søndag 14. april 2013

Dag 11: 

Eg vaknar opp til nest siste dag på denne rundturen. Ikkje nokon god følelse det. Men får fortrengje slike ugne tanker og følelser og heller nyte turen so godt eg kan.

Eg hadde høyrt frå ein av mine medreisande at det skulle vere flott soloppgong i dag. Eg vurderte det av unemnelege årsakar. Sove litt lengre kanskje? Og slik vart det. Men soloppgongen hadde vore super.



Sidan mange avsluttar rundturen sin i Trondheim var frukosten ekstra tidleg i dag. Det gjorde ikkje meg noko. Då fekk eg endå litt meir ut av dagen min. Me skulle anløpe Trondheim 0630. Same tid so frukosten starta.

Det såg ut til og verte ein super dag. Eg stod ute på dekk og fekk med meg innfarten og sjølve anløpet til denne byen so vikingekongen Olav Trygvasson anla i det herrens år 997.


Eg var i restauranten 0640. Mat skulle han faen meg ha. Det var ingen andre her då eg kom. Topp! Men dei var ikkje so langt unna. Det seig inn med svoltne medreisande etter som minuttane gjekk. I dag skulle det etast! Banna bein. Ete so eg aldri hadde gjort før. Vere sikker på at eg fekk verdi for pengane mine.

Etter 20 minutt kom Mike. Like etterpå sit eg og nyt morgonkaffen og kikkar på dei andre reisande. So kjem han eine av amerikanarane. Eller var han tysk han og? Han kjem inn. Går bort til buffetbordet. Tek ein runde. Og finn seg so ei nøtt. Ei nøtt! Han et ho og går ut att. Eg hevar augnebryna. - "Did you see that Mike"? Sjølvsagt såg han ikkje det. Han sat jo med ryggen til. Eg refererte frå den merkelege hendinga.

Halv åtte skulle eit mannskor komme og synge i restauranten. Greit nok for meg. Det var mandige røyster so ljunga ut i det halvtomme lokalet. Med bass og tenor. Gje gass. Men kvifor måtte dei gjere det i restauranten? Var dei redd for at ingen ville høyre på dei om dei var andre plassar på skipet? Og kvifor so ukristeleg tidleg. Hmm. Jaja. Det vert vel eit av livets uubesvarte spørsmål. Sjølv om nokon veit kvifor. Det er alltid nokon so veit kvifor. Trur eg.

MS Finnmarken og MS Lofoten ved kai i Trondheim


Petter: Kven der! Navn og nummer takk

Kva ser du på Mike?


MS Lofoten fekk so vidt plass
Etter frukosten var innteken var det tid for fotosesjon på andre sia av kaia. Prioritet-de-luxe. Trondheim er viktig både på nord og sør turen. Som du sikkert veit so ligg det alltid to hurtigruteskip til kai samtidig her i Trondheim. I dag ligg me her med MS Finnmarken. Eg var på andre sida og tok bilete. Inni Finnmakrne og utanfor her på kaia. Kor mange bilete eg tok berre ved denne anledninga snakkar me ikkje høgt om. Men eg vart nøgd.


Klokka nærma seg 10. Det er snart klart for avgong Trondheim for denne gongen. No kan eg sitje ned og skrive reisebrev og slette bilete. Ja, ikkje sjå og nyte bilete - men slette! Eg har teke mykje bilete med slik kontinuerleg bildetrykking. Pr. no har eg 4900 filer i "2013 rundtur med MS Lofoten" mappa. Bilete og video.



Rett etter avgong passerte me Munkholmen. I farne tider var det eit kloster her. Men det er vekke no. I det 17 århundre var det ein festning her. Den hadde kanonar. Men dei var for små til å utgjere nokon trussel for erobrarane so kom. Eg ser for meg skyta spurv med kanonar. Kvifor ha kanonar når dei ikkje hadde noko effekt? I dag vert Munkholmen brukt til utfluktsmål med bading og andre hyggjelege ting.

Utsikt under lunchen
Før lunch sit eg og Mike i kafeen og prater mannskjit. På andre sida med vindusutsikt sitt eit svensk eldre ektepar. Plutseleg ....... den nusselege eldre dama set i eit langt og høgt gjesp. Gjespet er på nippet til å gå over i klagande stønning. Det varte 3-4 sekund. Som ein sjøløve som sender ut parringsrop til artsfrender. Det var ei utruleg oppleving. Mike skratta.

Mike seier: "give it some minutes and the call will attract more people". Ho gjekk under kallenavnet walrosslady etter den episoden.

Ei tysk dame snyt seg i restauranten. Det klangande trompet lyden er der og. Kva er det ho trur? At dei har meir rett te og snyte seg enn oss andre dødelege? Ho heldt det gåande ei lang stund. Er det noko med den eldre garde so gjer at dei trur dei kan snyte seg høgt sånn utan vidare? Det irriterte meg. Men ikkje meir enn at eg sekundar seinare hadde fortrengt og gløymt heile dama. Eg tok ein ny sup frå den raude hurtigrute koppen. Kaffesup nr 229 på denne rundturen. HER snakkar me vel verdt anvendte pengar. Ein slik hurtigrute kopp kostar 298,-. Inflasjonen har teke fatt i den koppen. Meiner den kosta 220,- på den andre rundturen eg var på.

- "Nei, dette vert eg ikkje klok på", tenkte han gamle Johan. Han kom heim so ein avskilta bråkmakar. Han sat i godstolen i tunet og minnast gamle dagar. "Det var tider", tenkte han, som tidlegare skarpskyttar frå krigens dagar. Han tulla seg godt inn i teppet sitt. Det blas godt rundt dei store øyrene hans. Ei kråke sat i det store tuntreet. Den sat godt inntil trestammo i ly for vinden. Den gjorde ikkje ein dritt. Berre satt der.

Klokka 15 var det info møte. Eg visste kva det gjekk i men fekk det med meg i dag og. Mike sov frå heile møtet. Og etter møtet kom han, ikkje overraskande, og spurte kva møtet var om? Han trengte informasjon kva so ville skje med ankomst Bergen i morgon.

Klokka 16 er det stram giv akt. Me nærmar oss anløp Kristiansund. Eit av rundturens desidert finaste anløp. Og inne på topp 3 lista over høgdepunkt og få med seg på ein rundtur. Hurtigruten legg til kai midt inne i sentrum. Og då meiner eg midt i sentrum. Det er hus og øyer overalt her me ligg. Eg ville ha med meg alt! Eg er på dekk for å ta bilete og video. Gull!































 









Etter at me har forlatt Kristiansund skal me ut på Hustadvika. Ei ny ope havstrekning. Her var roleg denne gongen og. Eg tek ikkje noko bilete denne gongen. Det er liksom vanskeleg og fange fin natur på kamera. Det er noko ein best kan fange i hovudet sitt. Leggje det på minne. Og det gjorde eg. Balsam for sjela.



Klokka 19 var det middag. Siste middag ombord for oss so reiser komplett rundtur Bergen Kirkenes Bergen. Dei so forlet oss i Trondheim får godkjent full rundtur. Ikkje sikker på om eg skal godkjenne det men..... Skitt la gå so kråko sa. Det er siste middag for dei fantastiske fire. Eg, Mike, Kate og Arthur.

Middag-de-luxe ala stressmoment. Ikkje hurtigruten sin feil. Me skal møte MS Trollfjord. Eg berre "må" ha det med meg. Eg veit eg må ingenting, men eg må allikevel so brura sa. Og eg synest no eg gjorde rett. Forlate eit herremåltid ein stakket stund og ut på dekk. Det var eit flott møte. Eg var vekke ein 6-7 minutt. Det var vel verdt det. 

MS Trollfjord i eit hol








Litt før 21 skal me leggje til kai i Molde. Rosenes by. Det er stille og roleg her i kveld. Me skal liggje til kai her i 45 minutt so eg og Mike fer i land. Me satser på å finne ein brun pub so me kan ta ein avskjedsøl.




Eg finn fort ein butikk av stor interesse.








Me går ein runde i byen og so inn på ein bar for å ta oss ein siste øl saman. Det vart ikkje ein brun pub men ein pizzeria. Gullfisk-hukommelsen min tredte i kraft. So eg hugsar ikkje kva staden heiter. Me fann kun ein Peppes, Dolly eller noko anna pizzanamn plass so fekk duge til og innta ein pils. Det var dog ein kjempeflott plass. Kan anbefalast på det sterkaste om du er i Molde ein gong. Staden ligg berre 2-300 meter frå kaia.

Kjekke ansatte i Hurtigruten

Godt gjort å få plass til den flate ferja i bilete

Kva er dette?




























Det er snart midnatt og me anløper Aalesund. Eg følte mest Aalesund var siste stopp før helvete skulle bryta laus. Eg sitrar i spenning. Eg føler meg som ein kanon med antent krutt. Etter Aalesund skulle me ut på Stadt. Det var meldt storm på Stadt. Eg fekk ein del "skremmemeldingar" frå ein god kompis. Eg gledde meg verkeleg. Eg har pr. no passert 100 døgn på hurtigruta. 8 rundturar + nokre dagar til. Eg har aldri opplevd hard, høg sjø på nokre av dei opne havstykka. Eg er ikkje sjøsterk, men eg har lyst og måla krefter med Kong Neptun. Eg vil ut langs rekka i 10 meter bylgjer og kasta sko etter han. Eg gledde meg. Såg liksom for meg David mot Goliat. Landkrabbe mot havets konge.

Eg la meg i 01 tida. Spent som ein unge. Eg hugser eg vakna i 03 tida. 05 tida og litt over 6. Det var so stille ombord at eg trudde me hadde lagt oss i ly ein plass. Ma.o. at me (les: kapteinen) ikkje hadde våga måle kreftar med Kong Neptun. Kva hadde skjedd?

Det får du vete på dag 12 av rundturen. Siste dag ombord for denne gongen.



Meny:
Forrett: Spinatsuppe med fløteskum
Middag : Hvitvinsdampet kveite med asparges og sandefjordssmør
Dessert: Pasjonsfrukt mousse delice med bær coulis



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar