Opp til frukost. No er eg komen godt inn i tralten. No er eg mest vorte bortskjemd av det gode livet ombord. Frukostbuffeen er like god som alle dei andre dagane eg har vore her. Medan eg sitt her kjem restaurantsjefen bort til vindauget. Han kikker ut på det blikkstille havet utanfor.
- "Ser du noko?", spør eg han.
- "Ja ser etter fesk, men e ser ikke nokka. Æ må heim og ta opp garnet ska det bli nokka".
- "Ja du må vel det", avsluttar eg. Han ser litt til so går han tilbake til arbeidet sitt.
I det klokka runder 09 er det ut på dekk og ta imot MS Polarlys. Veret er heilt upåklageleg. Knallsol, stille hav, og snøkvite fjell over alt. Nordavinden sveiver over skipet i lette drag. Det er vel mest for at eg ikkje skal ta heilt av her. Når MS Polarlys kjem i syne langt der framme mellom to fjell vert eg mest from i sjela. Eit nydeleg skue og sjå det flotte skipet komme nærare og nærare. Fekk mange flotte bilete då me passerte.
Måten MS Richard With formeleg dansa seg gjennom Magerøysundet, sola, stemninga, veret og det norske flagget so vaier friskt i vinden bak på skipet gjer at eg mest fekk ein nasjonalromantisk følelse. For ein Norgespatriot og hurtigruteentusiast er dette den optimale opplevinga. Eg vert litt stolt her eg står og nesten litt rørt. Er det ein klump i halsen eg kjenner? Folk koser seg på dekk. Sola skin. Den rolege tøffinga frå skipet er harmonisk og høyre på og gjer at ein mest går i transe her på toppdekket. Jesus sa "lat småborna kome til meg". Her ombord i Richard With kjem verda til meg. Eg ser smilefjes i kjølvatnet bak skipet. Me passerar eit tankskip so har ankra opp og ligg inne i ei bukt og venter. Skipet har 4 kuleforma tankar på toppdekket. To små fiskesjarker ligg og dupper i vatnet like i nærleiken av det store skipet. Dei ser ut so små korker so ligg og dupper når ein samanliknar.
Eg må prøve og få teke nokre bilete av meg og. Eg kikker rundt meg etter ein medhjelpar. Ein japaner står bak ved kjølen og knipsar bilete slik so berre japanarar kan. Denne karen er proff! Han har ein koffert med to kamera og telelinsar på størrelse med små kanonar.
- "Pike deg", tenkjer eg. Dette er ikkje hans fyrste tur so turist.
Eg spør han om hjelp og han dilter meir enn villig etter. Han tek to bilete av meg so eg er godt nøgd med. Eg har teke so mange bilete i dag at telefonkameraet mitt er gått varmt. Det må inn og kvile. Inn og lade seg. So ein seksløpar er kameraet parat i høgre jakkelomma mi. Etter og ha sett da på lading må eg ut att og nyte livet ombord med kystens mor, Hurtigruta.
Men den fantastiske naturopplevinga det er og segle gjennom Magerøysundet gjer at eg må inn og hente kameraet tre (3) gonger. Må nett ha bilete av det og. Og av det. Og av det. Det var slik ei sanselaus oppleving ingen bilete kan rettferdiggjere. Eg er i ekstase og følar alle superlativer er oppbrukt. Endå ein gong. Eg får heller inn og finne kaffikruset mitt, fylla det opp med endå ein kopp kaffe og setje meg i sola på toppdekket. Prøve i hvertfall. Då eg kjem til døra so går inn på dekk 5 ser eg berre eit surt damefjes i det vetle vindauget der. Må vere ein turist. For eit surt oppsyn. Ser mest ut so ei burugle. Fy! Kom deg ut i sola tenkjer eg då eg går inn.
Men det er ikkje lett og liggje slik og prøve og slappe av når alle sansane er opne og på vakt. Eg sette meg til litt i ly bak på skipet. Det var frisk vind no. Men framleis ikkje ei rukka på havet. Ein svak eim pirrar meg i nasen frå fiskehodene so heng på trestativet ved siden av meg. Det er ein stram lukt. Ikkje det ultimate plassen å sitje (for meg vel og merke). Men alt anna vart oppteke. Eg klarte berre å liggje slik i fem minutt før eg måtte opp att. Tenk om da skjedde noko. Me er framleis i Magerøysundet. Nokre små hus dukker opp
Då me kom til Honningsvåg var det tid for utflukt til Nordkapp. Eg gler meg skikkeleg sidan veret er so fint. Fyrst over i buss. No følte eg meg mest litt heime. Eg kunne glatt ha glidd ner i sjåførsetet, men eg er på ferie so eg fann meg eit sete lengre bak. Eg fekk ein skokk med godt satte engelske damer i seta rundt meg. Dei kakla i eitt kjøyr om kor spennande dette skulle verte.
Det var 7 bussar med gjestar so skulle opp til Nordkapp platået frå Hurtigruta i dag. Det var mange so hadde meldt seg på i siste liten sidan vere var so flott. Det skulle verte ca 200 gjester det. Og so meg då. Globetrottaren frå vetle Voss. Guiden fortalte at det skjeldan var so fint ver so det var her i dag. Ho fortalte og at det er ein (uoffisiell) konkurranse mellom Hammerfest og Honningsvåg om å vere verdas nordlegaste by. Kven det er veit ikkje eg. Men guiden meinte det var Honningsvåg. So etter kvart so me køyrte peikte ho og sa: "der er verdas nordlegaste rundkøyring", "der er verdas nordlegaste shellstasjon" og "der er verdas nordlegaste supermarked". Ho var flink og kom med ei lang remse med intressante "guide-info" so var kjekt og vete. Der og då. No har eg gløymt mesteparten av kva ho sa.
- "Oh dear. Look at that!". Min mannlege sidepassasjer peiker på ein snøscooter so står øde og forlatt langt ute i snøen.
Like etterpå flyg eit gult lite mikrofly forbi alle bussane. Det er ein mann so flyg. Kult. Det same mikroflyet såg me i Honningsvåg før me for på utflukta vår.
Etter 40 minutters busskøyring kom me til Nordkapp. Det er andre gongen eg er her. Fyrste gongen var i 2006. Det var året det var so bratt og eg ikkje kom meg på rundtur med hurtigruta. So eg ville ta fram gamle køyrekunnskapar og køyre bil frå Voss og so heile E6 frå Oslo til Kirkenes. Heilt til han ikkje gjekk meir. Og det gjorde han heller ikkje. Han enda opp i ein grusveg. Eg fekk ikkje noko rundtur det året men eg fekk eit par turar med ulike hurtigruteskip mellom Kirkenes og til Aalesund. Og so køyrde eg bil på dei flotte strekningane. Men Nordkapp no. Fantastisk ver som sagt. Overalt. Her var det full vinter. Sjølve utsikten ut i havet var spektakulær. Slik so den kan vere på Nordkapplatået. Ein kunne sjå heile horisonten frå Knivskjellodden og mot Helnes fyr i Aust. Fantastisk.
Då eg var på ein av mine andre rundturar, den gongen med MS Finnmarken kom eg i snakk med kapteinen undervegs. Då som no hadde eg berre knallver. På den turen hadde det vore supersol og blikkstille hav i eit par dagar oppe i Nord Norge. Då sa kapteinen at han likte eigentleg ikkje det. Dei kan kjede seg dei og veit du. Når det var fint i mange dagar låg folk berre og solte seg og sov på dekk. Då gløymde dei og sjå på den vakre naturen so var rundt dei meinte han. Det var betre med litt bylgjer for då var dei meir på vakt. Eg lo av den tankemåten. Men det er jo heilt rett.
No nærma me oss den spesielle fjellformasjonen Finnkirka. Det er ein fjellformasjon so ser ut so ei kyrkje. Veret var bra so utsikten me ville få for å sjå denne "kyrkja" var perfekt. Plutseleg kom det melding over høgtalaranlegget. Når me kom utanfor Finnkirka ville me verte møtt av ein passbåt. Det ville komme ein fiskar ombord so skulle lære oss å sløye fisketunge. Eller noko slikt. Eit overraskande og kjekt innslag. Eg mistenkjer at det var noko kapteinen eller andre av mannskapet har fått i stand fordi det har vore for mange dagar med fint ver. Folk har vore ute på dekk og solt seg. So då måtte dei finne på noko. Kjempekjekt. Fiskesløyinga var kjekk og få med seg. Sjølv om eg glatt styrar unna alt so har med fisk å gjere. Det so bur i havet bør få vera i fred i havet. Meiner no eg. Då me kom til Kjøllefjord for fiskaren av skipet att.
Havet her oppe på Finnmarkskysten er so stille no ein kan leggje ein linjal oppå det utan at den vert blaut. Nydeleg å sjå på. Ein får liksom ro i sjela av å sjå den reine kantlinja mellom havet og himmelen.
Klokka åtte var det middag. Det er siste dagen før me kjem til Kirkenes og siste reis før mange skal av. Dei so "berre" har bestilt halv rundreise. Dagen før hurtigruta kjem til Kirkenes pleier dei ha middagsbuffe i restauranten. Ikkje nett ildt for ein sulten kropp.
Restaurantsjefen verka so ein triveleg kar so gjekk rundt og småprata med gjestane av og til. No gjekk han bort til kapteinsbordet. Han spurte nokon so sat der:
- "Smakte det?"
- "Ja ser det slik ut?", var svaret og so lo dei. For meg såg det ut so den tallerkenen var sleika rein.
Min trivelege borddame sa etter middagen at "jeg tror jeg skal ta meg en halv kopp kaffe jeg". "Ja, det må eg sei" svarte eg, og tenkte på meg sjølv so drakk sikkert både 6 og 7 koppar kaffi kvar dag mens eg var ombord.
Litt over halv elleve kjem me til Berlevåg. Her pleier det og vere vinkekonkurranse når det vert ljosare tider. Denne gongen hadde dei funne på noko nytt på det andre hurtigrute skipet. Me skulle møta MS Nordlys og dei hadde med seg ein saksofonist, Tore Ljøkøy. So i staden for å fløyta tre gonger ville han spele saksofon på dekk i det me passerte kvarandre. Sjølvsagt med hjelp av høgtalarar. MS Richard With fløyta 3 gonger og so kom det nydeleg musikk frå MS Nordlys i det dei to skipa glei forbi kvarandre..
Etterpå dette sveipa eg innom baren på dekk 7. Eg sette meg ned med nabobordet til mine to kvinnelege medreisande frå Sveits. Dei skulle av i Kirkenes. Dei verka hyggjelege det vetle eg hadde greidd og kome i kontakt med dei under dei sju dagane dei hadde vore med på turen. Eg såg jentene skjeldan ombord anna enn oppe i baren om kvelden. Kanskje dei høyrde til i den andre leiren? Kanskje dei var kjærestar? Dei verka ikkje vidare intressert i kontakt med ein kjekk ung mann frå Voss. So eg let dei ve i fred. Fyrst då me la til kai i Kirkenes fann eg ut at dei budde - i nabolugaren. Det seier vel det meste. Ikkje om meg men om dei.
Etter og ha konsumert ein øl i baren var det 3 etasjer ner og so ta fram skrivesakene.




Fantastisk skildring onkel reisende Mac!gleder meg til i morra (i dag) sliter med en vond skulder og fikk ikke sove, nå har jeg leste om turen din fra dag 1 og føler jeg har vært med deg. god tur videre og gi lyd fra deg. :-)
SvarSlett