I dag har skipet hatt tre nattanløp medan onkel sovande Mac drøymde om mektige naturopplevingar, flotte servitrisar og den hyggjelege atmosfæren ombord i MS Lofoten. Skipet har vore innom Mehamn, Kjøllefjord Og Honningsvåg i nattas mulm og mørke.
Plassar ein kan seie ligg på toppen av Norge om ein ser stort på det.
Og i timen før eg gjekk til frukost segla dette erverdige skipet gjennom Magerøysundet. Eg må ha lov og flotte meg med og sove meg gjennom det ein gong. Det burde vere pliktløp for alle som les reisebrevet mitt og google både Magerøya og Magerøysundet. Masse fin og spennande historie og lese om her.
Klokka sju var det frukost. Sikkert som banken. Frukostservering er frå 0700-1000. Om du vel og sova frampå 1-2 timar har du gått glipp av mykje. So det vil eg ikkje råda noko til. Sova kan du gjere sørpå seie dei her nordpå.
Eg var åleine dei fyrste minuttane i restauranten. Eg fann meg ein plass og gjekk til matfatet. Eg byrja på høgre sida der dei varme rettane var. Namnam. So går det i tur og orden med brødskiver, pålegg, juice, mjølk og kaffe. Eg stikk til meg nokre ferske eple som eg skal ha på lugaren. Kjekt og ha. Og ikkje minst sunt og godt.
Kvart på åtte skal me gjere anløp i Havøysund. Eit anløp som er verdt og få med seg på både nord og sørturen. Eg er ute på dekk og ser på innseglinga. Det er vågal hard vind her, men den er mild, so det er fint og ve ute på dekk. Det var travelt her no på morgonkvisten. Eg ser tre stk som vil vere med og heile fire stk som går av skipet. Bordkollega Bjørn kjem forbi og me ser på alt dette saman.
Etter avgang kjem det meir severdigheiter på rekke og rad. På babord venstre side får me dei flotte vindmøllane på Havøysundgavlen. Her køyrde eg og min villeiande reiseleiar Ketil Wigen ut med bil for og kikke nærare på dei for nokre år sidan. Og ikkje minst ta bilete av hurtigrute skip so for forbi langt der nede.
So møtte me nordgåande MS Nordnorge med dertil finfin fløyting og flagghelsing. Ikkje so mange ute i den friske vinden men onkel reisande Mac stod på post. No har eg selskap av ein annan tøffing. Me står sjøbein og fotograferar begge to. Eg tek berre video av møtande hurtigruteskip no. Eg har funne ut eg kan ta bilete fra videoen enkelt etterpå. Etter skipsmøtet får me ute i vest dei to øyane Rolvsøya og Ingøya på styrbord side.
Ombord på denne turen er det ei fransk gruppe som reiser saman. Eg har ikkje so mykje kontakt med dei. Dei verkar godt samansveisa. Men det er sikkert pga. språkbarrierar at dei ikkje omgås so mange av dei andre passasjerane.
Dei har med seg ein særs flink guide. Eg kom litt i prat med han undervegs. Og det viste seg at han jobba for Hurtigruten si avdeling i Frankrike. Han hadde omlag 10 rundturar i året. Heldige han!
Eg skjønte ikkje eit kvekk av kva dei snakka om. I motsetnad til tysk som er hardt og brutalt, er fransk er eit fint språk. Akkuat som ho fine franske som er med i gruppa. Eg lurte lenge på åssen eg kunne få innpass der. Det greide eg ikkje.
Etter kvart kjem Inger på dekk. Når eg vert gammal vil eg bli som ho. Og reise minst to gonger på rundtur med hurtigruta i året. Ho har sin 35te rundtur med MS Lofoten no. Eg har "berre" 5.
Me småprater litt og ser etter våre flygande vener. Dei har glimra stort med sitt fravær i dag. Inger konkluderte med at dei sikkert var ute på fjella sine og hekka og koste seg.
Eg prøver hardt og blogge inni mellom. Eg har begynt og sjå på det som ein umogeleg oppgåve etterkvart. Det er alt for flott ver og kontinuerlege naturopplevingar ute på dekk. Naturen skiftar scene og drakt mest kvart tjuande minutt. Eg surrar mykje rundt ute på dekk. Prater med Inger. Finn meg meir kaffe. Me er no i Rolvsøysundet og kan sjå ope hav der ute i vest. Eg fyl med på koppen eg fer og ber på. Av og til er det mindre kaffi på eine sida av koppen.
Me passerar eit fiskefartøy. Eg sjekker marenietraffic.com på telefonen. Skipet er eit fiskefartøy og heiter Reval Viking. Det er på veg til Danmark kan eg og lesa på nettsida. Då har dei lang tur foran seg. Skipet har ein tonnasje på 2350 og er registrert i Estonia.
![]() |
| Vibeke diska opp med energikaffe ute på dekk. |
Klokka 1045 kom me til Hammerfest. Her skulle MS Lofoten få kvile seg ein god time. Eg tok ein tur i land for og bunkre litt nødvendigheiter til lugaren. Det er slutt på den tida då avisa VG var ein nødvendigheit. No er den berre dyr og dårleg. Eg trur ganske so sikkert mediehuset VG prioriterar nettutgaven. So kan dei etterkvart leggje ned papirutgåva og begrunna det med at det var so få so kjøpte den. Alt heng saman med alt, tenkte den gamle sjømannen og patta vidare på pipa si.
Om Hammerfest kan du læra att det er ein kommune og ein by i Finnmark. Kommuna grensar til Kvalsund i aust, Alta i sør og til Hasvik i vest. Byen ligger på 70 gradar nord og til tross for beliggenheita nord for polarsirkelen har byen ein isfri hamn. Hammerfest har og ein lang historie med pomorhandel, ishavsfangst, fiske og fiskeindustri.
Klokka midt på dagen var det atter ein gong tid for lunch. Eg åt ein ny god lunch og denne gongen hadde eg selskap av Inger. Ho åpenbarte seg og kunne fortelje meg at sjokoladekake det var det beste ho visste.
Etter lunch måtte eg ta meg ein powernap. Ein god powernap. Den var på nær førti minutt. Eg føler meg som onkel sletne Mac. Bloggpresset, dei til stadig smektande naturopplevingane utanfor kystens dronning so kjem på rekke og rad og alle mine medpasasjerar eg slår av ein rat med hist og pist. Du har tapt om du set deg til inne. Eg må dessutan vere fullt på hugget når me ankjem Øksfjord. Her skal eg minnast den noko spesielle turen eg hadde her i 2016 for og henta ein lastebil. Og til Øksfjord kom me like før klokka 15.
Øksfjord (på nordsamisk: Ákšovuotna. Eit namn som slår krøll på tunga) er ein tettstad og administrasjonssenter i Loppa kommune i Finnmark. Her bur omlag 500 mennesker. Øksfjord har ferje som går til Bergsfjord, Tverfjord, Sør-Tverfjord og Hasvik. Det er og hurtigbåt til mellom anna Hammerfest og Hasvik. Og Øksfjord får sjølvsagt besøk av Hurtigruta to gonger i døgnet.
Hurtigruta har ikkje tid og liggje lenge her. Eit snaut kvarter hadde me kaikontakt. Og etterpå var det ut på Lopphavet. Her var litt duving og gynging. Men ikkje noko og skrive heim om. Eg og Inger sit inne i salongen i reviret vårt då me plutseleg får auge på ein matros so driv og tek ned flagget. Kva skjer tenkjer me og vart svært so nyskjerrige.
Den unge karen tek ned flagget og putta det i sovekammeret sitt. Den vetle brune kassa som heng under ripa og like med flaggstonga. So tek han opp eit heilt nytt flagg. Tek det ut av posen sin for og heisa det opp.
Det vert mest ein liten oppstandelse inne i salongen. Fleire på det andre bordet har og fulgt med på dette. Nyskjerrigheita tek overhand. Inger fer ut for og snakke med karen. Dette må me få svar på her ombord i Lofotens vetle boble. Her vert små "problem" store. Det viste seg at dette flagget som berre var ein rundtur gammalt var ein av gjenstandane som skulle auksjonerast bort i kveld.
Overfarten over Lopphavet gjekk harmlaust for seg. Akkurat som eg hadde forventa. No nærma me oss eit nytt anløp. Skjervøy. Det var og middagstider no, so den vetle halvtimen skipet gjorde anløp her, ja den fekk eg med meg medan me sat til middagsbordet. Bord nr 1 er nemnleg eit vindaugsbord. So eg fekk stilt nyskjerrigheita mi med og kikke ut av og til.
Etter avgong Skjervøy skulle me ta ein avstikker inn i Lyngenfjorden. Dette har ikkje eg vore med på før so dette ser eg fram til. Me skulle segle forbi Kågen og rundt mest heile Uløya før me ville få Lyngenalpane på babord side. På sørsida av Uløya skulle me helse på den gamle handelsstaden Hamnes. Det var ein flott "kikk". Me hadde ikkje tid og stoppe opp, men MS Lofoten segla sakte forbi med flott fløytehelsing. Dei frammøtte på kaia flagga og sendte opp rakett som takk.
Då klokka var mørkt ute og visarane viste halv ti på kvelden var det møte med turleiar Harald i baren. No skulle det vere auksjon til inntekt utelukkande for Hurtigruten Foundation. Det var ein samekniv, flagget som vart behørig omtala tidlegare i dag og eit stort kart. Særs freistande objekter, men eg hadde nok ikkje økonomi til og by på tinga. Litt usikker men eg trur dei tre tinga gjekk til Tyske gjestar.
Reiseleiar Harald hadde slurva og utelatt frå dagsprogrammet at me skulle møte norgåande hurtigrute MS Trollfjord heilt ute med tuppen av Lyngsfjellan. Men han lurer ikkje meg. Det er som regel to hurtigrutemøter kvar dag. Om ikkje det er noko spesielt. So eg dobbeltsjekka både med "ring ein ven" og marinetraffic.com. Og Trollfjord var på veg den.
Veldig snodig var det at dei på brua til MS Trollfjord heldt full spiker (14.6 knop) opp Ulsfjorden på vestsida av Lyngsfjellan berre for og stoppe heilt opp då dei kom i syninga langt der framme. Dei fløyta og 2-3 minutt før MS Lofoten kom fram. Merkeleg manøver. Men som eg seier ..... Det er aldri to rundturar som er like.
Frå klokka 21 og til midnattstider sat eg og Inger i reviret vårt og prata om livet ombord i kystens dronning. Matros Mads stakk oppom for og signere i reisehandboka våre. Mads var (og er) ein særs hyggjeleg kar som vart årets hurtigrute ansatt i fjor.
Klokka 2345-0130 var det anløp i Tromsø. Her var det og ein utflukt med midnattskonsert i Ishavskateralen. Eg har vore på den ein gong før med mor og far. Ein særs flott oppleving det og. Men hadde ikkje noko behov for og ta den ein gong til.
Eg tok heller min eigen vetle avstikker. Ned til lugar nr. 100
zzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzz


















Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar