onsdag 17. april 2019

Dag 2.

I dag skal me passere det meste av Mørekysten og to opne havstykke. Me skal og møte to sørgåande hurtigruteskip. Det fyrste vil vere MS Richard With til den ukristelege tida av kl 0630. På dette skipet er det ein gjeng med entusiastar frå hurtigrutens vener so eg ville opp og ut på dekk for og vinke til dei. Det var like glissent med folk ute på dekk der som her ombord.

Det var utruleg fint og mildt ute no på morgonkvisten. Eg stod på post ute på dekk med to kameraer og det flotte Norgesflagget mitt. Vanlegvis tuter hurtigruteskipa kun mellom kl 08-22. Men dei gjorde eit unntak no. Eg liker og tru at det var sidan eg stod ute og veiva med flagget mitt.

Etter denne seansen for eg på lugaren att og sov ein fin powernap på omlag 20 minutt. Deretter var det opp att til frukost. Den var som før sett til klokka 07.00.


Eg nyt ein betre frukost og ser på livet på kaia medan me har anløp i Måløy. Eg ser havnevesenet har kontor her og. Dei ligg so lageleg til ved sjøkanten.



Eg sat åleine i restauranten nokre minutt før tyskerane inntok lokalet. Eg såg dei ikkje men språket er jo ikkje til og unngå og få med seg. Eg er oppvaksen på Derricktysk so eg skjøna godt kva dei sa. Det var ein mann og hans fru som hadde ein dialog bak meg.


Han ville flotte seg og setje seg ned ved kapteinens bord før kona utbraut:

- "Nein nein. Das is fur the kapitan".
- "Ah, ich verstehen" sa mannen.

So flytta dei seg og opptrinnet var over.


Etter frukosten var unnagjort skulle MS Lofoten segle over Stadthavet. Denne overfarten tek ca. to timar. Desse havstykka her sørpå er svært so berykta, men eg synes det er oppskrytt med at det skal ve so dårleg her. Det er som himmel eller helvete spør du meg. "Dårlege tider" havner i media og på folkemunne, medan alle dei tusenvis på tusenvis av passeringar hurtigruta har gjort her på flatt hav kjem ALDRI i media.


Og i dag var det samme som sist eg var på tur. Flatt. Det var so flatt her at kaptein Lande informerte om det på førehand då me hadde presentasjonsmøte før avgong Bergen i går. So flatt og fint var det over Stadt. Veret over havoverflata var strålande sol og sommervarme. Eg kunne likegjerne ha gått i t-skjorte ute på dekk.


Etter overfarten på Stadt ville me innaskjærs og ta eit landliggje i den vetle plassen Torvik. Dette er Hurtigrutas hamn for Herøy kommune. Og ute i havgapet fin me fuglefjellet Runde med eit enormt mylder av mellom anna lundefugl. Dette er Vest-Norges sydlegaste fuglefjell med omlag 500.000 fuglar av ymse slag.


I Torvik er det nesten alltid noko og sjå på. Og i dag var det mykje som måtte inspiserast og studerast frå onkel nyskjerrige Mac. Eit fiskefartøy av den større sorten låg inne ved ein kai bak oss. Kikkerten måtte fram for og sjå kva dei hadde ombord. Framføre oss på ein annan kai låg to flotte, knallgule supplybåtar. Eg vil tru vetlesystere låg i skjul bak den største.

Ikkje mange minuttane eter me hadde forlatt Torvik kom det beskjed over høgtaleren at me ville få sjå Hurtigrutas nyaste skip MS Roald Amundsen ute på prøvetur. Det var fantastisk morro og oppleve.

Dei heldt fylgje med oss nokre flotte minutt før våre vegar måtte skiljast for denne gong.


Dette skipet vil kun gå i cruisefart. Greitt nok det. Alle kan ikkje gå langs kysten, men eg synest ALLE nye hurtigruteskip burde teke ein rundtur langs den vakre kysten vår slik at det norske folk kunne fått sett desse skipa.





Ein flott seanse og få sjå skipet og helde fylgje nokre minutt før me måtte skilje lag.






Me nærma oss snart Ålesund. Med det fine veret som var, tippa eg mange ville ut på utflukt her. Og det stemde. Det var reine folkeferda som for frå borde.

Det var og noko eg gambla hardt på. Lunchen i dag sett frå kl 1130-1430. Eg venta til skipet hadde fått kaikontakt og sett av gjestane før eg gjekk til matfatet. Og eg fekk rett. Matsalen var nesten tom so eg kom til duk og dekka bord.

I Ålesund skulle me liggje i tre timar. Hurtigruteskipa var enno ikkje begynt sesongen der dei tek ein avstikkar inn til Geirangerfjorden. Medan skipet låg til kai her i byen med i overkant av 50.000 innbyggjare. Her ville det vere tre mogelege utfluktar og vere med på. Jugendstilvandring i byen, eit besøk til Atlanterhavsparken og ein kunne ta seg ein kajakktur på fjorden med dyktige guidar.

Eg pleide ein stund og ta nokre utfluktar på rundturane mine. Men trur eg kjem til og droppe det no. Det virker som om hurtigruteleiinga skor seg på gjestanes opplevingstrang. Prisane på utflukter var stive før. Men no er det vorte dyrt. Ublu prisar som det og heiter. Er det dei nye eigarane i England som ser profitten i folks reise og opplevingtrang skal tru?



Eg for i land for og handle litt ymse. Borda ombord i skipets barsalong er enten for låge eller for høge om ein sit med laptop. Det er sjølvsagt etter min målestokk. So eg for på Nille i kjøpesenteret for og kjøpe eit stort ullpledd. Det skulle eg bruke som sittepute og som ullpledd på hytta. To for prisen av ein. Fantastisk! Det hadde jo blitt heilt feil om eg kjøpte barnesete for og komme høgare opp med armane. So eg kjøpte pledd og ein stor kopp. Litt tryggare og gå ute på dekk med den. Då kan eg skvalpe litt mindre enn om eg bruker skipets vanlege kaffikoppar.

Godstemninga var til og ta og føle på i Ålesund by. Folk sat ute på alle cafeane og pludra og nytte sola. Eg gjekk ein runde rundt i byen. Eg heldt nesten på og verte onkel bortkomne Mac då eg plutseleg fann ut eg gjekk i feil retning. Mot akvariet. Ikkje at det var noko feil og reise dit men eg hadde ikkje tida til det no. Eg ville attende til nordgåande hurtigrute. Eg gjekk nede med kaikanten og såg på småbåtane på veg attende til skipet. Om eg vert fødd på ny vil eg bu ved sjøen.



Etter avgong Ålesund ville me få Ålesund flyplass ute på babord venstre side av skipet. På same side ville me touche og sjå snurten av Harøyfjorden, før me skulle segle gjennom Midfjorden. Romsdalsfjorden ville me få på styrbord høgre side like før me gjorde dagens nest siste anløp i jazzbyen Molde.


På skulebenken: For dei uinvidde som lurer på kva som er styrbord og kva som er babord so er styrbord eit fartøys høgre side sett i fartøyets fartsretning, og babord er fartøyets venstre side sett i fartsretninga.

Ordet styrbord stammer frå norrønt stýri, frå verbet stýra (leie, føre) og borð (kant). Vikingane styrte sine båtar med styreåre (ror) som alltid var festa på styrbord side.
Rormannen, som heldt styreåren med begge hender, stod delvis med ryggen mot båtens babord (bak)side. (Frå Wikipedia)



Me la til kai i Molde litt før klokka 18. Her skulle me liggje samfulle tre kvarter. Frå kl 1745-1830. På kaia var det møtt fram nokre entusiastar som me (eg og Inger) helste på. Me følte begge lukka stod den heldige bi, so me for inn i den vetle kiosken på kaia og kjøpte kvar våre tre flaxlodd. Om me vann får du vite ein annan dag under turen.


Det var ikkje mange minuttane me var i land. Ein liten prat med likesinna entusiastar, handling i kiosken og sjølvsagt ta dei nødvendige bileta av hurtigruta som låg til kai her før eg gjekk ombord. For klokka 18 var det middag. Rundturens fyrste middag med reserverte bord. Og det er alltid spennande og sjå kven ein vert bordsett med.

Eg hadde bedt om og få bordsete med hyggjelege Inger frå Vestfossen. Og det var visst eit gjengjeldane ynskje frå ho. Dei to andre bordkavalerane var Harald frå Vestfold og Angela frå Tyskland (men busett i Oslo). Me var frå no av referert til som dei fantastiske fire.


So var det og fokusere på kva me ville få servert av delikatesser til middagsmåltidet. Til forrett fekk me ein apetittvekkande spekeskinke med melon. So vart det servert ein god kjøttsuppe. Harald konkluderte med at dei kunne godt ha gjeve oss stor porsjon. Eg var einig. Det føltes som me hadde fått barneporsjon, men det var kanskje hensikten og? For og opne smaksløkane so dei stod på vidt gap til middagen kom. Til hovudmåltidet diska kjøkkenet opp med Prinsefisk.

På engelsk var det oversett til fish fit for a prince. Men ikkje for meg tenkte eg og fekk ein deilig kjøttrett. Eg hadde gladeleg teke to porsjonar av den. Det pleier og verte litt misunning og "oppstandelse" når mine bordkavalerar no og på tidlegare rundturar ser eg får betre mat enn dei når det er fisk på menyen.

- "Fisk e fisk og kjøtt e mat", seier eg.

Konklusjon på dagens måltid: Sett vekk i frå litt lite suppe so stod det heile til 10 i stil. Denne gongen og. Nam!



Og skryt til restauranten og servitørane for ikkje og dra middagen ut i langdrag. Måltidet var over litt over klokka 19. Heilt perfekt. Då rakk eg ut og sjå når sørgåande MS Nordnorge ville komme. Eg hadde som sagt med mitt store norgesflagg og det vart fort sett i gang vinkekonkurranse med Inger i spissen frå "the towel brigade".

Me var mange som tok turen ut på dekk for og helse motgåande hurtigrute velkomen. Møtet med MS Nordnorge skjedde utanfor Bud og ved starten på Hustadvika.





Hustadvika har vore nok omtalt i media siste tida etter cruiseskipet som fekk problem der. I dag var det strålande flott ver under overfarten og sjøen var flat som ei pannekake her og. Akkurat som på Stadt. Det var so stille og mest litt andaktig og stå ute på dekk og nyte det blikk stillehavet. Ein kunne mest ha høyrt lusa hoste her.


Kvart over ti gjorde me anløp i Kristiansund. Byen som flyt på havet. Kristiansund ligg på fire øyer heilt ut mot havet og hadde i 2018 omlag 18.000 innbyggjare. Her skulle me liggje frå kl. 22.15 og 45 minutt framover i tid.

Under liggjetida her oppheldt eg meg i salongane i skipet. Sirkulerte rundt slik berre eg kan og prata med folk. Veldig hyggjeleg. Eg fekk og skreve litt på bloggen inni mellom. Men det er ikkje lett. Mykje kjekkare og surre rundt på dekk og prate med folk og sjå på den gigantiske panoramautsikta utanfor skipet.

Eg vurderer og droppe reisebrev på neste rundtur for og få litt betre tid ombord men det vert nok ramaskrik får mine fylgjare då.


Då me forlot Kristiansund gleda eg meg til nattmøte med gode gamle MS Nordstjernen. Det tidlegare hurtigruteskipet gjekk no cruisefart og me ville møte dei i 01 tida. Det var knuskmørkt ute so eg visste eg ikkje ville sjå so mykje, men ut måtte eg. Åkke som. Og då tida var der var det berre eg og Inger som var ute for og overvære skipsmøtet. 





Etter at det var gjort var det tid for og finne loppekassa.

zzzzzzzzzz

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar