tirsdag 7. november 2017

Dag 5.

Dag 5 på rundturen er sju timer gammal då eg går ned til frukostbordet. Eg føler meg oppesen i dag og vil servera folket rettferdige kaffikoppar. Eg forsyner meg av frukostbordet og finn meg ein plass og sitje. Ein kopp nytrekt kaffi kjem på bordet og.

I nattens mørke har me hatt anløp i Stokmarknes (0100-0115), Sortland (0245-0300) og Risøyhamn (0415-0430). No medan eg et frukost ligg me til kai i Harstad. Her kom me kvart på sju og skal liggje ein time.

Me vil nett sjå snurten i hurtigrutens nyaste skip; MS Spitsbergen i det me forlet byen med rundt 23.000 innbyggjare. Det er synd Hurtigruten ASA (eller kva det heiter) ikkje kan strekke ut både nordgåande og sørgåande anløpstid slik at skipa kan liggje til kai samtidig. Det er ein ubetydeligheit i dagens samfunn, men burde vore mogeleg og fått til. Eg var sjølvsagt ute på dekk for å forevige MS Spitsbergen.

I dag skal me segle innaskjærs heile dagen. Eg veit kysten kan vere særs verhard enkelte gonger, so denne dagen ser eg på som at hurtigruteskipa gøymer seg for Kong Neptun. I tilfelle han skulle finne på noko. Det er barnelærdom at Kong Neptun likar seg ikkje inne i trange fjorder. Han heldt seg ute på ope hav.

Då me har segla gjennom Tranøyfjorden kjem me til Finnsnes. Her skal me liggje ein god halvtime. Her fekk eg storfint besøk av Frank Sebulonsen. Kjent bilberger frå tv-serien "Vinterveiens Helter". Eg sendte melding til han nokre dager før me ville komme til Finnsnes. Eg lurte på om han ville komme og helse på. Det ville gå greit so lenge han ikkje var ute på oppdrag. Han gjorde stas på turen då han kom med tungbergeren sin.

I bilen min heime har eg eit skilt so seier "hils på en kollega. ta en kaffe". Det gjorde me no. Me rakk berre nokre slurker av kaffen før Polarlys tuta ein gong. Det var tydelegvis på meg sidan eg var sistemann ombord.

Etter avgong frå Finnsnes tok eg meg nokre små vakre augneblinkar ute på dekk og minnast min forrige cocker spaniel hund, Lily. Då eg var akkurat HER for 6 år sidan måtte eg ta den vanskelege avgjersla over telefon om og la ho få sovne inn. Då var ho veldig sjuk. Fine Lily.



So gjekk eg til cafeteriaen for og skrive litt. Det sat ein stor gruppe Thaier ved nabobordet og prata på sitt mjuke morsmål. Jentene var so fagre at dei kunne smelte på tunga til ein skarve globetrotter. Eg var for mange herrens år sidan gift med ei frå Smilets land so eg kjente att noko av språket. Dei tok grueleg med selfiebilete. Eg hadde store konsentrasjonsproblem der eg sat.

Sånn ca halv to segla me gjennom den sterke Rystraumen. Dette sundet er berre 500 meter breidt og relativt grundt og danner ein tidevannstraum som kan gå med ein hastigheit på opptil åtte knop. Eg har gode minner frå dette sundet fra då eg og Ketil Wigen sprang gjennom busker og kratt her i 2015. Då var me på oppdrag "jakten på Hurtigruta" i 17 dager. Den gongen var det MS Midnatsol me sprang for og rekkje.

Kl 1400 hasta eg ned til lunch. Deilig lunch. Eg åt som mykje i dag eg lurte på om eg hadde sett anker då eg skulle reise meg. Kom meg liksom ikkje opp att. Eg hasta sidan me skulle ankomme Tromsø om ikkje so lenge. Sånn ca kvart på halv 3. Eller kl 1415.

Eg møtte sovidt påtroppande kaptein Hermod Nilsen ved gangvegen. Eg ynskte han velkommen ombord og han ynskte meg tillukke med rundtur jubileet mitt. No var eg på veg ut for og mosjonere litt. Må jo halde idealvekta ved like. So ein runde i byen gjorde godt. Fekk handla inn litt nødvendigheiter til lugaren og. Det hadde vore 40 cm snø for ei veke før me kom fekk eg høyre. No var det kun denne dungen med snø so var att.


Mangt og mykje har vore sagt om Tromsø. Kjært barn har mange namn. Tromsø er og kalla Nordkalottens hovudstad, Nordens Paris, Porten til Arktis og Porten til Ishavet. Her bur omlagt 60.000 mennesker. Det finst 2 aviser her med over 40.000 abbonnentar. So dei har sikkert mykje og skrive om.For eksempel eit trappeavtrykk so mangler både trapp og hus.

Eit par stundar seinare er eg ombord i skipet att og går opp til han koselege Kurt i cafeteriaen. Han er travel. Det skjøner eg godt. Det er koseleg her. Det er her oppe kaffigjengane kjem når dei er ombord. Det har vore eit hylekor frå vener av Hurtigruten om at skipa ikkje lengre heldt sitt maritime miljø ombord. Det er eg ueinig i. Folk er ofte redde for forandringar. Og "skrik" ut om ting som mange av dei ikkje har sett sjølv. Slik er det desverre på Voss og. Der lever bygdedyret i beste velgåande.

MS Polarlys vart renovert i 2016 og har no eit moderne, arktisk-inspirert interiør. Det er masse sjarm i "veggane" til cafeteriaen. Eg veit og setje pris på ting eg liker. Og eg liker meg her. Bord og stoler er kanskje i ein heilt anna stil enn dei so var før, men eg meiner det er blitt til det betre. Eg høyrer lett godstemning blandt mine medreisande når eg går gjennom lokalet her. Og Kurt sett liksom prikken over i'en.

Eg skamnyt kaffen til Kurt, og betrakter mine medreisande med skjulte blikk no og då. Eg tenkjer over at det er ein særs internasjonal samansetning av gjester på denne turen. Passasjerer frå Amerika, Holland, England, Spania, Thailand, Kina og India. Og so eit par sjeler frå Norge då.

kl 2000 er det middag. Nam igjen. Og i kveld vart det jammen høne på meg og. Til forrett.

Middagen var ferdig so eg rakk ut i tide for og sjå sørgåande MS Nordlys. Medan eg stod ute og overvar møtet var det spørretime om Norge inne. Eg er vel innhabil der so eg droppa det.

kl 2230 var det anløp Skjervøy. Dette er Nord-Troms sitt største fiskevær. No var det berre ein kort stopp her, og det i stummande mørket. Men på dag 8 av turen min vil me ha anløp her om ettermiddagen. Det gler eg meg til. Eg er alltid ute på dekk når eg har vore her på mine tidlegare rundturar.





Og klokka 2300 var det dagens siste "event". Me skulle segle over turens femte opne havstrekning, nemleg Lopphavet. Lopphavet er eit havområde utanfor vestkysten av Finnmark. Havområdet ligg mellom Tromsøflaket i vest og Nordkappbanken i aust.

Denne opne havstrekningen er ein av 6 slike strekningar. Og Kong Neptun var ikkje og sjå. Det var omlag 2 timer med roleg sjø. Sist gong eg var her med MS Lofoten var havet so flatt loppene kunne stått på vannski.





På middagsmenyen:
Forrett: Hønsesuppe fra Andvika med sprø rotgrønnsaker.

Middag: Ovnsbakt ishavsrøye fra Sigerfjord med stuet grønnkål, norsk potet og gressløkemulsjon.

Dessert: Røros yoghurtkake med løvetannsirup fra Rolvsøy.







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar