Under dag 9 ville me opphalda oss i Lofoten og Vesterålens rike. Og me begynner i Harstad. Der me skal liggje frå ca 0745 til 0830. I natt hadde me vore innom Finnsnes ein kjapp tur i 04 tida.
Men fyrst var det frukost. Og i dag skulle eg hvertfall ikkje forsove meg. Frukosten min må vere ferdig før ankomst Harstad. For her får me sjå nordgåande hurtigrute ein augneblink.
Me var litt bak skjema no. Grunn til avvik frå tidsplanen er som oftast at det er mykje gods so skal av og på i hamnane. Mange av dei sjarmerande små fiskeværa er veldig avhengig av hurtigruta. Og det er alltid fascinerande og stå ve rekka på dekk 5 og fylgje med på livet på kaia. Sidan me var kvarteret bak skjema hadde nordgåande hurtigrute alt forlatt hamna og me møtte dei litt utpå fjorden.
I dag var det MS Trollfjord. Og det vart ikkje annonsert over høgtaleren. Det er sikkert sidan klokka ikkje var åtte enno. Då enda det opp med at det KUN var meg som stod ute på dekk og tok bilete av skipet. Det blir slik når det ikkje er "høgtalerannonsert" og heller ikkje står i dagsprogrammet. Då er det kun erfarne landkrabber so meg so får slikt med seg då.
Inne i Harstad skal me liggje ein liten halvtime no i morgontimane. Veret såg ut til og bli sol heile dagen for oss. Eg fekk med meg heile anløpet i Harstad ute på Dekk 5.
Etter denne hendinga sitt eg i cafeteriaen og rett og slett nyt livet. Kosetid kaller eg det. Eg får meg ein ny kopp med svart kaffe og skriv litt på bloggen. Dagen begynner optimistisk slik sett (mht. tida eg har til og skrive). Men so tek det av att. Ting skjer. Naturen byr seg fram frå si beste side. Eg må ut og sjå.
Han trivelige Dan so jobber i baren på dekk 7 har vore ein stor motivasjonsfaktor for meg i å få alt so skjer ned på "papiret". Det har vore utruleg kjekt når eg veit det er nokon av mannskapet ombord so fylgjer livet til onkel reisande Mac ombord.
Ved eine nabobordet sitt det ei eldre norsk dame og løyser sudoku frå ein slik tjukk sudokubok med eit utal ulike sudokuoppgåver. Sudoku er kjekke greier, men for min del er det last line of defence mot boredom. Og kjede meg gjer eg - ALDRI - ombord i hurtigruta. Og har aldri høyrt andre klage om dette.
Plutseleg set ho i ein langdryg gjesp. Det var som lyden av ein dinosaur som nekta og døy. Ho skal få for den. På styrbord høgre siden borte med han Kurt-Ove sit det ein einsleg mannsgjest. Han ber om kost og brett.
- "Har du grisa", spør kurt. Eg må le. Kvardagskomikk på sitt beste.
Når me har segla gjennom Toppsundet kjem me ut i Andfjorden. Dette er eit havområde so skiller Andøya i Nordland og Senja i Troms. No er det berre og gjere seg klar til Risøyrenna før me kjem til Risøyhamn.
Risøyrenna vart offisielt opna i 1922. Mudringa som vart gjort var eit krav for å få Hurtigruta til og segle gjennom Vesterålen. Risøyrenna vart utbetra i 1997 og på ny offisielt opna att i 2001.
Renna er ein smal, kunstig passasje gjennom sandbankane nord om Risøyhamn. Den er 4.8 km lang og berre 7 meter djup og har ein botnbreidde på 100 meter. Skip må gjere to kursendringar gjennom denne "slangerenna". Før utbetringa var dybda 6 meter og bunnbreidda 50 meter. Det seier litt om dyktigheiten til dei so manøvrerar skipet gjennom her når Polarlys har en djuptgåande på ca. 5 meter.
Ute av renna gjer skipet ein andaktig sving inn mot kai. Eg vart fyrst litt i stuss på om me berre skulle segle forbi anløpet her. Men eg som er forhenverande lastebilsjåfør burde visst betre. Store køyretøy/fartøy må ofte litt lengre fram før dei kan svinge og komme i posisjon.
I denne vetle priviligerte handelsstaden var oppsett landliggje 15 minutt. Det var ikkje noko gods so skulle av her. Kun 1 bil av og to passasjerar på. Me hadde kaikontakt i maks 5 minutt.
Seinare sitt eg i cafeteriaen. Naturen flyt forbi meg. Folk er fornøgde. Eit gamalt ektepar kjem inn og set seg med eit vindauge. Eg kjem i prat med dei. Dei er nær 90 år begge to. Gamle og kranke er dei blitt. Dei kjem frå England. Dei er nok ute på sitt livs reise. Det må vere heilt fantastisk for dei og få oppleve dette. Dei kunne fortelje dette var tredje rundreisa deirans. Fyrste rundreisa var for nesten 30 år sidan meinte dei.
So tok eg meg beint ein 15 minutts powernap. Det var lenge att av dagen, so eg måtte ve opplagt og på tå hev heile tida.
Då me nærma oss Sortland fekk me beskjed over høgtalaren at me skulle ha vinkegest med flagg ute foran på dekk 5. Dei tre bussane so hadde vore på utflukt ville køyre over brua akkurat då me skulle til og segle under. Og for den uinvidde - bussane venta ikkje på sjølve brua, men på Hinnøya sida og ville køyre over brua like før skipet køyrer under. Skipet tuta og me vinka i den flotte kulerunde sola. Bussane tuta att.
Etterpå gjekk eg opp att til Kurt-Ove og kjøpte meg ein vafle med multe og rømme. Nam igjen. Det var travelt hjå Kurt. Ein gjeng mannfolk kom ombord i Sortland. Dei skal sikkert til Stokmarknes tippa eg. Dei kjøpte øl av Kurt. Det viste seg dei skulle til Svolvær på fest.- "Gå ut og sætt dåkker" seier ein av karane med bestemt stemme. Han høyrdes ut so ein festgjeng leiar. Det var han som kjøpte øl'ane. Ein annan plass i lokalet sitt ei dame og strikker.
So var det lunchtid.
Og kvart over to skulle me besøkje Stokmarknes. Det er Hurtigrutas fødestad. Her ville me liggje til kai ein time. So då er det tid og besøkje Hurtigrutemuseet. Det ligg i gangavstand frå kaien. Men ein time er ikkje mykje tid i eit museum. Og hvertfall ikkje i Hurtigrutemuseet. Der er det MYKJE og sjå. Dette er eit lite stikk til Hurtigruten ASA. Få lengre liggjetid her slik at fleire tek seg tid til og gå dit. Hugs det er mange eldre folk, dårlege til beins som reiser med Hurtigruta. Eg snakka med eit eldre engelsk ektepar, og dei sa dei droppa det for dei visste det ville bli lite tid.
- "If we go to museum we want to enjoy it", sa den mannlege parten av paret.
Men eg ville i land. Og til museet. Eg håpa og treffe trivelige Sten Magne Engen der. Og eg fann han. Han er ein pensjonert hurtigrutekaptein so no er museumsvert i Hurtigrutemuseet. Sjølv om Sten Magne er travelt oppteken med jobben som vert har han alltid tid til ein prat.
Og han inviterte inn til ein kaffeprat på kontoret. Me prata om hurtigruter og mangt og mykje før tida mi var oppbrukt og eg måtte tilbake til skipet. MS Polarlys hadde snart avgang videre sørover.
So var det segling over Hadselfjorden før kapteinen skulle lure skipet inn i trange Raftsundet der Trollfjorden venta på andre sida. Raftsundet er eit 20 km langt sund og er på det grunnaste berre 10 meter djupt.
Vel ute av Raftsundet og klokka nærma seg 17. Me tok ein liten avstikker mot spektakulære Trollfjorden. Der skulle kapteinen la oss få ta ein titt inn i Trollfjorden frå munninga. Som eg fortalte på nordturen so kan ikkje Hurtigruter og andre store skip gå heilt inn i Trollfjorden om seinhaust/vinter. Då er det (uoffisielt) fare for troll på toppen som kaster stein.
I kveld hadde me eit gedigent lysshow. Nokon frå mannskapet stod på "taket" over brua og brukte lyskaster for og lysa inn i fjorden. Dei lyskastarane må vere superpraktiske til sitt bruk for hurtigruteskipa. Og for anledningar som i kveld. Underhalde turistane og onkel reisande Mac.
Fornøgde turistar gjekk inn att i skipets lune hi og venta på at me skulle komme til Svolvær. Dette er Lofotens ubestridte hovudstad med sine ca 4.200 innbyggjarar. I kommunen bur det 9.200. Verdens største torskefiske danner grunnlaget for dette ladestedet. Antall fiskare er i underkant av 3000, og dei dreg inn mellom 25-50 millioner kilo torsk. Imponerande.
Dagen går mot kveld. Og kvelden blir til kl 20. Då er det middag i restauranten. Eg får endeleg ein bordkavaler. Det er ein mann frå Rørvik. Det vert litt kvardagskomikk. Han kjem inn fyrst og set seg ned der eg har såtte 3-4 gonger etter me vart "bordflytta". So kjem dama frå Florø inn med meg rett bakom. Ho ser ikkje meg. Ho ser på mannen som om han var eit framandelement:
- "Who are you", spurte ho?
Før han hadde svart hadde eg sett meg ned vis-a-vis han. Ho sa til meg ho skulle til og jage han vekk før ho såg meg. Då me fann ut han var norsk skifta språket fort frå engelsk til norsk. Min bordkollega var pensjonert skipper. Nett så ektefella til Flørødama.
- "Eg berre tyt eg. Du må sei noko du og" sa ho til mannen sin. Han berre kikka på ho og smilte.
- "Me må ve sosiale no når me har sjansen. Når me kjem heim vert da berre oss to", sa ho vidare. So lo me alle litt.
Mens me meska oss med den gode maten var skipsmøtet med Kong Harald i emning. Det rakk eg ikkje denne gongen. Hadde det vore lyst ute hadde eg sprunge ut dei 3-4 minutta og teke bilete men no droppa eg det. Eg visste det ville verte knapt om tida sidan skipet som er oppkalla etter kongen vår av annonsert til og passere oss rundt kl 20.40.
Me var noko lunde i rute da me ankom Stamsund. Dette var siste haldeplass før me skulle ta fatt på Vestfjorden. Denne opne havstrekningen strekker seg frå Skomvær fyr og Røst i sør og heilt inn til Narvik i nord. Det var vel antydning til bylgjer her i kveld. På Lofotsida. Det var ikkje noko og skryte av (som eg heller ikkje gjer). Eit par damer klukka og lo då dei gjekk litt i sikk sakk bortover golvet ved cafeteriaen.
- "I can't walk straight", sa eine dama.
- "There is no waves here. You're drunk", svarte den andre.
- "You think so?", var replikken. So lo dei og var ute av mitt synsfelt minuttet etterpå. Eg koste meg vidare der eg satt på stamplassen min (om den var ledig). Eg kjøpte meg både ein og to øl av Dan i baren. Eg fekk prøvd ein ekte Lofotpils og. Kvar dag ein lærer noko nytt eller får prøvd noko nytt er ein bra dag.
To timar inn i den nye dagen var eg i seng på lugar nr. 521.
På middagsmenyen:
Forrett: Urtebakt tørrfisk fra Halvors med halvtørkede tomater, pepperrotkål og krem.
Middag: Kalvestek frå Trøndelag, med sopp, tørrsaltet bacon fra Mydland og brekkbønner.
Dessert: Suksessterte med ristede mandler, og krem laget av egg fra kysten ved Rørvik.














Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar