onsdag 8. november 2017

Dag 6.



Eg har merkeleg nok alltid ein morgon då eg søv lengre ombord på rundturane mine. I dag var den dagen (ikkje nødvendigvis dag 6). Eg hadde slumra telefonklokka 3 gonger og vakna med iskald berekning litt over åtte. Morgonstellet vart unnagjort med nøysom presisjon og so gjekk eg ut døra og ut neste dør og befann meg ute på dekk 5. Her skulle eg stå til sørgåande MS Nordkapp kom kl 0830. Dette skipsmøtet fann stad utanfor Havøygavlen.

Her (Havøygavlen og Havøysund) hadde eg og min villeidande reiseleiar Ketil Wigen nokre fine dager då me jakta på hurtigruteskip sommaren 2015. Etter at skipsmøtet vart foreviga på både film og foto skunda eg meg sakte ned til fjerde dekk og gjekk bakover i skipet. Då eg kom til restauranten kunne eg ha sverga på at frøkenen i "resepsjonen" hadde stemme finare enn varm mjølk.

- "Dette kom til og verte ein finfin dag", tenkte eg for meg sjølv.

Eg bordsette meg med eit vindauge på høgre side i restauranten, noko eg gjorde med mål og meining. For hadde eg sett meg på venstre side hadde eg sett ned (ikkje bokstaveleg) på dei so jobba på kaien her i Havøysund. Og med andre ord blitt distrahert. I dag var dagen for og starte med det litt utanom det vanlege for meg på slike turar, so eg sette meg på motsett side av det eg vanlegvis ville gjort.

I løpet av natten hadde me hatt anløp i Øksfjord (0200-0215) og i Hammerfest (0515-0600). Dette var fine anløp me ville ta på dagtid når me var på tur sørover. So eg ville ikkje gå glipp av noko.

I Havøysund skulle me liggje til kai i 15 samfulle minutt pluss litt bonustid. Etter at me har forlatt det vetle fiskeværet med rundt 1000 innbyggjare, gjer me ein liten slalomsving rundt Måsøya retning mot Magerøysundet.

Måsøya har si historie og fortelje. Måsøya er det eldgamle kirkestedet nord for leia. Den fyrste kirka vart bygd her i 1746 og det er kort veg ut til dei rike fiskefelta. Det er ikkje berre fisk det er mykje av her. Med fisk fylgjer fugl. På Magerøya og småøyane rundt finn ein rundt 400.000 lundefugl.

Når me kjem til Magerøysundet i ti tida, kjem me til ein av dei strekningane eg liker best på heile rundturen. Eg veit ikkje heilt kvifor, men det er berre so flott og fredfullt inne i denne litt skjulte leia. Dette er eit sund mellom fastlandet og Magerøya. Det er særs sterkt traffikert av frakteskuter, turistskip, hurtigruter og trålere. I 1993 fant forskere hustufter her som er 10.300 år gamle. Dvs. fleire tusen år eldre enn pyramidene i Egypt.

Midt inne i denne herlegdommen heldt ein av reiseleiarane; Jan foredrag ute på dekk om reinsdyr og Magerøya. Det var spennande og lærerikt og overvære.




"Visste du at reinsdyr streifer fritt omkring mesterparten av livet, men blir samla inn ved visse anledningar. T.d. når dei skal merkast eller transporterast mellom beitene".

Når me er komme ut av sundet er me på oppløpssida mot Honningsvåg. Berre langstrekko att so dei seier på vestlandet. Her skulle me liggje i godt over tre timar.




Den lange liggjetida er sidan Hurtigruten arrangerer fleire flotte utflukter med utgangspunkt frå skipet. Det er utflukter som busstur til Nordkapp, busstur til fiskeværet Gjesvær og ein god gåtur rundt sentrum.


Det var småregn i lufta her. Eg var litt overraska over at det ikkje var snø på bakken enno. Det hadde snødd gode 40 cm i Tromsø for ei veke sidan, men mildveret hadde tatt snøen. Både der og her tydelegvis.




Då eg kom tilbake på skipet var det rett opp i cafeteriaen til Kurt-Ove og kose meg med ein kaffikopp. Eller to. Og på alle hurtigruteanløp der liggjetida er ein halvtime eller meir kjem det ofte kaffigjenger ombord. Det er utruleg kjekt og overvære. Folk er blide når dei kjem. Mange har gjort avtaler med sambygdingar om kaffimøte på det og det hurtigruteskipet.

Eg plasserer meg alltid sånn at eg kan påverke nokon. Det er ikkje det at eg tjuvlytter, men når ein sit på cafe/restaurant so kan ein ikkje unngå og overhøyra andre prate. Og nokon av dialogane er riktig so fornøyeleg.




Kvardagsdramatikken er i ferd med og innhenta meg. Like etter me hadde forlatt Honningsvåg datt eine tannfyllinga mi ut. Det har vel vore for mykje drøvtygging på høgre side. Nett so hjå kamelane. Fyllfallet utgjorde - heldigvis - ikkje tannverk. Men den uvissa om at det - kunne - resultere i det var eit skrekkens eksempel på det og grue seg til noko so kanskje aldri kom til og skje.

I so fall hadde eg vurdert helikoptertransport til fastlandet. So fleksibel veit eg hurtigruten er. For tannverk er det verste so finst. Men eg la meg etter kvart ned på nivå med at eg måtte finne eit anløp der skipet låg 30 minutt eller meir og hadde tannlege tilbod.

Unødvendig og sei, men fyllinga datt ut rett etter avgong Honningsvåg. Her er ein godt synleg tannklinikk so eg har sett KVAR einaste gong eg har vore i byen her. Men no var det forseint. Eg googla Kirkenes og fann ut det var 3 tannlækjare der. So eg ville ringje dei i morgon tidleg og høyre om dei kunne ta akutt time. Som du sikkert veit er Kirkenes er snuplass for hurtigruteskipa. Her vert nordgåande skip sørgåande i løpet av snaue 3 timar. So eg har god tid til ein mogeleg tannlege time. "Time will sjå" so dei seier i Flåklypa.

Då me var sånn ca rett utanfor Sværholtklubben, der eit av verdas store fuglefjell er, var det foredrag om samefolket. Eg gjekk glipp av det sidan eg surra rundt andre plasser på skipet. Men eg leste meg opp til litt om det stolte folk i nord i etterkant.

Det finst rundt 60 - 70.000 samer fordelt over Norge, Sverige, Finland og Russland. I Norge er denne folkegruppa tradisjonelt busett frå Hedmark i sør til Koalahalvøya i Aust. Kjerneområdet finn ein i indre del av Nordkalotten og fjordstrøkene i Nord-Norge. Tradisjonell samisk leveveg er reindrift, småbruk og fiske. Men dette utøves kun av eit mindretal (ca. 10%).

Godt over Porsangerfjorden og Laksefjorden kom me til Kjøllefjord. Dette vetle fiskeværet ligg godt beskytta innerst i Kjøllefjorden. Her er det berre ein kort stopp før me skal ut på havet att.

No skal me vere ute på ope hav i nær 13 timar.

Medan me er på havet so vart det vist ein film om hurtigruten på dekk 4.  Eg gambla på at eg hadde sett han før, so eg gjorde på andre ting. Som og stå på rekka og skue ut mot Austhavet. Og Austhavet gjekk snart over til og heite Barentshavet. Det var so godt som flatt hav begge plassar. Det var 1-2 gonger det var noko so nesten kunne likne litt på bylgjer.

Mehamn var ein påfylgjande liten avstikker. Nesten so liten han ikkje var vert og nemne.

So var det klart for siste middagen på nordgåande hurtigrute.  Menyen begynte med "verdens ende". Det kunne det vore for meg og når det omtrent berre e fisk på menyen. Det var nemleg Nordkappbuffé i kveld. Med eit gedigent, stort utval varme og kalde rettar, Auroralaks og ferske reker frå Lyngenfjorden. Men dei hadde og godt utval med kjøttretter og. So eg var godt nøgd eg.

2 timer før midnatt ankom me Berlevåg. Sidan den vetle staden ikkje har noko naturleg vern mot havet er det no bygd ein særs motstandsdyktige molo for og halde havets krefter ute. For to gonger tidlegare har moloen forsvunne i kamp med havets krefter. So i 1973 vart noverande molo bygd. Den er sett saman av tetrapoder - firearmede 15 tonns betongkolosser filtret i kvarandre, slik at vatnet kan komme gjennom. Bylgjer på opp til 10 meter har ikkje klart og flytte på dette.

Her møtte me og sørgåande hurtigrute som denne gongen var MS Finnmarken.

Kveldens siste anløp er Båtsfjord ved midnatt. I motsetning til Berlevåg ligg Båtsfjord lunt til inne i fjorden. Eg fekk det med meg før eg gjekk til lugaren for å få sjønnheitssøvnen min.






På middagsmenyen:
Nordkappbuffé med eit stort utval varme og kalde rettar.
Forrett: Ferske reker frå Lyngenfjorden.
Middag: Finnbiff frå Finnmark
Dessert: Solbærmousse på hasselnøttbunn

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar