søndag 21. april 2019

Dag 6.

I dag er dagen for morgonfuglane her ombord. Om nokon vil ha fastland under beina kan dei gå i land og strekkje litt på dei i Hammerfest. Her skal me liggje frå kl 0515 og til 0600. Dette er noko eg ikkje har hatt noko særleg behov for tidlegare og hadde det heller ikkje no.


Men eg er oppe og klar til dagens fyrste måltid, nemleg frukost kl 07. Eg har bordsete med Harald. Me slår av ein kort frukostsamtale utan noko særleg innhaldsrikt tema i. Det er litt uskulding rulling ute på havet her. Me har no fri tilgong til Norskehavet ute i vest. Bordkortet var på veg til og ta seg ein tur på bordet vårt att, men det vart fort sett på plass.

Etter ein god frukost hadde eg litt tid til fri disposisjon. Den brukte eg ikkje so fornuftig. Eg la meg nedpå nokre minutt for ein powernap. Livet til sjøs tek på onkel reisande Mac. Men eg måtte opp att til dagens hurtigrutemøte. Me skulle møte MS Finnmarken ca. kl. 0830 utanfor Havøygavlen. Det var småsurt ute. Mildt men småsurt. Og litt lei vind. Og sikkert difor det berre var meg ute på dekk med flagget mitt. Havet var roleg so det var ikkje noko vidare problem og føta seg.

MS Finnmarken kom, og fløytehelsing vart overlevert frå begge skip. Eg sleit med og halde det flotte flagget mitt, men ein mann går ned på sin post.

Eg stod på nest øvste dekk bak i skipet. Sikkert der vinden får mest tak og. Som den standhaftige tinnsoldaten stod eg på min post for og ta i mot sørgåande hurtigrute.


Samstundes so skipsmøtet fann stad hadde me heile tida dei flotte vindmøllane på Havøygavlen i syne. Denne vindpark er ein vindpark som ligg i Måsøy kommune, mellom Hammerfest og Nordkapp.

Vindkraftverket er verdas nordlegaste med sine 16 vindturbinar. Dei har ein kapasitet på 40 MW. Dette gjer ein årleg kraftproduksjon på ca. 120 GWh.




So kom me til anløpet Havøysund. Dette er ein tettstad med fiskevær og det er administrasjonssenter i Måsøy kommune i Finnmark. Tettstaden ligg på Havøya utanfor kysten av Vest-Finnmark.


Det bur i underkant av 1000 forblåste skjelar her. Fiskerinæringa er viktigaste næringsveg med ei rekkje fiskefartøy, to store fiskeindustribedriftar og landets nordlegaste klippfisktørkeri.

Eg synes Havøysund er eit flott anløp. Eg kan anbefale og stå langs skipsrekka og sjå når hurtigruta legg til kai. Sjå på den flotte husrekka so ligg med kaien. Det er stille og roleg her inne i dag. Vermessig vel og merke. På kaien er det travelt. Og mykje og sjå på då. Mykje som må inspiserast av onkel nyskjerrige Mac.

Eg står oppe på øvste dekk saman med Angela. Ho peiker på eit bygg det står Måsøya jobbsenter på. Det er vel Havøysunds svar på NAV det.

Men kvifor heiter det jobbsenter og ikkje NAV her? På alle dei andre plassane her nord heitte slike jobbsentre NAV. Medan me stod her og lurte på dette såg me det kom eit par stykker ombord. Dei skulle sikkert ta turen til Honningsvåg.



Halv ti denne morgonen sit eg i cafeteriasalongen. Det sit folk med alle borda. Det er ein lett og god stemning her. Med eit bord sit ein kar åleine med ein kopp kaffe og ser ut vindauget. På eit anna bord er dei fullt ut opptekne med og diskutere til og leggje merke til at eg observerar dei. Med eit tredje bord sit ei dame og strikkar medan mannen les i ei bok.


Tida går fort ombord i hurtigruta. So fort at tida for Magerøysundet er her plutseleg. Både Magerøysundet og Magerøya har mykje spennande historie og lesa om.

Magerøya er ei stor øy i Nordkapp kommune i Finnmark. Den ligg nord for Porsangerhalvøya. Magerøya har eit areal på 435 km², og er Norges 11. største øy. Øya er mest kjend for Nordkapplatået som er ein viktig turistattraksjon. Karasjoksamenes reinflokkar hadde symd over Magerøysundet år etter år, heilt frå reindriftsamane gjekk over til å verte nomadar på 1600-talet. Dette fortsette dei med heilt til ut på -70 talet. Då byrja forsvarets landgangsfartøy å frakte reinflokken over.

Magerøysundet er eit sund i Nordkapp kommune i Finnmark. Mest all skipstrafikk til Honningsvåg og farvanna aust for Honningsvåg går gjennom dette sundet. Med å segle gjennom dette sundet var ein godt skjerma for vær og vind i motsetnad til om ein segla på utsida av heile Magerøya. Då ville ein vere utsett for heile Kong Neptuns vrede om han var i dårleg humør. Her hadde ein fritt utsyn til Barents- og Austhavet.



Lunchen i dag var sett frå kl 1030-1300. Og godt var det i dag og. Lunchen gjekk til 10 på skalaen. Endå ein gong. Eg fann meg både entrecote som var aldeles nydeleg. Og fylde på med både lam og svin. Pluss salat og grønsaker og. Ellers vert eg stempla som "manneetar". Med og berre ete kjøt.

Til dessert fann eg meg kirsebærkompott med vaniljesaus. Gud hjelpe meg kor godt det var. Eg tok meg og den friheit og fylla på ein gong til. Kvæfjordkake låg det og i dessertavdelinga i dag. Alle med respekt for seg sjølv må ta eit stykke av denne kaka. Det vart innertier der og.


Medan eg nyt lunchen min tenker eg på "the missing link". I gamle dager lærte mødrane sine håpefulle små at ein tek av seg lua når ein kjem inn nokon plass. Alle kan me vel strofen "ikkje komme inn i stua utan og ta av seg lua"... Men kva har skjedd? 30 år seinare ser ein mødre og damar, ung som gammal, i restaurantar og andre offentlege rom gå med lue og anna hovudplagg inne. Kvifor er det motsett no?



Etter lunchen gjorde eg meg klar for ein spasertur i land. For me hadde no kome til Honningsvåg. Eg pleier alltid å gå i land her og ta meg ein gåtur rundt omkring. Honningsvåg har ei fin lita hovudgate der ein kan gå gjennom den og sjå på kva utval dei har av butikkar, cafear og restaurantar. Eg går over til andre sida for og gå ut på moloen og ta bilete av favorittskipet mitt. Kystens dronning, MS Lofoten.

Eg går gjennom gata som har fått det passande namnet Fiskergata før eg baier ut til høgre og går heile moloen til endes. Der fekk eg nokre bra flotte bilete av skipet. Eg går lukkeleg tilbake same vegen.




Supply/rescueskip med nokre
store fendere.
Attende i skipet set eg meg til rette i reviret som eg og Inger har laga oss akterut i dette erverdige skipet. Eg klarer og blogge litt, tek nokre runder på dekk for og sjå på kva som rører seg ute. Inger kjem etterkvar ho og. Ho har vore i cafeteriaen og funne seg ein eplekake. Ein perfekt lunka eplekake med krem. - "Oi for et liv vi lever" sa ho.



- "Nå har vi løstevet oss fra kongerike Honningsvåg", sa ho so passande då skipet la frå kai med retning vidare nordover. Neste anløp ville vere Kjøllefjord omlag kl 17.

Kjøllefjord som anløpsstad skal ein heller ikkje kimsa av. Kjøllefjord er eit lite fiskevær og administrasjons-
senter i Lebesby kommune i Finnmark. Her bur i underkant av 1.000 innbyggjare.

Tettstaden ligg innst i Kjøllefjorden på Nordkinnhalvøya og her er daglege anløp av Hurtigruta. Før ein kjem til Kjøllefjord vil ein få den flotte fjellformasjonen Finnkjærka på styrbord høgre side. Inne i fjordarmen kan skip liggje i ly ein stakket stund om det er dårleg ver. Hurtigruta kan og liggje her so folk får ete middagen sin utan og jakte på bordkort og kjøttkaker om det trengs i dårleg ver.


På middagsmenyen i dag var det både det eine og det andre. Grava reinsdyr som forrett etterfulgt av ein aldeles nydeleg potetsuppe. For mine bordkollegaer hadde kjøkkenet diska opp med ekte ishavsrøye. Eg som den kjøttetande globetrottaren eg er fekk ein godt smakande kjøttrett. Kva det var er hemmeleg. Ellers vil alle ha det same neste gong. Til dessert denne dagen toppa kokkane det heile med karamellpudding. "How can you go wrong with that?"



Det vart eit kort og trygt anløp i Kjøllefjord. Eg var ute og fekk med meg kva som rørte seg på kaia. Ikkje so mykje og skrive heim om. Etter avgong frå Kjøllefjords lune hi skulle me ut på Austhavet. Austhavet er den delen av Barentshavet som ligg nærast Finnmark. I sørvest grenser det til Varangerfjorden, og i vest til Norskehavet, med Nordkapp.


På veg mot Mehamn passerar me Kinnarodden. Dette er det nordlegaste punktet på det norske og det europeiske fastlandet. Den ligg på Nordkinnhalvøya. Det er mogeleg og komme seg dit til fots. Det er ein 23 kilometer lang fottur frå Mehamn, noko som tek omlag 6-8 timar i kvar veg. Det finnst også båtturar frå Mehamn om sommaren. Avstanden til Lindesnes i sør er 1752 km.

Kvart over sju var me komen inn til Mehamn. Her og var det berre eit kort, kort stopp. Ingen på ingen av som eg kunne sjå. Me forlot hamna ikkje lenge etterpå og segla ut på det opne Austhavet. På mine turar har eg ofte følt at Austhavet er meir ruglete enn sin nabo Barentshavet. Kanskje det er fordi Kong Neptun snur her oppe når han er på tokt? Han vil jo ikkje komme for nære russargrensa. Der har verken han eller alle hans havfruar noko og gjere. Sjølv om ein ikkje kan sjå noko grense under vatn som ein kjent komikar sa det so treffande.

Og rett etter Mehamn fekk me bylgjer. Neppe noko og slå seg på brystet av, men det var finfin rulling og duving. I ein bylgje mot venstre var det so det hang litt att før det retta seg opp. Inger sa av erfaring at det var berre og vente til skipet retta seg opp att før ein sjølv gjorde det. Dette var sikkert noko gammalt hav frå andre plassar meinte ho.

Langt der ute i havet byrja no lysa frå fisketrålare og fiskeskøyter og poppe opp. Fleire og fleire kom etterkvart som tida gjekk. Det var ein liten aktivitet i seg sjølv og prøve og telje alle lysa der ute.


Klokka 22 nærma me oss ny hamn og nytt skipsmøte. Me ville no komme til Berlevåg. I Berlevåg er det ofte fyrste mann til mølla mht. kva hurtigruteskip som får leggje til kai fyrst. Nordgåande eller sørgåande. Denne gongen vann sørgåande MS Polarlys. Dei tuta og lyste då me passerte kvarandre og MS Lofoten responerte likeins. I dag kom det på heile 4 passasjerar her. Det gjekk opp for meg at me har hatt tre anløp no utan at eg har teke noko bilete. Eg får vel pes no av min villeiande reiseleiar Ketil Wigen.

Etter kveldens nest siste anløp sette eg meg til i reviret vårt og prata lenge med Inger. Helt fram til neste anløp som var Båtsfjord like før klokka slo om til ny dag.


Etter dette anløpet var det sengetid.



zzzzzzzzzzzzzzzzz






zzzzzzzzzzzzzzz

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar