Eg er oppe tidleg i dag og ute på dekk for og vente på "polarsirkelkulo". Veret er praktfullt so det er flott og stå ute på dekk og nyte starten på dagen. Og sirkelen kjem.
0730 og frukost tid. Eg sneik meg inn litt før den offisielle opningstida. Men ingen jagar meg ut. Eg må vere ute på dekk til 0815 for å sjå MS Polarlys komme oss i møte. Det må jo dei og forstå! Hmm. Nei eg må ingenting men eg bør vere ute på dekk til 0815.
Men first things first so han sa. Frukost. Det er ein flott start på dagen og byrje med frukost i ein restaurant ombord i eit hurtigruteskip. Her kan ein ta livet med ro medan ein nyt den gode maten. Og samstundes har ein ny utsikt ut frokostvindauget. Kvar dag. Kvar einaste dag. Ikkje dårleg berre det.
Etter kvart kjem Mike og heldt meg med selskap. Han fortalte at han stod opp tidlig i natt. Søvnlaus og såg ut koauget og tenkte "Krikey. It's dark outside". Før han fann ut han såg rett i eit svart lastebilhjul på kaien i Nesna. (Me har lugar under kaikanten).
0815 kjem MS Polarlys. Dei tuta nøgd begge skipa. Me so nordgåande og Polarlys so sørgåande. Eg har glimt i augo der eg står og ser lengselsfult etter det andre skipet. Dei flotte fargane til skipet i raudt, kvitt og svart er som kjærleik spør du meg.
0915 er det anløp i Ørnes. Her står eg ved rekka og kikkar på livet i denne vetle plassen. Om han er Gudsforlatt vil eg ikkje spekulere i men i dag er det mest eit andaktig preg over den vetle staden. Sol. Vindstille. Ein truck køyrer saktmodig fram og tilbake på kaia med pallar og anna småsnask. To terminalarbeidere kaukar til kvarandre. Eg får ikkje med meg kva dei seier men pallen på kaia forsvant inn lagerdøra. Me har en kort stogg her og litt seinare glir me ut frå kaikanten. På veg nordover att.
Nordover med hurtigruta.
Plutseleg var det tid for at folket skulle ha mat. Lunchtid. Magen min gleda seg alt. Alle lunchmåltida er buffee. Kva gjer du meg? Nydeleg mat. Det er ein fest for auge og gå ein runde rundt bordet før ein går laus på eine kanten. To tyskere står rundt "matfatet". På klassisk vis går mannen laus på kjøttavdelinga mens kona står med det vetle fatet sitt og forsynar seg av dei ulike grønsaksdelikatessane og danderer dei lekkert på fatet sitt. Den der slår liksom ikkje feil. I den store samanhengen har det jo ingenting og sei. All maten går jo ned i same sluket og skal ut .... Ja nei det snakkar me ikkje om.
1230 Er det anløp Bodø. Innseglinga til Bodø er flott. Det er den alltid. Den pleier eg alltid og få med meg. To personer står ytterst på neset (på venstre side) og tar bilete. Det må ha vore eit flott skue for dei å stå der akkurat då hurtigruta segla inn i hamnebassenget. Ein flokk fuglar låg ved lengre inne med kaikanten og duppa i vatnet. Dei tok ingen vidare notis av det (for dei) gigantiske skipet so kom forbi.
Eg trur ankeret til skipet "vårt" var bort wiren/trosso til ein lastepram so låg med kaia. Wiren stramma seg og den karakteristiske "spjoooing" lyden kom. Dette må vel kallast ein svak duft av action. Minuttar seinare låg MS Lofoten til kai i Bodø.Medan me ligg til kai her kunne eg sjå dagleglivet i praksis. Masse folk på kaia so venta på hurtigruta. Ein truck køyrde att og fram med nokre pallar. Små born vinka til skipet og viste slik glede som berre born kan. Ein luring av ein mann står og piperøyker på kaia. Dette må vere ein klassisk hurtigrute-stamgjest-cafe-besøkjar. Han pattar nøgd på pipo si og kikker hit og dit på det flotte skipet so ligg til kai.
Etter avgong Bodø er det ut på Vestfjorden. Ein 4t brei fjord (der hurtigruta kryssar) so ligg mellom Bodø og Lofoten. Vestfjorden gjer dei reisande på MS Lofoten flatt, flatt og flatt hav. Og vårvarme miksa med ein god sol.
Eg og Mike sit og godsnakkar i salongen bak i skipet. Det burde ha vore ein opptakar tilstades når eg og han sit slik og småsnakkar. Det er dei merkelegaste tema me kan bringe opp i dagens ljos. Mike hadde noko vesentleg på hjartet han måtte få fram: "She was only the squadronleaders daughter, but she knew how to keep the cockpit clean". Han fortalte han stod ute på dekk tidlegare i dag og fulgte med på ein svenske so gjekk fram og tilbake og prøvde og få fyr på pipa si. Sikkert ganske facinerande. Det kjenner jo eg til no!
1930 anløpet i Stamsund var ikkje noko spesielt og få med seg (for meg), men det var derimot middagen (sjå menyen til slutt). Nye fantastiske rettar dukkar opp på matfatet servert av søte jenter. Her får smakslaukane gjennomgå. Det eine måltidet overgår det andre.
Før me kjem til Svolvær møter me MS Nordlys ute til havs. Og i ni tida anløper me Svolvær. Lofotens hovudstad. Det er for mørkt til å få auge på Svolværgeita men det får heller våge seg. Eg og Mike tek oss ein tur i land for å strekke på beina våre. Som om ikkje dei var lange nok frå før. Svolvær klokka ni om kvelden i April er ikkje akkurat spennande. Me går rundt i sentrum og kikkar. Me kan sjå at no er me komen i vinterland. Her er det full vinter. Me går oss nøgde og tusler attende til skipet.
Etter avgong her får me melding på høgtalar anlegget at me skal gå fram til munninga på Trollfjorden i kveld. Og so skulle dei på brua bruke den sterke lyskastaren sin og lyse rundt skipet. Det gleda eg meg til. Og eg vart ikkje skuffa. Det var kolmørke no. Såg ikkje ein dritt. Håpar kapteinen gjer det. Då me nærma oss munninga byrja det og snø og blåse opp og.
Lyskastaren kom på. Den var sterk gut! Den skar igjennom alt det vindens gudar hadde og by på. Me såg konturane av land der strålen traff. Kult! Imponerande! Og kjekt og få med seg. Skipet snudde og so bar det vidare att. Inn i nattens mulm og mørke.
Meny:
Forrett: Primører salat med vikinglaks
Middag : Helstekt oksekam servert med grilltomat, aspargesbønner med sesamfrø, sitron og romarinbakte poteter og rødvinsjy.
Dessert: Jordbærkompott tilsmakt rosevin servert med lime sorbet








Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar