Dag 3.
I dag ville eg vakne opp medan me låg til kai i Trondheim. Denne byen er Norges tredje største med eit innbyggjertal på 180.000. I Trondheim vil me liggje til kai samstundes med sørgåande MS Trollfjord.
Me skal liggje her frå kl 0600-1200. Eg stod opp til vanleg tid og gjekk ned til frukost litt over klokka 07. Då var restauranten allereie full. Det skulle vere nokre utflukter litt seinare so folk måtte ete tidleg om dei ville vere med på det. So då drygde eg å starte på dagens fyrste måltid. Heilt til halv åtte.
Etter frukost tok eg meg ein rusletur over på andre sida av kaia. Til Pir II. Der skulle eg ta mine nødvendige bilete av dei to skipa. Det var strålande fint ver i byen ved Nidelvas os. Eg logga meg ut frå skipets datasystem, gjekk ned landgangen og tok beina fatt. Den klare vårlufta gjorde godt der den trengde inn i onkel reisande Macs nasebor der eg gjekk.
Det tek drøye 15 minutt og gå rundt det vetle bassenget og over på andre sida. Det er vel verdt spaserturen. Dei to skipa låg og spegla seg i sjøen og pludra sikkert seg i mellom kva dei hadde opplevd på sine respektive rundturar i det siste. Desse to skipa viser ny og gamal tid av hurtigruteskip. Dei nye skipa er fine, men dei gamle er eldst. Og heilt klart best. For meg er det MS Lofoten som gjeld. Dette skipet har ein sjel, sjarme og atmosfære dei nye skipa berre kan drøyme om.
Eg står og nyt synet av dei to flotte skipa før eg går attende same vegen eg kom. Eg kunne teke snarvegen og svømt over, men trur ikkje det hadde vore noko lurt. So eg gjekk (min veg).
Eg rakk akkurat og komme ombord i kystens dronning då eg fekk høyre reiseleier Harald synge bursdagssongen over skipets høgtalaranlegg til ære for Kari Anne som jobber ombord. Det høyres ut som skipets reiseleiar har mange strengjer og spele på. Synge kan han og.
Eg har sagt det mange, mange gonger før. Det er ALDRI kjedeleg på ein rundtur med hurtigruta. Ein treff nye mennesker, nokre heldt ein kontakten med vidare i livet. Ein får nye opplevingar og sanseinntrykk på kvar tur og når som helst kjem uforutsette hendingar slik som det gjorde her no i dag. Klokka var 0955 og det kom eit laaaangt fløyt frå MS Trollfjord. Eg sa til Inger at no var det noko på gong her. Noko gale som ikkje var rett.
Eg skunda meg ned til etasjen over der gangbrua var. Kameraet var klart. Eg tenkte for meg sjølv at det var sikkert nokon som var for seine. Eg fulgde spent med på kva som ville skje. Eg fekk høyre av reiseleiar Harald som var ute på gangbrua at hamnearbeidarane hadde forsvunne. Borte vekk var dei. Og dei skulle vere her for og ta trossa til begge skipa. Det kom fleire (lange og sinte) fløyt frå Trollfjord.
Til slutt var det var ein av mannskapet på MS Lofoten so måtte bort og ta fortøyning og trosser til MS Trollfjord. Det hjalp ikkje med irriterte fløyt. Ingen hamnearbeidare dukka opp. Dei hadde visst teke påskeferie alt. Harald lurte på kva hamneavgifta gjekk til. Då Trollfjord slapp laus gleid dei forbi oss i all si majestetiske prakt. Eit par nye fløyt kom. Eg trur det var takkefløyt til MS Lofoten.
Etterpå gjekk eg inn att og sette meg ned i lobbyen ved gangbrua og slo av ein prat med besøkande entusiastar. Me mimra litt, diskuterte hurtigrute prisar, dei forskjellige skipas fruktkorger og løyste nokre verdsproblem i samme slengen. Tida forsvann frå oss og plutseleg var klokka 12 og klart for avgong for nordgåande hurtigrute.
- "Besøkende bes vennligst forlate skipet".
Eg var på vakt no. Eg spurte i gangbrua om hamnearbeidarane hadde dukka opp. Det hadde dei ikkje. So då me skulle forlate Trondheim var det same historien ein gong til. Ingen landansette som kunne gjere jobben sin. Lofotens ansette måtte gjere jobben ein gong til. Det kom til slutt ein ungdom på motorsykkel bort til skipet. Han skulle ta gangbrua. Det var heilt klart ein utskremd hamnearbeidar. Han løfta vekk gangbrua og hjalp til med trossane.
Eg fekk vite seinare at det hadde vore hamneansette på jobb då hurtigruteskipa kom i 06 tida i dag tidleg. Dei hadde gjort jobben sin då. Men so forsvant dei sporlaust. Det er eit mysterium. Då har dei jo visst at det var to hurtigruteskip på kaia som ikkje skulle liggje der til all evig tid. Dei skulle jo reise att om nokre timar til vanleg tid. Eit skip klokka 10 og eitt klokka 12. So kvifor dei forsvann før skipa hadde reist er eit mysterium.
Klokka 12 var det lunch. Eg fann meg eit ledig bord og fekk snart bordsete med Harald og Inger. Det er vanskeleg og beskrive kor god maten ombord i hurtigruteskipa er. Den må opplevast sjølv.
Før eg hadde sett meg godt til rette måtte eg ut på dekk og ta bilete av Munkholmen. Eg har teke so mange bilete av dette landemerke at eg droppa det på forrige rundtur. Det falt ikkje i god jord hjå min villeiande reiseleiar Ketil Wigen. So denne gongen tok eg - eit - bilete.
Og nokre sekund seinare var eg godt bordsett med mine to medreisande. Tallerkane rundt borda vart fort fyllt opp med mange lekkerbisknar og god mat. Eg fann meg litt pastinakksuppe. Som på fransk heiter soupe de Panais. Fine ord på fin mat.
Det er so blide og hyggjelege servitørar ombord eg vert mest litt trollbunden. Dei er effektiviteten sjølv. Det må eg få lov og uttale meg om som trufast restaurantgjest på Voss og som av og til tiltrer meg rolla som servitør/ryddehjelp i dei same restaurantar.
Desse kvite englane her ombord står ikkje attende for nokon. Og dei finn tid inni mellom til og slå av ein liten prat med gjestane rundt dei ulike borda. Fint og sjå på og noko som gjev ein god og hyggjeleg atmosfære i restauranten.
Det er nok derfor ingen vil forlate lokalet heller etter måltidet. Folk vil sitje der det er god atmosfære. So resepsjonen må over høgtaleranlegget be om gjestane vennligst kan drikke kaffen etter maten i cafeteriaen.
Klokka 13 ville me passera Fosen Verft langt der inne på land på styrbord høgre side. Her er både MS Midnatsol og MS Trollfjord bygd. Det er framleis knakande flott vær. Eg surrer rundt på skipet. Opp og ned trappar. Ut og inn dørar. Fram og tilbake. Eg går vel snart att ombord slik eg suller på. Eg går gjennom cafeteria salongen. Det sit folk i alle sitjegrupper. Nokon småpratar med sine medreisande. Nokon sit og les. Ei dame ser på bilete på nettbrettet sitt. Sikkert dagens "bildefangst". Summinga av stemmer gjev ei hyggjeleg atmosfære.
Klokka 1430 vil me passera endå eit landemerke. Kjeungskjær fyr. Dette er eit fyr som ligg på eit lite skjær i Bjugnfjorden ca. 3 km frå Uthaug i Ørland kommune i Trøndelag.
Fyret er eit omlag 20 meter høgt åttekanta steintårn. Interiøret i fyret er godt bevart og inkluderar ein leiligheit med seks sovekabinar. Den originale, franske optikken er enno i funksjon. Ein støypt veg og bru går utover sjøen til landinga. Fyret ligg i eit fuglelivsfreda område og fyret vert i dag disponet av Kjeungen kystlag, som leier ut fyret for overnatting.
Eg har sikkert teke 100 bilete av dette fyret på mine mange rundturar so dette fotoobjektet droppa eg og på forrige rundtur. Heller ikkje det falt i god jord hjå Ketil Wigen. SO eg var ute på dekk og foreviga dette fyret inni telefonkameraet mitt.
Samstundes som me passerar dette fyret som markerar starten på Frohavet og seinare Folda kjem hotellsjef Else ut på dekk for og servere blåskjell og kvitvin. Skjella er smaksprøvar og eit glas kvitvin som passer inntil den vetle godbiten kan ein kjøpe.
- "Sjå kor flatt det e", seier Else og peiker ut på havet. Og flatt var det.
Inne i skipets lune rede har eg og Inger laga oss eit revir i ein sitjegruppe. Her går me til og frå heile tida. Ho ut til røykesalongen og eg kringom alle stadar på skipet. Det er ein uskreven regel at ein ikkje skal reservere solstoler på stranda i syden. Eg føler litt på det same ombord i hurtigruta. Og ser heller ingen andre som reserverar verken solstolar ute på dekk eller sitjegrupper inne i skipet. So kvar gong det er lunch, middag eller lengre liggjetid med eit anløp fjernar me tinga våre. Høflegheita lenge leve.
Klokka går rasande fort når ein har det kjekt. Eg prøver so godt eg kan og få skrive litt på bloggen, men det er ikkje lett. Plutseleg kan det komme eit skip forbi. Noko eg veit på førehand, sidan eg har kontroll på slikt med marinetraffic.com som hjelpemiddel.
Naturen ute skiftar heile tida. Sånn omtrent kvart tjuande minutt. So ein må ut og kikke med jamne mellomrom. Og so kjem ein i prat med medpassasjerar heile tida. Kjekkare desse tinga enn og skrive på ein laptop. Eg signaliserar vel bra her om at det kan verte ein blogglaus rundtur neste gong. Men heller oppdatere facebook oftare.
Klokka er blitt 16 på ettermiddagen no. Det betyr passering av det vakre Stokksundet. Det vil alltid vere eit høgdepunkt på ein rundtur. Skipet dansar forbi holmar og skjær. Og oppå brua me skal forsere står det ein gjeng med mennesker og vinker. Skipet fløyter tre gonger.
So kjem den karakteristiske eine fløyten nett før den skarpe 90 graders svingen. Det er for og varsle eventuelle motgåande skip. Og like etter har me klar sikt ut av leia. No har me passert heile Stokkøya på venstre side.
Skipet tutar med fleire anledningar. Då er det folk på land som helsar og vinker til oss. Me passerar ein liten båt med eit par personar oppi. Dei vinker og skipet helsar. Utruleg folkeleg og flott og overvære.
Klokka 18 var det middagstid for dei fantastiske fire. I dag var det fyrst spinatsuppe til forrett. No vert me sterke som skipperen sa eg. So var det svinenakke med rotkål og glasserte potetar. Før dei arme ridderane kom på bordet. Arme riddare var noko me alle kjende att frå då me var små. Og dette vart eit utdjupande samtaletema under denne middagen.
Medan me sat til middagsbordet segla me over det opne havstykket Folda. Her pleier kong Neptun og visa seg fram av og til. Men aldri på mine turar og heller ikkje i dag. Han var so langt herifrå so det går an. Havet var flatt. Eit par små duvingar inni mellom men ikkje noko og skrive heim om. Eg og kongen under havet har ein deal me. Han plager ikkje meg og mine og eg skriv ikkje noko stygt om han på bloggen min. Det fungerar heilt fint.
Klokka 1930 var det møte med reiseleiar Harald i baren. Han ville informera oss om dagen i morgo. For den vert lang sa han.
Klokka 2045 til 2115 skulle me gjere anløp i Rørvik. Her ville me liggje til kai ein kort stund med MS Kong Harald. Eg fekk nokre flotte bilete av sørgåande hurtigrute då ho kom mot oss. Då begge skipa hadde fått kaikontakt ville eg gjere det same. Å få kaikontakt.
Eg tok meg ein stripe på land for og ta nokre bilete. Attende i MS Lofoten møtte eg på Gøril ved landgangen. Ho ville helse på gamle kollegaer. Ho jobba tidlegare ombord i MS Lofoten, men jobba no på MS Kong Harald. Artig og treff på ho att.
Etter avgong Rørvik hadde eg ein lang og koseleg prat med Inger oppe i salongen. Me mimra om tidlegare turar og ting som skjer langs leia.
Klokka kvart på eitt gjorde me dagens siste anløp. Det var i Brønnøysund. Det var vel eigentleg eit anløp so høyrer til morgondagen, men me får sjå stort på det og ta det med oss i dag. Det var kolande mørkt ute so eg såg ikkje so mykje. Anna enn at me passerte under Brønnøysund brua.
So var det på tide for onkel trøytte Mac og leggje seg.
zzzzzzzzzzzzzz

















Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar