På dag 11 skulle me for det meste opphalde oss på Trøndelagskysten. I Trondheim skulle MS Lofoten gjere anløp frå klokka 0630-1000. So då eg vakna kvart på sju låg skipet trygt forankra til kai. I Trondheim pleier nord og sørgåande hurtigruteskip og liggje til kai samtidig nokre timar. Då er det ein god mogelegheit til og besøkje det andre skipet. Noko eg spesielt ville gjere denne gongen. Men ikkje nett no. Fyrst må onkel svoltne Mac ha frukost.
I dag hadde eg Trondheim kai som utsikt gjennom vindauget med bord 1. Eg hadde bordsete med Bjørn som og var tidleg oppe. Eg fortalte han om mine rutinar her i byen ved Nidelvas os når eg er med hurtigruta på tur. Viktige element er besøk i andre hurtigruteskipet og spaserturen på andre sida av kaia for og ta bilete av dei to skipa samstundes.
Eg hadde ikkje noko personleg tidspress på meg, so eg brukte lang tid på frukosten i dag. Etterpå tok eg apostlanes hestar med meg ut og gjekk rundt og over på andre sida for ein finare fotoshoot av skipa. Veret var knallsol frå skyfri himmel. Kanonflott m.a.o. Sjølv om det ikkje er noko kanoner her til og underbyggje den påstanden.
Eg fekk teke mine nødvendige bilete og gjekk so tilbake. So var det tid for skipsbesøk. Nordgåande skip var MS Nordkapp. Det var det skipet eg reiste på forrige rundtur med i oktober i fjor. So eg hadde og ein agenda og reise ombord for og sjå om eg traff på nokre av dei kjekke i besetninga som var med på den turen. Og eg hadde flaks. Eg fant tre av dei. Eg rakk ein fin liten prat med alle tre.
So for eg tilbake att til skipet "mitt". Det kom nokre hurtigruteentusiastar ombord so dei rakk eg og eg liten prat med før MS Lofoten var klar til avgong og dei måtte forlate skipet. Då me forlot Trondheim var det utetid. Det var for fint til og sitje inne so i dag ville eg opphalde meg mest ute.
Og rett etter avgong her skulle me segle forbi den kjente øya Munkholmen før me fortsette vidare ut Trondheimsfjorden. Om Munkholmen kan det seiast at under Middelalderen var her eit kloster. Det er for lengst brent opp. I det 17ande århundre var her ein festning som ikkje fekk noko militær betydning. I dag er Munkholmen eit mål for utfluktar og ein fin badeplass for dei lokale.
![]() |
| Situasjonsbilete ein plass langs leia. |
Halv elleve skulle det vere informasjonsmøte ang. ankomsten i Bergen i morgon. I og med at eg og Inger hadde gjort hevd med reviret vårt i kroken sat me der då møtet var. For min sin del var det ikkje noko nytt under sola m.h.t. endestasjonen Bergen.
Klokka 11 var det markedsdag i butikken ombord. Då hadde dei god rabatt på klede, ting og tang dei hadde til sals i butikken. Sjølv med god rabatt i dag var det framleis stive prisar so eg kjøpte kun ein nøkkelring. Ikkje fordi eg trengde den, men sidan det var MS Lofoten logo på måtte eg nesten ha den. Eg må jo det.
![]() |
| Situasjonsbilete ein plass langs leia. |
Klokka 12 var det lunch. Alle måltida ombord har vore ein fest for både auge og mage. Alle dei kulinariske matopplevingane ombord burde vore i eit kapittel for seg sjølv. Berre badevekta veit den fulle historia.
Då me kom ut Trondheimsfjorden og runda Agdenes fyr skulle me segle gjennom heile Trondheimsleia vidare sørover. Medan me gjorde dette ville me og segle forbi to store øyar, Hitra og Smøla.
![]() |
| Situasjonsbilete ein plass langs leia. |
Smøla er Møre og Romsdals nordlegaste kommune, og ligg tre mil nord for Kristiansund. Kommunen består av ein stor øy (fast-Smøla) og meir enn 6000 mindre øyar, holmar og skjer, noko som gjer at kommunen har heile 1/3 av fylkets totale kystlinje. Fleire øyar var tidlegare bebudd, men i dag vert eigedommane kun brukt som fritidseigedommar. Ellers vert og merke om denne øya er at eg har ein kompis som lokkar ein skarve globetrottar med langtransportkøyring som innbefattar ein tur med ferje ut til øya her i ny og ne. Med bonus at eg kan få teke bilete av sørgåande hurtigrute om eg er heldig.
Klokka 16 er eg som "limt" ute på dekk. Då nærmar me oss Kristiansund. Byen med den flottaste innseglinga spør du meg. Ein flott innsegling der ein legg til kai midt i byen med hus på alle kantar. Magisk og utruleg flott og oververe. Kristiansund ligg vakkert til på tre øyar og her har det budd folk i nær 8000 år. I dag bur her omlag 23000 mennesker.
Anløpet her i byen som flyt på havet er frå klokka 1630-1700. Eg gjekk ikkje i land her, men eg var ute på dekk og fekk med meg det som skjedde på kaia. Den gode naturlige havna her, samt plasseringa ved skipsleia er saman med fjordane mot bygdane på Nordmøre bakgrunnen for at ein by vart etablert nettopp her. Kristiansund vaks fram basert på trelasteksport, fiskeri og klippfiskproduksjon, medan næringslivet i dag er sentrert rundt olje- og gassvirksomheita på Haltenbanken.
Når me forlet Kristiansund for denne gongen skal me ut på det opne havet att. No er det Hustadvika som står for tur. Eit havstykke som fekk nok omtale då cruiseskipet Viking Sky hadde problem med motorane sine her. I dag var her ingen problem med noko som helst. Veret var framleis knallande flott. Og Hustadvika var like flatt slik eg alltid har opplevd det på mine 12 rundturar.
Klokka 18 samlast den nykomponerte gjengen av dei fantastiske fire ein siste gong til middag på denne rundturen. Inger, Harald, Bjørn og Birger. På menyen hadde kjøkkenet trylla fram forrettane salat Nicoise og skalldyrsuppe, før menyen avslørte at middagen var avkokt laks. Eg fekk sjølvsagt ein god kjøttrett som stod til ti i stil. I dag og. Til dessert kom det fire skålar med dronning Mauds portvinspudding på bordet. Ein til kvar av oss. Dette kan oppsummerast på tre bokstavar og eit utropsteikn. Nam!
Etter middagen var eg mykje ute på dekk for og nyte kveldssola. I min egoistiske vetle verden har dei vore supre med tidspunkta under middagsserveringa på denne rundturen. I dag og. Middagen var ferdig i god tid slik at eg rakk ut på dekk for og oververe møte med nordgåande hurtigrute MS Finnmarken. Dette skipsmøtet pleier ofte og finna stad utanfor tettstaden og fiskeværet Bud som ligg i Fræna kommune i Møre og Romsdal. Alt etter om det er sommar eller vintersesong.
Men når nokon ombord i skipet er slurvete med dagsprogrammet og skriv feile tidspunkt på eventar og skipsmøte so vert det ikkje lett for onkel forvirra Mac og fylgje med. Men sjølv gamle sjøulkar (og eg) kan lære. I dagsprogrammet stod det møtetid kl 2135. Men den beit eg ikkje på. Eg hadde kontroll på alle skipsmøta på denne rundturen. Sjølv dei som hadde feilaktige tidspunkt i dagsprogrammet.
Skipsmøtet fann stad litt over klokka 1930 og det i strålande fint kveldsver. Eg gjekk frå onkel forvirra Mac til onkel fornøgde Mac. Eg var ute på dekk og veiva med det store norgesflagget mitt med eina handa og tok video med den andre. Eg har lært eg kan ta bilete av video på telefonen. So eg tok berre video av skipsmøta og so bilete etterpå under denne turen. Perfekt.
Til rosenes by, Molde, kom kystens dronning litt før klokka 21. Her skulle me liggje i betryggjande tre kvarter. Då er det fin sjanse og ta ein tur i land og strekkje på beina om ein vil det. Eg gjorde ikkje det denne gongen. Eg var ute på dekk ved rekka og såg på kailivet. Eg fekk sjå ekte gjennsynsglede der nede. Dagleglivet langs leia er facinerande.
Om ein ser stort på det so var dagens siste anløp Ålesund. Anløpstida var kvart over midtnatt so det er eigentleg eit anløp for neste dag, men kven bryr seg no om det? I jugendbyen er det ein særs flott kaffigjeng som pleier å komme ombord. Kryss i taket og stjerne i boka til dei for at dei stiller opp til midnattsanløpet her for sørgåande hurtigrute. Eg mistenkjer Ketil Wigen for og ha samla troppane til oppmøte denne natta. Veldig kjekt.
Skipet skulle liggje til kai her til klokka 01. Og med kaffigjengen anført av min villeiande reiseleiar Ketil Wigen so kom og kaptein Lande, ein styrmann og nattevakt Geir bort til stambordet i cafeteriaen. Det var eit særs kjekt og trivelig treff me hadde der.
Siste ting og skrive heim om som ikkje var noko og skrive heim om var overfarten over Stadt. Stadt = flatt.
Havet utenfor Stad kalles Stadhavet og er eit farvatn med krevjande bølgeforhold for skipsfart i 90 til 110 dager i året. Høg sjø med bølgjerefleksar frå land gjer vanskelege manøvreringsforhold for skipa. Stadhavet er derfor kjend som eit av dei mest verharde stadane langs norskekysten. Men eg har aldri opplevd noko av det.
Til slutt fekk eg somla meg i seng godt fornøgd med dagens opplevingar og nye sanseinntrykk.
zzzzzzzzzzz















Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar