Himmelrike av eit frukostbord stod klar då eg kom ned til restauranten litt over kl 07. Eg forsynte meg både to og tre gonger av det flotte matfatet. Etter eg har ete meg mett sit eg alltid lenge og nyt eit par kopper kaffi. No mimra eg over gårsdagen og såg fram mot kva denne dagen hadde og by på ifgl dagsprogrammet.
Eg synes ikkje noko særleg om måten dagsprogrammet til dette skipet er laga på. Det står ikkje kva anløp me kan vente oss og heller ikkje kva hurtigruteskip me skal møte. Eg kan alle anløpa utanatt og har innsideinfo om kva skip me møter. Anløp og skip vert sjølvsagt opplest over høgtalaren, men det hadde vore kjekt og ryddigt og hatt det i dagsprogrammet og. Men mangelen på skriftleg informasjon set ikkje noko demper på turen min. Heller litt stikk motsett. No kan eg trimme dei små grå litt. Slik at eg ikkje dett heilt vekk i draumeland her ombord i Polarlys.
Då halvtimen har passert 07 kjem Elisabeth Fredriksen ombord på kaffibesøk. Det var varsla på førehand og vart so kjekt so eg forventa. Ho kjenner mine hurtigrute rutiner like godt som eg gjer det sjølv. Og visste at eg måtte ombord på det andre skipet for ein snarvisitt. Og deretter over på andre sida for og forevige dei to skipa saman.
Etterpå tok ho meg med på ein liten køyretur. Ein sightseeingtur i byen. Fekk sett mange plasser i sentrum der eg ikkje har vore før, mellom anna Nidarosdommen.
Nidarosdommen som no er vårt Nasjonal klenodium er eit av gotikkens store minnesmerker i Nord-Europa. Eg har ikkje noko særleg forhold til kyrkjer, men må inrømme at Nidarosdommen var særs imponerande. Nok til at eg tok eit bilete av ho.
Klokka 12 var det avgong. Retning vidare nordover. Og den vetle øya Munkholmen ligg der den alltid har låge. No gidd eg ikkje ta meir bilete av den.
Då me var vel på veg att sette eg meg til oppe i cafeteriaen og laga meg eit "reir" der. Den deilige kakeluften pirra meg i nasen. Det var den blide og omgjengelige Kurt-Ove som var bak disken. Eg har hatt mange kjekke smådialoger med han. Og kan høyre han småpludrer med dei andre passasjerane. Ein særs kjekk kar.
Då me har runda nedre del av Fosenhalvøya og svinga utover kan eg sjå inn mot land der Fosen mekaniske verksted ligg. Her har mellom anna MS Midnatsol og MS Trollfjord blitt bygd. No kan eg sjå det ligg eit anna skip der inne.
Kl 1330 sa magen min at det var lunchtid. Lunchtid ombord i eit hurtigruteskip er som julaften for ein globetrotters mage. Så mykje god, spennande og variert mat. Nam seier eg. Nam!
Ca 1430 skal me passere det særs kjente fyret som heiter Kjeungskjær fyr. Eg har sett dette mange, mange gonger før men eg må berre sjå det att no. Og utanfor fyret står det tre personer og vinker til nordgåande hurtigrute. MS Polarlys hilser hyggjeleg tilbake.
Eg visste det var boblebad ombord so eg tok med meg badebukse og eit godt handkle. Skipet har to flotte og særs freistande boblebad bak på skipet. Desverre så er ikkje det omkledningsrom der. So om ein vil uti og deige seg må ein skifte på lugaren og gå gjennom skipet for og boble. Då er ein "uheldig" om ein har lugar framme i baugen. Eg har lugar midt i skipet so eg er på vippepunktet. Om eg skal eller ikkje.
I halv fire tida var det foredrag om Norges geologi. Eit foredrag eg droppa. Tidsskjemaet mitt ombord er hardt nok pressa som det er. So eg oppheldt meg rundtomkring dekk 5 og i cafeteriaen med hyggjelege Kurt-Ove.
Det vart opplyst over høgtaleranlegger at me måtte droppe Stokksundet i dag. Det var for mørkt til at me ville ha sett noko. Det var synd. Alltid facinerande når hurtigruteskipa segler gjennom det sundet og me ser unge som gamle stå på brua og vinke til oss. No svinga me utover og segle mellom Linesøya og Stokkøya.
Då dagen var eittusen og tjue minutter gammal (kl 1700) viste dei ein film om Trøndelagskysten, noko eg valgte og stå over.
Kl 1800 var det overfart over det opne havstykket Folda. Her var det roleg, duvande hav i kveld. Folda er ein strekning på berre 30 nautiske mil, men er likevel berykta. Folda er og kalla havets kirkegård, pga alle skipsforlisa so har vore her opp gjennom tidende. Eit av hurtigruteskipa har og lidd ein ublid skjebne her. Det var St. Svithun i 1962.
kl 2000 var det middag. Når det er fisk og skalldyr på menyen får eg som sagt anna god mat. Eg beinskraper tallerkenen kvar gong, so god er maten. Når eg får annan mat kjem restaurantsjefen sjølv bort og fortel kva for godt eg får på tallerkenen. Det er so fine namn på maten eg får opplest at eg kan ikkje gjengje han på papiret. Det er vel like greit. For då skal alle andre ha det same og. Bordsete vart unnagjort på ein god time. Ny skryt for normal serveringstid til dei i restauranten.
No rekk eg fyka ut og ta dei nødvendige bileta av sørgåande hurtigruteskip. Eg hadde ikkje hatt problem med og droppe det men ...... Sørgåande MS Trollfjord låg og venta då me ankom Rørvik. Dette skipet har eg tidlegare hatt 2 rundturar med. Me skal liggje til kai her i Rørvik frå 2045 til 2115. Medan eg er ute og tek bilete av Trollfjord kan du lese litt om hurtigruteanløpet Rørvik:
"Rørvik er hovudstaden for den store øygruppa som heiter Vikna. Rørvik har mange tenester tilknytta skipsfart og sjøliv. Det finst omlag 6.000 øyer, holmer og skjær, men berre 7 av øyene er bebudd. Det bur omlag 3000 mennesker her."
På middagsmenyen:
Forrett: Røykt andebryst med osten Fønix fra Stavanger Ysteri. pærer, nøtter og multesirup fra Reisa.
Middag: Seifilet med syltet løk, sprø spekeskinke og saus laget av rømme fra Røros meieri.
Dessert: Pudding av tjukkmjølk fra Røros med bringebærsorbet fra Gangstad gårdsysteri.








Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar