Ein ny liten tankevekker. Det er vanleg at me mennesker får den sokalla "dåtten" i øyre når me tek t.d ein gondol opp på fjellet. Her finst mange ubesvarte spørsmål og teoriar. Kvifor får me det ikkje når me tek t.d. stolheis på fjellet? Eg har no aldri fått det. So kvifor gondol men ikkje stolheis?
Men tilbake til gondol. Me mennesker får "dått" i øyre når me tek gondol opp til Hanguren. Bikkja mi pleier å ynke og "bære" seg når me tek gondol på slutten av turen. Anten det er på veg opp eller ned. Får dyr "dått" i øyre? Eg trur det. Men det store, store spørsmålet er ........ Om mennesker og bikkjer får "dått" i øyre ......... får fluer det?
Fluer og "dått" i øyre kjem vel for alltid til og vere eit ubesvart spørsmål. Ikkje det at eg ligg søvnlaus om natta av det, men det hadde vore kjekt og visst eller kva?
I mi einsemd på fjellet har eg og eksperimentert på høyrselen til fluene. Har dei øyrer i det heile teke? Når Gud har gitt dei so mange auge so burde Han pike deg ha sett av minst 1 par øyre og. Men mi erfaring er at dei skvett ikkje av lyd. Dei skvett av røyrsler og ting som flytter på seg. Men ikkje av lyd. Kvifor? Innspel og teoriar mottas med takksemd.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar