lørdag 20. april 2019

Dag 5.

Eg må nok tidleg opp på denne dagen og. Me skal gjere anløp i Harstad. Ein by med stor hamn og lun beliggenheit. Anløpstida her er frå kl 0645 og til 0745. Ein fin liten morgontime. Eg var tidleg opp fordi eg hadde melda ein utflytta vossing om at eg var i kjømda og ville vere her ein time i dag.

Eg var ute på dekk og kikka etter han fleire gonger, men han dukka desverre ikkje opp. Han sa han hadde trudd det var frå kvart på åtte eg kom. So det vart ikkje noko vossamøte her. Men som me seier på Voss: "bedt e hatt".

Frukosten var unnagjort i ein fei i dag. For like etter avgong her skulle me møte MS Nordlys med Ketil Wigen ombord. Våren har kome til Norge no kan eg slå fast. Det har vore mildt ute heile tida sidan me forlot vestlandets hovudstad på tirsdag. Her i Harstad i dag var det blå himmel med kalde drag i lufta.



Eg surrer rundt på dekk i alle høgder. Det var mykje aktivitet på skipet her det låg til kai i Harstad. Eg er framme og kikker på matrosane som jobber med å ta inn og ut last. Det var veldig spennande og sjå kva dei fiskar opp frå den store lasteluka.

Eg stod på venstre side av toppdekket. Eg ser dei svinger heisekrana ut over rekka på venstre side av skipet, og senker den ned mot sjøen. No vart eg nyskjerrig. Det såg mest ut som dei skulle fiske med han. Men skal eg spekulera so vil eg tru dei skal vaske den eller noko.




Eg gløymde og sjå kva det enda opp med for det var nokre masete måker so flaug over skipet og kauka og skreik: "maat maat". Eg flytta fokus på dei. Noko mat fekk dei ikkje av meg. Og ingen andre heller av det eg kunne sjå.

Dei svoltne måkane hang over skipet. Dei svinga seg flott fram og tilbake i håp om noko fisk eller anna svineri som dei sikkert er vand med kjem frå fiskebåtar. Men frå MS Lofoten kom det ingenting. Ser me ut som ei fiskeskjøyte? Tjusj seier eg.


Hurtigruteskipa er travle her i Harstad. So travle at dei ikkje har tid og liggje til kai samstundes. Kanskje eigentleg bra skal eg tenkje egoistisk. Då får eg gode bilete av motgåande skip her i hamna. Det er aldri so gale at det ikkje er godt for noko.


Ketil Wigen har teke dette supre
bilete av meg ombord i MS Lofoten. 
MS Lofoten forlot Harstad etter ruteplanen og nokre minutt seinare kom møtet med MS Nordlys. Både eg og min villeiande reiseleiar Ketil Wigen var ute på dekk for og forevige dette eksklusive møtet med to flotte skip og to i overkant entusiastiske karar.

Det vart eit flott møtet. Det var mildt og vindigt ute på dekk denne morgonen. Våren var komen her, men vinteren klorar seg fast og hadde ennå ei nagl att med snø att i naturen rundt denne byen med omlag 24.000 innbyggjare.


Frå Harstad tøffa MS Lofoten ut på Vågsfjorden før me segla inn i Solbergfjorden og kaptein Lande og hans besetning på brua trumfa det heile med og Finnfjorden som tredje fjord og passera mellom Harstad og neste anløp som var Finnsnes.



I Finnsnes pleier eg og helse på ein bilbergingskollega når han har tid vel og merke. Og det hadde han i dag. Og det var bra for han sidan han hadde bursdag og greier. Han gjorde stas på meg denne gongen og. Tidlegare har han kome på kaia med tungbergaren sin. No stilte han opp med den nyaste bergingsbilen sin. Sjølv stilte eg opp med det store flagget mitt og ein liten presang.


Nokre av turistane frå skipet kom bort til meg der eg stod entusiastisk og veiva med Norgesflagget mitt og lurte på om det var Norges dag i dag. Då kunne eg sei det var nok berre min dag. Og at eg ville feire ein venn på land. - "Very good", sa dei.


Etter avgong Finnsnes pleier eg alltid og vie nokre minutt for og minnast min forrige hund, Lily ute på dekk. No som då var eg på rundtur med MS Lofoten og det var medan skipet var her i Finnsnes eg for 6 år sidan måtte ta den tunge avgjersla om å få la Lily få sovne inn grunna sjukdom. Fine Lily. Det var veldig sårt ei stund, men no er det berre gode minner.



Klokka 12 var det som før var; Lunch. Eg vart sitjande saman med Harald og to tyskere som me hadde hatt bordsete med tidlegare. Eg et meg god og mett til alle måltida ombord.


I halv to tida skulle me segla me gjennom Rystraumen. Rystraumen (og kalla Storstraumen) er eit sund lengst aust i Straumsfjorden mellom Kvaløya og Ryøya i Tromsø kommune. Sundet er berre omlag 500 meter breitt og grunt. Her vert det danna ein tidevannsstraum som kan gå med ein hastigheit på opptil åtte knop. Korleis denne hastige straumen var i dag veit eg ingenting om. For då sov onkel sletne Mac ein dobbel powernap.



Kvart over to var det anløp i Tromsø. Nordens Paris. I dag var det flott ver når me kom her. So det kunne godt ha vore Paris på ekte so han sa. Skipet skal liggje her til kl 1830 i kveld slik det alltid gjer. I Tromsø er det ein del utfluktar som skal starte og det var tydeleg mange som hadde meldt seg på der. For etter landgangen hadde gått ned var det reine folkevandringa for å gå i land. Skipet vart med eit folketomt. Dei som ikkje ville på utflukt hadde sjølvsagt ein god mogelegheit til og ta seg ein spasertur i byen. Noko ein del av gjestane og gjorde.


Eg gjekk ikkje i land denne gongen. Det heiter seg at ingen rundtur med hurtigruta er lik so då må eg bidra med mitt. Eg har vore i land alle gonger tidlegare so no droppa eg det. Eg sette meg til i ei ledig sitjegruppe inne i barsalongen. For og kome dit går eg gjennom cafeteriaen. Eg får med meg i forbifarten at med eit bord sit ein mann og ei dame. Dei et kvar sin middag ombord. Alt er jo stengd på land. Men hurtigruta stengjer aldri. På eit anna bord sat det tre karar. Dei hadde kjøpt seg kvar si kaffe. Praten var i full gong der.

Eg sette meg på den faste plassen eg og Inger hadde bakerst på babord side i skipet. Me hadde liksom full kontroll her. Både på kva som rørte seg inne i skipet og utanfor skipets lune indre. Ikkje lenge etterpå kom Inger og sette seg ned. Me kjem fort i gong me og fortelje kvarandre kva me har sett av merkverdigheiter denne dagen. Ting so må utdjupast og konkluderast med.

Inger fortalte ho skulle kjøpe postkort med MS Lofoten avbilda på, men måtte skuffa innsjå at dei var utselt for alle postkort med kystens dronning som motiv. Det var dårleg. Ein viktig ting å gjere når ein er på reis er å sjå på folk. Inger kunne sei det som var fyrsteintrykket mitt av dei tre karane eg nemde på tidlegare.

- "De var merkelige du", sa ho.


Inger har bursdag i dag. Ho har feira sine fem eller seks siste bursdagar ombord i MS Lofoten. Slå den! Det imponerar meg. Medan me sit her kjem det stadig nokon frå besetninga bort til bordet vårt for og gratulere jubilanten. Ein av dekksgutta, Mads, kjem og oppom for og gje sine gratulasjonar. Han får seinare besøk av familien sin. Det var kjekt og sjå på og gjev livet ombord ei fin



Klokka 18 var det middag. I dag var det buffe. Eit bugnande buffebord. Då er det berre og løysa på buksesmekken før ein set seg til rette med bordet. Medan me sit her kan eg sjå dei tek landgangen utanfor. Då er det vel klart for avreise Tromsø.

Det var som sagt Ingers bursdag i dag, so då desserten var unnagjort kom sjølvaste kaptein Eivind Lande bort for og hedre gjesten før alle servitørane kom til bordet med flagg og sang bursdagssongen.

- "Jeg følte meg litt beklemt sa Inger", etterpå. Det gjorde eg og då eg vart feira ombord i MS Finnmarken for nokre år sidan.



Heile denne dagen har skipet heldt seg trygt og godt "innanlands". Langt vekke frå Kong Neptuns store rike. So og sei det er roleg hav her inne med Tromsø og Lyngsfjellan e vel ikkje og overdrive. Me skulle snart segle over Ullsfjorden og møte MS Nordkapp om ikkje so lenge.

Og dei møtte me heilt ute med tuppen av Lyngsfjellan. Dei hadde då vore på ein liten avstikkar frå hurtigruteleia og innom Lyngenfjorden. Der hadde dei segla rundt heile Uløya før dei kom fram att og opp der me møtte dei. Det var ein uffsleg vind ute so den einaste kroppen som stod ute på dekk og flagga var underteikna.


Etter det åttande skipsmøte på denne rundturen for eg inn att til plassen "min" for og varme meg, blogge nokre minutt før det skulle vere turleiarens time i barsalongen. Det var ikkje berre han sin time. Hotellsjefen, maskinsjefen og kapteinen kom og. Dei skulle kome so gjestane ombord fekk stille spørsmål om alt dei måtte lure på. Dette synes eg var ein flott gest. Veldig flott.


Etter dette møtet skulle me ha fjellet Kågen på styrbord høgre side. Kågen er ei øy i Skjervøy kommune. Øya ligger vest for Skjervøya og sør for Arnøya og Laukøya. Kågen er knytta til Skjervøya med Skattørsundet bru.

I sør er Kågen knyttet til fastlandet med Maursundtunnelen. Me forserte dette fjellet utan noko vidare problem. No skulle me runde Skjervøya og Skjervøytrollet før me kom glidande inn til Skjervøy hamn for og gjere anløp der.


Her skulle me liggje frå kl 2215-2245. Det var mykje og sjå på her denne gongen. Til og med kikkerten måtte fram. Som Inger seier "små problemer blir store når en er ombord i Lofotens lille boble". Ein farande fant må finna ut kvifor ting er som det er.



Eg står oppe med gangbrua for og inspisere kva som skjer her. Lasteluka vert opna. No vert det spennande å sjå kva dei heisar opp frå skipets indre. Eg får med meg at det kjem opp ein mystisk avlang trekasse og so ein palle med glas. Gangbrua må køyrast til og frå med truck. I mange hamnar er det uvisst på kva dekk av/påstigande passasjerar skal gå på. Dette grunna høg eller lav vannstand. Slikt må ein jo finne ut av der ein står med rekka og ser.

I tur og orden vart alle gjeremål gjort og gangbrua vart sett der den skulle stå. Og nordgåande hurtigrute kunne snart forlate den vetle tettstaden med i overkant av 2.500 innbyggjare.


Både før og etter dette anløpet hadde eg skikkeleg kosetid i barsalongen.

I kveld skulle eg ve flink gutt og leggje meg tidleg. Eg var fornøgd då eg kunne klokken meg inn (eller ned) i senga til klokka slo 23.



zzzzzzzzzzzzz

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar