På dag 10 av rundturen stod eg opp i vissheit om at me i dag skulle segle gjennom vakre Helgelandsysten med over 1000 øyar, holmar og skjer. So eg er oppe tidleg i dag og. Kan jo ikkje risikere og gå glipp av noko som helst. Frukosten vart innteken til vanleg tid klokka sju.
Under frukosten hadde eg vindaugsutsikt til Ørnes. MS Lofoten hadde anløp her frå klokka 07 og eit fint kvarter fram. Det er mange raude hus her. So eg har alltid kalla Ørnes det raude anløpet på ein rundtur. Fint er det og her.
Ørnes var opprinneleg ein husmannsplass. Og i 1794 fekk Elling Pedersen bevilling til å drive eit gjestgjevari her. Dette vart starten på det som seinare skulle verte Ørnes handelsstad og plass der hurtigruta anløper to gonger dagleg. Det bur i overkant av 1600 mennesker her og plassen har i dag 3 (?) sentrum.
Det er like triveleg og ete frukost ombord i hurtigruta kvar dag og kvar gong eg er på tur. Om ein er tidleg oppe og får vindaugsutsikt so får ein forskjellig utsikt kvar einaste gong.
Etter frukosten var unnagjort måtte eg gjere meg klar til morgonmøte med nordgåande MS Spitsbergen. Eit møte i strålande flott vårver.
Eg var sjølvsagt ute med det store norgesflagget mitt for og helse skipet god dag og god tur vidare. Eg hadde selskap av bordkollega Bjørn oppe på toppdekket.
So vart det opplyst over høgtaler at kaptein Lande ville ta ein avstikker so me fekk sjå den gamle handelsstaden Selsøyvik.
Me følte oss mest velsigna der me stod ute på dekk i det flotte veret og segla gjennom farne tider. For Selsøyvik er og eit tidlegare hurtigruteanløp. Selsøyvik er ein øy i Rødøy kommune i Nordland. Øya er 0.8 kvadratkilometer stor og den gamle handelsstaden er frå 1700-talet. Øya har eigen butikk, ein landhandel og her finst både kafé og overnatting. Den viktigaste næringa er lakseoppdrett.
Då me segla forbi her stod det nokre sjelar inne på kaia og helsa på oss. Eia var eg der. Men eg var overveldanes fornøgd med og ve her. Her ombord i kystens dronning som segla i farne spor. Eller lei heiter det vel på fagspråket.
Etter denne flotte begivenheiten segla me over Kvarøyfjorden og no nærma me oss Polarsirkelen att. Klokka var berre ni på morgonen, men eg (me) hadde alt fått mange flotte opplevingar denne dagen. Og mange fleire ville kome. Etappen av rundturen me er inne i no er og ein etappe fylt av sagn og historiar.
Det fyrste sagnet finn me på Hestmannøy. Ei øy som er delt mellom Lurøy og Radøy kommune i Nordland. Her finn me Hestmannen (og kalla Hestmonkallen). Det er eit fjell med ei høgd på 571 meter over havet. Polarsirkelen kryssar øya, og Hestmannen har vore eit kjent seglingsmerke i skipsleia i århundrar. Hestmannen er kjend frå sagnet om dei nordnorske trollfjell. Sagnet om dei sju systre, kor han i sin jakt på Lekamøya skaut pila som laga holet i Torghatten.
Me skulle ta ein ny avstikkar frå den vanlege hurtigrute leia og segle på innsida av øya Aldra. Aldra er ei øy i Lurøy kommune i Nordland. Høgaste punkt er Hjarttinden som er 967 meter over havet. Verdt og merke er at øya har ein harebestand som er av nasjonal forvaltningsinteresse.
Medan me segla gjennom Aldersundet var eg ute på dekk (sjølvsagt). Eg kom i snakk med den franske guiden. Han var turleiar for det franske reisefylgje ombord. Han kunne fortelje at han jobba for hurtigruten i Frankrike. Og han hadde rundt 10 turar i året. Heldige han.
So var det klart for polarsirkelseremoni. Då skulle me feire at me hadde vore nord om denne usynlege sirkelen. Og slikt feirast med at dei reisande får ei deilig skei med tran. Namnam. Sundt og godt.
Medan denne begivenheiten stod for tur segla MS Lofoten over Sjona. Ein 30 kilometer lang fjord på Helgeland i Nordland fylke. Veret var framleis praktfullt. Eg hadde for mange dagar sidan gjeve opp blogginga. No vart det kun skreve ned stikkord på mobiltelefonen. So eg kunne nyte alt kva moder Natur serverte oss i panoramaformat ute på dekk.
Klokka 1100 var det nytt anløp på gong. No var det den vetle plassen Nesna som stod for tur. Nesna er ein kommune på Helgeland i Nordland. Verdt og fortelje om denne plassen er at diktarpresten Petter Dass budde her mesteparten av sitt liv og det var her han skreiv mange av sine største verk.
Midt på dagen, klokka 12 var det lunchtid. Og i dag fann eg karamellpudding på menyen. Men den måtte vente til eg hadde teke for meg av alt det andre "nammeriet" på bordet her. Eg tok til slutt for sikkerheitsskuld to porsjonar av puddingen.
![]() |
| Det er alltid noko spennande og sjå på når ein ligg til kai. |
Rett etter avgong frå byen med sine 6.000 innbyggjare skal me segle forbi dei myteomspunna sju systre. Det er ei fjellkjede beståande av Botnkrona (1.072 m), Grytfoten (1.066 m), Skjæringen (1.037 m), Tvillingene (980 m), Kvasstinden (1.010 m) og Stortinden (910 m).
Historien seier dei var døtre av Suliskongen som vokta dei strengt høgt oppe i nord. Heilt til han ei natt sov so tungt at dei fagre sju sneik seg ut på eit eventyr slik ungdom ofte gjer. Men der ute venta Vågekallen som lenge hadde lengta etter ei kvinne. Nett som onkel reisande Mac.
Med synet at dei flotte systrane la han ut på ein jakt som sendte trolljentane langt sørover langs kysten. Saman med systrane var og fleire andre troll som anten prøvde å fanga eller redda dei. Det ingen tenkte på var at sola forvandlar troll til stein, so då natt vart til morgon blei både trollsystrane og forfylgjarane til stein og fjell.
So der står dei sju systrene i all si prakt til skue for passasjerane ombord i hurtigruta. Og med det flotte været var det eit skue for auga i dag og.Det var ikkje mange av mine medreisande som oppheldt seg innanskips med slikt eit ver det var ute. Eg surra rundt på skipet og prata med mine medpassasjerar og såg på naturen.
Me fekk om litt den store øya Vega ute i vest. Ei øy med mykje historie. Vega er ei øy og ein øykommune på Helgeland i Nordland. Kommunen grensar til nabokommunane Brønnøy, Vevelstad og Alstahaug. Dei omlag 6500 øyar, holmar og skjer står på UNESCOs liste over verdsarven. Vega kommune har og eit samarbeid med ein annan verdsarvkommune, Neringa kommune på Den kuriske landtunge i Litauen.
På det meste var 59 øyar i Vega kommune bebudd. I alt har nærare 80 øyar vore bebudd her. Dei eldste busetningane på Vega er datert til steinalderen omlag 10.000 år attende i tid. Dette er den aller tidlegaste påviste busetninga i Nord-Norge.
So kom me til Brønnøysund. Her skulle me liggje godt over ein time. So her er det flott og ta seg ein tur i land. Og det gjorde eg. Her pleier eg alltid og kjøpe is. Dei har visst ein suverent god softis i kiosken her. So god att mannskap går mann av huse for og få seg ein. Nesten i hvertfall. Eg kjøpte meg ein krone-is. Den konsumerte eg medan eg rusla rundt på kaien.
Brønnøysund er ein by og administrasjonssenter i Brønnøy kommune i Nordland. Byen profilerast som "Kystbyen midt i Norge". Tettstaden Brønnøysund har i overkant av 5000 innbyggjare. Byen kan feira 100-årsjubileum i 2023. Frå Brønnøysund kan ein sjå det kjende landemerke Torghatten. Medan me ligg til kai her kan me sjå dei blå bygga der Brønnøysundregistra heldt til. Dei veit nok det mest om oss vanlege folk på kontora der vil eg tru. Eg stod ute på dekk og prata med ein kjekk tyskar og måtte jo visa han kva dei bygga inneheldt. Det måtte han ta bilete av og so fortelje sine reisekollegaer.
Utseglinga frå Brønnøysund er fantastisk flott. Med land på begge sider nære skipet og segling under Brønnøysundbrua gjer det svært so fascinerande og stå ute og sjå på dette. No skulle me segle utover til me kom til Torgfjorden. Då ville me om litt kunne ta ein kort avstikkar utover for og sjå på holet i Torghatten.
Torghatten er et fjell på øya Torget sørvest i Brønnøy kommune i Nordland. Fjellet ragar 258 meter over havet. Dette fjellet er kjend for sitt karakteristiske hol som går tvers gjennom fjellet. Holet er 160 meter langt, 35 meter høgt og 20 meter breidt. Dette holet vart skapt tilbake i istida. Is og vann har over lang lang tid gravd i dei lause bergartane i midten, medan dei hardare bergartane i fjellets topp stod imot.
I følge sagnet om Helgelandsfjella vart Torghatten danna då Hestmannen i skuffa kjærleik skaut ein pil etter Lekamøya som rømde frå ham. Kongen i Sømnafjellet såg dette og kasta hatten sin i mellom slik at pila gjekk tvers gjennom hatten og danna holet. So kom sola fram og alle vart til stein.
Klokka 18 var det middag. I dag var det kapteinens middag. Me ville kome til Trondheim i morgon tidleg og då ville det vere mange som gjekk av skipet og var ferdig med turen sin. Kapteinens middag pleier og vere buffe. Då er det berre og ta for seg til ein skjems.
Etter middag ville me segle gjennom Lekafjorden og få øya Leka på styrbord høgre side. Det er på denne øya ein finn Lekamøya og. Navnet stammar frå eit nordnorsk sagn. Sagnet var at Lekamøya, ei av Sulitjelmakongens sju døtre vart attrådd av Hestmannen og flykta sørover leia for å unnslippe. På Leka snubla ho og mista myssmørbutten, ho bar med seg. Ho kom seg ikkje opp att før sola kom fram og då gjekk det so det går med alle troll og trollkjerringar. Dei vert til stein.
Det lakka og leid mot kveld av rundturens dag 10. Me skulle liggje til kai i Rørvik frå klokka 2030 og ein time fram. Her pleier nord og sørgåande hurtigrute og liggje til kai samstundes. Det stod me skulle liggje til kai med MS Nordlys i dagsprogrammet, men eg vart ikkje lurt av slik desinformasjon.
![]() |
| Ingen nordgåande skip. |
Her i Rørvik vart det og litt kvardagsdramatikk. To vimsepatronar heldt på og verte akterutseilt då dei for i land for og gå på pub og gløymde tida si. Dei hadde griseflaks at ein av passasjerane såg kor dei gjekk. Hotellsjef Else måtte løpe og få tak i dei.
Det var flott kveldsstemning ute medan me låg her. Eg var ute på dekk og hadde det særs morro med og ta bilete av Rørviks måkar.
Kveldens siste "event" var overfarten over det opne havstykket Folda. Men det var flatt som ein pannakake det og.
Når det ikkje var noko teikn til Kong Neptun og hans undersåtter her gjekk onkel trøytte Mac og la seg.
zzzzzzzzzzzzzzzz




















Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar