Dag 7.
I dag er det rundturens snudag. No når eg sit med frukostbordet ligg me til kai i Vadsø. Eg kjem i snakk med eit eldre engelsk ektepar so sit med nabobordet. Dei kjem frå Birmingham. Trur eg. Dei har kun dessert til frukost. Det var smoothie, men dei kalla det dessert. Dei meiner eg avslørte nasjonaliteten min sidan eg kun drakk mjelk til frukost. You get it? I don't.
Me hadde kun eit anløp i natt. Det var Vardø kl 0315-0330. Vardø ligger på Vardøya med undersjøisk tunell til fastlandet. Her har fiske og fiskeforedling vore byens eksistensgrunnlag i alle tider. Innbyggjertalet er pr. i dag rundt 2.100. Handelen med Russland (Pomor) har og vore ein viktig del av byens identitet, men det var so godt som slutt på det etter Sovjet vart danna. Den noverande Vardøhus festning vart bygd i 1734-1738, og har stått som ein bastion mot aust og er skuld i at Varanger er norsk den dag i dag.
Etter frukost var det prosjekt tannlege. Eg ringde fyrst ein tannlege i Kirkenes. Dei var smikkfulle. Dei hadde forståelse for problemet og sa eg kunne stå på venteliste, so ville dei ringje om nokon meldte avbod på time. Dei anbefalte meg alikevel og ringje neste tannlege. Det gjorde eg. Det var Daldorff Tannhelseklinikk. Dei hadde både tid og hjerterom. Eg fekk plass og kunne komme opp med ein gong Polarlys hadde lagt til kai i Kirkenes.
I Kirkenes skulle skipet ha kontakt med kaia i ca tre og ein halv time. Fram til klokka 12.30. Eg hadde som sagt fått umiddelbar time hjå tannlegen, so då gangbrua låg nede vart eg avstigande passasjer og gjekk opp mot sentrum. Eg har vore her 12 gonger tidlegare (ikkje tannlegen), so eg rekner meg nesten som lommekjent her. DER - der var tannlegehuset med adresse Presteveien 10. Eg gjekk inn og vart teke imot omløpande.
Eg vart vist rett inn til eit rom der det sat ein tannlege og venta. Han heitte Kristian og var like proffesjonell som han var hyggjeleg.
So mens eg sit i tannlegestolen kan du lese litt om Kirkenes:
"Kirkenes er sentrum i Sør-Varanger kommune. Her bur om lag 5.000 mennesker med omliggjande stader. Og det er her E6 slutter.
I 2006 hadde eg ein misjon i og køyre E6 frå Oslo og nordover til den ikkje gjekk meir. Og det var til Kirkenes. Vegen enda opp i nokre buskar. No er han forlenga og ender opp nede ved kaien der hurtigruta legg til.
Du har kanskje lurt på kva Pomorhandel betyr? Det er ein byttehandel mellom russere og nordmenn, og har vore det i lang tid. Vadsø var sentrum for dette i det 19. og 20. århundre. Handelsmennene hadde eit eige blandingsspråk som alle forstod".
So var tannlege timen over og alt var berre velstand. Eg takka dei for god service og tusla ut att til det kvite landskapet utanfor kontoret. Eg gjekk ein sveip nedenom sentrum før eg gjekk tilbake mot skipet.
Då eg var ved landgangen såg eg to engelsktalande turistar so dreiv og tok bilete av kvarandre. Dei heldt opp ein dunge med snø og foreviga seg sjølv med den snøklompen mellom hendene.
Halv to var det lunch att. På sørturen hadde me fått nye bord og bordkollegaer av uviss årsak. Det blir spennande tenkte eg. Både kven dei var og om betjeningen fekk med seg min aversjon mot "fisketing". Det var ikkje det at eg tvilte, men.... Dei hadde sjølvsagt fått det med seg.
Eg sat med eit tomannsbord no som tidlegare. Eg fekk desverre ingen vis-a-vis bordperson. Men på nabobordet til venstre var det kome eit eldre ektepar frå Florø. Kona var av den snakkesalege typen, noko so passa meg utmerka. Mannen var litt tunghøyrt, men like kjekk for det. Han var ein pensjonert båtførar av eit slag. Det var vel eg so høyrde dårleg då, so ikkje fekk det med meg.
Og til høgre hadde eg ei mor og ei dotter frå Køln i Tyskland. Mora var prikk lik ei tante av meg i profil og dottera var av den flottaste typen. Eg vart forvirra. Eg lurte på kossen det hadde vore og hatt ei svigermor frå Tyskland. Ikkje veit eg, men eg kunne no i det minste ha fått perfeksjonert Derrick tysken min. Den er blitt særs rusten etter at serien ikkje lengre går på norsk tv.
So her har me utfordringer. Både i aust og i vest. Min norske "borddame" sleit litt med og forhalde seg til og snakke engelsk eine vegen og norsk hin vegen. Det lo me av begge to. Men ho lo sist, og du veit - den som ler sist .......
Då me var kome over Varangerfjorden var det og finne landliggje i Vardø. Der ville det vere ein utflukt bort til heksemonumentet. Steilneset minnested er til minne om 91 mennesker som vart brent som hekser i perioden 1598 til 1692. Fra år 1400 og fram til ca. 1750 var so mykje som 100.000 mennesker i Europa brent som hekser.
Eg lot hekser vere hekser og gjekk opp i cafeteriaen til Kurt-Ove. No måtte eg berre kjøpe vafle att. Og det med molte på. Det er omtrent som og le heile vegen til banken. Dette vert noko og fortelje heime. Vafle med multe på! For multe er mangelvare på vestlandet - desverre.
I Vardø er det og vanleg at det kjem kaffigjenger ombord. Det er utruleg triveleg og sitje annan plass i lokalet og høyre den nordnorske praten gå laust om "barnebarn", "mix-kiosk" og alt det andre dei har gjort sidan sist (sikkert i går). Det er veldig lett og komme i kontakt med lokalbefolkninga om du treff dei ombord.
Eg kom i prat med ei kar som heitte Per. Han hadde tatt hurtigruta frå Hammerfest til Kirkenes for og sjå på snøscooter. Det gjekk ikkje verre enn at han kjøpte den. Han skulle få den transportert til Hammerfest. Sjølv skulle han ta hurtigruten tilbake. Og her var han.
Eg fekk ein is av Kurt i cafeteriaen. Det var smaksprøver. Is med snert av Lofotpils og is med hint av tørrfisk. Ikkje dårlig med slik eit utval. På menyen fann eg forutan Lofotpilsen og tørrfisk og brunost, jordbær, rabarbra og sjølvsagt multe.
På seglinga mellom Vardø og Båtsfjord har me Barentshavet på høgre side heile vegen. Og - det var rolig hav. Denne gongen og.
For min sin del skjedde to ting klokka 20 denne kvelden. MS Polarlys la til kai i Båtsfjord og eg sette meg i stolen i restauranten. Foringstid for onkel reisande Mac. Det var mange som hadde forlatt skipet i Kirkenes. Det var folk som kun hadde halv rundtur. Me fekk litt påfyll av folk, men ikkje i nærheiten av det antall som gjekk av.
Under middagen i kveld vart det diskutert "Grevinnen og hovmeisteren" mellom tre bord. Det var ein fornøyeleg diskusjon. Det er ein godt kjent klassiker på vetle jolaften i Norge, men i England er han lite kjent. Florøværingane prøvde og forklare kva filmen heitte på Engelsk, men det sa dei ikkje noko. Ein servitør prøvde og å bidra med noko utan at det vart noko klarere av den grunn.
Menyane ombord på MS Polarlys er spennande lesning spør du meg. Ein får vite litt om regionen ein segler i, litt om maten (sjølvsagt) og so små kuriositeter til slutt. I kveld var det "ein nær" døden ..... eh "Russland opplevelse" som stod fyrst på menyen. Det er norsk og russisk matkultur so møtes på matfatet. Foran meg enda det opp med tre tomme fat. Say no more.
Klokka 2145 var det nytt hurtigruteanløp. No var me komen til Berlevåg. Siste hurtigrutestopp på Varangerhalvøya. Her møtes og nord og sørgåande hurtigruteskip utanfor moloen. I kveld møtte me einaste hurtigrute skip so vart bygd på -80 tallet.
MS Vesterålen. Dette skipet har fått namn etter det aller, aller fyrste hurtigrute skip so segla langs Norskekysten i 1893. MS Vesterålen vart bygd i 1983 på Kaarbø Mek. Verksted i Harstad og har ein passasjer kapasitet på 554 og med 299 senger. Dei kan ta med 24 biler.
I Berlevåg var det to paller og ein person som skulle av. Det er noko av det eg synes er mest fascinerande med Hurtigruten og livet langs leia. Det bur folk på desse forblåste plassane og dei tek Hurtigruta. Eg står ute ved rekka og ser på.
Litt forsinka sig me ut frå kai og segler ut "holet" i moloen. Der ute venter som sagt MS Vesterålen. Fine lydhelsingar frå begge skip før dei haster sakte vidare på si ferd langs leia. Vakkert.
Etter dette har eg såtte i "reiret" mitt vis-a-vis cafeteriaen, og skreve meir på bloggen. Eg overhøyrer nabobordet i ein flott diskusjon. Dei er britiske og tyske. Det er ein særs god stemning rundt bordet. Dei speler kort og diskuterer om skipet segler eller om me ligg i ro. Til slutt må ein reise seg for og sjå ut vindauget.
- "I cant see anything but I think we are moving".
- "Its all dark outside. Sometimes we move, sometimes we stay still. And then we go round and round". So lo dei andre.
- "Now i see a boat", sa han optimistisk. "It's moving. Or are we moving". Ny latter.
For det er ikkje lett og vite. Til og med dei tilsette vert i stuss no og då. Eg veit ikkje eg heller når det er stummande mørkt ute. Når eg lurer so ser eg på klokka for og orientere meg. Eg har stort sett alle skipsanløp i hovudet so eg orienterer meg etter det.
middagsmåltid:
Forrett: Lett marinert laks med sitronkrem, lakserogn og karse.
Middag: Ovnsbakt reinsdyr frå Finnmark med rosenkål, puré av ovnsbakte neper og rørte tyttebær.
Dessert: Russisk sharlotka med akevittis frå Gangstad Gårdsysteri.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
















Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar