mandag 13. november 2017

Dag 11.
Eg er oppe litt før sju som vanleg. Me er no komen til Trondheim. Her skal me liggje eit par timar til kai. Eg skal få kaffebesøk av trivelige Elisabeth Fredriksen. Eg syns det er utruleg kjekt at ho tek seg tida til og komme på kaia og helse på. Me skal og liggje til kai med nordgåande MS Nordlys.

Men frukosten fyrst. Eg er begynt og kjenne på følelsen av og verte matlei. Når ein kan meske seg i dei deilegaste rettar og heile tida få måltid der det eine overgår det andre so føler ein seg priviligert samstundes so ein kjenner på følelsen av og verte matlei. Det er vel eit luksusproblem vil eg tru.

Eg har sett meg med eit vindauge på venstre side i restauranten. Eg vil kikke litt på kailivet her medan eg et. Og rett nedanfor vindauget mitt står det 3 boskontainere frå skipet. Oppå dei er det eit par kråker so fer på jakt etter godbiter. Eg lurer på om kråker (og fugler generelt har matlukt). Har dei det? Lukter dei seg fram til maten eller tek dei berre stikkprøver når dei hakkar laus på bossekkane i jakten på godbiter). Dette på eg google ein dag.

Trondheim er eit stort anløp so her er sikkert mykje gods so skal av og på. Eg ser to trucker so fer hit og dit og inn og ut av skipets mage. Kråkene flakser opp kvar gong ein truck passerar.






So kom Elisabeth. Klokka var åtte. Me hadde ein lang kaffiprat før ho visste eg hadde mine "gjeremål". Helse på nordgåande hurtigrute og så få fotoshooten på andre sida. Det var fyrste gong eg var ombord i MS Nordlys etter dei var fullt restaurert etter den dramatiske brannen for nokre år sidan. Me tok oss ikkje so lang kikketur, før me for av skipet att. Elisabeth køyrde meg over til andre sida der eg fekk nokre super flotte bilete av dei to skipa. Vidare måtte Elisabeth haste vidare til sine gjeremål og eg for ombord att til "heimen min".

So var det avgong Trondheim for denne gongen. Munkholmen som me får på høgre side av skipet når me segler utover fjorden har eg nemnt før at eg gidd ikkje ta fleire bilete av. Rett og slett. Men dei andre turistane var ute på dekk og kikka på dette nedlagde klosteret frå middelalderen.

Eg ville fyrst ut på dekk litt seinare då me segla forbi det nedlagde Agdenes Fyr. Det ligg ytterst på vestsida av fjorden. Her var det fyr frå 1804-1984. Det vart og bygd eit kystfort her og eit anna rett over fjorden i åra 1895-1900. Det var den gong Norge forbredte seg på militært forsvar, sidan unionen med Sverige knaka i sine samanføyningar. Men det vart ikkje bruk for kanonane før natta mellom 8. og 9. april 1940.

Klokka 11 hadde eg fått spesialinvitasjon til og komme og få ta ein kikk i maskinrommet. Hjertet til MS Polarlys. Eg vart henta av maskinsjefen. Eg fekk kikke både høgt og lågt. Og sidan det er mykje motorlyd (naturlegvis) under omvisninga brukte me begge høyreklokker under turen. Etterpå kunne eg stille spørsmål. Eg har vore på besøk i nokre hurtigrute maskinrom tidlegare, og eg er svært fascinert av kor reint og ryddigt det er. Alt av verktøy låg på sin plass. Slik er det ikkje i "landbaserte" maskinrom etc. Etterpå takka eg høfleg for titten og gjekk nøgd opp att til overflaten.

Sånn omtrent midt på dagen dukka det plutseleg opp kjentfolk ombord. En staut vossing. Geir Ove Riple kom og helst på. Eg vart litt sett ut. Av alt. At eg møte kjentfolk og bloggskrivinga. Som eg har nemnt so er det særs forvirrande og leve i "nuet" ombord og skrive turblogg frå dagen før. Og verre vart det når eg går for gull og skal prøve og avslutte bloggen før eg går i land. So då eg i dag skriv turblogg frå samme dagen eg er inne i vert det nesten som ein "liveblogg". Då vart eg om mogeleg endå meir forvirra. Jaja, men knakande kjekt og helse på Geir Ove.

Klokka 1330 var det lunch. Eg er som sagt begynt og verte matlei, men eg må jo inn og ete litt meir. Det er vel slik som med enkelte hundar. Dei ser mat og må ete sjølv om dei er mette. Nye kjekke spørsmål og konversasjonar med nabobordet.

Klokka 15 var det foredrag norges olje- og gasseventyr. Dette høyrdes særs interessant ut, men eg droppa det. Eg foretrakk og surre rundt på skipet og prate med gjestane. Det er kjekt det og.

Ikkje lenge etter har me anløp i byen so flyt på havet. Kristiansund. Dette er eit av mine favorittanløp. Eg vert berre ikkje lei av og stå ute på dekk 5 og sjå når me segler inn, under brua og legg til kai midt i sentrum. Med hus på alle kantar. Byen ligg på 3 øyer og er avhengig av bruer på alle kantar.

Etter avgong Kristiansund var det ut på rundturens nest siste opne havstykke. Dette havstykket heitte Hustadvika. Og det er et drygt 10 natusk mil langt ope havstykke utanfor Fræna i Romsdal. Dette havstykket er rekna som eit av dei farlegaste langs norskekysten og fleire skip har forlist her. Farvatnet er ureint i ein strekning på mellom 1.5 og 2 nautiske mil frå land. 


Eg hadde flaks med skipsmøte i dag. Me skulle møte MS Nordkapp ca 1930. Rett ut i havet ligg Ormen Lange anlegget og inne på fastlandet finn ein ein plass som heiter Bud.

Kl 2000 var det rundturens siste middag. 3 rettars middag og 3 tomme fat. Ein ting som er sikkert. Det vert mosjonering av den reisevante kroppen når eg kjem heim. Då kjem nok Oscar til og føle seg som ein lykkens pamfilius.




Klokka 21 hadde me anløp i rosenes by. Molde. Ein by eg eigentleg ikkje har noko forhold til. Veit berre den vert kalla for rosenes by og at Moldejazzen foregår her. Då me la til kai var eg på plass ved gangvegen. Ville ut og fotografere skipet endå ein gong. So langt kom eg ikkje.

Kaptein Hermod Nilsen kom meg i forkjøpet og lurte på om eg ville ta ein kveldstur med han i byen. Sjølvsagt ville eg det. Både gå tur med han og få trimma kroppen litt. Ein måtte føta seg skikkelig ute i kveld. skøyteglatt enkelte stader. Det var ikkje so mykje liv ute her på denne tida av døgnet.

Eg heldt meg vaken til me kom til Ålesund. Eg kaller det dagens siste anløp men klokka var 0015 då me la til kai so det er eigentleg morgondagens anløp dette.

Og so kom meir kvardagsdramatikk. Eg var so godt som ferdig med dag 11 av turbloggen då maskina hosta, låste seg og eg måtte restarte. Med det resultat at dag 11 var borte vekk. Eg surmula ikkje av den grunn. For heller ut på dekk og tok meg ein sigar. Eg konkluderte berre enkelt med at eg måtte begynne opp att men ikkje ville gjere dette før eg kom heim. Siste dagen ville eg utelukka bruke til sosial kontakt ombord.





Middagseventyret:
forrett: Røykt ishavsrøye frå Sigerfjord med stua dillpotet, og erteflatbrød frå Holmen Crisp.
Middag: Ribbe av norsk hampshiresvin frå Trøndelag med karamelliserte epler, kål, rødvinssaus og poteter frå Frosta.
Dessert:  Ostekake av Nyr frå Grøndalen gard med heimelaga jordbærsyltetøy.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar