinga i ei tann som ikkje det ville gå verk i. - "Du får ingen problem med den tanna på turen", sa han. Ikkje ofte eg dreg visakortet med eit smil. Onkel lukkelege Mac gjorde vendereis til MS Polarlys og kunne seinare fortelje kaptein Hermod Nilsen at alt var såre vel.

Flinke matrosar passer på at
MS Lofoten tek seg bra ut.
No i etterkant får eg årleg innkalling til time hjå Daldorff tannlegekontor i Kirkenes. Neppe aktuelt for meg som bur på Voss og ta fly opp hit for og gå til tannlege. Men om eg får det dekka på noko som helst måte ein eller annan plass og ta turen med hurtigruta for og sjekke tenna mine - DÅ - skal eg med glede gjere det.



Chinahouse Kirkenes.
I dag tek eg meg ein enkel rusletur opp til sentrum. Det er 2. påskedag so butikkane er stengde, men eg veit råd. Eg visste om ein shellstasjon som sannsynlegvis var open. Og det var den. Nokre tyskare frå skipet hadde og funne vegen opp hit. Eg handla mine nødvendigheitar her og gjekk so tilbake mot skipet. Til og frå hurtigruta pleier eg alltid og gå langs kaien. Det er mykje og sjå på der.


Tilbake att i skipet var det duka for ny lunch. No stod begge visarane rett opp. Det betydde mat for onkel reisande Mac. Og for ein lunch det var. Som eg var blitt anbefalt begynte eg frå høgre. Der låg det freistande svinekjøt, bacon i feit saus og poteter. Den eine herlegheiten etter den andre. - "Ja, her var det godt og vere", tenkte den farande fanten og tok godt for seg av det bugnande matfatet.


Lunchmåltidet mitt var ferdig tidsnok til at eg fekk med meg utseglinga frå Kirkenes. MS Lofoten var no blitt sørgåande hurtigrute. Eg stod oppe på venstre bruvinge og nytte både utsegling, det fine veret og dei nyskjerrige måkane som fulgde oss utover fjorden. Eg vart gjort oppmerksam på eit kvitt isflak frå dei på brua. Det kunne godt vere eit lite isfjell for alt det eg visste. Slikt må forevigast på kamera kan skjønna.

3.5 timar seinare hadde me passert Varangerfjorden for siste gong på denne turen, og skulle no gjere anløp i Vardø. Her skulle me liggje i 45 minutt. Vardø er Norges austlegaste by. Ein av Hurtigrutas mange utfluktar kan ein vere med på her. Det er eit besøk til Vardøhus festning.


Medan me låg til kai her var det eit utal med gribbemåkar rundt skipet. Eg stod oppe på dekk og tok bilete av dei. Det er moro og prøve og få minst eit bilete som er brukbart. Måker flyg jo ganske ustrukturert. Eg hadde selskap av ein britisk herremann. Han hadde kamera med linse som ein lita kanon. Det såg unekteleg litt komisk ut og sjå på han der han sikta etter dei kvite pairflya over skipet.


Me stod der ein god stund. Konverserte litt innimellom. Som to veteranar stod me der og prata om måker. Eg måtte google det sjølvsagt. Og lærte noko nytt. Ei måke er ikkje berre ei måke. Det var ein måkeliknande fugleart som heitte havhest og. Den lever berre her i nord.


Då tida var der for avgong sørover, bakka skipet litt. Då stod eg akterut i skipet. Eg såg på nokre måker som sat på kaikanten. Dei fleste flaug vekk då skipet bakka, men ein hardhaus sat att. Måka sat og sat. Eg fekk følelsen av at han ikkje visste om han skulle fly vekk eller halde på plassen sin.

- "skal skal ikkje".

Til slutt gav han opp og flaksa vekk.



Etter ein stund går eg inn att i salongen til reviret vårt og set meg ned. Eg sat og kikka på dagleglivet ombord i MS Lofoten. Eg må vel no slå fast at eg har fått valuta for pengane mine mht. kaffiavtalen. Der er mykje som skjer ombord so eg gløymde ofte eg hadde kaffi i koppen. Då døde den fort ut. Og eg måtte finna meg ny.

Utanfor flyg nokre håpefulle måker på sida av skuta. Håpet er lysegrønt heiter det. Dei vil nok slukøra innsjå det ikkje kjem noko som helst frå dette fartøyet. Eg ser ei måke med stålkontroll på flyginga si. Han kan ikkje ha vore langt unna sjøen der med eine vingen sin. Lurer på kva som skjer om dei er borti sjøoverflata? Ein eller annan gong ein eller annan plass må ei eller anna måke ha toucha sjøen og kræsjlanda.


Me får fylgje av mange, mange fuglar då me glir ut av hamna og Bussesundet som det heiter her. Me var fleire passasjerar som sat og kikka på fuglane på utsida av vindaugene i barsalongen. Nyskjerrigheita tok overhand. Eg og Inger hadde tidlegare funne ut at det var ein måkeliknande fugleart som heitte havhest. No googla eg det og fann svært intressante ting.


"Havhest er ein pelagisk overflatebeitande sjøfugl som tilhøyrer gruppa stormfuglar. Arten hekker i Norge. Den liknar på måke, men er ikkje nær beslekta med dei. Havhesten er sterke flygare med eit breidt vingespenn og stive vingeslag. Noko som er heilt forskjellig frå måkas.

Som måka lever havhesten av fisk og fiskeslo. Dei flyg ute over havet mesteparten av tida, bortsett frå i hekketida. Dei hekker i fjellhyllar og legg eitt kvitt egg, som dei ruger på i 55–57 dagar. Hvis det kjem ubedne gjestar, kan ungene spre ut ein illeluktande luktolje mange meter. Luktoljen vil matte fjærdrakta på flygande predatorar, noko so kan føra til fuglanes død."


Dagen hadde gått over til og verte kveld og det var middagstid att. Angela hadde forlatt oss i Kirkenes og no skulle me få ein ny "bordkavaler". Den nyankomne gjesten heitte Bjørn kunne han fortelje. Bjørn frå Sandvika i Oslo. Då er me fire nordmenn med bord nr 1. Det borger for kvalitet. Me fann fort tonen saman og hadde mykje og fortelje kvarandre. Me var på strekninga mellom Vardø og Båtsfjord då me hadde ein triveleg middagen saman på bord nr. 1.



Klokka 1945-2015 skulle me ha anløp i Båtsfjord. Her var noko last som skulle ombord. Lengre inne med kaien ligg ein trålar til kai. Det er fint ver her og Barentshavet heldt seg roleg på sørturen vår.

Båtsfjord kommune (på nordsamisk: Báhcavuona gielda) er ein kommune i Finnmark fylke. Kommunen ligger på nordsida av Varangerhalvøya. Det bur omlag 2.300 mennesker her. Landskapet i Båtsfjord kommune er geologisk sett svært gamalt i skandinavisk målestokk, og er i stor grad forma før istida. Innlandsis frå dei siste istidane lå fastfrossa over store delar av Varangerhalvøya og endra dermed ikkje landskapet so mykje.



Dei har store, flotte tv'ar ombord i hurtigruteskipa for dei som har lyst og sjå på det. Men på denne rundturen har eg so langt ikkje sett nokon av tv'ane på i det heile teke. Og spesielt ombord i kystens dronning kan me leva i vår eiga boble. Nyheit får vere nyheit. Det burde dei ta til seg ombord. Kven treng tv?



Litt før klokka 22 skulle me komme til Berlevåg. Her skal me og møte nordgåande hurtigrute. I kveld er det MS Richard With. Bortskjemd so eg er blitt, må eg sei det var eit fislete møte. Det var kun blinking med lys.

Det skal seiast at det er heilt innafor og kun bruke lys på seine nattetida, men eg synes dei alltid tutar her. Men det var nordgåande som byrja. Slik dei skal. Og når dei vel og "berre" bruke lys må sørgåande svare med samme mynt. Slik er den uskrevne regel. Den er sjølvsagt ikkje skreve i stein, men..... (noko som forøvrig ville vore problematisk sidan me er til sjøs).


Overfarten over Austhavet var litt meir ruglete enn Barentshavet. Deilig fin uskuldig rulling. Det var so lite at folk kunne føte seg bra ombord. Det er ganske so artig og sjå kor fort folk lærer og gå sjøbein. Og veldig komisk der dei kjem gåande på halv åtte.


Etter kveldens siste uteevent sat eg inne i reviret vårt og snakka med Inger. Me finn alltid på nye samtaletema. Noko må seiast og vere fornuftige tema medan andre er berre tidtrøyte.

Då uret runda midtnatt og vart til ny dag gjekk eg og la meg som siste mann i salongen.


zzzzzzzzzz




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar