tirsdag 16. april 2019

Hurtigrute rundtur med MS Lofoten 16. april 2019

Dag 1.

Dagen var komen. Ny rundtur med fantastiske hurtigruten. Verdens vakraste sjøreise. Forventningane mine er skyhøge. Skyhøge p.g.a. alle dei gode og minneverdige opplevingane eg har opplevd ombord på alle turane mine. Eg har stifta mange nye bekjentskaper og fått mange nye vener.


Eg spiste avskjedsfrukost hjå mor og far før avreise Voss. Dei skulle passe vetle Oscar mens eg var på ferie.

Eg planla og ta eit tog som gjekk litt over sånn halv elleve. Eg skulle fyrst møte ein sjåførkollega i Bergen for litt skravling over ein kaffekopp eller to, før eg ville tuske meg mot hurtigruteterminalen ute på Nøstet.


Frå forrige gong eg skulle til
Bergen og besøkje Hurtigruta.
Eg har funne ut det er tryggast og ta toget når eg skal ut i hurtigruteærend. So langt det let seg gjere sjølvsagt. For eg har fått fartsbot to gonger tidlegare når eg ivrig og entusiastisk har sust avgårde full av godt humør berre for og verte vinka inn av onkel politi der han står og veivar med slikkepotten sin. Og ein gong var eg og ein kompis i overkant entusiastiske då me skulle ut på ei bru og ta bilete av innkommande MS Finnmarken. Det resulterte i ein brannbil, ein politibil, ein redningsbåt og redningsentralen på Sola i beredskap. Men me slapp bot.


So tog er sikkert og trygt som banken det. Ho mor synes synd på meg og mi tunge bør so ho køyrde meg til togstasjonen.

Minutter etter eg kom ut på perrongen kom vestgåande tog glidane inn og stoppa opp framføre meg. No var onkel reisande Mac klar til og reise ut i den store verda.


Eg gjekk inn og fann meg ein finfin plass. Det var lite folk med toget. Eg hadde sett meg godt til rette og lot tankane fare mot det som skulle komme. Kva ville eg oppleve av begivenheiter på denne turen? Ville eg få nye vener? Ville eg få sjå noko til Kong Neptun?


På Dale kom det ombord ei flott jente i passande alder. Det vart straks koseleg atmosfære i togvogna då ho tok fram strikketøy og sat og strikka. Ho sat "desverre" på andre sida i vogna so det var ikkje so enkelt og komme i snakk med ho.


For meg som bur på Voss er det såre enkelt når eg skal på hurtigrutetur. Ein god times togtur til Bergen og so enten taxi, buss eller apostlanes hestar til hurtigruteterminalen på Nøstet. Hurtigruteskipa ligg til kai i Bergen frå kl 14.30 - 20.00 (22.30 om vinteren). So det er null stress for ein skarve Vossing på reisefot. Eg er slik skapt at eg vil fortast mogeleg ombord for og oppleve mest mogeleg av den gode atmosfæren slik som berre hurtigruteskipa kan gje.


So eg tok som sagt eit tidleg tog. Etter ein hyggjeleg kaffiprat tok eg fram apostlanes hestar og gjekk i gamle spor. Klokka var halv to. Eg hadde gått frå jernbanen til Nøstet før, so eg var ikkje redd for og rote meg vekk.


Eg står i terminalhallens 1. etasje. Eg venter på og få sjekka inn bagasjen. Eg ser ei ung jente som ser ut som ho er ute i same ærend. Ho ser spent ut der ho til stadigheit speider rundt seg. Ho venter vel på reisefylget sitt tenkjer eg med meg sjølv.


Ho sjekker mobilen til stadigheit. Men det gjer me jo alle so det er jo ikkje noko og gå etter. Plutseleg smiler ho og løper ut. - "Pappa!", høyrer eg ho rope. - "Hei, vennen", svarer han. So forsvinn dei ut av mitt syne. Ho var sikkert sjøfør og skulle hente han. Case closed.


Eg har kjøpt meg min fyrste "hurtigruteøl" og står ute på verandaen i 2. etasje av terminalbygget. Klokka er kvart over to og eg speider etter sørgåande hurtigrute.

Og - der - der kjem ho. Kystens dronning. Ute på fjorden. Klokka er 14.20. Eg ser ho som ein liten prikk. Prikken vert større og større og plutseleg er skipet der. Eller her. Her med meg. Eg får med meg heile seansen då ho legg til kai ved hurtigrute terminalen i Bergen. Her skal ho liggje og kvile nokre timar før ho vert nordgåande att.



Då eg har sett meg mett på kystens dronning for no set eg meg inn att i salongen. Her lyt eg sitje for og vente på sikkerheitspraten. Alle reisande må gjennom den for og få lov og komme ombord. Eller rettare sagt for og få vere med på sjølve turen.

Eg har det no so godt det gjer nesten litt ildt her eg sit. Som ein saltsjuk sau har eg sett meg til på fyrste bord nærmast landgongen. Sauene skal jo alltid stå 30 cm frå gjerdet der dei veit dei får mat ........  Eg har høyrt sikkerheitspraten so mange gonger før eg kunne sikkert ha heldt den sjølv no.

Klokka slo like før 16 då det vart opplyst at me kunne gå ombord. Me ville få sikkerheitspraten ombord denne gongen. Onkel forventningsfulle Mac var fyrste mann ombord i den erverdige gamle dame.


Ombord i skipet var fyrste visning av sikkerheitsvideoen klokka 1630. Ein av skipets teknikare dreiv og testa ut lyd og video for og sjå om det virka. Eg fekk med meg testkøyringa og eg. So eg hadde vel uteksaminert meg sjølv. Eller?

Men eg tok med meg den offisielle videoframsyninga utan noko om og men. Og opplyste den hurtigruteansette etterpå kva lugarnummer eg hadde. No var eg sikkerheitsklarert for ein ny rundtur.


Klokka 17.30 slapp me inn i lugarane me hadde fått tildelt. Eg hadde fått eit særs fint nummer på lugaren denne gongen som sa 100. Eg romsterte litt på lugaren, gjorde meg fin osv. og so var tida komen til og gå opp til mat.


Klokka hadde slått seks på kvelden og no skulle onkel reisande Mac ha mat. God mat. For det er berre god mat ombord i Hurtigruta. I Bergen er det alltid buffe til middag. Heile året. Her er det superviktig og ikkje gå hardt ut. Eg hadde kun ete to skiver til frukost i dag. Det for og spare meg til det komande herremåltidet. Det som var no!

So no var eg svolten. Eg tok slik for meg av matfatet eg var mest litt flau. Eg byrja i ein ende. Der varmrettane låg. Der låg det kylling og venta på onkel svoltne Mac. Nam! Nam høyrer du.

Ein av dei kvite englane som jobba i restauranten konkluderte med det same som meg då me hadde ein liten passiar over det bugnande matfatet. Det er viktig å begynne frå høgre og jobbe seg bortover sa ho. - "Ja gjett da!", svarte eg.


På denne rundturen ville eg få reisefylgje av to kjekke og hyggjelege superveteraner i rundtur samanheng. Inger og Geir. Desse to har godt over 100 rundturar seg i mellom so eg er som smågut og rekne med mine skarve 12 rundturar.

Etter at middagen var godt unnagjort tok eg meg ein powernap på lugaren. Måtte berre nett slenge meg nedpå 20 minutt. Lade batteria. Etterpå var det mykje sirkulering rundt på skipet. Prate med andre passasjerar og glede seg til turen skulle starte.

Femten heile minutt over ni om kvelden var det presentasjon av mannskapet for dei norske og engelsktalande reisande. Det pleier eg alltid og få med meg. Då veit eg kven som er "mitt språklege" og kven som er framandspråklege.

Klokka 22.30 og på skamsekundet glei nordgåande MS Lofoten ut frå kai med nokre flotte ærverdige fløyt. Eg har min rutine med å tenne ein feit hurtigrutesigar når me legg frå kai i Bergen. Og det gjorde eg denne gongen og. Eg hadde selskap av Inger samstundes. Ho likte og å få med seg utseglinga frå Vestlandets hovudstad.


Etterpå gjekk eg inn att i barsalongen og sette meg til rette i ein ledig sittegruppe. Planen var og blogge. Men eg sat ikkje lenge før det kom kjentfolk forbi. Magnus Valland frå vene Voss. Det er sant som det står i skrifta at Vossingar er nett so hestelorten. Du finn dei overalt.

Litt over midnatt var det endeleg tid til og skrive på bloggen. Det blir nok til eg må blogge hardt og effektivt på denne turen. Det er mykje kjekke folk og prate med og sjølvsagt mykje nye opplevingar frå Moder natur ute på dekk. So det vert nok midtnattsblogging på denne turen.

Klokka 01 gjekk eg til køys godt mett, godt fornøgd og klar for nye opplevingar neste dag. Den vil begynne 0530.


zzzzzzzzzzz



Måltid:
Middagsbuffet.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar