mandag 8. april 2013


Dag 5.

Då klokka ringer ligg me til kai i Harstad. Opp og hopp. Det er mykje snø her. Eg tek meg ein luftetur på dekk og kikkar på kva Harstad kai har og by på i morgontimane. Ikkje so mykje. "Her var det kjønnsligt", sa den gamle pensjonerte fiskaren og tok eit godt innsug på den ferdigrulla sigaretten. Han patta nøgd og myste ut i den kalde vinterlufta.




Frukostsalongen opna halv åtte,  men etter mine nøye kalkulerte berekningar fann eg ut eg ville ta innkomsten til MS Richard With fyrst. Eg ser skipet so er oppkalla etter hurtigrutens grunnleggjar, Richard With langt ute i fjorden. Eller er det ein fjord me er i no? Eg speider lengselsfullt etter skipet eg hadde ein rundtur med i April i fjor. So er ho i skotsiktet: køyr film. Eg er blitt proff no. 3 kameraer i sving i det MS Richard With glir inn mot oss. Eitt kamera er montert med blekksprutstativ og filmar sekvensen. Dei 2 andre tek eg bilete med. Det gjekk som smurt. Det er so flott og sjå den mest militære presisjonen alle hurtigrute skipa har med å halde tida for ankomst/avgong.


Då skipet legg seg inn bak oss står ei av cafeteriajentene på dekk og vinkar til nokon på brua. Dei gjev ein kort tut attende. Det hadde eg og gjort! Nyskjerrig som eg er spurte eg ho seinare om dette. Eg fekk då vete at det var der ho eigentleg jobba. På Richard With.

So - so var det frukosttid. Og den frukosten nytte eg lenge. Tankane flyg. Eg minnast ein episode frå min rundtur med Richard With. Ved frukostbordet ein av dagane overhøyrte eg ein dialog mellom eit eldre ektepar frå nabobordet. - "Skal jeg kappe hodet av egget ditt"?, spurte mannen høfleg til si sjarmerande ektefelle. Eg veit ikkje om han hadde ein baktanke med spørsmålet eller om det var like uskuldig so det høyrtes ut.

Klokka 10 var det polarsirkeldåp ute på dekk. Det er alltid ein kjekk og morosam oppleving. Veret ute var aldeles nydeleg. Det var varmt og nesten vindstille. Sola skinte bak silkemjuke gardinskyar. Det var behageleg og vere ute på dekk. Rett og slett. 2 tyske medreisande var nygifte og dei hadde bygd 2 fine snømenn på ei kasse. Fyrst var det vinnaren av konkurransen som skulle kårast. Tidspunktet når me passerte polarsirkelen. Ei tysk dame vann. Ho var berre 56 sekund unna tidspunktet. Bra jobba det. Eg bomma med skarve 2-3 minutt i kor tid me passerte dette kjende landemerke på den forblåste odden.


So var det tid for dåp. Masse godt, norsk isvatn (og isbitar) skulle fordelast ut på skipets gjestar. Og mannskap skulle det vise seg. Det er tradisjon at konkurransevinnaren vert døypt fyrst. Etterpå er det berre å stilla seg i kø. Eg er oppe som  nummer to. Ikkje nokon vits i og utsetje det. Tilsutt vert nye besetningsmedlemmar gehørig døypt. Som rett er. To jenter får gjennomgå. Ekstra mykje godt vatn får dei frå den snille kapteinen. Han vil dei jo berre vel.


So heilt ut av det blå vertreiseleder Svein teken opp. Han såg garantert ikkje den komme. Og han får heile bøtta over seg. Eg fekk bilete av det. Eit blinkskot!

 Mike og Arthur hyggjer seg ute på dekk.







Litt over klokka 11 anløper me Finnsnes. Her har eg ein tur ned "memory lane". Det var då me forlot Finnsnes på juleturen min 18 desember med MS Lofoten, eg stod på øverste dekk og måtte ta den tunge beslutningen om å la Lily få sovne inn over telefon. Eg kjente klumpen der og då ja. Eg håper lille jento mi har det godt no.

Då urvisarene står rett opp er det lunchtid. Manjana pregå so den hardbarka bryggesjauaren sa. Som sagt alle lunchane er buffet og like godt kvar dag. Det er små variasjonar i matfatet. Det set liksom ein prikk over i'en. Sagt på anna måte so er det noko liknande eg gjer med hundane mine. Varierer litt i matskålen med jevne mellomrom. Nett for å holde sansane på topp hev. Restauranten skuffar aldri. Held koken dag ut og dag inn.

Halv tre er me i Tromsø. Nordkalottens hovudstad. Nordens Paris. Kan nokon vennligst forklare meg kor desse utrykkja kjem frå? Det er godt vinterver her. Eg har invitert Mike og Arthur på øl i den kjente Rorbua her. Eg kan jo ikkje la dei ha vore i Norge og Tromsø utan og vitje denne velkjende plassen. Det knitrar under skoene når MS Lofotens trekløver går på den reine, kvite snøen. Rorbua ligg berre 100 meter frå kaia so det er enkelt og komme dit.

Arthur er veldig oppesen medan me er inne i Rorbua. Som den tidlegare fiskaren han er var han veldig entusiastisk då han såg alle "fisketinga" so var her inne. Og etter ein kort omvising i "bua" finn me eit bord. - "Whats our subject gonna be at the dinnertable tonight", spør Arthur optimistisk? Eg meinte me burde ta slikt på sparket. Me har toucha innom det meste i våre små passiarar rundt omkring på skipet og andre plassar. Då me forlet Rorbua fer Mike på museum og eg og Arthur fer i matbutikk og so på fotoshoot med MS Lofoten.

1830 og middag. Allereide no etter dag 5 er mine superlativar for maten ombord brukt opp forlengst. Kven er det eigentleg som jobbar bak der på kjøkkenet? Dei skulle vore gullforgyldt. Det vert servert dei lekraste rettar gong på gong med slike fine namn at ein ikkje tør ta dei i sin munn. Dagens sitat kjem frå Arthur om tyskare: "They're a law to themselves".

I kveld er det buffet. Havets festbord. Fest og fest fru Blom. Sikkert mykje godt for dei so liker det, men er det eigentleg fest når alt oppå bordet er dødt? Ikkje at eg ville det sku vere levande men.... Eg lot havets beboere vere havets beboere og fann meg til rette i "kjøttavdelinga". For dei hadde med kjøt og. Rett skal vere rett.

På samtalemenyen var det buforholda på hurtigruten som var snakketema med middagsbordet. Borddama mi, Kate har fått nytt rom igjen. Er det rom nummer 3? No hadde ho vatnskade i rommet. Er det hol i skipet? Synk me? - "Nei, ho trudde ikkje det". Det er som regel ein bagatell. Og det er slikt ein heng seg opp i. Restauranten har gjeve oss vindaugsbord. Takk for det. Og både eg og Arthur so sit med vindauget har kvar vårt kamera liggjande laust og ledig. Klar til dyst. 

Klokka åtte passerar me Lyngsalpane. Då snakkar me majestetisk! Eg er ute på dekk. Store, flotte fjell snødekte frå topp til tå. Overgongen frå fjelltoppane dekt med det kvite gullet og til ein nydeleg solnedgong går i eitt. Bilete rettferdiggjer ingen ting her. Det MÅ opplevast. 

Ein time seinare er det møte med MS Finnmarken i den same flotte solnedgongen. Eg har 2 kameraer i aksjon. Eit montert på blekksprutstonga fastsett på rekkverket. Klar til filming. Det andre skal eg ta bilete med. Showtime. Eg har forlengst funne gong i  dette og tek bilete med kamera senka under hakehøgda. Slik at eg med det blotte auge kan sjå MS Finnmarken komme oss i møte. Karakter 9.


Klokka 2230 var det anløp Skjervøy. Det er vel berre å leggje alle korta på bordet og innrømme at eg var ute på post då og. Eg stod langs rekka og såg. Ein mann og ein truck heldt dette hurtigrute anløpet ope for trafikk. Nattemørkret hadde senka seg over den vetle tettstaden so låg lunt til i Reisafjorden. Skjervøy har fått ny underjordisk tunnel og er fergefri til E6. Skjervøy kommune har ca 2900 innbyggjare og her har fisken vore livsgrunnlaget til alle tidar.

Eg og Mike avsluttar ein ny flott dag på lugaren med ein skarp ein. Eller vart det to? Eg burde hatt kamera på lydopptak desse kveldane me sit på lugaren og drikk djevelens te. Det smakar godt samstundes som det riv på tunga. Praten går laust medan klokka nærmar seg midnatt.


Meny:
Havets festbord.




1 kommentar: