Eg skulle laste fisk på Brandasund ute på Bømlo. Eg fekk beskjed av bileigar at eg kunne hente lastebilen på Nygårdstangen trailerparkering i Bergen. Eg pakka bagen og reiste med toget frå Voss ut att i den store verda.
Lasting i Brandasund
Eg hadde vore på Brandasund ein gong før og lasta, so det var ikkje noko problem med å finne fram. Turen ut til fiskemottaket ville ta omlag 3 timar om eg traff med ferja Halhjem-Sandvikvåg. Eg hadde god tid so då eg kom i land i Sandvikvåg var det berre og tuske seg nedover heile høgrekanten av Stord før det ville gå opp att (på kartet) og køyre over heile Bømlo til eg kom ut til Brandasund ute på Gisøya i havgapet.
Brandasund er ein gammalt handelsstad på kysten mellom Haugesund og Bergen ved innseglinga til Selbjørnsfjorden. Handelsstaden ligg på Gisøya lengst ute i Fitjarøyene. Etter det kom bruforbindelse med resten av Bømlo, tilhøyrer handelsstaden i dag Bømlo kommune. Det er her Brandasund Fiskeforedling AS held til. Og det var her eg skulle laste.
Eg kom der utpå kvelden. Hadde eg visst kor flott det var her ute skulle eg reist tidlegare frå Voss. Det var ikkje noko butikk eller spiseri i umiddelbar nærheit av her eg parkerte for kvelden so eg greidde meg med det eg hadde inne i min vetle mobile leiligheit.
Lastebilen eg køyrde no hadde ikkje noko kjøleskap so eg fann ut at den kaldaste plassen inne i lastebilen var oppe i høgre hjørneskap. So der hadde eg alt av mat og drikke. I det samme skapet har eg noko eg kaller krigsrasjon. Det er tørrkjeks m.m. Det kan vere veldig kjekt og ha om ein må laste eller overnatte på plassar utan tilgong til butikk o.l.
Dei siste timane før midnatt vart godskreve mitt bidrag til NM i venting.
Eg fekk lasta opp bilen neste dag og var ferdig til avreise klokka 15. Denne fiskelasta skulle til Bremerhaven. Eg skulle tilleggslaste nokre paller i Oslo på Linjegodsterminalen i morgo. Det var to alternativ for å komme seg frå Bergenskanten til Oslo i dag. Ruskever over fjella i Sør-Norge gjorde at det kun var to farbare fjell. Filefjellet og Haukeli. Sistnevnte var den kortaste løysinga.
Eg hadde prata med eit par andre sjåførar på telefon og dei kunne fortelje at det var snødekt vegbane heilt ned til bommen i Åkrafjorden. Dei største køyretøya la på kjettingar der. Det gjorde stort sett alle saman. Med ein to-aksla semitrailer valde eg å gjere det same.
Fjellet som hater meg....
![]() |
| Frå ein tidlegare tur over Haukeli. Då måtte eg få drahjelp frå ein bergingsbil. |
Eg kom til tunnelen der kolonna starta ca halv 10 på kvelden. Eg hadde køyrt 4.5 time no og vel so det så eg hadde håpa at eg måtte vente 45 minutt på at kolonna skulle starte so eg fekk den pålagde pausen. Eg stod her 35 minutt då kolonna starta so eg måtte berre fylgje på.
Kolonnekøyring
Når ein køyrer kolonnekøyring kan ein køyre so lengje kolonna held fram. Skjer det noko som gjer at ein må overskride eller bryte køyretida skreiv ein det bak på diagramskiva.
Det gjekk ikkje fort her me klatra og "seig" over fjellet. Som ein kjempelang lysande kålorm snodde 15-20 vogntog seg over det berykta Haukelifjellet. Farten var 15-30 km so det gjekk ikkje fort. Lyden av kjettingar synes eg er ein god og betryggjande lyd og høyre på, so eg har alltid eit vindauge litt på gløtt for og høyre den raslande lyden. Men og litt for og høyre om ein køyrer av ein kjetting eller ei av lenkene slit.
Eg kjende kor sveitten pipla fram når det byrja å spinne dei siste metrane opp kneiken mot toppen. Kjettingane hadde vore på heile tida, og sperren vart kobla inn so da heldt so vidt. Eg kom meg opp utan stopp.
Me kom oss over på andre sida av fjellet og brøytebilane sleppte oss "laus". Det var enno snødekt og småsleipt so eg og eit par andre sjåførar valde og behalde kjettingane på ei stund enno. Det vart bart når me byrja å nærme oss Seljord.
Lasting i Oslo
Eg kom til Oslo og Linjegodsterminalen litt over halv 7 på morgonkvisten. Eg var trøytt og sleten og hadde mest lyst til å leggje meg. Eg skulle berre tilleggslaste nokre pallar her før eg (formelt sett) var klar til å fortsetje turen mot det store utland. Men det var sjølvsagt totalt uaktuelt at eg skulle køyre nokon som helst plass herfrå.
Køyretida mi var utgått mest på dato følte eg etter kolonneturen over fjellet. Om ein ikkje står på sitt og seier ein SKAL ta døgnkvilen sin vil ein verte "kommandert" til og køyre vidare.
Eg hadde heldt kontakten med befrakter på Nor-Cargo kontoret som hadde ansvaret for opplasting av bilen og det vart tidleg klart at eg ikkje ville ha køyretid når eg kom til Oslo og Skårer. Eg var oppsett på ei ferje frå Gøteborg til Fredrikshavn klokka 18.30, men den ville eg ikkje rekkje pga. kvilen eg måtte ha.
Ein byfahrer kjem ombord
Det vart avtalt at eg skulle få ein ekstramann (sjåfør) på bilen. Eg kunne berre leggje meg so ville han ringje på når han kom ned hit seinare. Eg fekk på dei manglande pallane so eg fekk fullt lass og so gjekk eg ut i bilen og la meg til og sove.
Eg hadde fått sove ein liten time her då han kom klokka 10. Han var av den erfarne sorten so han visste korleis han kom seg til kaia i Gøteborg. Han sette seg bak rattet og tok laus. Eg eg heiv meg bak i køya for og sove.
I det store utland
Me kom til Gøteborg litt over klokka 14. Eg var som sagt oppsett på ei ferje kl. 1830, men rakk me ein tidlegare ferje. Ekstramannen eg hadde med meg forlot meg og min gule DAF, tok ein drosje til busstasjonen for so og ta ein buss tilbake til Oslo seinare.
Ferja over kattegat tok rundt tre timar. Når eg køyrde i land i Danmark måtte eg svinge innom ein bensinstasjon for og kjøpe vegskatt. Det vert seldt på stort sett alle bensinstasjonar. Og om ein ikkje kjøper det so vanker det bot om onkel politi er ute med slikkepotten sin. Og det var dei titt og ofte oppe i Nord-Danmark. Akkurat i det henseande for og sjekke om lastebilane hadde kjøpt vegskatt.
Den lille papirlappen la eg i dokumentmappa mi. Ordnung muss sein. So blåste eg nedover på finfin motorveg i det glade land. Eg svinga innom på Padborg for ein pause og for og vise tolldokument.
Fortolling av papira gjekk kjapt, og ikkje lenge etter var eg ute på E45/7 retning mot mot Bremerhaven. No var det beine vegen og endå meir motorveg gjennom Tyskland. Eg berekna og vere framme i havnebyen Bremerhaven ved midnatt. Noko so heldt stikk. Eg køyrde fram til der losseplassen var.
I Tyskland
Eit svært vanleg syn i Tyskland. Ein "stao" eller kork på godt norsk.
På fraktdokumenta stod det levering torsdag klokka 0700. Eg gjekk inn dørene på mottaket og fann fort fram til ein som ville ha fisken. Lastebilen kunne stå der eg hadde parkert medan den blei lossa. Det var jo supert. Då fekk eg godskrevet god døgnkvil på 9 timar.
Etter lossinga var ferdig fekk eg låne ein slange for og vaske lasterommet. Firmaet eg jobba for lasta ofte fisk utanlands og frukt heimatt. So når fiskelassa var lossa MÅTTE me vaska og spreia med godlukt. Lukta det fisk i lasterommet fekk ein ikkje laste frukt og grønt.
Då dette var ferdig ringde eg Nor Cargo´s befrakter og gav beskjed om "stoda". Han sa berre: "eg ringjer deg opp att".
Lasting i Holland
Han ringde litt seinare og sa eg skulle til Waddinxveen (Gouda) i Holland og laste. Han sa det var ein bil til i Bremerhaven som hadde ein mann eg skulle få. Eg fekk beskjed om å ringje til denne bilen og "ta" mannen hans. Eg var for trøytt til å protestere noko videre. Ekstramannen kom og me køyrde nedover.
Det tok litt over 4 timar og komme til lasteplassen. Der fekk eg ta over rattet att. Hjelpemannen min mille komme seg til Rotterdam for eigen maskin og so haike med ein annan (laste)bil derfrå. Me veksla nokre ord før han for i veg.
Eg fekk lasta opp bilen og køyrde med nasen mot Norge. Eg skulle med Hanstholm-Egersund ferja. Eg skulle køyre gjennom 3 land for og komme tilbake til gamlelandet att. Nederland, Tyskland og Danmark.
Det var godt og sette på handbrekket på kaien i Hanstholm og leggje seg og sove nokre timar. Ferja gjekk neste morgon.
Tilbake i gamlelandet venta snøen
Det fyrste som møtte meg på Norske veger var snø. Eg kom berre 3-400 meter før eg måtte stoppe og leggje på kjettingar i ein bakke. Ein to aksla semitrailer spinn for eit godt ord. Men kjettingar gjorde susen denne gongen og.
Ein palle vart raskt lossa på Norgesfrukt Bryne, halve tralla vart deretter tømd i Stavanger, før eg var heilt tom i Bergen tirsdags formiddag. Eg fekk deretter beskjed frå bileigar om å parkere bilen på Nygårdstangen og ferdig med den "saken".
Ein ekte avløyser tur var over.









