Dag 8:
Denne dagen gler eg meg til. Mest av alt grunna seglinga gjennom Magerøysundet. Eit av mine store, store høgdepunkt på ein rundtur. Du kan lesa meir om Magerøysundet i dag 6. Ein ting er og få oppleva det ein gong. På ein rundtur får du oppleva det to gonger. - Two for the price of one!
Eg er tidleg oppe. Eg var ute på dekk ti på halv sju. Me har akkurat forlete Honningsvåg og skal inn i dette spektakulære sundet om ca 20 minutt. Eg sitrar av spaning. Eg står oppe på eine bruvingen. Langt der framme ser eg nokre kvite fjell. Er me ikkje der snart no då? Eg er åleine utanfor brua. Sjølvsagt er det folk inne i sjølve styrehuset. Får endeleg håpe det. Men her ute er det kun meg so har funne vegen opp no på morgonkvisten.
Det er ikkje alle hurtigruteskipa so tek seglinga gjennom dette sundet med i dagsprogrammet. Det burde dei. For det er so pass bra at gjestane får endå ein ting og prata om heime (og reklamera for). I hurtigrutens minibibel kan ein lesa om Magerøysundet - at dette er ein sterkt traffikert skipsleid for trålare, frakteskip og turistskip til og frå Russland og Barentshavet. I 1993 fann arkeologar hustuftar her so er 10.300 år gamle. Fleire tusen år eldre enn pyramidane i Egypt. Kult. Eg har stått ute ein halv time snart. NO - no skal me inn. Inn i Magerøysundet. Dette er ekte varer! Det tek ei lita halvtime og segle gjennom her. So ein har god tid og nyta Guds skaparverk. Her let eg sjela få kvile.
Inne i ei bukt ligg eit tankskip og kviler seg. Ikkje den verste plassen og gjere det på. Det raude skipet og dei 4 raude tankane tek seg godt ut i landskapet. Veret er upåklageleg no på morgonkvisten og viser landskapet i eit fint lys. Sola trengjer gjennom eit sløra skylag. Den raude hurtigrutekoppen er med. God, varm kaffe er heller ikkje feil. Eg står her til me er godt ute av sundet.
So går eg ner til frukost. Genialt! Sjela er mett (for no). No er det magen so skal tilfredstillast. Eg har fått selskap av Tore og Arthur. Arthur kunne fortelje at han hadde vore ute på dekk han og. Han stod på motsett bruvinge. "Spectacular", sa han. Mike hadde sove. Men han kom no då det var mat.
Det skulle vere infomøte kl 1030. Me visste ikkje kva det var om. Mike sa han ville ha info om info-møtet.
0815 var det anløp Havøysund. Her bur det rundt 1400 innbyggjare og staden er eit tradisjonsrikt fiskevær. Det har hamn midt i skipsleiden og er ein av hamnane hurtigruteskipa anløper på ein rundreise. Det måtte me ut og få med oss. Me skunda oss og ete frukosten ferdig. Tore skulle spele på dekk. God nok utegrunn berre det.
Ei lita time seinare skulle me møte MS Vesterålen ute til havs. Det er møtestad der ein passerar dei kjende vindmøllane oppe på fjellet. Nordgåande MS Vesterålen kjem i fine bylgjer. Ikkje for store diverre (?), men slike fine bylgjer so gjer at skipet med den flotte fargekombinasjonen duppar lett opp og ned. Eg anar konturane av at kong Neptun behandlar oss med varsemd (i dag og).
Tore er ute og spelar frå sitt magiske instrument i dag og. Etter dette møtet ser eg for meg to timar "fri" til mine gjeremål. Slike ting so å skrive litt i bloggen. Eg heng sterkt etter no. Mange dagar bak. Men det er ikkje min feil. Eg skyldar på kapteinen. Det er jo han so har ansvaret ombord. Det er for mykje og sjå på. For mange kjekke medreisande og ansette ombord. Dei ansette ombord på skipa er flinke til og aktivisera dei reisande. Det skal dei ha skryt for.
Vel, eg såg for meg to timar til fri disposisjon. Eg hadde funne laptopen og sett meg ned i kafeteriaen. Kafeteriaen ja. Gløymde eg og sei at restauranten hadde fått nye gode stolar? Det skal dei ha skryt for. Dei var gode og sitje i. Det er og pussa opp enkelte plassar ombord. Eg har ikkje funne alle samman enno. Eg går liksom i mi eiga verd medan eg er ombord. Alt går i same himmelrike for meg. Eg hadde som sagt 2 timar til fri disp. Men kor feil kan ein ta?
Eg hadde akkurat sett meg ner då det plinga i høgtalaranlegget. Det skulle vere helikopterøving snart. Og dei ansette ombord skulle og vere med. Dette vert moro! Eg pakka saman laptop og alt tilbehør utan og ha skreve eit kløyva ord. Eg gjekk på lugaren og fann fram alt av kamera utstyr. Eg var godt forsynt med 2 kamera og mobiltelefon. Like etter var eg oppe på toppdekket. Eg kikka i aust og eg kikka i vest. Ingenting. Det var som å leite etter mandelen i grøten. Berre at dette var endå betre.
Plutseleg dukka det opp. Det kom nærare. Som ein svær metallfugl kom det over skipet akterut og berre hang der i lause lufta. Det hang der i nærare 30 minutt trur eg. Spanande og fylgje med på dei so vart heisa opp og ner frå helikopteret. Medan øvinga pågjekk dansa erverdige gamle MS Lofoten galant bortover bylgjene. Mest litt majestetisk.
Det var litt hav her. Gamalt hav hadde Inger (frå forrige rundtur) lært meg. Gamalt hav var etter stormar so hadde vore andre plassar. Det var bylgjer her. Eg anser meg ikkje so kompetent til og anslå bylgjehøgde men desse kunne ikkje vere meir enn 1-2 meter høge. Eller var dei 2-3? Høge var dei no ikkje. Til slutt for helikopteret sin veg. Dei var sikkert nøgd med øvinga. Det var eg og.
Kvart over 11 var det anløp Hammerfest. Dette vert rekna so verdas nordlegaste by. Her kan ein sjå golfstraumens verknader. Her har det vore fiskehamn i uminnelege tider. I 1789 fekk byen status som kjøpstad. Dei 40 innbyggjarane då vart fritekne for skatt. Men noko befolkingseksplosjon vart det ikkje av den grunn. I dag bur det omlag 7000 innbyggjare i sentrum. Eg tvilar på at dei har noko skattefritak. Eg gjekk i land her. Men eg gjekk kun innom isbjørnklubben denne gongen. Den ligg berre 20 meter frå der skipet legg til kai. Eg måtte inn og ta litt bilete. Vel eg må ikkje men eg følte eg burde. Nett i tilfelle ingen av dei 1400 andre bileta eg hadde teke so langt vart bra.
Ein einsleg baby-gravemaskin stod forlatt på kaia. Den hadde det ikkje godt ......... Like etter avgong Hammerfest var det lunchtid. Ingen tid og miste. Firkløveret (eg, Mike, Arthur og Kate) samlast te lunch. Og me kunne fortelje kva me hadde opplevd sidan etter middag kvelden før. Og me kunne finne nye "intressante" tema og diskutera. Det avtalte infomøtet so skulle vore 1030 var utsett grunna helikopterøvinga. Ny tid kl 1445. Eg trur ikkje det hadde vore mange frammøtte der om det gjekk samtidig. Særleg! Samling i salongen. Mike hadde vore særs nyskjerrig på kva dette infomøtet var om. No fekk han stilt si trong etter informasjon. Info'en var om utflukter og at me hadde fått besøk av saksofonist Tore Ljøkjel ombord. Det hadde nok alle fått med seg. Men dette var meir praktisk informasjon kven han var, kvifor og at det var cd'ar til sals i kafeteriaen.
I dag måtte eg kaste korta. Det tek på ein gammal globetrottar skrott med all denne flyginga hit og dit. Eg måtte berre ta meg ein powernap (extended_version_hurtigrute_mix). Eg sov frå 15-18. Eg hadde gjort førehansundersøkingar. Sjekka ut kva eg evt ville gå glipp av. Det var anløpet i Øksfjord og kryssing av det opne havstykket Lopphavet. Det fekk gå si gong. Og det gjekk bra. Eg var opplagt og klar att til middag kl 19. Det var berre Mike so var klar over denne udåden so var hendt.
(Bilete av den deilige desserten). Medan middagen pågjekk hadde MS Lofoten anløp i den vetle staden Skjervøy. Denne hamnen har hatt fiske so livsgrunnlag til alle tider. Staden har fått ny underjordisk tunnel og fergefri veg inn til E6. Det bur 2900 innbyggjare i Skjervøy kommune. Kjekt og vete spør du meg. - "Could come in handy", sa Arthur. Veret ute var upåklageleg no og. Eg tok mange flotte bilete av det.Klokka 21 var det nytt treff med nytt hurtigruteskip. No skulle MS Nordkapp kome oss i møte. Bring it on! Eg hadde funne min eigen hemmelege plass og stå for å ta slike bilete. Nederst på nedre dekk. Er stod eg heilt åleine. Jippi. Då følte eg liksom eg kunne nyte augneblinken åleine. Mitt. Min sin plass.
Ikkje lenge etterpå skulle det vere ein ny begivenheit. No skulle ein lokal fiskar kome med ferske reker. Trur kokkane ombord skulle lære oss sjølve pillinga. Ei sjarmerande lita skute ligg ute i leia og ventar. Då me nærmar oss sakker me av på farten og skuta kjem opp på sida av oss. Me hukkar oss saman og får ombord 2-3 kassar med blåferske reker. Dei so pilla fekk smake. Trur ikkje dei var so stramme på dei reglane. Eg fekk oppleva dette på rundturen med Richard With i fjor so eg heldt stand no. Tross alt - eg er jo ikkje noko fiskemenneske ska sei.Medan dette pågjekk oppheldt eg meg i kafeteriaen. Skriv på bloggen min. Skriv for harde livet. Kanskje klarer eg ein halv dag no før nokon tek tak i meg.
- Skrive - skrive - skrive.
Medan eg skriv er øyrene på vift. På usynleg vis står dei rett ut. Søkjer informasjon. Søkjer stemningsrapport frå livet til dei andre reisande. Med bord 1 sit det to tyske lesehestar. Dei reiser saman men sit for det meste og les. Enten i kafeteriaen eller i salongen. Bord to er og tysk. Her sit ein mann eg ikkje har redegjort for, saman med ei mor og dotter. Dottera er blond, ven og vakker. Kunne godt tenkt meg ein passiar der tenkte landkrabben og drog eit lurt smil inn i munnviken. Er det der tysklinken min ligg? Eg har kasta nok av stjålne blikk på ho. Dei røykjer begge to og rører kun på seg når det er røykjetid. Bord tre er nordnorge bord. Her pratar dei mannskjit. Her sit det to karar so må ha kome på i Skjervøy. Dei skal garantert til Tromsø for å gjere seg feit. Eller berre handla. Eller eine skal til doktor og den andre er med for selskaps skuld.
Eg drøymer meg vekk ein augneblink og plutseleg er eg med ei liten butikk i drabantbyen Oslo..........
"Den gamle kallen sat på ein nedsleten krakk utanfor Jokerbutikken. Han la i ein god pris snus og blottla nokre gule tenner som skreik etter ei tannbørste. Ein ung gut sykla forbi. Ei brå unnamanøver for ei lausbikkje gjorde at guten sykla over eine foten til gamlingen. Lufta vart fylt av harde ord. Eit slikt fargerikt språk hadde ikkje ungguten høyrt før. Gamle Johan treiv ein ru knyttneve I lufta etter guten............ Timane hadde gått no. Foten var enno vond. Den var blå. Gamle Johan sat i baren på kroa og okka seg. “Gje meg ein gammal-dansk og eit glas. La flasko stå” nesten klukka han med eit svoltent blikk. Men brått hende det noko. Døra gjekk opp og ............."
.............. Eg er tilbake i kvardagen att. Tida flyg når ein er ombord i hurtigruta. Klokka er litt over 23. Snart anløp Tromsø. Nordens Paris. I Tromsø bur det ca. 70.000 innbyggjare og byen er dermed Nord-Norges største by. Me legg til midt i sentrum. Eg må ned og ta farvel med Tore for denne gongen. Det er trist samstundes so eg vil minnast han med fryd og fornøyelse. Eg hjelp han i land med musikkutstyret sitt. Det vart litt kommers om eg skulle stemple inn ut kvar gong eg gjekk ned landgongen. Tore gjekk klår. Eg såg vel meir ut som ein luring so eg måtte stempla inn og ut dei fyrste gongene. So tok den kjekke "kort-sjekkaren" hintet og lot meg passera dei 2 siste gongene. Eg skulle jo berre hjelpa til jo.
![]() |
| Flott kveldsutsikt. |
Til min store glede kjem Roy Gjerde på jobb at. Han er kjekk han! Og bror til Gunnar. Eg tek det so eit stort kvalitetsteikn. Tore gjekk avborde. Roy kjem på og Mike går i land. Men han skal berre lufta vetet so han sa. Eg heldt meg ombord. Eg bloggar. Eg nyt to kalde øl medan eg sit her. Eg dagdrøymer att............
"............Borte i ein krok på puben sit ein pent antrukke herremann og drikk djevelens te. Den pensjonerte skipsreidaren hadde krangla med kona og var kasta ut. Vemodig såg han på det no tomme ølglaset sitt. Den sterke kroppslukta hans gjorde at fluene surra nøgd rundt han. Han vifta irritert for å få dei vekk. Plutselig gjekk pubdøra opp. Han heva dei store grå augnebryna sine. Herregud tenkte han og ............"
Eg er tilbake i kvardagen att. I Tromsø. I kafeteriaen på MS Lofoten. Eg tek ein ny sup av ølet mitt. Det kjem mange lokale gjestar ombord. Er det berre torsdagspraten på natt eller skal dei ein plass? Spenninga let vente på seg. Dei to so kom på i Skjervøy er fordufta. Dei for nok i land for eg såg dei ikkje att. Eg sit her i kafeteriaen til rundt 02 og hovudputa vart so englevinger då eg gjekk te sengs etter nok ein opplevingsrik dag.
Meny:
Forrett: Reinsdyr Carpaccio med parmesanchips og syltede skogsbær.
Middag : Sprøsteikt ishavsrøye med spinat og epler, kremet eplesaus og roswal poteter.
Dessert: Peanøtt & cashewnøtt brownie servert med pære sorbet.








Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar