Dag 12:
Klokka ringte. 0645. Eg vakna. Kva var skjedd? Levde me enno? Var eg grøn i ansiktet etter stormen? Eg stod opp. Mike sov søtt. Eg leita i det indre sinn etter svar. Ei forklaring. Eg orienterte meg og fann ut eg må ha sovna frå heile greia. Då kan det ikkje ha vore rare stormen. Eller? Hadde eg godt sovehjerte? Hadde kampen vore ein annan? Hadde Ole Lukkeøye danka ut Kong Neptun?
 |
| Fin kunst ombord |
Dei ubesvarte spørsmåla var mange. Eg kom meg i kleda og gjekk ut på dekk. Måtte sjå kor me var. Eg møtte eit av mannskapet med befalssgrad. Eg spurte ut om stormen. Det hadde ikkje vore noko storm. Kong Neptun hadde trekt seg. Fa.... So close yet so far. Ein bør jo vere jublande glad ein slepp storm over Stadt men...... skuffelsen var enorm.
Birger 1 - Kong Neptun 0.
Eg gjekk opp til frukost etter at me hadde forlatt Florø. Florø var siste anløp før Bergen. Eg måtte jo få det med meg. Det låg an til og verte ein grå dag. Greit nok. Eg hadde hatt so mange fine opplevingar på turen at mest godt og komme ner litt på "landjorda" før eg kom til Bergen. Eg fekk eit godt tips av ein annan entusiast at beste måten og ikkje gå i land i "deppemodus" var og tenke framover. Tenke framover på neste rundtur med hurtigruta. Og det gjer eg.
Men eg følte frukosten mest var som ein døande manns siste måltid. Men det var jo ikkje det. Eg svelgte skuffelsen med den fyrste brødskiva. Neste gong tenker eg. Då! Sjølve frukostmåltidet var det ingenting og utsetje på. Varmrettane stod i 10 i stil. Mat for Mons. Og meg. Humøret var på topp att.
 |
| Mike tek ein powernap |
Eg var ute på dekk att etter at magen var nøgd. Eg ville suge til meg alt eg kunne av naturopplevingar i dag. Eg møtte på den hyggjelege trønderen att. Min rundtur-medreisande trønder. Han kommenterte Mikes søvnbehov. Me spøkte med at vekker ein han so går han og legg seg ein annan plass. For ordensskuld - Mike har ikkje noko sovesjuke e.l. Han gjer berre det han føler for so han sa.
 |
| Kate og den hyggjelege trønderen |
Klokka 1000 må lugarane forlatast. Ubønnhørleg. Det verker brutalt. Det var ikkje nett slik at dei står og bankar på døra men..... Eg fiksa den biffen kjapt. Sette kofferten ut på gangen. Den forsvinn kjapt. En kjekk ung gut tek den med seg. Han får ei velsigning med på bæreturen. Kofferten ville neste gong sjå att på rullebandet i Bergen. Mike hadde ikkje lest dagsprogrammet og stressa med å rydde ut av lugaren i 11 tida. Eg gav han litt velfortent pepper for det.
 |
| Steinsundet |
Halvvegs denne dagen (hvertfall om ein ser på kartet) skal me segle gjennom vakre Steinsundet. Dette er eit høgdepunkt på turen. Om ein står ute på dekk og ser bakover ser ein kor skipet svinger og svanger seg gjennom dei mange holmar og skjer. Vakkert og litt magisk og sjå slalomsporet frå kjølvatnet etter MS Lofoten.
 |
| Steinsundet |
Både før og etter denne hendinga har eg "innlosjert" meg med mitt stambord i kafeteriaen. Med dette bordet har eg nærkontakt med to stikkontaktar. Genialt. Laptopen er oppe og går. Eg lar den stå på her heile tida. So eg skriv på bloggen innimellom turane eg har ut på dekk.
 |
| Mike er ute på nekk og nyt utsikta |
Det kjem ein lyd frå høgtalaren rett over hovudet mitt. Ein må ha flaggermusøyre for å høyre kva so vert sagt. Lyden er so låg at det er uråd og høyre kva so vert sagt. Eg gav beskjed til ei jente i kafeteriakassa. Eg forventa litt action. Fixi-fixi-washy-washy, men ingenting skjedde. Anna enn at meldinga over høgtalaren vart repetert. I samme låge lyd. Eg gav verdifull feedback til den same jenta at det framleis ikkje fungerte - det dei måtte ha gjort. Då eg hadde forretta det eg hadde på hjartet ansåg eg dette problemet som ute av denne verden. Og hvertfall ikkje ombord i MS Lofoten.
 |
| Lunchen er servert |
Før lunch er Arthur bekymra over plassen vår i restauranten. - "I will go in there to secure our table. If not the swedish cople will take it. Han gjorde rett. Eg såg dei sikla på bordet vårt. - "That should teach them", sa han. Me knitra og lo stille. Eg gjekk laus på maten. Eg forsynte meg 5 gonger. Manjana pregå. Mat skulle den utslitne landkrabben ha. Vegen heim til Voss var lang og ville gå via Bømlo. For og hente Oscar.

So er tida der. Me nærmar oss Bergen by. Eg har mest ikkje lyst og gå ut på dekk og sjå men gjer det likevel. På trass. På denne rundturens siste dag er ikkje veret so mykje og skryte av. Grått og trist. Mest litt passande til sinnstemninga mi. Eg gjekk rundt på dekk med den raude hurtigrute koppen. Den var stort sett alltid fylt opp med god kaffe.
Me legg til kai og eg befinn meg snart i ein dum kø. Køen for å gå i land. Den kjekke hotellskjefen Roy Gjerde og nokre av befalet står her for å takke oss for turen. Det er og ein fin gest.
Eg står på kaia og tek ein siste kikk på MS Lofoten for denne gong. Min nye kjærlighet.
rulle - rulle - rulle. Eg ventar på kofferten min med rullebandet inne på terminalen. Eg føler meg litt som eg er på ein flyplass. Ja for der har dei og slike rulleband. Og eg ser dei same tinga her. Mine medreisande står 6 cm frå rullebandet. Dei er i få-koffert-fyrst modus. Kva er vitsen? Rullebandet kjem til å gå rundt 2-3 gonger. Garantert. Eg tek farvel med Kate og Arthur. Avskjeden med Mike er litt meir andaktig.
Eg kjem -- g a r a n t e r t -- attende til MS Lofoten. Garantert!
Eg kan berre sitere hotellsjef Roy Gjerde. Eller var det hurtigrutepassasjer Inger Brattås so sa det: MS Lofoten skulle vert på blå resept.
----------------
Eg håper de har likt mine "uformelle" reiseskildringar frå livet ombord i Hurtigruta. Og kalla verdas vakraste sjøreise.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar