onsdag 16. januar 2019

Dieseltomt i Frankrike.
Etter ulukka eg hadde i Flekke vart bilen sendt til reparasjon på eit DAF verkstad i Drammen. Då den var ferdig skulle eg ta toget dit for å hente den.

Eg reiste med nattoget frå Voss, og kom til Drammen ti over seks på morgonkvisten. Eg tok bussen ut til DAF verkstaden. Bilen ville verte ferdig utpå ettermiddagen sa dei.


Tralla stod på eit verkstad i Horten, so det var ordna so eg fekk låne ein lastebil (ein trekker) til å hente tralla der. Tralla stod klar då eg kom. Sjefen hadde ordna det so eg kunne ta med noko stykkgods tilbake til Sogndal når DAF'en var ferdig. Desse pallane og det andre "skrutleriet" vart henta rundt omkring. To pallar i Larvik, noko kolli her og noko småtteri der. Det såg "finare" ut og ha litt lass på bilen enn ikkje noko.


Då alt var henta inn returnerte eg til Drammen for og vente på at lastebilen skulle verte ferdig. Det var som sagt på ettermiddagen. Medan eg sat i lastebilen og venta fekk eg ny beskjed om at lastebilen ikkje ville vere ferdig før seint i kveld. So då sat eg der og kokelurte. Eg har sikkert venta so mykje i mi levetid eg kunne stilt opp til NM i venting.



Den som venter på noko godt.....
Lastebilen vart tilslutt ferdig so eg kunne reiste frå DAF Drammen kl 23.30. "On the road again....". Eg kom til Sogndal ein liten halvtime over kl 03. Eg parkerte ein passande plass og la meg. Eg fekk sove til 8. Eg hadde ikkje meir køyretid att so eg måtte ha med ein ekstrasjåfør for å losse her i Sogndal og so i Førde og Florø. I Florø skulle me og laste opp att med fisk som skulle til Cany-Barville i Frankrike. 

Sjølv om eg kan vere ein trollmann av og til må eg ha litt søvn eg og. Eg la meg bak i køya medan hjelpemannen min ratta DAF'en trygt forbi namngjetne plassar som Fjærland, Skei, Jølstravatnet og til slutt Florø.



Sogndal - Oslo.
Vel tilbake i Sogndal att vart det ein betre middag på Chinahouse, før eg sette kursen austover. Klokka nærma seg midnatt. Kjettingar måtte på for å komme over Hemsedalsfjellet.

For meg er kjettingar eit særs positivt lada ord. Eg pleide sei eg la på kjettingar på DAF'en for eit godt ord. Det var ein to-aksla trekker so ikkje det mest ideelle og ta seg fram med over norske fjellovergangar. Når ein vert kjend på vegen veit ein kor ein kan ha behov for og leggje på kjetting. Men alle kan gjere feil. Sjølv eg.

Det e berre på Haukeli eg pleier og stå fast utan og komme opp. Sjølv med kjettingar på drivhjula. Men den vegen hater meg so der hjelp ikkje noko. Eg har stått fast to gonger godt skodd med kjettingar på. Då måtte eg leiast opp til topps. So det er allmen kjent at den vegen - den HATER meg.



Eg tok kjettingane av att på Gol. Eg stod pausetida mi på Gol. I "gamle dagar" var det ein døgnopen Shellstasjon oppi sentrum. Særs passande og stå der.


Eg ankom Skårer i Oslo like over 7 om morgonen. Eg hadde lasta fullt i Florø so eg parkerte ute på plassen. Eg la meg bak i køya for og kvile og sjå innsida av augelokka.



Om lasta skal av eller på med ein gong ein kjem til Skårer fisketerminal kan ein ryggje inntil ein ledig rampe. Om lasta ikkje er klar so parkerer ein ute på plassen og venter til ein vert ringt på. Eg hadde som sagt full tralle so alt eg trengde her var nokre tolldokument og papir.

Desse papira vart ikkje ferdig tidsnok til og rekkje Oslo-Kiel ferja. Den gjekk i 2 tida. Då vart eg sett opp med Color Festival som gjekk frå Hjortnes kaia til Hirtshals. Den ferja gjekk ikkje før på kvelden.



På andre sida av dammen.
Eg kom i land i Hirtshals litt over klokka 8. Av med handbrekket og so tok eg laus. I Danmark er det godt og vere norsk. Stemmer sikkert det, men sidan det tek ein fin køyreøkt på omlag 4 timar er det skjelden noko behov for og stoppe her.

Eg køyrde til Damme Berge i Tyskland der eg svinga innom ein fin rasteplass og la meg til å sove. Det gjekk ca. 10 timar å køyre ned dit med lastebil frå Hirtshals.

Dette var ein av "fisketurane" eg hadde bra tid på utan noko stress so eg kunne sove til klokka 06 neste morgon. Då fekk eg og fin døgnpause på (køyre)skiva.



Eg starta køyringa klokka 07. Fisken eg hadde på tralla skulle til ein sjarmerande liten plass ute med Franske kysten som heitte Cany-Barville. Ein veldig liten plass.

Eg hadde vore der ein tur før so eg visste både vegen og retninga. Noko av det eg liker mest med å køyre lastebil er at ein av og til laster til plassar som turistane skjeldan finn fram til. Denne plassen med omlagt 3-4000 innbyggjare var ein slik plass.




Eit kongerike for litt diesel.
Eg kom ned mot Amiens då eg måtte begynne å sjå meg om etter ein bensinstasjon. Lastebilen eg køyrer hadde berre ein dieseltank som tok 300 liter(!). Det er mest som ei sjølvmotseiing og ha ein so liten tank på eit køyretøy som køyrer over heile kartet.

Firmaet eg køyrde for brukte Fina/Aral/BP og Statoil til å tanke diesel. I Frankrike var det mest Fina og BP det gjekk i. Problemet var og er at det ikkje er mange slike stasjoner nedover på denne "sida" av Frankrike eg skulle til.

Kartboka som Statoil gjev ut har kart over heile Norden og Vest-Europa. Og kartboka har merkt ut kor desse stasjonane låg. Ein stor fordel for meg med slik ein mikkemus-tank av ein dieseltank.

Eg hadde tidlegare funne ut at kartboka sine prikkar over kor stasjonane låg, ikkje alltid stemde overeins med verkelegheita. Nokre av stasjonane var nedlagde, andre var av den typen som stengjer klokka 1930 om kvelden. Eg var på veg nedover her ein sundags ettermiddag!




Eg hadde eit løynleg håp om å passere stasjonar i Amiens. Men der var det so mykje lastebil forbode skilt eg ikkje turte passer. Eg har fått det fortalt av andre sjåførar at det franske politiet kan vere strenge. So eg gjekk klar av alle stasjonar som var utmerka. So siste sjanse var i Yvetout ca. 20 minutt sør for Cany-Barville.


Eg kom dit seint på kvelden. Klokka hadde passert der begge visarane står rett opp og blitt til ein ny dag. Stasjonen her var sjølvsagt stengt. Kva no? Skulle eg ta sjansen og køyre til Cany-Barville, losse og ned att her i morgon for å fylle? Det hadde lyst rødt på tanken ein stund no. Alternativet var å stå her. Eg bestemde meg for å køyre. Det gjekk bra heilt til eg kom til siste bakken opp mot plassen eg skulle levere. Då hosta bilen og so ville den ikkje lengre.




Dieseltomt
Eg tenkte at "no var helvete laus, med bilberging og lufting av dieseltanken osv.". Eg prøvde ikkje noko på og få start på bilen att. Då ville eg berre dra luft inn i systemet og eg måtte GARANTERT lufte systemet. Eg gjekk ut av bilen og såg på dieseltanken. Som om det ville hjelpe noko.

Eg såg rundt meg her eg stod midt i bakken. Det var kolsvart ute. I Frankrike (og Europa ellers) er det flinkare enn oss heime i Norge med og slå av unødig lys. So anna kvart gatelys var sløkt her. Eg funderte litt på kvifor dei set opp gatelys og ikkje bruker dei når det trengdes.

Eg stod ute og venta på bedre tider. M.a.o. at ein bilist ville komme forbi og gje meg ei hjelpande hand.

- Der såg eg lys nede i bakken. Og so kom det ein bil. Det sat ein mann og to unger i den. Sjølvsagt kunne dei ikkje engelsk. Ikkje litt ein gong. Men han skjønte godt kva problemet mitt var då eg pekte på tanken og sa "diesel/gazolin".


Han fekk forklart på det internasjonale teiknspråket og fransk (som eg ikkje skjønte) at eg skulle bli med han so skulle me finne ein "station-service" eller tankstelle som eg seier når eg passerer tyskegrensa.


Eg sette meg inn i bilen hans. Han køyrde, eg sat som passasjer og ungane sat mutters stille i baksetet. Klokka var nærare 02 no. Fyrst for me heimenom til han for å finne det han hadde av kanner me kunne bruke til å fylle diesel på. Me køyrde deretter rundt på 2-3 stasjonar før me fann ein som tok kort. (Stasjonane var sjølvsagt stengd no på natta). Visa kortet mitt gjekk (sjølvsagt) ikkje an og bruke her, so han fylte på kortet sitt! Berre nok til at eg kunne komme opp til toppen. Eg kunne få meir hjelp i morgon.

Tilbake att til lastebilen fylte eg på dei verdifulle 15-16 litrane med drivstoff me hadde med oss og so var det og prøve og starte doningen. Og undranes tid er enno ikkje forbi! Litt kinning og so brumma den gule DAF'en fornøgd.

Eg gjekk ut at til den blide franskmannen. Me kunne som sagt ikkje snakke med kvarandre, men han forstod nok godt kor takknemleg eg var for hjalpa. Eg prøvde på det mest avanserte teiknspråk eg har brukt noko gong og forklare eg ville betale han att men då måtte han komme opp til lasteplassen i morgon (seinare samme dag). Men det forstod han ikkje. Eg fekk nedskreve adressa hans på ein papirlapp.

(Seinare når eg kom heim att til Norge sendte eg penger og eit stort takkebrev til adressa eg fekk. I rettferdigheitens namn skal det seiast at eg brukte google translate til og skrive takkebrevet. Eg høyrde aldri noko from den hjelpsame sjåføren).



Terminalen
Då terminalen opna nokre timar seinare fekk eg levert lasta mi. Eg fekk tak i ein av arbeidarane som kunne engelsk. Fekk forklart han at eg trengde diesel. Eg var skålande tom sa eg. Han forklarte at det var ein stasjon som tok visakort nede i sentrum. Berre 7-800 meter unna. - "Supert" tenkte eg.


Eg ville ikkje risikere noko, so då eg kom på at det var diesel på aggregatet tenkte eg på og låne litt frå den tanken. Men korleis få det opp derfrå? Einaste mogelegheiten her var å få tak i ein slange og suge det opp. Eg fekk med meg ein mann ut og gjorde dei "nødvendige" teikna for at han skjønte eg trengde ein slange og 1-2 bøtter. Det fekk eg låne. Eg tok med meg ein 6pack med colabokser ut og gjekk i gong med jobben. Colaboksane skulle eg bruke til "skyllemiddel" just in case eg fekk dieselsmak i kjeften.  :)



Ein time seinare hadde eg fått ut eit par liter, eller eit par bøtter med diesel. No - måtte eg no komme meg ned til sentrum der det var ein Shellstasjon. Eg kom meg ned til stasjonen. Ei nydeleg jente stod bak disken. Ikkje kunne eg fransk og ikkje kunne ho engelsk so eg kunne ikkje skru på sjarmen. Eg fylte opp tanken smekkande fullt der og so var det og kome seg heimover.






Eg lasta oppatt bilen med frukt i Holland. Eg hadde ikkje nok køyretid sjølv til å komme meg til Fredrikshavn. So eg skulle køyre til Padborg der eg ville få på ein ny mann (hjelpesjåfør) på bilen. Han skulle køyre siste biten opp til ferja og hjelpe ein annan sjåfør ned igjen der han kom frå. Det var slik ICB firmaet opererte over heile Europa. Sjåførane hopper frå bil til bil.


Eg fekk på ein Dansk ICB sjåfør. Det var ein kjempe hyggeleg sjåfør som hadde køyrt lastebil i 37 år viste det seg. Noko som blant anna hadde kosta han 3 ekteskap. Men "gifta" i blodet som han kalte det var det ikkje noko å gjere med. Ein gong sjåfør - alltid sjåfør.

Eg lærte mykje av han på dei 4 korte timane opp til Fredrikshavn. Han kom blant anna med gullkornet:

- "Vi er sjåfører, ikke trollmenn".

Ein kan av og til tru at andre trur me er akkurat det.



Eg måtte køyre vegen opp (som me sjåfører seier det) til Oslo. Ferje frå Fredrikshavn - Gøteborg og so køyre opp til Oslo. Me sjåførar ville jo helst ta Kiel ferja og lande rett i Oslo gryta, men som ein sjåfør sa det: "sender dei (befraktarane) deg med Kiel ferja inn/ut frå Oslo då har du vert snill gutt".


Eg skulle levere denne lasta på Økerntorget so tidleg so mogeleg neste morgon. Eg kom til Oslo i 4 tida. Det skulle vere aksjoner med blokkader frå klokka 0600 i dag so eg fekk beskjed om å gjere det beste ut av det og prøve å få levert lasset før aksjonen starta. Eg køyrde rundt på Økern, men fann ingen folk på Norgesfrukt. Så eg gjekk og la meg litt over kl 05. Eg vakna av at telefonen ringde i 9 tida. Det var ein av befraktarane frå Nor-Cargo som lurte på korleis det gjekk. Eg sa at eg ikkje hadde fått levert lasset sidan terminalen var stengt og eg ikkje fann folk. Då vart det kjeft du......


"Om eg ikkje fekk levert lasset med ein gong skulle han komme og ta meg". Og so la han på. Det hadde ikkje vore noko hjelp i om eg hadde fått levert det. Ingenting vart køyrt ut allikevel sidan terminalen var stengt. Men det var dette med folk som sitt på kontor heile dagen då......



Eg køyrde opp til Skårer for og stå der til neste morgon. Kjekkare og stå der det er fleire sjåførar og snakke med.


Dagen etter lossa eg kl 0700 og deretter lasta eg opp bilen med is på Gjelleråsen. Denne lasta skulle til Sandane.



"Up on the hill, down the valley,
dont take no riders, ain't got no time,
always looking at a close deadline, aint got no home,
aint got no wife, it's a truckers way of life"


Ein historie frå farne tider i perioden 1999-2001.


mandag 14. januar 2019

På veg til Spania.
Eg reiste frå Voss og tok ferja frå Gudvangen ved midnatt. Eg kom til Nor-Cargo på Kaupanger litt over kl. 02. Der skulle eg overta lastebilen etter den andre sjåføren.

No skulle eg til Bama i Florø, losse der og vente på beskjed om opplasting att. Bama venter varene inn før klokka 6 om morgonen og er du ikke der då ringjer dei til bilen. Klokka 0550 ringde telefonen. Det var frå Bama. Då var eg 100 meter frå bygningen.

Eg lossa bilen, køyrde 200 meter bort på ein kai og la meg til å sove. Eg sov frå kvart over sju til ca. halv ti. Då ringde telefonen. Eg skulle reise til Fure som ligg i nærheiten av Dale i Sunnfjord for og laste fisk.




Om å halde sida si.
Noko eg ikkje liker med vestlandsvegane er at ein ikkje kan sjå kva eller kven som kjem rundt neste sving. Og på vinterføre må ein ofte "gje på litt" for å kome opp enkelte "kneiker" og bakker. Og eg kan love deg at det ikkje er noko stas når ein ikkje kan sjå dette. Bilistar skjøner ikkje dette. Om det er glatt, og smalt so køyrer dei seint og helst litt inn i vegen. Nett for sikkerheitsskuld. Nokre bilistar skjøner slike situasjoner, men desverre so alt for få. No møtte eg ein av dei som IKKJE skjønte det!

Eg hadde kjettinger på, og gav på for å kome opp ein liten bakke med ein uoversiktleg venstresving midt i bakken. Full spiker! Eg kom halvvegs, so kom det ein personbil - ein  - %%%% - personbil som ikkje heldt sida si. Bilen låg nesten midt i vegen. Eg får full stogg. Eg hadde mest lyst til å gå ut og snakke med sjåføren, men gjorde det ikkje.

Eg sette på nødblinken og ryggja ned bakken att. Og ryggje ned ein bakke på glatta med vogntog/-semi er ofte eit "sjansespel". Ein liten feil og tilhengeren "slår" ut. Då får ein saks og vegen er blokkert.

Vel, eg kom meg ned der vegen flata ut, fekk sleppt dei andre bilane forbi (det vart sjølvsagt kø) og fekk prøvd bakken på nytt. Slik eg stod no hadde eg ein bakke både foran og bak meg. Det var ca 40 meter med flate mellom dei to. Eg ryggja ned att, og so langt bak og opp den andre bakken eg kom, og gav på igjen. Kjetting, sperr og løfta aksling på tralla og eg fauk opp bakken.




Ein bonde til hjelp.
Vegane var smale her ute og det var glatt. Eg var nesten framme ved fabrikken, berre ein liten "kneik" att. Eg kom nesten opp, hadde berre 5 meter att, men so var det stogg. Eg hadde kjettinger på enno men det hjalp ikkje noko. Det regna og blas ganske godt. Regnet rann nedover isen, og sjølvsagt i enden av denne bakken (bak meg) var det ein sving. Ein slak høgresving frå der eg stod som sjølvsagt hella feil veg.

Litt etter kom det to personer ut av eit hus frå ein gard like ved. Det var ein bonde som lurte på om eg trengde hjelp. Eg spurte om han kunne dra meg opp på toppen. Han henta traktoren som hadde grovkjetting på alle hjul og fekk dratt meg opp dei siste metrane. Takk for hjelpa til han!

Eg fortsette turen. Eg stogga ein forbipasserande, ein eldre mann, og spurte om vegen. Han peikte og forklarte. Eg kom ut til fabrikken men fann fort ut at det var feil fabrikk. Eg spurte ein på nabobutikken om vegen til det andre fiskebruket.




Smale bruer og store bilar.
Eg fekk snudd og køyrde vidare på leit. Plutseleg stod eg foran ei bru. Ei stor og smal bru. Og det blas kraftig no. Eg hadde tom tilhengjer so eg var ikkje lysten på å køyre over. Eg følte det mest som uansvarleg og risikabelt å køyre over denne brua slik vinden blas.

Alternativet var å ryggje tilbake. Nærare ein kilometer. Det var eg ikkje so lysten på. Eg fekk berre våge meg over brua og håpe det var ein plass å snu på andre sida. Eg kom til enden av brua og so var det stogg. Full stogg! Det gjekk ned nokre barduner som heldt brua oppe og brua svingte so det gjekk ikkje an og køyre forbi her med ein semitrailer. Eg måtte ut å sjå. Då eg lukka opp døra var det som om vinden "greip" tak i ho og flekte ho opp. Eg var skråsikker på at no for døra av. Men det "heldt". Men ho vart litt skeiv.

Vinden var skikkelig sterk no. Her ute var det ope landskap, ikkje noko som "heldt att". Og her stod eg med ein tom semitrailer oppå ein bru totalt overgjeve til Moder Natur. Eg var ikkje noko høg i hatten der og byrja sjå svart på det. Eg kom ingen veger. Eg fekk ringt til ein på fabrikken og han sa at det var ingen plass å snu lengre framme om eg kom forbi. So einaste mogelegheit var å ryggje.

Men eg var svært lite lysten på å ryggje over brua med den styrken vinden hadde. Men måtte eg so måtte eg. Det fekk stå til. Eg kom meg tilslutt tilbake og ned bakken på andre sida.

So kom det ein bil. Det var han som venta på meg på fabrikken og eg hadde snakka med på telefon. Han meinte me skulle klare å snu tralla her me stod. Eg tvilte. Men me fekk gjere eit forsøk. Og det gjekk. Jammen meg. Om ikke dette var å snu på ein femøring so veit ikkje eg.

Me kom oss til fabrikken og fekk lasta inn dei 33 pallane, men no såg eg svaret på for dårleg stuing. To cm stakk utanfor bak. Me fekk ikkje trua dei inn so pallane måtte ut att. Alle saman! Eg var ferdig opplasta ca. kl 2030.



"La grande actione"
- "NO, endeleg", tenkte eg, "ferdig opplasta og klar for det store utland". Eg hadde lasta full bil med ein levering i Barcelona og ein i Valencia. Men problema var ikkje over enno. Det var ein saleg blanding av snø, is, regn og glatte vegar eg hadde framføre meg.

Men eg tok laus frå fiskemottaket og satte i veg. Det var ikkje lange stunda før eg kom til det mest kritiske "punktet" på denne vegen. Ein bratt bakke med ein "stygg" venstresving midt i bakken. Kjettingane var sjølvsagt på. Men uheldigvis møtte eg brøytebilen på det trangaste punktet. So vart det stogg igjen. Sjåføren "skjemdes" då han rulla ned vindauget i det me passerte. Han sa han burde ha stogga lengre oppe.

-  "Kjem du igang att?" lurte han.
-  "Eg satser på det" svara eg.

Eg kom ca. 50 meter lengre opp so byrja det å spinne. Eg hadde sperren på, lyfta aksling, men det vart for seigt. Full stogg og NO trengde eg hjelp. Hadde eg flaks kom brøytebilen tilbake att her eg stod. - "Han kunne kanskje dra meg opp", tenkte eg og prøvde og sjå ljoset i tunnellen". Sjølv om eg ikkje var i noko tunell her. Alternativet var og ringje etter bergingsbil. Men brøytebilen kom den - etter ca. 15-20 minutt.

Eg lurte på om han kunne dra meg opp. Det kunne han men han måtte ned att og fylle på med sand so han hadde "noko å fare med". Han køyrde forbi, opp på toppen, snudde att og kom att omlag 20 minutt seinare. Han greide og slepa meg opp dei siste 30 metrane til toppen.

Han sleppte meg av og litt lengre nede i lia sleppte han meg forbi. Like etter kom eg til vegskillet RV607-57 ved Flekke. Eg hadde ikkje stor fart. Eg var bortpå bremsen ein gong og då "sleppte" det. Eg hadde kjettinger på og det var strødd her, men det hjalp ikkje. Det gjekk rett fram. Farten var so liten at eg var viss på at bilen kom til å stogge mot autovernet. Men der tok eg feil - skammeleg feil. No fekk eg sjå kva slags krefter som er i gang, og ikkje minst kor mange tonn eg hadde bak på tralla.




Ulukka.
So kom smellet, og like etter stod bilen på "halv åtte" i grøfta. Eg ringde sjefen og fekk gjeve beskjed om kva som var skjedd. Eg gjekk ut av bilen. Vinden gjorde at det var skikkelig surt og kaldt her. Det regna og det var mørkt. Det var strødd her men regnet gjorde at sanden rann vekk etter nokre få minutt.

Klokka var litt over halv 11 på kvelden no. Det kom ein del biler forbi og ALLE stogga for å høyre om eg trong hjelp. Det kom ein bil forbi med ein mann og ei dame i rundt midnatt. Dei stogga. Dama strakte seg over mot vindauge på sjåførsida og sa:

- "Jeg synes dere er flinke jeg. Kjører i all slags vær". Slikt er godt å høyre og hjelp på humøret om ikkje anna.


Bergingsbilen kom halv 3. Me prøvde med ein slepekrok i fronten på bilen. Den sleit ved eit trykk på 6 tonn! (Slike kroker skal halde 30 tonn. Dei er tross alt til for lastebiler). Bergingsbilen hadde berre den vetle slepewiren so no kom ikkje me lengre. Det måtte bestillast ny krok frå Oslo. Den ville verte sendt med fly til Førde og kom ikkje før i morgon ettermiddag.

Sjefen kom ut på plassen i 8 tida. Og han er ikkje rådlaus når det står på. Me såg det stod ein lastebil på trelastområdet rett nedanfor havaristen so han ringde til eigaren for å høyre om han ville ta ein omlast. Det kunne han, men han kunne berre dra det (lasset) til Førde.

Like etterpå var det full aktivitet her med omlasting av to vogntog. Det var ein traktor til å ta pallane og me var ein fem-seks mann til å gjere jobben. Pakka frå Oslo vart henta i 14 tida og eg tok ein bil og køyrde attende til Sogndal for å få meg noko søvn. Eg fekk eit krypinn hjå sjefen. Klokka var litt over 18 då eg kom her. Noko mat fekk eg og (!). Eg hadde tross alt ikkje ete noko på over eit døgn.

Den andre bilen i firmet ville kome frå Oslo ved midnatt. Då ville me koble over trallane og eg ville reise med den bilen til Spania. Litt over klokka 01 var eg klar til å reise. No var det over Hemsedalsfjellet og mot Oslo og so ut (utanlands). Men eg var framleis ikkje ferdig med "dramatikken" - om ein kan kalle det det.




Hjort til besvær.
Eg var på veg gjennom Lærdalsdalen då det plutseleg kom ein hjort og for ut i vegbana. Eg kjende kor kuldegysningane "jog" gjennom meg og heilt ut i fingertuppane. Hjorten var berre eit par meter foran lastebilen, og det einaste eg hadde i tankane var å styre bak han. Hjorter (og andre dyr) har det til felles at når dei fyrst er på veg over vegen so er dei på veg. Dei snur skjeldan (aldri) og går tilbake. Eg gjekk klar av han, men kjende lenge kor det "satt i". Det var ikke noko god følelse.

Halvtimen seinare var det til å byrje på oppstigningane til Hemsedalsfjellet. Eg kom ein hundremeter opp i bakken, før det var stogg. Full stogg. Eg hadde full pinne opp bakken, men det var for glatt. Kjettinger måtte på. Mens eg stod å la på kjettinger kom det ein personbil forbi. Han stogga og kom ut for å hjelpe. Medan me stod der, so "reiste" bilen hans. Den sklei 6-7 meter bakover og stogga mot brøytekanten. Det var glatt her. Vegen var snødekt og mest polert.

Eg takka han for at han hadde tilbode hjelp men sa eg greide meg sjølv. Eg fekk kjettingane på og klatra og "gnog" meg opp bakkane til toppen. Eg køyrde med kjettingane på heilt til Gol. Eg kom til Oslo 10.30. Det - var ein lang og hard natt på vegen.

Eg fekk rygga meg inn til ein rampen på Nor Cargo terminalen, gav nokre ordrer til terminalarbeidarane og gjekk for å sove i bilen. Eg fekk like etterpå telefon om at 2. sjåføren ville komme på i Helsingør. Kor tid kunne eg vere der?

Sidan eg hadde hatt eit uhell og lasta var meir enn 12 timar forsinka måtte eg ha "byfahrer" eller ekstramann på bilen. Og kalla to-manns løp. Eg sa det var ein 7-8 timers køyring til Helsingør frå Skårer. Eg var ikkje so lysten på å køyre meir i dag, men kunne ikkje stå her heller. Eg hadde ikkje køyretid at, so eg måtte jukse litt for å få det til. Eg sov eit par timer etter eg hadde lossa før eg køyrde mot Helsingør.




Ein Dansk byfahrer.
Då eg kom til Helsingør kom sjåføren på, ein danske (Ib Hansen) frå sjåførfirmaet ICB. Eg (og mange andre som køyrer for Nor Cargo) sit med det inntrykket at sjåførane frå ICB er enten heilproffesjonelle eller so er dei av den typen du helst vil jage ut att av bilen. (Det er ein del sjåførar som har vorte jaga ut av andre Nor-Cargo sjåfører). Dette skulle vise seg å vere ein særs god sjåfør og ein eg skulle ha mykje moro med på turen til Spania. Eg har erfart sjølv kor stor forskjell det kan vere på sjåfør avløysare. Men det for vere eit anna kapittel.

På veg ned på ein to fils motorveg, medan dansken køyrde, kom ein liten lastebil opp på sida av oss. Han låg godt over mot den kvite midtstreken (mot oss). Det såg ut som han ville presse oss. Dansken utbryt:

- "Det va fæn til du breier dei ut mænn".




Om og finna fram.
Me skulle losse i Barcelona fyrst. Ingen av oss var kjent der. På denne etappen var det eg so sat bak rattet. Me køyrde ned til eit industriområde, sette på nødblinken og for ut for å leite etter folk å spørre om retning. Det kom litt etter ein bosbil som stogga.

Han fekk forklart med teikn og nokre halvengelske gloser at han kunne vise oss veg. Han skulle berre hente personbilen sin. Like etter kom han attende, like fort som han forsvann. Me kom ut på motorvegen att, køyrde eit lite stykke, men so mista me han i trafikken.

Han lurte nok litt då me køyrde av motorvegen for tidleg. Det kom nokre velfarga gloser frå min danske ven. So hard var orda som kom ut frå min nye kamerat at eg fekk latterkrampe.

Det var mykje trafikk her, og me hadde fyld etter ein feil bil på feil avkøyring. Me kom oss inn att på motorvegen og plutseleg kjende me oss att på kartet og den henvisninga me hadde fått. Me stogga utanfor ein bensinstasjon. Losseplassen måtte vere i nærheiten. Me parkerte på fortauet for å stå der for natta.



Mat må ein ha.
Dansken hadde tydelegvis vore på slike "tokter" før. Han sa me skulle ta t-bana til eit meir befolka strøk so me gjekk etter skilt til næraste t-bane. Me tok bana til neste stopp. Og der var det mykje meir liv og leven. Me fann oss ein MacDonalds. Der fekk me oss noko mat og ikkje lenge etter bar det tilbake att same vegen til der bilen stod. Neste morgon køyrde me dei 400 metrane til leveringsplassen.

Me måtte stogge midt i gata med nødblinken på. Gjekk ned til mottaket. Men me fekk forklart via teikn og fingerspråk at det ikkje var her, men rundt kvartalet. Ein kar ville vere med oss for og vise veg. Me køyrde litt til. Inn i nokre trange smale gater før me enda opp ved ein port. Lossing av 8 paller og so var me ferdige her.

Ferda bar vidare til Valencia. Køyreturen mellom Barcelona og Valencia tok knappe 4 timar. Eg beit meg merke til dei enorme fruktmarkane me hadde på høgre side medan me køyrde ned solkysten av Spania. Eg trur det var appelsin me såg heile vegen ned.

I Valencia skulle me til ein fiskemarknad. Dansken hadde vore her før so me fann fort fram. Me parkerte inntil ein rampe og gjekk på ein bar. Det var siesta her so me fekk ikke lossa noko her enno.

Medan me sat på baren kom det ein mann inn og spurte høgt "Norwegia - Norwegia?" Han såg seg rundt og venta på svar.

Me skjønte det var oss han ville ha tak i. Eg gjorde teikn til han. Han sa me var på feil plass. Sjølv om adressa me hadde parkert på var rett, var det feil (!). Me skulle til ein bygning 6-700 meter lengre borte. Like etter ringde Nor-Cargo og. Dei kunne fortelje meg det var ein mann som for og leita etter oss.

Eg gav beskjed om at me hadde snakka med han og at alt var i orden. Eg fekk samstundes og beskjed frå Nor Cargo kontoret om kor lasteplassane var for lasting heim att.

Me køyre til ein plass i nærheiten, lasta på 5 paller og køyrde videre til ein plass som heitte Nules. Der måtte me stå til neste morgon. Me stogga på ein Truckstop litt over 18 om kvelden. Dette var ein truckstop med alle "fascilitetar" for oss sjåførar. Bokstaveleg talt.




Lasting i Nules, Valencia. 
Det var eg som skulle starte køyringa neste morgon. Firmaet me skulle laste på heitte "Maasfruit". Eg rygga inntil rampen litt før klokka 10. Det var ingen her no. Det var nok ein liten siesta på gong. Me gjekk ned på ein liten bar for å få noko mat og litt kaffe.

Medan me traska nedover desse små sjarmerande gatene ringde telefonen min. Det var frå NRK Hordaland. Det hadde sett at eg hadde gjeve ut bok. Og ville lage eit intervju om det i ettermiddagssendinga. Kunne dei ringje meg opp att seinare?

- "Heilt i orden", sa eg.


Me var ferdig opplasta klokka 14. Me hadde fått fullt lass her. Det hadde dei nok berekna for då var det siesta (att). Og folka på plassen forsvann like fort som dugg for sola.

Før me kom ut i bilen kom ei dame bort til meg og lurte på om eg kunne ta med to pakker med sprit opp til dei i fruktkontrollen på grensa. Det høyrdes ikkje so fint ut. "Smugling", tenkte eg. Ny som eg var i langtransportyrket.

- "Ta det med", sa min erfarne sjåførkollega, "Ta det med!" Me sette dei to kassane inn bak på bilen.




Punktering.
Då me gjekk ut til bilen såg me at eine dekket på tralla var flatt. Punktering. Ein liten "piff" i kvardagen for ein yrkessjåfør. Kva no? Dansken for inn og henta ein mann. Dei kom ut og det vart pekt på dekket.

- "si, si", sa den lokale karen.

Han gjorde teikn at han skulle ringje og forsvann inn att. Han kom ut etter nokre lange minutter, peikte på bilen sin og me skjønte at me skulle fylgje etter han. Det var enno to heile dekk att på den sida der det punkterte dekket var, so me kunne køyre med bilen, men det burde sjølvsagt ikkje vere for langt. Og det var det ikkje heller.

Me køyrde ned mot sentrum i den vesle landsbyen. Det var ein liten "by" men husa var bygd tett i tett, so gatene var tronge. Mannen køyrde inn ei gate som stod forbudt for lastebil over 3.5 tonn. Eg tenkte ikkje over det, berre fylgde etter bilen. Og under minuttet seinare merka eg blålysa bak meg.

- "Dei skal nok ha tak i oss" sa eg til Ib.

Og halv minuttet seinare kom det ein politibil til foran oss. Han sperra vegen med bilen og kom ut. Eg skulle til å gå ut men vart stogga av min rutinerte danske sjåførkollega.

- "Sit, sit.....la de årne op sel", sa han.


Me såg kor dei to politimennene og mannen som guida oss gestikulerte og veiva vilt med hender og armer. Me høyrde dei prata ganske høglydt. Ein lang tirande me ikkje skjøna so mykje av, men sjølvsagt skjønte me kva det dreide seg om.

For og komme inn til denne vetle bilverkstaden måtte me ryggje ut frå ei bakgate og over den svært travle "hovudgata" for å komme dit.

Like etterpå forsvann politibilane og dansken sa: - "Jei tipper de køer ut og ståper trafiken".

Og han fekk rett. Trafikken vart stogga i begge retningar og me fekk ryggje over til den neste bakgata. Det var der den lokale verkstaden var.

Medan me stod der og venta på hjulskift ringde telefonen min. Det var frå NRK Hordaland. Det var det intervjuet ang. boka eg hadde skrevet. Du veit boka "Livet på landeveien" eg skreiv og som eg no fekk erfare at var so mangfaldig og utfordrande. Og ikkje minst fasinerande. Seint på ettermiddagen var dekket fiksa, og me kunne setje nasen heimover.

Før me forlot Spania måtte me ta fruktkontroll på lasta. Den skulle me ta ved grensa mellom  Spania og Frankrike. På ein plass som heitte La Jonquera. Det skulle verte en ny oppleving og erfaring å ta med for meg. Ei oppleving som gjer dette livet som yrkessjåfør so utruleg fascinerande og utfordrande. Me kom til grensa i elleve tida om kvelden.




Ein spansk ein i Spania.
Me tenkte me skulle køyre til kontrollplassen for å sjå kor det var og so køyre tilbake for å finne ein plass me kunne stå for natta. Ein plass med litt liv.

Før me kom so langt ville me ha oss ein lita matbete. Me passerte ein cafe og den såg so bra ut at dansken svinga over på feil side av vegen, nødblinken på, ryggja tilbake og inn på plassen. Og ikkje før me hadde kome inn der so var det ein politibil opp ved sida på oss.

Eg sa: "Dei likte visst ikkje at me tok ein spansk ein her i Spania".

Me gjekk ut. Dei var franske desse politimennene. Kor dei kjem frå desse politibilane må gudane vete. Men kjappe er dei når det er noko som skjer. Dei kunne ikkje engelsk. Me skjønte godt kva dei prøvde å forklare oss. Men dansken visste kva han gjorde då han spelte "dum".

Politimennene berre rista på hovudet av slike tullingar og forsvann inn på cafeén. Det gjorde me og. Me kunne ikkje reise derfrå før dei var reist. Sidan me måtte ta ein (ny) liten spansk ein for å kome tilbake same vegen me kom frå. Dei hadde vel kome etter oss att hadde dei sett det. Og då hadde det vel ikkje hjulpe og spele dum.




På "Club" i Spania. 
Etter å ha funne ut kor me skulle ta kontrollen neste dag køyrde me for å finne ein plass å stå for natta. Me køyrde forbi ein "club" og parkerte 6-700 meter bort i gata. Me gjekk tilbake for å "undersøkje" denne "club´en". Me gjekk inn. Det var stille i lokalet. Mange nyskjerrige blikk møtte oss. Det var ein sju-åtte personer her inkl. personalet bak disken. Eg såg fort at alle var frå det lokale miljøet.

Ein trengde ikkje vere professor i mattematikk for å skjøne at dette var ein nattklubb av den meir lugubre typen. Ein blanding av bar, horehus og kanskje hotell.

Me fekk oss noko å drikke og stod inntil bardisken. Det gjekk eit minutt og so var det to damer som kom og "hengde" seg over oss. Og dei klådde. Det var vanskeleg å drikke noko sidan ein hadde fullt nok med å halde ivrige hender vekke.

Dama som "dreiv på" med meg, ei nydeleg negresse, var so fin at ein gladeleg kunne krabba etter ho inn på........ja..... Ho kunne ikkje vere meir enn 20-25 år. Ho kunne litt engelsk og det var ikkje måte på kva ho fortalde og sa for å lokke meg med inn på eit rom.

Eg snudde meg for å sjå korleis det gjekk med min danske kollega. Eg kjem - ALDRI - til å gløyme det synet og utrykket hans so møtte meg. Han hadde nemleg "enda opp" med ei dame som garanert var 50 år. Minst. Ho såg hvertfall slik ut. Mykje make-up og sminke gjorde at ho var nesten bleik i ansiktet. Ikkje var ho spesielt fin heller.

Ib såg svært misfornøgd ut og sa til meg at han fekk omtrent kulemage då ho dreiv og fikla med han. Eg hadde vanskeleg for å halde meg. Kanskje var det litt misunning når han såg dama som stod ved sida av meg.

- "La oss drikke ud å smi herfra", sa han.

Kollegial som eg var sa eg meg einig. Kanskje "galskap" å forlate dama eg hadde rundt meg, men jungelloven (Og kameratskapen) er hard og må fylgjast. Me drakk ut og forlot lokalet. Eg humra og lo heile vegen tilbake til bilen.

Min danske kollega sa dama vekte morsfølelsen i han. Eg lo lenge etter me hadde lagt oss. Han spurte meg om "du ha hygætt dei?"



Fruktkontroll.
Neste dag var det fruktkontroll som stod på dagsordenen. Me parkerte utanfor ein bygning og det gjekk toppen 2-3 minutt før det kom ein bil og stogga brått foran oss. Dansken skjønte fort at det var sprit-pakkene mannen var ute etter. Ib opna opp bakdørene på tralla og tok ut dei to kassane. Han gav dei til mannen. Han tok fornøgd imot dei og la dei fint ned i bagasjerommet på bilen sin.

So sa han berre "Control - ok!"

- "Det var fruktkontrollen sin det!", tenkte eg.

Men me måtte vente på tolldokumenta. To timar tok det, men me slapp billig unna. Det stod 20-30 andre lastebiler her på plassen so tydelegvis hadde stått her lengre enn kva me hadde gjort. Halv 12 fekk me papira og det kosta 3000 pesetas.




Dirección noruega.
NO, var det strake vegen heim mot Norge og Oslo. Ca. 36 timer i rein køyretid. På veg ned ein bakke, medan dansken køyrde, låg me bak ein annan lastebil. Den byrja og bremse, og bremsa kraftig då dansken tilslutt utbryt:


- "det va fæn te du va svær med dit bremseri".


I Padborg gjekk han av bilen. No ville eg greie resten sjølv. Eg kom til Hirtshals 2 timer før ferja gjekk. Eg skulle til Moss. Det ville verte trangt om tida når eg kom til Oslo. Eg skulle heim til nyttårsafta. Det var fredag og 16 timer att til det nye året skulle ringjast inn.




Tollkontrollen i Moss gjekk kjapt, og på veg mot Oslo fekk eg ringt til nokre slektninger i Asker og lurte på om dei kunne hente meg på Skårer og køyre meg til togstasjonen. Det kunne dei.

Eg parkerte på skårer kl 0950. Og vart henta der av tante Imma. Me kom til stasjonen og neste tog - det einaste toget den dagen gjekk kl 1047. Det toget skulle eg med om eg so skulle sitte på taket heim.

Ved midnatt stod eg heime og såg på rakettane som for opp og ynskte det nye året velkommen.


On the road again
Goin' places that I've never been
Seein' things that I may never see again
And I can't wait to get on the road again


---------------------------------------------
Kart over køyreturen:
1. etappe: Askvoll - Helsingør.
2. etappe: Helsingør - Valencia.



Historien vart opplevd i perioden 1999-2001